Omdømme som fortent?

Dette innlegget i ein litt forkorta versjon stod på trykk i Fædrelandsvennen laurdag 10. oktober.

Media har dei siste dagane omtalt ein rapport om korleis andre oppfattar Sørlandet og Kristiansandsregionen. Verdien av slike rapportar kan diskuterast. Dei kan lett føre til at vi blir meir opptatt av å bygge omdømme enn av å skape eit godt samfunn. Men slike undersøkingar kan like vel vere eit nyttig utgangspunkt for ettertanke. Har vi det omdømet vi fortener, og gir det et riktig bilete av regionen? 

Vår region har eit internasjonalt orientert næringsliv som har vist stor evne til omstilling, og mange har satsa på miljøteknologi. Like vel kjem vi dårleg ut  når det gjeld internasjonal orientering, nyskapande næringsliv og miljøteknologi. Det finst naturlege årsaker til det. Nettopp fordi industrien på Sørlandet er internasjonalt orientert, har den vore lite i fokus i regionale og nasjonale media.

Men det er ein situasjon vi ikkje kan leve med i framtida. Dei store utfordringane som næringslivet no står overfor, krev sterkare samhandling mellom bedrifter, akademia og det offentlege. Sørlandet må derfor ta ein posisjon i det nasjonale mediebiletet om vi skal oppretthalde dagens forsprang som tydelegvis er lite kjent. 

I forhold til realitetane fortener vi ikkje det dårlege omdømme vi tydeleg vis har når det gjeld innovasjon og miljøteknologi. Men det er vår eiga skuld, for vi snakkar for lite om den posisjonen vi har. Vi har nettopp tilbakelagt ein valkamp der det var fullstendig umogeleg å få fokus på slike saker.

Det andre området der vi peikar oss ut med eit svakt omdømme, er openheit og toleranse. Dersom dette reflekterer realitetane i regionen, gir det grunn til alvorleg ettertanke. Kanskje er ikkje resultatet så overraskande når vi ser på kva som har prega den regionale debatten den siste tida.

Eg har tidlegare peika på at valkampen i år var sterkt dominert av ein ekskluderande og snever verdidebatt med kamp mot homofile sin rett til å gifte seg som eit berande element. Når slike debattar dominerer regionale media, er det med på å farge biletet av Sørlandet som ein lite raus region. At eit parti som mildt sagt er sterkt kritisk til asylsøkjarar og framande religionar står så sterkt på Sørlandet, skaper heller ikkje eit bilete av toleranse og openheit.

Dersom det er tilfelle at vi er i ferd med å utvikle ein lite raus region, så er det først og fremst eit problem for livskvaliteten for oss som bur her. Men det er også eit dårleg grunnlag for eit framtidsretta, nyskapande og internasjonalt orientert arbeidsliv. Vi må kjempe for eit raust samfunn som gir rom for menneskeleg vekst og økonomisk utvikling.

 Alf 

Godt utgangspunkt for valkampsakene mine

I valkampen la eg vekt på tre saker:

  1. Miljøteknologi og miljøvennleg industri
  2. Minstenorm for lærarar, meir praksis i skolen og gratis kjerne tid i SFO
  3. Gjenreise den sosiale bustadpolitikken med fleire utleigebustader og klarare plikt for kommunane til å skaffe bustadlause ein stad å bu

Regjeringsplattforma som blei lagt fram i dag, gir eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med desse sakene.

