Category Archives: Fagleg politikk

Sikrar uføretrygda

Blir vi for sjuke til å jobbe skal vi vere trygge på at vi har ei inntekt. Det er dette uføretrygda skal sikre. For SV er det viktig at vi har ei god og varig trygd og eit system som vi alle kan stole på. Samfunnet skal gjere det som er mogeleg for å bidra til at folk kan stå i jobb og komme i jobb. Men når det ikkje er mogeleg, må vi sikre inntekta til folk gjennom uføretrygd.

Uføretrygda er under hardt press. Høgresida og NHO snakkar om trygdefelle og ein velferdsstat som ikkje tåler presset av uføretrygda. Den realiteten som høgresida ikkje vil sjå, er at prosentdelen uføre ikkje aukar og at yrkesdeltakinga i Noreg er blant den høgste i verda.

Regjeringa har no lagt fram eit forslag til uføretrygd som sikrar alle uføre ei trygd som er minst like god som i dag. Barnetillegga består utan endringar, dei unge uføre opprettheld ordningar som sikrar kompensasjon for manglande opptening, og uføre blir skjerma for halve levealdersjusteringa. I tillegg kjem eit nytt system for å kunne kombinere arbeid og trygd slik at det blir mogeleg å jobbe meir i friske periodar. Det blir heller ikkje noko av tidlegare forslag om å gjere uføretrygda midlertidig.

SV har kjempa for å unngå kutt i uføretrygda og har fått gjennomslag.

Alf

Kampdag til inspirasjon

Første mai er ein dag for å feire. Vi skal feire dei resultata fagbevegelsen og arbeidarbevegelsen har oppnådd. Vi har all grunn til å vere stolte av det velferdssamfunnet vi har kjempa fram her i landet. Fagbevegelsen og arbeidarbevegelsen har alltid stått i første linje i kampen for arbeid, for solidaritet og for rettferdig fordeling. Resultatet er eit velferdsamfunn med moderate forskjellar, gode fellestenester og låg arbeidsløyse. Det norske modellen klarte også å motstå finanskrisa langt betre enn andre samfunnsmodellar.

Men 1. mai er også ein dag der vi skal hente nye krefter til nye kampar for solidaritet og rettferd. For ingen sigrar varer evig. Dei må vinnast på nytt og på nytt.

Vi kan ikkje tillate oss å kvile på laurbæra. Høgrekreftene er på offensiven med ein politikk som vil rive ned velferdsstaten. Høgre og Erna Solberg går på gummsolar og driv frekk dobbeltkommunikasjon. Dei snakkar fint om velferdsstaten samtidig som dei legg om kursen mot høgre for å gå i regjering med høgrepopulistane i Framstegspartiet. Er det nokon som hugsar planen om å privatisere den offentlege skolen. Erna snakkar aldri om det lenger, men den ligg nok klare om ho får makta.
Vi må avsløre dette dobbeltspelet.

Høgremann og NHO-direktør Bernander er frekk nok til å erklære krig mot velferdsstaten ved å kalle den for velferdsfella. Her går han til angrep på solidaritet og sosial tryggleik som er kjerneverdiane i fagbevegelsen. Men ikkje nok med det. Han går også til angrep på basisen til sine eigne medlemsbedrifter. Det er nettopp velferdsstaten som har skapt grunnlaget for det offensive og omstillingsvennlege næringslivet vi har her i landet.

Bernander burde takke den raudgrøne regjeringa for å redde norsk næringsliv gjennom finanskrisa. I staden går han til angrep på den norske modellen med velferd og fordelingspolitikk. Denne høgreretorikken må vi slå tilbake.

Les meir her

Alf

Miljø, samfunnsansvar og nye bedrifter

Sist fredag la regjeringa fram ei stortingsmelding om statleg eigarskap. Den nye eigarskapsmeldinga krev at selskap der staten er eigar skal vere leiande i sin bransje på lågutslepp og på klimareduserande teknologi. Det vil bli krevjande for styrerepresentantane å følgje opp dette. Men ei slik offensiv satsing er heilt nødvendig dersom selskapa skal overleve  og bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling. Eit styre og eit leiarskap som ikkje er i stand til å ta denne utfordringa, gjer ikkje jobben sin.

