Ei vedkjenning frå ein grøn kraftsosialist

Dagens industridebatt tar meg femti år tilbake i tid.

Eg begynte min yrkeskarriere i kraftforedlande prosessindustri på syttitalet. Då var eg ein engasjert miljøforkjempar og hadde tillitsverv i SV. På den tida var det eit antagonistisk forhold mellom miljørørsla og prosessindustrien. Mange i industrien såg på miljøkamp og vassdragsvernsom eit trugsmål, og i miljørørsla var prosessindustrien lite populær. Eg snakka lite om kvar eg stod politisk på jobben, og eg snakka lite om yrket mitt i miljørørsla. Det har ikkje alltid vore like enkelt å stå med eit bein i miljøkampen og eit bein industrien. Men eg har alltid trivest i industrimiljøet, og eg har vore stolt av å få lov å vere med på å utvikle prosessindustrien. 

Alt på åttitalet begynte eg å skrive om miljøteknologi – reinare produksjon og nye produkt for eit meir miljøvennleg samfunn. Den gangen blei det møtte med skuldertrekk og skepsis. Ved eit høve opplevde eg å få nei til ein jobb i eit forskingsinstitutt fordi leiinga var redd for at mitt miljøengasjement skulle skremme vekk kundar. På denne tida var det også ein del økonomar som meinte vi burde legge ned prosessindustrien og overlate slik produksjon til lågkostland. Men tidene har endra seg. Industrien tok utfordringa og satsa på ny og meir miljøvennleg teknologi. I dag er norsk prosessindustri teknologisk leiande, og mange meiner det skuldast at vi var tidleg ute med miljøkrav her i landet. 

Parallelt med engasjementet for ein grønare prosessindustri har eg jobba for å auke forståinga for industrien i det politiske miljøet. Då SV for ein del år sidan snakka om å produsere og eksportere fornybar energi, fekk eg gjennomslag for at eksport av kraftkrevjande produkt er eit godt alternativ, og eg fekk faren for karbonlekkasje (utflagging av kraftkrevjande industri) inn i arbeidsprogrammet. Samtidig ser eg at kraftutveksling kan ha positiv klimaeffekt. Eg har også jobba for CO2-kompensasjon (kompensasjon for auke i kraftpris) og kjempa mot opphavsgarantifør dei fleste visste kva det var. Og heile tida har eg utfordra prosessindustrien på klima og miljø. 

Det er hyggeleg for ein pensjonert industrimann å sjå den offensive klima- og miljøsatsinga som prosessindustrien lanserte i Prosess 21, men eg har framleis nokre utfordringar til bransjen. Dei lit for mykje på bioenergi som verda vil få for lite av. Alternative reduksjonsmetodar vil krevje både forsking og meir fornybar energi. Men vi har ikkje noko val om vi skal bli klimanøytrale. Samtidig bør vi forvente at ein bransje som legg beslag på så mykje rein energi, skaffar fleire arbeidsplassar ved å satse meir på spesialisering og vidareforedling slik Elkem og Borregaard hat gjort.

Omfanget av norsk prosessindustri som har eit stort innslag av utanlandsk eigarskap, har lenge vore relativt stabilt. Men no ser vi plutseleg ein stor interesse for å etablere ny kraftkrevjande industri for dei nye grøne marknader. Det gjeld blant anna batteriproduksjon, hydrogenproduksjon og datasenter. Dette er produksjon som krev store mengder fornybar energi, og som alle industribedrifter treng dei areal og kan ha negative konsekvensar for miljø. Det er sjølvsagt grenser for kor mykje kraftkrevjande industri vi bør ha her i landet. Men dette er ein diskusjon som det er vanskeleg å føre fordi vi manglar eit samlande faktagrunnlag for kraftbalansen. Det er også innlysande at vi må stille minst like strenge krav til miljø og arealbruk til slike bedrifter som alle andre. Merkelappen grøn industri er ikkje ein fribillett, men eit ansvar.

Det som gjer at eg i innleiinga ser femti år tilbake i tid, er tendensane til aggressiv skyttargravskrig om kraftkrevjande industri på linje med det eg opplevde på åttitalet. I sosiale media har eg inntrykk av at debatten tar til å nærme seg ein identitetskamp. Men treng det ende slik?

Vi kom trass alt ut av krigen mellom prosessindustri og miljøaktivisme på åttitalet. Vi bør klare det igjen, eller rettare – vi må klare det for å oppfylle dei klima- og miljøkrava FN utfordrar oss på.

Alf Holmelid

2 responses to “Ei vedkjenning frå ein grøn kraftsosialist

  1. Jon Helge Aas

    Jeg er enig med deg når det gjelder å løfte debatten om bruken av elkraft i et helhetlig perspektiv. Nylig hadde vi en debatt i media om elektrifisering av oljeplattformer. Selv om det kan være positivt isolert sett, bør vi se på behovet for kraft totalt sett. Når transportsektoren elektrifiseres og batterifabrikker og annen kraftkrevende industri videreutvikles er det mulig vi må prioritere, selv om vi har overskudd på kraft i dag.

    Likt av 1 person

    • Eg er samd i at vi bør diskutere elektrifisering av sokkelen, men problemet er at den står for ein tredel av dei totale utsleppa her i landet. Dersom vi ikkje gjer noko der, må vi kutte meir drastisk på anna industri, landbruk mm, og det er det heller ikkje så lett å få politisk gjennomslag for. Det er heller ikkje så lett å få SP og AP til å trappe ned aktiviteten på sokkelen. Så dette er eit ekte dilemma. Derfor meiner eg vi må utfordre aktørar og politiske parti til å legge fram heile sin energi og klimapolitikk, og ikkje berre dei populære sakene.

      Likar

Kommenter innlegget