  1. Når det gjeld miljøteknologi så står det blant anna:
    ” Vi vil bidra aktivt til omstilling i næringslivet og tilrettelegging for nye og framtidsretta næringar og arbeidsplassar. Vi vil snu utfordringar til muligheiter for næringslivet gjennom å satse på fornybar energi og ny miljøteknologi.”
    ”Det samla verkemiddelapparatet retta mot norsk næringsliv skal gjennomgåast for å vurdere korleis det i større grad enn i dag kan medverke til utvikling av miljøteknologi, fornybar energi og meir miljøvennleg produksjon.”
  2. Når det gjeld skole, så seier plattforma at det skal innførast nasjonale minstenormer, men dei er ikkje talfesta. Her er det viktig å samarbeide med organisasjonane til dei tilsette for å sikre at vi får minstenormer som sikrar kvalitet i skolen.
    Plattforma legg også opp til meir praktiske fag i skolen, og den sikrar ein time gratis kjernetid i SFO
  3. Når det gjeld bustadpolitikk så står det blant anna:
    ”- arbeide for å skaffe fleire kommunalt disponerte utleigebustader, bustader med oppfølgingsteneste og ikkje- kommersielle utleigebustader
    – arbeide for at dei som kjem ut av rus og psykiatri institusjonar eller fengsel skal tilbydast eit eigna varig bustadtilbod”

Med denne regjeringsplattforma er grunnlaget lagt for å arbeide offensivt med mine valkampsaker. Eg tar gjerne i mot innspel til det vidare arbeidet.

Miljøteknologi på Stortinget

I dag har eg hatt besøk av representantar for Metallkraft, ei bedrift som gjenvinn avfall frå produksjon av solceller. Bedrifta byggjer no fabrikk i Kina og Singapore i tillegg til den pilotproduksjonen den har i Kristiansand. Dette er ei av dei bedriftene som bidrar til at Agder er i ferd med å etablere seg som miljøteknologiregionen i Noreg. Vi diskuterte kav staten gan gjere for å leggje til rette for at slike bedrifter kan etablere seg internasjonalt og dermed styrke sin posisjon. Det er interessante tankar i tråd med deg eg har arbeidd med tidlegare.

Elles vil eg gratulere Eyde-nettverket som Metallkraft er ein del av, med status som ARENA-nettverk.

Alf

Stille før stormen

Stortingssesjonen er i gang, og dei første dagane går for det meste med til å ordne praktiske ting og setje seg inn i rutinar og spelereglar. Det skjer lite i stortingssalen før trontaledebatten, men det politiske arbeidet er så smått i gang. I morgon får eg besøk av ei miljøteknologibedrift frå Kristiansand.

Eit fagtidsskrift har funne ut at Skumsvoll og eg er dei einaste sivilingeniørane på Stortinget, og dei vil derfor gjere eit intervju. Det blir vel ikkje så veldig politisk, tenkjer eg.

Eg har fått mange spørsmål og kva stortingskomite eg skal inn i, men det blir ikkje klart før i neste veke. I SV blir ikkje plassane i komiteane fordelt før vi har fått betre oversikt over regjeringskabalen.

Det er spennande å følgje dei politiske forhandlingane om regjeringsplattforma. Når dei er avslutta, startar nok mediediskusjonen om kven som har vunne, og kven som har tapt. Men eg vonar det også blir rom for å diskutere innhaldet i politikken, og kva som er bra for folk og samfunn. Det er på tide å skape eit breitt engasjement bak dei store utfordringane vi står overfor, ikkje minst når det gjeld miljø og rettferdig fordeling.

Alf

Snever verdidebatt

Denne kronikken stod i Fædrelandsvennen 1. oktober.

For ei veke sidan deltok eg på opninga av utstillinga Hard Rain på Klimahuset i Kristiansand. Fotograf Mark Edwards presenterte bilete frå over 150 land. Han har reist verda rundt for å dokumentere det han omtalar som kollisjon mellom menneske og natur; fattigdom, brot på menneskerettar, tap av leveområde, forureining og menneskeskapte klimaendringar som truar livsgrunnlaget for utsette grupper.

Den siste dagen av Protestfestivalen deltok eg på ein spennande debatt om einsemd. Det blei stilt spørsmål om kvifor det er så mange einsame i eit rikt land som vårt. I debatten blei det peika på at marknadskrefter, reklamepress, konkurransejag og individualisme skaper eit kaldare samfunn. Mange slit i einsemd med å leve opp til forventningar frå mange hald, og det er lite rom for dei som fell utanfor.

