Tag Archives: motorveg

Vi når ikkje klimamåla for vegtrafikk

Dei siste vekene har vi fått to nye rapportar om klima. Begge rapportane handlar om vegtrafikk, og begge teiknar eit dystert bilete av vår evne til å nå våre eigne klimamål. Vi har trenert nødvendige tiltak så lenge at det no er vanskeleg å nå måla for 2030 sjølv med drastiske tiltak. Diverre har denne kunnskapen i liten grad nådd fram i media og fått konsekvensar for samfunnsdebatten og samferdselspolitikken.

I arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden 2025–2036 har transportetatane Avinor, Bane NOR, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye Veier og Statens vegvesen utarbeidd ein rapport om  klimagassutslepp frå transportsektoren her i landet. Sektoren står for ein tredel av alle utslepp av klimagassar, og vegtrafikken står for halvparten av dette. Målet er å redusere utsleppa i forhold til 1990 med 55 prosent innan 2030. Men det er svært lite som tyder på at vi vil klare det.

Den andre rapporten tar opp arealbruksendringar og er utarbeidd av Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet, NVE og Statens vegvesen. Verda står overfor ei klimakrise og ei naturkrise. FNs klimapanel og FNs naturpanel har dokumentert at det hastar med å snu utviklinga dersom vi skal ta vare på vårt livsgrunnlag for framtidige generasjonar. Nedbygging av areal er ein av dei store syndarane. Det reduserer naturmangfaldet og fører til klimautslepp og redusert opptak av klimagassar. 

Dersom vi skal nå våre eigne klimamål, så må vi i følgje rapporten“ tole ein verkemiddelbruk og ei omstilling som er betydeleg meir krevjande  enn det vi har hatt til no”. Ingen verkemiddel åleine er tilstrekkeleg til å nå måla. Det er nødvendig med mange ulike tiltak, og rapporten presenterer nokre eksempel på tiltakspakkar som kan bringe oss nærare måla. Ein slik pakke omfattar blant anna ein drivstoffpris på 50 kroner per liter, 33 prosent reduksjon i prisen på kollektivtransport, byvekstavtaler og sterk satsing på overgang til elektrisk transport, 

Bensinpris på 50 kroner per liter er lite politisk gangbart. Men desse tiltakspakkane viser at vi har sove i timen når det gjeld samferdselspolitikk og klima. Vi må tenkje nytt om transport dersom vi meiner alvor med dei vedtekne klimamåla. Arealplanlegging og samfunnsplanlegging som kan redusere transportbehovet, må få større plass. Det same gjeld tiltak for å flytte transport frå bil til bane. Rapporten går ikkje inn på desse tiltaka, men den peikar på at andre land har klarare målsettingar enn Noreg på desse områda.

Vi bygger ned 50 km2 her i landet kvart år. Det fører til utslepp av om lag 1,9 million tonn CO2-ekvivalentar,  eller omtrent fire prosent av dei totale norske utsleppa av klimagassar. I tillegg til dei direkte utsleppa vil nedbygging føre til redusert framtidig karbonbinding. Vegbygging står for over 25 prosent av det nedbygde arealet i perioden 1990 til 2019, og det utgjer ei av dei største utfordringane for klima og naturmangfald. Like vel er desse forholda lite framme i debatten når vi diskuterer behovet for nye og betre vegar. 

Målet om 55 prosent reduksjon i klimautsleppa innan 2030 gjeld ikkje kvar enkelt sektor. Men dersom transportsektoren ikkje klarer å nå målet, blir det større press på andre sektorar som industri og landbruk. Det er ein situasjon vi bør unngå. Transportsektoren må ta sin del av ansvaret for å nå klimamåla.

Kanskje ser vi no ei haldningsendring og ei aukande interesse for konsekvensane av arealbruk. Då klima- og miljøminister Espen Barth Eide tok i mot rapporten om arealendringar, sa han at det er nødvendig med sterkare prioritering av arealbruken. Han konkluderte med at vi må bygge færre nye vegar og hyttefelt, og han utfordra kommunane til å bli flinkare til å redusere nedbygginga av natur og kulturlandskap. Det er ei utfordring vi bør ta på alvor også i vår landsdel.

Det store fleirtalet av politikarar på Sørlandet likar å stå fram i media med lovnader om å kjempe for meir veg. Men vi høyrer sjeldan noko om arealinngrep og konsekvensar for klima og naturmangfald. Vi held fram med å bygge overdimensjonerte vegar som legg til rette for auka trafikk – for så å sette i verk tiltak for å redusere trafikken og miljøproblema. Kanskje det er på tide å snu på flisa og la miljøkrava legge sterkare føringar for transportplanlegginga i utgangspunktet.

