Category Archives: Næring og miljø

Debatten om bussmetro

For nokre dagar sidan tok eg i Fædrelandsvennen til orde for ein brei politisk dugnad for å støtte opp om planane om bussmetro i Kristiansand. Mange støtta utspelet, men Gitmark (H) valde i staden å gå til angrep på SV og regjeringa.

Gitmark uttalte til avisa at regjeringa har kutta i belønningsmidlane til kollektivtransporten. Det stemmer ikkje. Tvert i mot har regjeringa på landsbasis dobla midlane til 333 millionar kroner som er nivået i 2010. I tillegg til dette har SV fått gjennomslag i Soria Moria II for ei ny dobling av tilskota til kollektivtrafikken innan 2013.

Kristiansand er så langt ein av vinnarane når det gjeld belønningsmidlar, og det er inngått avtale med regjeringa om støtte på 285 millionar kroner over fire år. Samferdselsdepartementet stadfester at den følgjer planen med 80 millionar i 2010. Grunnen til at Kristiansand kom så godt ut i belønningsordninga, er eit breitt politisk fleirtal bak kollektivsatsinga i Kristiansand og i Vest-Agder. Også høgreordføraren i Kristiansand har gått aktivt inn for denne satsinga. Derfor er det underleg at Gitmark er meir opptatt av å angripe SV og regjeringa på sviktande grunnlag, enn av å støtte opp om denne viktige satsinga.

Bakgrunnen for min kommentar til Fædrelansvennen er at vi må begynne å tenkje på kav som skal skje når avtalen mellom regjeringa og Kristiansand og Vest-Agder går ut i 2012. Sjølv om regjeringa aukar løyvingane nasjonalt, kan konkurransen om midlane bli hard. Skal vi nå fram, må regionen vise resultat av dagens satsing og stå samla bak ei ny prioritering. Dette trudde eg faktisk det var brei semje om, også i Gitmark sitt parti.

Det er ikkje første gangen Gitmark angrip utan å sjekke fakta. Du finn eit anna eksempel her.

Alf

Gjennomslag for Sørlandet og for miljøteknologi

To dagar før 1. mai fekk Sørlandet ei gledeleg melding. Maritim industri som det er mykje av på Sørlandet, fekk ei skikkeleg pakke for å møte dei problema som oppstår i kjølvatnet av finanskrisa.

Det er spesielt gledeleg at Sørlandet fekk eit av fem senter for innovasjon, ein såkalla inkubator. Men også dei andre elementa i pakka vil vere til stor nytte for industrien på Sørlandet. Det gjeld blant anna auken i rammene for  Garantiinstituttet for eksportkreditt.

Skal den maritime industrien utvikle seg vidare og sikre arbeidsplassane, er det viktig at den satsar på den nye veksande marknaden for miljøteknologi. Derfor har industripakka eit sterkt fokus på forsking, innovasjon og miljøteknologi.

Eg er opptatt av å endre det offentlege verkemiddelapparatet slik at det motiverer næringslivet til å satse sterkare på miljøteknologi. Blant anna har eg gått inn for at Garantiinstituttet for eksportkreditt også skal støtte miljøteknologi. For ei tid sidan presenterte eg denne ideen i Dagens Næringsliv. Dette er eit av fleire miljøtiltak som kom på plass i samband med industripakka.

Som sørlending i næringskomiteen er det gledeleg å konstatere at det blei gjennomslag både for å satse på Sørlandet og på miljøteknologi.

Alf

Best på miljø og arbeidsplassar

sv logoMiljøjournalen som blir gitt ut av Noregs Naturvernforbund, har gjennomgått miljøpolitikken til alle partia på Stortinget. Framstegspartiet og Høgre hamna som forventa på botnen med respektive 5,5 og 10 poeng av 25 oppnåelege. SV vart nummer 1.

I følgje Naturvernforbundet stiller Framstegspartiet seg tvilande til at vi har menneskeskapte klimaendringar, og partiet vil derfor ikkje redusere klimautsleppa. Partiprogrammet til FrP omtaler heller ikkje energiøkonomisering som er eit viktig tiltak for å sikre framtidige arbeidsplassar i tillegg til å vere det mest effektive klimatiltaket. Høgre skårar dårleg på miljøtesten i Miljøjournalen blant anna fordi partiet vil opne for oljeboring i dei sårbare og fiskerike havområda i nord.

SV kom best ut i miljøtesten med 20,5 poeng av 25 oppnåelege. Miljøjournalen legg blant anna vekt på at SV går mot oljeboring i havområda utanfor Lofoten og Vesterålen og vil ha varig verna petroleumsfrie område. SV vil satse sterkare på energiøkonomisering, passivhus og fornybar energi, og partiet vil ha ein kraftig auke i dei statlege overføringane til kollektivtransport.

Vest-Agder SV og underteikna har lenge hevda at ein god miljøpolitikk også kan vere ein framtidsretta næringspolitikk. Vi var lenge åleine om dette synspunktet. Men no er det stadig fleire i næringslivet som innser at energiøkonomisering og miljøteknologi er berebjelkar i ein framtidsretta industripolitikk. Klimasamfunnet skaper nye krevjande marknader som passar godt for eit høgkostland som Noreg, og investorar er ofte skeptiske til bedrifter som ikkje tar klima og miljø på alvor.

Stadig fleire bedrifter på Agder leverer no materiale og utstyr til produksjon av fornybar energi som vindmøller og solceller, og Elkem og Alcoa satsar på ny og mindre energikrevjande aluminiumsprosess. Også olje- og gassindustrien på Sørlandet har begynt å engasjere seg for å komme inn på marknaden for fornybar energi, og for å setje miljøstandardar for sin aktivitet.
Ein moderne industri er eit viktig element i eit samfunn som tar miljøet og klimatrusselen på alvor.

Som medlem av Teknologirådet var eg med i ei arbeidsgruppe med representantar frå næringslivet og miljørørsla, og der fekk eg gjennomslag for dette synet. I sluttrapporten frå arbeidsgruppa blir det peika på at staten må gå sterkare inn med midlar til forsking, pilotanlegg og omstilling. Det har den raudgrøne regjeringa tatt fatt i. I år er det oppretta åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi og ei rekke andre store prosjekt er sett i gang. UiA er med i eit av forskingssentra og har fått andre prosjektmidlar i tillegg.

ENOVA, som er eit statleg organ for støtte til ny teknologi, har fått ein kraftig auke i sine rammer blant anna i samband med krisepakka. Det er ein del av desse midlane som no går til pilotanlegg for ny aluminiumsprosess på Lista. Krisepakka inneheldt også andre viktige tiltak for næringslivet. Olje- og gassnæringa på Sørlandet med små og store underleverandørar unngjekk ei dramatisk krise då rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt blei auka. På grunn av at den raudgrøne regjeringa har ført ein nøktern økonomisk politikk, hadde vi økonomisk handlefridom til å setje i verk nødvendige tiltak.
Med over 30 års erfaring frå industri, forsking og miljøarbeid ser eg fram til å komme på Stortinget og arbeide vidare med ein industripolitikk for klimasamfunnet og legge grunnlaget for ein livskraftig industri på Agder.

Alf Holmelid
1. kandidat for Vest-Agder SV