Dette er to eksempel på viktige verdidebattar som fanga brei interesse i mange ulike grupper. Men dersom ein ser på dekninga av valkampen på Sørlandet, skulle ein tru at verdidebatt er synonymt med kjønnsnøytral ekteskapslov, Israel og forfølging av kristne her til lands. I valkampen blei eg fleire gonger invitert til verdidebatt og budde meg på å diskutere solidaritet, nestekjærleik og forvaltaransvar. Men desse grunnleggande verdispørsmåla ville ikkje arrangørane høyre noko om. Dei var utdefinert av verdidebatten.

For arbeidarrørsla har internasjonal solidaritet, rettferdig fordeling og maktforhold alltid vore grunnleggande verdispørsmål. I dei seinare åra har miljørørsla brakt miljø- og klimaspørsmål inn i verdidebatten. Miljøorganisasjonane utfordrar oss til å tenkje globalt og ta ansvar for livsgrunnlaget for framtidige generasjonar. Det er slike spørsmål som kan skape ein brei verdidebatt på tvers av ulik sosial bakgrunn og ulike religiøse ståstader.

Dei som har sett utstillinga til Mark Edwards på Klimahuset i Kristiansand kan ikkje vere i tvil om at klima og miljø er sentrale verdispørsmål. Verdas ressursar er ekstremt skeivfordelt. Klimatrusselen som det ikkje er mogeleg å fornekte lenger, gjer forholda endå meir urettferdige. Eit lite mindretal av rike land  slepp ut storparten av dei klimagassane som trugar livsgrunnlag på kloden vår, og dei som har det vanskelegast frå før, vil bli hardast ramma.

For å sleppe å bli konfrontert med sitt samfunnsansvar vil den økonomiske makteliten halde økonomiske forhold utanfor verdidebatten. Konservative krefter likar gjerne å framstille marknadskreftene som ei naturlov, og dermed er det ingen som treng å ta ansvar for konsekvensane. Då SV for ein del år sidan tok opp spørsmålet om etiske retningsliner for Oljefondet, blei vi ledd ut av høgrefolk. Det var naivt å blande etikk og marknad blei det hevda. Vi kan ikkje berre investere i det som Kristin Halvorsen likar, kom det sarkastisk frå konservative politikarar. I dag er tonen ein heilt annan, og dei fleste har gløymt kor tøft det var å drive fram denne viktige verdidebatten.

Vi har nettopp gjennomlevd ei internasjonal økonomisk krise. Den blei skapt av grådigheit blant dei som sit på toppen av velstandpyramiden. Men den ramma heilt andre grupper som miste hus og heim og blei kasta ut i arbeidsløyse og fattigdom. Teorien om egoisme som den viktigaste drivkrafta i økonomien, har fått riper i lakken. Kanskje er det på tide at verdidebatt og etisk refleksjon får ein større plass i økonomiutdanninga og i dei økonomiske maktsentra. Og kanskje er det på tide at politikarane sluttar å fråskrive seg ansvaret for manglande kontroll med marknadskreftene og den økonomiske makteliten.

Går vi til dei nære forhold, så kan det vere grunn til å stoppe opp ved bustadpolitikken. Vi har vore inne i ein periode der mange har tent godt på bustadbygging og bustadspekulasjon. Bustader har blitt eit investerings- og spekulasjonsobjekt. Det fører til at det blir vanskeleg og til dels umogeleg for unge med låg inntekt å skaffe seg ein stad å bu. Konsekvensane kan bli at ein del unge får problem og misser fotfeste i livet. Er ikkje slike spørsmål ein viktig del av verdidebatten?