Alf Holmelid

Kronikken er publisert i Fædrelandsvennen i dag

Siste sjanse for Sørlandsbana

Sist fredag la regjeringa fram sitt forslag til Nasjonal transportplan, NTP, for perioden 2022 til 2033. Planen har ikkje ei einaste krone til Sørlandsbana. Grenlandsbana som skulle redusere reisetida mellom Kristiansand og Oslo med over ein time, er ute av planen. Derimot er det ei stor satsing på firefelts motorveg mellom Oslo og Stavanger. Dette er eit opplegg for gradvis avvikling av Sørlandsbana som eit reelt transportalternativ. Ansvaret for denne utviklinga ligg på det store fleirtalet av regionale politikarar og regionale media som systematisk har prioritert motorveg framfor jernbane.

I tjue år har jernbaneentusiastar snakka om Grenlandsbana som skulle kople saman Sørlandsbana og Vestfoldbana og korte ned reisetida mellom Kristiansand og Oslo. Dersom du ser på kartet, så forstår du kvifor prosjektet har gått under namnet Genistreken. I 2013 blei det vedtatt å gjennomføre ei såkalla konseptvalutgreiing, og tre år seinare blei det lagt fram ei positiv innstilling. I gjeldande NTP er Grenlandsbana fyldig og positivt omtalt, og det er lagt inn midlar til planlegging og byggestart i slutten av perioden. Men i forslaget til ny transportplan er midlane tatt ut. Omtalen av prosjektet er kutta ned til ei enkelt setning der ein snakkar om den eventuelle Grenlandsbana. Det er heller ikkje sett av andre midlar til Sørlandsbana dei neste 12 åra.

Den totale neglisjeringa av Sørlandsbana og Grenlandsbana i forslaget til NTP burde få politikarane i Agder til å vakne. Dersom dette blir ståande gjennom behandlinga i Stortinget, vil planen bli eit vegkart for avvikling av togtilbodet på Sørlandet. Politikarane i Agder snakkar gjerne fint om miljøvenleg togtransport på seminar og i valkampar. Men når det kjem til dei harde realitetane, så er det motorveg som blir prioritert av fleirtalet i kommunestyre og fylkesting. Denne prioriteringa blir heia fram av media med  Fædrelandsvennen i spissen. Konsekvensane ser vi no i forslaget til transportplan. Vegprosjekt med tvilsam samfunnsnytte, høge kostnader, høge bompengar og store miljøinngrep blir prioritert framfor Sørlandsbana.

Ein av dei som har engasjert seg for Grenlandsbana og Sørlandsbana gjennom Jernbaneforum Sør, er tidlegare fylkesordførar Thore Westermoen frå KrF. Derfor er det overraskande at det er ein samferdselsminister frå KrF som kuttar all støtte til vidareutvikling av togtilbodet på Sørlandet i NTP. Skal vi få endra dette før endeleg vedtak, så må vi få ei brei mobilisering for Sørlandsbana. Fylkestinget kan ikkje nøye seg med å sende fromme ønske til sentrale styresmakter. Det er på tide å seie klart i frå om at vi kan redusere satsinga på deler av E39 og E18 for å sikre at Sørlandsbana overlever.

Samferdselsforskar Anders Langeland har i fleire innlegg her i avisa peika på faren for at Sørlandsbana kan bli marginalisert som transportalternativ. Vi ser ei systematisk svekking av konkurransekrafta til toget i forhold til privatbilen. Det blir brukt enorme summar på overdimensjonerte motorvegar som skal kutte ned reisetida med privatbil. Samtidig må Sørlandsbana klare seg utan midlar til heilt nødvendige investeringar som politikarane har snakka om i 20 år. Det er mogeleg å snu denne utviklinga, men då må det handlast no. Ved neste rullering av NTP kan det vere for seint.

Det er mange som hevdar at vi ikkje treng å satse på miljøvennleg togtransport, når vi etter kvart får elektriske bilar. Men det stemmer ikkje. Utbygging av motorvegar fører framleis til enorme naturinngrep og utslepp av klimagassar. Produksjon av elektriske bilar krev energi og ressursar, og slitasje av bildekk er den største kjelda til utslepp av mikroplast med store konsekvensar for livet i havet. Like før jul kom det ein rapport om klimaeffekten av prosjekta i utkastet til NTP. Rapporten blei laga på oppdrag av regjeringa og konkluderte med at den motorvegutbygginga som er foreslått, vil gjere det vanskeleg å nå klimamåla våre. Diverre har analysen hamna i einskuff i departementet, og media har ikkje brydd seg med å grave den fram.

Då vi fekk Genistreken inn i NTP i 2013, såg mange av oss fram til å kunne køyre med tog frå Kristiansand til Oslo på ned mot tre timar i løpet av eit par tiår. No har regjeringa med sitt forslag til transportplan skutt ned denne visjonen. I staden ser vi ei utvikling der Sørlandsbana kan få problem med å overleve. Skal vi finne oss i det, eller skal vi reise oss og protestere før det er for seint?

Alf Holmelid
nestleiar i Naturvernforbundet i Kristiansand

Innlegget står på trykk i Fædrelamdsvennen i dag