Tag Archives: Oppdrett

Den nye fisken – bokmelding

Forfattarane av Den nye fisken leverer eit meisterverk i kritisk journalistikk og formidlingskunst. Ein del av det dei skriv om, er kjent frå media og det politiske ordskiftet. Men dei presenterer mykje nytt stoff, og dei går grundig til verks. Samtidig klarer dei å løfte blikket og skape eit heilskapleg bilete av ei næring med store veksesmerter. Det er ikkje problemfritt å utvikle ei ressursbasert næring frå ei lita attåtnæring til ei av våre største eksportnæringar i løpet av nokre tiår. Problema blir ikkje tatt på alvor. Kapital, stat og forskingsmiljø forsvarar eksportinntektene for ein kvar pris.

Boka startar med å presentere den optimistiske satsinga på ei ny næring. Forskarar ser eit potensiale i å overføre erfaringar frå husdyrhald på land til ein ny art i eit nytt element. Villaksen skal foredlast og bli grunnlag for ny matproduksjon. Samtidig er det mange fiskarar og forretningsfolk som. prøver å tene nokre kroner på å ale opp den dyrebare laksen i improviserte anlegg. Optimismen er stor sjølv om det er få som ser for seg den enorme veksten som skulle komme.

Men naturen slår tilbake. Forfattarane gir oss ei grundig innføring i problemet med lakselus. Dei viser oss kvifor dette parasittiske krepsdyret blir eit problem når laksen blir trengt saman i oppdrettsanlegg. Lusa på oppdrettslaksen blir i sin tur eit problem for villaksen som må passere oppdrettsanlegga i si vandring. Vi får ei levande innføring i korleis næringa stadig må bytte til nye kjemikaliar og avlusingsmetodar som alle har negative konsekvensar for miljøet. Bak den spennande framstillinga ligg det ein bodskap om at politikarane lar næringa vekse utan å krevje at den har tilstrekkeleg innsikt i konsekvensane av aktiviteten.

Etter kvart blir næringa storkapital og ekspanderer til den andre sida av jordkloden. Laks var ein ukjent art i Chile. Men Pinochet ville ha nye næringar og la til rette for lakseoppdrett ved å stillemindre krav enn andre land. Laksen såg ut til å trivast – i starten. Men den sterke og ukontrollerte veksten førte til ei dramatisk oppblomstring av sjukdom på fisken. Det resulterte i ein kamp om kva som var årsaka til problema. Kunne smitten komme med smolt frå Noreg? 

Eit gjennomgåande tema i boka er situasjonen til dei forskarane som legg fram resultat som oppdrettsnæringa mislikar. I forskingsmiljø er ein vant til å møte motargument når nye resultat blir presentert. Men når forskarar gjer funn som bryt med det biletet næringar ønskjer å skape, er det ikkje berre snakk om faglege motargument. Forskarane blir møtte med juristar og trakassering. Lista over fagpersonar som har fått munnkurv eller krav om fjerning frå jobben, er lang.

Oppdrettsnæringa har ikkje stått åleine i kampen for å tone ned kritisk informasjon om fiskeoppdrett. Den har fått solid støtte frå forvaltninga og regjeringsapparatet som er opptatt av å sikre omdømmet og eksportinntektene – koste kva det koste vil. Jamvel ein fiskeriminister rykka ut med angrep på forskarar han meinte var for lite opptatt av å støtte regjeringa sin politikk på området. Boka er i det heile ein god dokumentasjon på korleis kommersielle interesser og lite prinsippfaste politikarar kan skade den frie forskinga.

Mot slutten av boka får vi ei levande skildring av korleis ei attåtnæring i distrikta raskt utviklar seg til å bli dominert av store konsern med eit sterkt innslag av utanlandsk eigarskap. På ti år har vi fått 37 laksemilliardærar i Noreg. Halvparten av all lakseproduksjon i norske fjordar er samla i fire multinasjonale selskap, og utlendingar eig 35% av produksjonskapasiteten. Fellesskapet sine naturressursar langs kysten har blitt ei pengemaskin for norsk og internasjonal storkapital. Men skatt til fellesskapet vil dei ikkje betale.

Boka har mange eksempel på at oppdrettsnæringa er ein uvanleg effektiv lobbyorganisasjon. Denvellukka kampen mot å betale grunnrenteskatt går utanpå det meste når det gjeld lobbyarbeid her i landet. Etter kvart som profitten nådde nye høgder, vaks det fram eit krav om at oppdrettsnæringa måtte betale meir til fellesskapet for å få tilgang til norske fjordar. Det blei sett ned eit skatteutval, og det kom til den logiske konklusjonen at næringa burde betale grunnrenteskatt på lik linje med andre ressursbaserte næringar som olje og vasskraft. Men det hadde ikkje næringa tenkt å finne seg i.

Alt før havbruksskatteutvalet var komme skikkeleg i gang, starta kampen mot auka skatt. Næringafant raskt politikarane sitt svake punkt. Er det noko som har skapt engasjement dei siste åra, så er det distriktsopprøret mot «eliten» i Oslo. Næringa klarte å overtyde ordførarar langs kysten om at grunnrenteskatt var eit tiltak for å flytte verdiar frå distrikta til sentralmakta i Oslo. PR-selskapog personar med akademiske titlar blei mobilisert for å bygge opp under denne myten. Skepsisenmot «Oslo-eliten» viste seg å vere sterkare enn ønsket om å skattlegge nasjonal og internasjonal storkapital som utnyttar sårbare norske naturressursar. Forslaget om grunnrenteskatt blei lagt dødt.