Men i dei sokalla verdidebattane som eg blei invitert til i valkampen, var det heilt umogeleg å sleppe til med synspunkt på verdispørsmål relatert til økonomi, makt og miljø. Enkelte kristne miljø med god støtte frå enkelte media klarte å innsnevre verdidebatten til nokre få symbolsaker som Israel, ekteskapslov og avkristning. Denne einspora verdidebatten slik den har komme til uttrykk i valkampen på Sørlandet, er vel heller ikkje representativ for kyrkje og kristenliv som heilheit.

Mangelen på ein breiare verdidebatt er ikkje berre ein fare for livssynspluralismen på Sørlandet. Dersom vi fjernar spørsmål om økonomi, makt og miljø frå verdidebatten, står vi i fare for å utvikle eit usolidarisk samfunn med større forskjellar og manglande fokus på dei store miljøutfordringane som vi no står overfor.

 Den smale verdidebatten har også gjort det lett for FrP å stele nokre få symbolsaker  og proklamere kristen forankring for å ta veljarar frå KrF. Ein breiare verdidebatt med fokus på maktforhold, solidaritet og miljø ville kanskje ha skapt eit meir variert politisk landskap på Sørlandet.

 Alf

Gledeleg snuoperasjon

I valkampen snakka Gitmark i all hovudsak om firefelts veg og politi. Ein rask sjekk av NRK sin veljargaranti og andre oppslag på Internett viser at han også var innom skole og færre restriksjonar for hyttebygging i strandsona. Men miljø og klima var ikkje i fokus så langt eg kan sjå, med unntak av eit angrep på mine forslag om å satse på miljøteknologi.

Derfor er det svært gledeleg at Gitmark i ein kronikk i Fædrelandsvennen no etter valet tar til orde for å ta klimautfordringane på alvor og satse på ein meir offensiv klimapolitikk. Det viktigaste forslaget hans i denne kronikken er ei kraftig satsing på miljøteknologi. Det er ei sak som eg kjempa for i heile valkampen. Derfor er et er svært gledeleg at Gitmark no går ut med klar støtte til ei slik satsing, og eg ser fram til eit konstruktivt samarbeid på dette området.

I samsvar med programerklæringa til dei borgarlege på Agderbenken om å terge SV, kjem Gitmark samtidig med nokre spark til SV sin klimapolitikk. Den kan absolutt bli betre. Men det er verdt å merke seg at den kjente BI-professoren Jørgen Randers konkluderte med at dei som meiner klima er viktig, bør støtte SV. Det same har fleire miljøorganisasjonar gjort.

Alf

Ny på Agderbenken

For første gang i historia blir SV representert på Stortinget frå Vest-Agder. I valkampen har eg og SV prøvd å løfte fram miljø og sysselsetting, utdanning og rettferdig fordeling. Det var ikkje alltid like lett å få desse sakene på dagsorden i media. Men ute blant folk blei vi møtt med stor interesse og positive haldningar. Og dei talrike hyggelege helsingane og innspela eg har fått etter valet, tyder på at mange er positive til våre saker og ønskjer å støtte opp om vårt arbeid. Men eg og SV er heilt avhengige av innspel frå mange hald for å kunne gjere ein god jobb på Stortinget.

Du må ikkje gløyme kvar du kjem i frå dersom du kjem på Stortinget, er eit utsegn eg har høyrt mange gonger i denne valkampen. I det ligg det vel eit signal om at mange tykkjer det er for stor avstand til dei som sit med makta. Ei av dei største utfordringane vi som stortingsrepresentantar står overfor, er å oppretthalde ein god dialog med veljarane etter valet. Derfor vonar eg at folk held fram med å ta kontakt om små og store spørsmål. Ikkje minst viktig er det å ha auge og øyre opne for dei som ikkje har sterke interessegrupper til å representere seg.

