Professor Rögnvaldur Hannesson har gått til angrep på villaksen i eit misslukka forsøk på å slå eit slag for lakseoppdrett (DN og KK). Oppdrettsnæringa er så viktig at vi kan ofre villaksen, hevdar han.
Norge har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på atlantiske laksestammar. Oppdrettsnæringa får svare for seg sjølv. Men eg tvilar på at den deler Hannesson sin totale mangel på respekt for artsmangfald, internasjonale konvensjonar og næringar som er avhengige av villaksen. Eg er overraska over at ein professor med fiskeri som arbeidsfelt, kan presentere slike synspunkt.
Det er nettopp slike haldningar som er den største trusselen mot oppdrettsnæringa i ein kritisk utviklingsfase. Synspunkta til Hannesson skaper ikkje berre eit konfliktnivå som skadar bransjen. Dei kan på sikt undergrave ressursgrunnlaget og forseinke den teknologiske utviklinga som næringa er heilt avhengig av.
Situasjonen i oppdrettsnæringa liknar på den vi hadde i norsk prosessindustri i åttiåra. Det var ein forureinande industri, og styresmaktene innførte gradvis strengare miljøkrav. Mange protesterte og hevda at det ville ta knekken på bedriftene, men industrien tok utfordringa. I dag har vi ein teknologisk leiande prosessindustri, og dei fleste innser no at miljøkrava var med på å styrke industrien.
Dei haldningane Hannesson gir uttrykk for, er det oppdrettsnæringa treng minst dersom den skal bli berekraftig og utvikle seg i harmoni med miljøet og andre næringar.
Bloggposten har stått på trykk i Klassekampen og Fiskarbladet
Alf