Tag Archives: laks

Professoral trussel mot villaks og oppdrett

Professor Rögnvaldur Hannesson har gått til angrep på villaksen i eit misslukka forsøk på å slå eit slag for lakseoppdrett (DN og KK). Oppdrettsnæringa er så viktig at vi kan ofre villaksen, hevdar han.

 Norge har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på atlantiske laksestammar. Oppdrettsnæringa får svare for seg sjølv. Men eg tvilar på at den deler Hannesson sin totale mangel på respekt for artsmangfald, internasjonale konvensjonar og næringar som er avhengige av villaksen. Eg er overraska over at ein professor med fiskeri som arbeidsfelt, kan presentere slike synspunkt.

 Det er nettopp slike haldningar som er den største trusselen mot oppdrettsnæringa i ein kritisk utviklingsfase. Synspunkta til Hannesson skaper ikkje berre eit konfliktnivå som skadar bransjen. Dei kan på sikt undergrave ressursgrunnlaget og forseinke den teknologiske utviklinga som næringa er heilt avhengig av.

 Situasjonen i oppdrettsnæringa liknar på den vi hadde i norsk prosessindustri i åttiåra. Det var ein forureinande industri, og styresmaktene innførte gradvis strengare miljøkrav. Mange protesterte og hevda at det ville ta knekken på bedriftene, men industrien tok utfordringa. I dag har vi ein teknologisk leiande prosessindustri, og dei fleste innser no at miljøkrava var med på å styrke industrien.

 Dei haldningane Hannesson gir uttrykk for, er det oppdrettsnæringa treng minst dersom den skal bli berekraftig og utvikle seg i harmoni med miljøet og andre næringar. 

Bloggposten har stått på trykk i Klassekampen og Fiskarbladet

 Alf

Tøffare krav til oppdrettsnæringa

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at bruken av kjemikaliar i kampen mot lakselus formelig har eksplodert, frå 218 kilo i 2008 til over 5 tonn i 2009. Det aller meste er plantevernmiddel som blir blanda i fiskeforet. Dette kan ikkje halde fram. Næringa må innsjå at den må ta eit krafttak for å gjere norsk fiskeoppdrett berekraftig.  Dagens situasjon er ein trussel mot villaksen og miljøet. Dersom ikkje næringa tar eit krafttak no, vil oppdrettsnæringa få nye negative oppslag og reaksjonar i viktige marknader.

Rømming og lakselus truar den norske villaksen, og  fiskefôr og avføring forureinar områda kring oppdrettsanlegga. I tillegg kan behovet for fiskefor true andre fiskestammar. Oppdrettsnæringen har mye å lære av korleis landbasert industri rydda opp i miljøproblem i åttiåra – etter at det blei stilt krav frå styresmaktene. Bedriftene var i mot krav om rensing, men i dag er dei ofte miljøleiande og er glade for at det blei stilt krav. Det er tid for ei liknande miljøopprydding i oppdrettsnæringen. No er økonomien i oppdrettsnæringen god, og det er tid for å satse.

Aktuelle krav er:

  • nulltoleranse for rømming
  • sterk reduksjon av medisinbruk som kan ha skadelige konsekvenser for livet i fjordane våre
  • transport av laks til slakteri i lukka båtar
  • brakklegging av områder i periodar
  • dokumentasjon på at foret kjem frå berekraftige fiskestammar
  • sterkare satsing på utvikling av lukka anlegg

Alf

Når stortinget tar pause

Besøk ved oppstarten av Returkraft

Besøk hos Metallkraft

Sist veke var det møtefri på Stortinget, og det ga rom for spanande politiske diskusjonar.

Eg besøkte ei rekke bedrifter og organisasjonar som bekreftar at grøn teknologi er i ferd med å få eit breitt fotfeste på Agder. Elkem Solar, Metallkraft, Agder Energi, Returkraft og Universitetet i Agder er alle sentrale i denne utviklinga. Eg fekk mange gode innspel til arbeidet med å legge til rette for slik industri.

Også bransjeorganisasjonen NODE tar no eit tydeleg skritt i retning grøn teknologi med prosjektet Miljøfotavtrykk, eit prosjekt eg hadde gleda av å ha nær kontakt med då eg var ved UiA.

Det blei jamvel tid til eit møte md NHO Agder som også har engasjert seg i energiøkonomisering i samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

På arbeidstakarsida planlegg LO eit møte der eg har lova å innleie om framtida for industrien på Sørlandet.

Den møtefrie veka blei avslutta med eit spennande besøk i Narvik. Også der er grøn industri i framgang, og vi fekk ein spennande presentasjon av solsellebedrifta Innotech solar.

I Narvik hadde eg gleda av å innleie på eit godt besøkt møte om lakseoppdrett i Ofoten. Eit fleirtal i bystyret i Narvik er i mot, men på grunn av prosedyrespørsmål kom ikkje dette til uttrykk i vedtak. Men SV og dei andre motstandarane kjempar vidare, og dei fekk inspirasjon på møtet.

SV-veteran frå Narvik, Per Henrik Mørk

Den møtefrie veka blei ein inspirasjon for vidare kamp for miljø og grøn industri.

Alf

Knebling av kritikk

Lakseoppdrett er ei viktig næring i Noreg. Den har stor eksportverdi, og den skaper arbeidsplassar i distrikta. Men næringa slit med store utfordringar. I det siste har vi høyrt mykje om lakselus som skadar oppdrettslaksen og truar villaksen. Men dette er ikkje det einaste problemet. Store mengder laks rømmer frå oppdrettsanlegga og blandar eg med villaks. Talet på oppdrettslaks blant villaksen i elvane våre ligg langt over grensa for kva som er skadeleg for villaksstammane våre. Rømming skjer av så banale årsaker som svikt i ankerkjettingar. Dette burde ikkje vere nødvendig i eit land som kan forankre flytande oljeinstallasjonar i Nordsjøen.

Men i staden for å gå laus på desse utfordringane, prøver store deler av næringa og det politiske miljøet å bortforklare problema. Det siste eksempelet såg vi i Stortinget i dag. FrP og Høgre gjekk så langt at dei utfordra regjeringsmedlemmar til å prøve å stoppe kritikken frå miljøvernorganisasjonar ved hjelp av økonomiske verkemiddel. Dette er mildt sagt ein underleg utspel frå parti som likar å framstille seg som forkjemparar for eit liberalt samfunn med vide grenser for ytringsfridomen.

Alf