SV la vekt på miljø- og klimaspørsmål i denne valkampen, men det var vanskeleg å nå fram i media med desse sakene. Dei partia som hadde klarast miljøstandpunkt, og som fekk best skår hos miljørørsla, gjekk tilbake i valet. Men eg vel å tru at det skuldast overfokusering på regjeringsspørsmålet og ikkje manglande interesse for miljø og klima blant veljarane. Gode løysingar på miljøutfordringane blir stadig viktigare både globalt, nasjonalt og regionalt. Det er viktig å starte dette arbeidet no. Gjer vi ikkje det, legg vi stein til byrden for våre barn og barnebarn. Dei regionane som er tidleg ute med omstilling til klimasamfunnet, vil skape tryggleik for arbeid og livskvalitet, samtidig som det tar ansvar for dei globale klimautfordringane.

I denne valkampen har det vore ein del fokus på korleis Agderbenken best kan representere regionen. Her trur eg ikkje det finst noko enkelt trylleformular. Det er viktig å argumentere for vår rettmessige del av dei nasjonale ressursane. Men eg trur også det er viktig å synleggjere dei ressursane og det potensialet som regionen vår har. Det er lettare å få nasjonale ressursar til regionen dersom vi kan vise at vi er i stand til å ta nasjonalt ansvar og skape verdiar utover eigen region, noko vi faktisk gjer på mange område i dag.

 Miljøspørsmål er eksempel på saker der det lett kan bli usemje på Agderbenken. Eit anna eksempel kan vere fordelingspolitikk. Skiljelinene i politikken er ikkje berre geografiske. Nasjonal politikk er meir enn kamp mellom regionar. Mange spørsmål som ikkje er spesifikke for Agder, vil like vel vere svært viktige for vår region. Eksempel på det er likelønn og kamp mot ufrivillig deltid. Eit anna eksempel er tiltak mot fråfall i skolen. Politikarar som viser at dei klarer å kjempe fram viktige nasjonale saker, vil gjerne vere dei som også har tilstrekkeleg legitimitet til å målbere viktige regionale saker.

Alf

Gjennomslag for miljøteknologi

Alf Holmelid solceller 051-1Eg har i fleire innlegg på denne bloggen skrive om miljøteknologi. No har SV tatt med mange av desse forslaga i si liste over krav til dei nye regjeringsforhandlingane. Du finn meir om dette i Fædrelandsvennen.

Nei til skattebetalt liberalisering av Post

I dag er Anne Ellefsen fra Postkom gjesteskribent

At vi får levert post seks dager i uka er like selvfølgelig som at vannet kommer i springen når du skrur opp kranen.
Det er denne tjenesten EU sitt tredje postdirektiv handler om. Brev som er under 50 gram tilhører da den lille, men viktige delen som er igjen av postmonopolet i Norge. Prisen for å sende dette brevet er likt uansett hvor i landet det sendes. Dette er det enhetsportoen dreier seg om. Det blir finansiert på den måten at Posten Norge kryss-subsidierer denne tjenesten. Inntektene fra de lønnsomme delene av landet (Østlandet) er med å jevne ut kostnaden for å bringe ut dette brevet for eksempel til din adresse. Dette er en samfunnsmessig solidarisk ordning. Vi mener det ikke vil være mulig å opprettholde denne ordningen hvis postdirektivet blir innført i Norge.

Postkom mener at følgene av å innføre postdirektivet i Norge vil bli dyrere og dårligere posttjenester i distriktene. Næringslivet i distriktene blir taperne. Et likeverdig tjenestetilbud trygger arbeidsplasser og bosetning i hele landet. Prisen for å åpne for fri konkurranse kan bli at vi overlater til skattebetalerne å betale for den ulønnsomme delen av postmarkedet. Prisen er anslått til 1,5 – 2 mrd i året. Da spørs det hvordan dere som politikere vil prioritere når valget står mellom helse, skole, vei eller post?

