Tag Archives: lofoten

OLF ein trussel mot næringa

Oljeindustriens landsforbund, OLF, driv ei omfattande kampanje for å opne dei sårbare områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeboring. Men i staden for å ta ein real debatt for og imot oljeboring, prøver dei å skape forvirring om kunnskapsgrunnlaget for denne avgjerda.

Det oppdaterte faglige grunnlaget for framtidig forvaltning av havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja blei lagt fram våren 2010. SV har vore ein pådrivar for å få fram eit så omfattande kunnskapsgrunnlag som mogeleg. Vi har over tusen sider med utgreiingar om konsekvensar av oljeutslepp, om dei sårbare økosystema i desse områda og om dei verdifulle fiskestammane som har sine gyteområde der. Sysselsettingseffekten er også omfatta med stor interesse. Dei optimistiske overslaga som mange opererte med i starten, er kraftig redusert, blant anna fordi overslaget over tilgjengelege oljeressursar er redusert.

Vi har meir enn nok informasjon til å behandle denne saka. Men OLF ønskjer ikkje ein debatt om oljeboring. Dei prøver å bagatellisere det omfattande kunnskapsgrunnlaget vi alt har samla inn og etterlyser ei sokalla konsekvensutgreiing. Det OLF kallar konsekvensutgreiing, er ei utgreiing med basis i §3-1 i petroleumslova, og det er ein prosess med sikte på å starte utvinning. Formålet med dette kravet er å unngå ein debatt om realitetane i saka og komme eit skritt nærare oljeutvinning. OLF prøvde også nyleg å underslå resultata av ei spørjeundersøking der det kom fram at det er fleirtal mot oljeutvinning. Først då Dagbladet pressa på, kom tala på bordet.

Noreg har ei høgteknologisk olje- og gassnæring som har ein sentral posisjon på verdsmarknaden, og som har ein dominerande posisjon i norsk økonomi. Om ein del tiår vil ressursgrunnlaget ebbe ut. Oljeutvinning i dei sårbare områda utanfor Lofoten og Vesterålen vil forlenge det norske oljeeventyret med om lag eitt år. Det er langt meir å hente på å auke utvinningsgraden i eksisterande felt. Dessutan er det viktig at næringa gradvis får fleire bein å stå på for eksempel innan miljøteknologi slik vi har sett teikn til i det siste.

OLF si voldsame kampanje for å legge press på sårbare område og varige naturressursar kan gå ut over omdømmet til oljeindustrien og bli til skade for næringa. Det er freistande å minne om situasjonen i prosessindustrien for 30 år sidan. Då blei det stilt nye krevjande miljøkrav til denne næringa. Sentrale aktørar i bransjen meinte krava ville knekke bedriftene. Men i ettertid ser vi at pålegga betra innovasjonsevna og konkurransekrafta og var med på å styrke bransjen. Det er ikkje alltid bransjen sjølv er den beste til å vurdere kva miljøomsyn ein må ta. Det bør kanskje OLF også innsjå.

Alf

Oljelobbyen truar berekraft i nord

Alf ombord i sjark

Ein del av stortingsgruppa til SV har hatt nokre fantastiske dagar i Lofoten og Vesterålen. Veret og naturen var fantastisk. Og det sterke engasjementet mot oljeboring var like imponerande. Vi møtte er rekke næringslivsrepresentantar, frå fiskarar og fiskemottakseigarar via ein aktiv reiselivsbransje til gryndarar innan fornybar energi. Alle hadde tru på at det er eit stort potensiale for å vidareutvikle desse berekraftige næringane og skape trygge og varige arbeidsplassar. Vi fekk presentert solid dokumentasjon på at oljeboring er ein trussel for denne berekraftige næringsutviklinga.

Arealkonflikt og forureiningsfare trur fiskeria. Reiselivsnæringa har profilert ein fantastisk urørt natur og sameksistens med fiskenæringa, noko som vil bli umogeleg med oljeaktivitet. Sist men ikkje minst rekna mange med at oljeindustrien i ein kort periode vil skaffe nokre godt betalt arbeidsplassar som ville tappe del lokalt baserte næringane for arbeidskraft.

Overalt der vi kom, var konklusjonen at oljeboring og oljeaktivitet vil true langt fleire arbeidsplassar enn den vil skape. Det luftslottet av midlertidige arbeidsplassar som oljelobbyen prøver å marknadsføre, truar ei berekraftig næringsutvikling.

Mange av dei vi møtte, kunne fortelje om ein svært aktiv lobbyaktivitet frå Statoil og resten av oljelobbyen. Det blir brukt store ressursar for å kjempe fram eit ja til oljeboring, blei det hevda. Det skulle ha vore interessant å vite kor mange titals millionar oljelobbyen brukar for å kjempe fram ei bestemt politisk løysing.

Hamna i Stamsund

Hamna i Stamsund

SV hyllar Natur og Ungdom md blomster, og Natur og Ungdom takkar SV for motstanden mot oljeborin med påskeegg.