Den nye stortingsmeldinga har også fokus på det samfunnsansvaret internasjonale selskap står overfor. Det blir stilt store forventningar til selskap der staten er eigar når det gjeld arbeidstakarrettar og menneskerettar. Dei skal legge FNs Global Compact og ILOs kjernekonvensjonar til grunn for arbeidet. Det blir også forventa at selskapa skal vere førande når det gjeld openheit om pengestraumar og skatt, noko som er viktig for at utviklingsland skal få sin rettmessige del av naturressursar og verdiskaping.

Den førre eigarskapsmeldinga la opp til moderate leiarlønningar ved å fjerne opsjonar og setje tak på andre ytingar. Men riksrevisjonen har dokumentert at styra ikkje har følgt opp dette.  Denne meldinga set tak på sluttpakkar og pensjonsordningar. Men først og fremst legg dei eit større ansvar på styrerepresentantane for å følgje opp utviklinga i leiarlønningar.

Med den nye stortingsmeldinga legg opp til eit meir aktivt statleg eigarskap. Den førre eigarskapsmeldinga hadde også mange føringar for bedrifter der staten er eigar, men dei blei ikkje alltid tatt like alvorleg av styra. Den nye meldinga legg eit tydelegare ansvar på styrerepresentantane. Men det viktigaste er kanskje at selskapa no blir pålagt å rapportere på viktige indikatorar når det gjeld miljø og samfunnsansvar. Kombinert med næringsministeren sin uttalte vilje til å skifte ut styrerepresentantar som ikkje følgjer opp forventningane frå eigaren, kan dette gi oss det aktive eigarskapet som fagrørsla og SV har etterlyst.

Eit aktivt og framtidsretta eigarskap, kan ikkje berre fokusere på etablerte bransjar og etablerte bedrifter. Mangel på risikovillig kapital hemmar utviklinga av eit framtidsretta næringsliv i Noreg. SV kravde på sitt landsmøte eit heilskapleg verkemiddelapparat frå inkubator, via såkornkapital til venturekapital og langsiktig eigarskap. Den nye stortingsmeldinga om statleg eigarskap følgjer opp dette ved å satse på såkornkapital, styrking av investeringsselskapet Investinor og statleg direkte eigarskap.

Men denne meldinga har regjeringa lagt grunnlaget for eit meir aktivt og framtidsretta statleg eigarskap. Men det må følgjast opp gjennom aktiv styredialog og val av styrerepresentantar som er opptatt av å realisere intensjonane til eigaren.

Les meir her.

Alf

LO applauderer SV si satsing

I talen til SV-landsmøtet la Kristin Halvorsen vekt på behovet for ein framtidsretta næringspolitikk som sikrar arbeid og verdiskaping når oljeaktiviteten blir redusert om nokre tiår. Dette blei positivt mottatt av landsmøtedelegatane. Det blei også applaudert av LO i deira helsingstale til landsmøtet.

Ein framtidsretta næringspolitikk må omfatte:

  • Kompetanse på alle nivå i organisasjonen
  • Eit utvida innovasjonsomgrep
  • Kapital og eigarskap
  • Brei satsing på miljøteknologi og grøn industri
  • Velferdsspringbrettet (i motsetning til Bernander si velferdsfelle)

Alf

Første mai

Min 1. mai-tale i Lyngdal

Gratulere med dagen!

I dag er det 120 år sidan den første 1. mai-feiringa i Norge. I alle desse åra har arbeidarbevegelsen brukt dagen til å kjempe for rettferd og solidaritet, både nasjonalt og internasjonalt. Denne dagen har arbeidsfolk reist krav og kjempa for saker som har revolusjonert samfunnet vårt. Vi har kjempa fram faglege rettar og eit velferdssamfunn som vi kan vere stolte av.