Postkom jobber for at Norge skal bruke sin rett til å reservere seg mot dette direktivet. Vi har støtte i SV og SP for dette synet og AP har også varslet at de ønsker å utsette innføringen av EU s postdirektiv og vil vurdere bruk av reservasjonsretten. Så nå har alle de rødgrønne partiene signalisert at de frykter for EUs postdirektiv, og vi har et enstemmig vedtak på LO-kongressen: ”Utsett implementeringen og utred konsekvensene av å bruke reservasjonsretten”. Det er første gang en LO-kongress vedtar å anbefale regjeringen å bruke reservasjonsretten.

Høyre har gitt et klart og utvedtydig svar til Lo at de ønsker å innføre det 3 . Postdirektiv så snart som mulig og senest i løpet av 2010. Det har heller ikke kommet som et stort sjokk at de borgelige partiene vil liberalisere Posten det kommende året

Postkom har allerede fått en juridisk vurdering av å benytte reservasjonsretten. Vurderingen er utført av advokatkontoret Arntzen de Besche og konkluderer med at Norge folkerettslig kan benytte reservasjonen og at den eneste konsekvensen for Norge er at vi blir suspendert fra EUs postpolitikk. Vurderingen konkluderer videre med at en slik politikk ikke vil få konsekvenser for Postens Norge virksomhet i Sverige eller Danmark.

Denne saken vil bli den viktigste for oss i valgkampen. Dersom de borgelige vinner valget, har Høyre, FRP og Venstre bekreftet at de vil innføre EUs postdirektiv i løpet av neste år. Og da er slaget for oss postansatte tapt

Da vil distriktene bli spesielt hardt rammet av konsekvensene ved innføring av Postdirektivet. De vil miste omdeling av post på lørdager og kanskje få post annen hver dag, og brevportoen vil bli vesentlig høyere enn i sentrale strøk. Ved å synliggjøre konsekvensene av dette direktivet håper vi å oppnå engasjement og forståelse for at det er viktig å opprettholde posttjenestene som en viktig del av infrastrukturen i Norge. God infrastruktur er god fordelingspolitikk. Det jamner ut forskjeller og gjør at vi både kan bo og drive næring i hele landet vårt. Dette krever politisk styring og kan ikke overlates til markedskreftene alene.

Ønsker dere alle et Godt valg. Bruk stemmeretten din

Anne H. Ellefsen
Kretsleder
Norsk Post og Kommunikasjonsforbund Agder krets

Vest-Agder treng eit likestillingsløft

Det er grunnleggande urettferdig at kvinnedominerte yrke systematisk tener mindre enn mannsdominerte yrke med tilsvarande kompetansekrav. SV vil arbeide for at arbeid av lik verdi skal lønast likt. Det er også heilt uakseptabelt at ufrivillig deltid er så utbreidd i kvinnedominerte yrker samtidig som det er praktisk talt ukjent i mannsdominerte yrker.

SV vil:

  • Foreslå en forpliktande likelønnsplan for å nå målet om likelønn.
  • Opprette ein likelønnspott.
    Kristin Halvorsen har i første omgang lova å få på plass ein likelønnspott på 3 milliardar kroner i tråd med forslaget frå likelønnskommisjonen. Dette er ei sak som må komme på plass i neste statsbudsjett om SV får tilstrekkeleg tyngde i ei ny raudgrøn regjering.
  • Lovfeste rett til heiltid.
  • Gi deltidstilsette rett til overtidsbetalt om dei jobbar ut over sin stillingsprosent.
  • Bruke kvotering som verkemiddel i yrk og utdanningar der et kjønn er kraftig underrepresentert. SV vil også arbeide for at det blir tilsett fleire kvinnelege leiarar.
  • Innføre sjølvstendig oppteningsrett for fedrar i forhold til fødselspermisjon, som betyr at menn får betre utteljing ved pappaperm, og at fleire menn dermed sannsynlegvis vil velje lengre pappaperm.

Framdrifta i desse sakene vil vere avhengig av kor sterkt SV blir i regjeringa.