Tag Archives: Sverige

Kommersialisering eller trygg velferd

Eldreomsorg_smallNyleg fekk vi skremmande opplysningar frå det høgrestyret Sverige. Det private utdanningskonsernet John Bauer var konkurs og 7.000 elevar gjekk ei usikker framtid i møte. Litt seinare fekk vi vite at den kommersielle selskapet Sensia la ned seks helsestasjonar og 32.000 pasientar miste tilbodet sitt. I følgje Aftenposten er 40.000 personar ramma av konkurs og avvikling av skolar og velferdstenester som er satt ut til kommersielle konsern. Den konservative leiinga i Stockholm har tatt sjølvkritikk og er i ferd med å legge om sin politikk.

Dette er noko av bakgrunnen for at SV vil vidareutvikle gode offentlege tenestetilbod framfor å satse på kommersielle aktørar. Kommersialisering vil føre til at kommunen må bygge opp eit omfattande byråkrati for kontroll, men erfaringane frå Sverige viser at det like vel kan gå galt.  Det siste Høgre gjorde før dei miste regjeringsmakt var å godkjenne fleire John Bauer-skolar blant anna i Vest-Agder. Dersom godkjenninga hadde blitt ståande, så hadde vi sitte med skjegget i postkassa i dag.

SV er også opptatt av å legge til rette for at ideelle organisasjonar kan bli ein viktig del av tenestetilbodet. Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet som er leia av ein SV-statsråd har innført fleire tiltak som styrker dei ideelle aktørane sin posisjon. Den kommersialiseringa som Høgre legg opp til, vil derimot skvise ut ideelle aktørar.

Førstekandidat for Høgre, Ingunn Foss, går i eit innlegg i Farsund avis til angrep på SV sitt engasjement for ein sterk offentleg sektor. Ho er som sine partifellar i Sverige opptatt av å sleppe kommersielle aktørar til. SV trur ikkje dette er vegen å gå. Vi vil satse på å styrke det offentlege velferdstilbodet og samarbeide med ideelle aktørar for aktuelle omsorgsoppgåver. Ingun Foss hevdar at reglar for utbytte i skole og omsorg er overstyring av det kommunale sjølvstyret. Men Høgre har sagt at dei vil gå inn for utbytteavgrensing i skolesektoren, så her er argumentasjonen lite prinsipiell.

SV er opptatt av at dei skattepengane som vi brukar til omsorg og skole, skal gå til å utvikle trygge og gode tenester og ikkje til kontrollbyråkrati og skatteparadis. Vi vil sikre handlingsfridomen til kommunane og hindre at store kommersielle aktørar får ein marknadsposisjon som set kommunane i ein tvangssituasjon.

Alf