————————————————–

Første mai er ein kampdag for internasjonal solidaritet mot undertrykking, utbytting og imperialisme. Det utanrikspolitiske verdsbildet er i endring. Men dei grunnleggande forholda er uendra. Dei rike, vestlege landa har mindre enn 20% av befolkninga i verda. Men dei legg beslag på meir enn 80% av ressursforbruket, og dei står for 70% av militærutgiftene. Grov økonomisk urettferd og overlegen militærmakt er eit dårleg utgangspunkt for fredeleg sameksistens. Det einaste som kan sikre fred, er rettferdig fordeling av ressursar og makt.

Norsk folkehjelp har skapt ein fin første-mai-tradisjon. Kvart år samlar dei inn pengar til eit prosjekt for internasjonal solidaritet. I år går pengane til Ecuador, Kambodsja og Sudan. Dei skal gå til organisasjonar som arbeider for rettferdig fordeling og folkestyre.  Desse landa lid under fattigdom, undertrykking og vanstyre. Dei undertrykte i desse landa treng vår støtte, og aksjonen til Norsk Folkehjelp er ein anledning til vise vår solidaritet.

I fjor samla Norsk Folkehjelp inn midlar til å bygge opp att Gaza etter den brutale angrepet frå okkupasjonsmakta Israel. Men Israel legg store vanskar i vegen for oppbyggingsarbeidet, og lidingane held fram. Gjennom mange år har Israel okkupert land og fråtatt palestinarane retten til å leve et verdig liv. Dette må det bli ein slutt på. Palestinarane må få sitt eige land med grenser frå før krigen i 1967. Vi får ikkje fred før vi får slutt på ulovleg okkupasjon og undertrykking.

Det er også på tide å få slutt på vår deltaking i krigen i Afghanistan. Dette er ein krig der dei sivile tapa aukar frå år til år, og det vestlege militærapparatet blir stadig meir upopulært blant folk flest. Krigen har heller ikkje redusert faren for internasjonal terrorisme slik tilhengarane hevda.

Konflikten i Afghanistan har inga militær løysing. Den må løysast med politiske og humanitære tiltak. Når overmakta fører krig som rammar sivile, skaper det bitterheit – ikkje varig fred. SV har argumentert for at vi skal starte samtalar som kan skape den politiske løysinga som alle etterlyser. Då vi tok opp denne problemstillinga for eit år sidan, blei vi møtt med sterk kritikk. Men etter at Obama presenterte dei same tankane, har kritikken stilna.

———————————————————————————

Det er ikkje berre krig og konflikt som gjer framtida utrygg.

Dei rike landa driv rovdrift på det globale ressursgrunnlaget. Vi har skapt ei klimakrise som truar livsgrunnlaget for heile kloden, og som vil ramme dei fattige hardt. Eit krafttak må til for å snu denne utviklinga i tide. Jo lenger vi ventar, jo meir dramatiske tiltak må til for å redde kloden. Dei rike landa kan ikkje lenger drive rovdrift på resten av kloden. Vi må ta hovudansvaret for å snu utviklinga.  Det er usolidarisk å basere vår velstand på ein oljepolitikk som akselererar klimaproblema. Klimaet tåler ikkje at vi pumpar opp all olje som finst. Då er det heilt unødvendig og heilt uforsvarleg å starte oljeutvinning i dei sårbare områda og dei viktige fiskefelta i Lofoten og Vesterålen. Katastrofen i Mesikogulfen viser oss kva vi har i vente om vi gamblar med miljøet og dei fornybare ressursane.

———————————————————–

Enkelte hevdar at vi ikkje treng første mai lenger. Det er ikkje meir å kjempe for, blir det hevda.  Min påstand er tvert i mot at første mai er viktigare enn på lenge. Vi har kjempa fram ein velferdsstat som vi kan vere stolte av. No må vi på nytt på barrikadane for å hindre at høgrekreftene med Fremskrittspartiet i spissen riv ned det vi har bygd opp.

Høgresida kjem stadig med nye utfall mot velferdsstaten og dei faglege rettane.  Dei vil ha privatisering og marknadsliberalisme. Fremskrittspartiet med Høgre på slep vil gjere velferd til handelsvare og skape eit samfunn for dei med tjukke lommebøker.