Forfattarane tar opp mange saksefelt som eg ikkje rekk innom her. Men bak alle fakta og all kunnskap ser eg ein gjennomgåande bodskap. Eg les ei sterk åtvaring mot å vise overmot og la kapitalen styre når vi skal utvikle naturbaserte næringar.

Alf Holmelid

Bokmeldinga er skriven for tidsskriftet Sosialistisk framtid

Professoral trussel mot villaks og oppdrett

Professor Rögnvaldur Hannesson har gått til angrep på villaksen i eit misslukka forsøk på å slå eit slag for lakseoppdrett (DN og KK). Oppdrettsnæringa er så viktig at vi kan ofre villaksen, hevdar han.

 Norge har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på atlantiske laksestammar. Oppdrettsnæringa får svare for seg sjølv. Men eg tvilar på at den deler Hannesson sin totale mangel på respekt for artsmangfald, internasjonale konvensjonar og næringar som er avhengige av villaksen. Eg er overraska over at ein professor med fiskeri som arbeidsfelt, kan presentere slike synspunkt.

 Det er nettopp slike haldningar som er den største trusselen mot oppdrettsnæringa i ein kritisk utviklingsfase. Synspunkta til Hannesson skaper ikkje berre eit konfliktnivå som skadar bransjen. Dei kan på sikt undergrave ressursgrunnlaget og forseinke den teknologiske utviklinga som næringa er heilt avhengig av.

 Situasjonen i oppdrettsnæringa liknar på den vi hadde i norsk prosessindustri i åttiåra. Det var ein forureinande industri, og styresmaktene innførte gradvis strengare miljøkrav. Mange protesterte og hevda at det ville ta knekken på bedriftene, men industrien tok utfordringa. I dag har vi ein teknologisk leiande prosessindustri, og dei fleste innser no at miljøkrava var med på å styrke industrien.

 Dei haldningane Hannesson gir uttrykk for, er det oppdrettsnæringa treng minst dersom den skal bli berekraftig og utvikle seg i harmoni med miljøet og andre næringar. 

Bloggposten har stått på trykk i Klassekampen og Fiskarbladet

 Alf

Tøffare krav til oppdrettsnæringa

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at bruken av kjemikaliar i kampen mot lakselus formelig har eksplodert, frå 218 kilo i 2008 til over 5 tonn i 2009. Det aller meste er plantevernmiddel som blir blanda i fiskeforet. Dette kan ikkje halde fram. Næringa må innsjå at den må ta eit krafttak for å gjere norsk fiskeoppdrett berekraftig.  Dagens situasjon er ein trussel mot villaksen og miljøet. Dersom ikkje næringa tar eit krafttak no, vil oppdrettsnæringa få nye negative oppslag og reaksjonar i viktige marknader.

Rømming og lakselus truar den norske villaksen, og  fiskefôr og avføring forureinar områda kring oppdrettsanlegga. I tillegg kan behovet for fiskefor true andre fiskestammar. Oppdrettsnæringen har mye å lære av korleis landbasert industri rydda opp i miljøproblem i åttiåra – etter at det blei stilt krav frå styresmaktene. Bedriftene var i mot krav om rensing, men i dag er dei ofte miljøleiande og er glade for at det blei stilt krav. Det er tid for ei liknande miljøopprydding i oppdrettsnæringen. No er økonomien i oppdrettsnæringen god, og det er tid for å satse.

Aktuelle krav er:

  • nulltoleranse for rømming
  • sterk reduksjon av medisinbruk som kan ha skadelige konsekvenser for livet i fjordane våre
  • transport av laks til slakteri i lukka båtar
  • brakklegging av områder i periodar
  • dokumentasjon på at foret kjem frå berekraftige fiskestammar
  • sterkare satsing på utvikling av lukka anlegg

Alf

Når stortinget tar pause

Besøk ved oppstarten av Returkraft

Besøk hos Metallkraft

Sist veke var det møtefri på Stortinget, og det ga rom for spanande politiske diskusjonar.

Eg besøkte ei rekke bedrifter og organisasjonar som bekreftar at grøn teknologi er i ferd med å få eit breitt fotfeste på Agder. Elkem Solar, Metallkraft, Agder Energi, Returkraft og Universitetet i Agder er alle sentrale i denne utviklinga. Eg fekk mange gode innspel til arbeidet med å legge til rette for slik industri.

Også bransjeorganisasjonen NODE tar no eit tydeleg skritt i retning grøn teknologi med prosjektet Miljøfotavtrykk, eit prosjekt eg hadde gleda av å ha nær kontakt med då eg var ved UiA.

Det blei jamvel tid til eit møte md NHO Agder som også har engasjert seg i energiøkonomisering i samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

På arbeidstakarsida planlegg LO eit møte der eg har lova å innleie om framtida for industrien på Sørlandet.

Den møtefrie veka blei avslutta med eit spennande besøk i Narvik. Også der er grøn industri i framgang, og vi fekk ein spennande presentasjon av solsellebedrifta Innotech solar.

I Narvik hadde eg gleda av å innleie på eit godt besøkt møte om lakseoppdrett i Ofoten. Eit fleirtal i bystyret i Narvik er i mot, men på grunn av prosedyrespørsmål kom ikkje dette til uttrykk i vedtak. Men SV og dei andre motstandarane kjempar vidare, og dei fekk inspirasjon på møtet.

SV-veteran frå Narvik, Per Henrik Mørk

Den møtefrie veka blei ein inspirasjon for vidare kamp for miljø og grøn industri.

Alf