Men stadig fleire innser no at privatisering og New Public Management fører til suboptimalisering og byråkrati. Privatiseringsbølgja blei snudd då den raudgrøne regjeringa kom til makta.

Det første den gjorde, var å stoppe Clemet si storstilte privatiseringa av den offentlege skolen. Fellesskolen er eit av dei stoltaste element i vår velferdsmodell, og den er verdt ein kamp.  No står kampen om å skaffe nok ressursar til å sikre kvaliteten i skolen. Vi må kjempe for ein skole der alle elevar får anledning til å lære og å utvikle seg, uavhengig av bakgrunn og interesser. Men først og fremst må vi satse på læraren og styrke bemanninga i skolen.

————————————————

Høgre og Fremskrittspartiet er ein del av ein internasjonal marknadsliberalistisk bevegelse som hadde sterk medvind for ein del år sidan. Resultatet blei finanskrisa. Marknadsliberalismen skapte rikingar og ei finanskrise som kasta tusen på tusen ut i fattigdom.  Den tidlegare sentralbanksjefen i USA, Alan Greenspan, sette bjølla på katten.  Han la skulda for finanskrisa på eit marknadsliberalistisk system som baserer seg på reinspikka egoisme.

Norge har takla krisa betre enn noko anna land. Det kan vi og den raudgrøne regjeringa vere stolte over. Vi satsa på velprøvd motkonjunkturpolitikk og har så langt klart oss med moderat arbeidsløyse. Den borgarlege regjeringa i Sverige valde å satse på tradisjonell høgrepolitikk og skattelette. Resultatet blei større arbeidsløyse, og arbeidsløysa blant ungdom i Sverige nærmar seg no 30%.

Høgresida sin ideologi skapte finanskrisa, og venstresida sin ideologi redda oss ut av den. Like vel ser det ut som om høgresida har framgang i opinionen.  Det kan vi ikkje stå roleg å sjå på. Vi må opp på barrikadane og kjempe for det vi trur på. Vår politikk er ikkje berre meir solidarisk. Den skaper også stabil vekst og grunnlag for ein trygg velferdsstat. Det har finanskrisa vist.

———————————————————————————–

På eit område har vi framleis store utfordringar, og der er likeløn. Kvinner tener berre 85% av det mennene får. I tillegg må mange kvinner nøye seg med ufrivillig deltid. Spørsmålet om likeløn er ein del av lønsoppgjeret. Men regjeringa må også ta ansvar gjennom trepartssamarbeidet og ved innføring av lover og reglar. Norge treng ein brei politikk som bidrar til eit likestilt og familievennleg arbeidsliv. Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken har alt annonsert at dette arbeidet er i gang.

Vest-Agder ligg på botnen av alle likestillingsstatistikkar. Det er ein situasjon vi ikkje kan leve med. Vi har snakka lenge nok. No er det på tide å handle. Alle ordførarar, alle politiske parti og alle fagforeiningar på Agder må no gi likestillingsarbeidet førsteprioritet.

—————————————————–

Som mange veit, så har eg bakgrunn frå industrien. Norsk industri ligg i verdstoppen når det gjeld kompetanse og teknologi. Ingen andre plasser finn vi så brei kompetanse på alle nivå i organisasjonen, frå operatør til direktør. Norsk industri blei stilt overfor strenge miljøkrav i 70- og 80-åra. Industrien tok utfordinga og utvikla ny teknologi som takla miljøkrava og som gav industrien ein internasjonalt leiande posisjon.

No står vi overfor nye utfordringa knytt til den internasjonale klimakrisa. Med den miljøstandarden og den energieffektiviteten som norsk industri har, står den godt rust til å møte dei nye utfordringane. Og klimakrisa skaper også nye muligheiter. Industrien er eit viktige element i løysinga på klimakrisa. Og klimasamfunnet skaper nye marknader.  Mange bedrifter på Sørlandet har alt posisjonert seg i denne marknaden som er i kraftig vekst. Torsdag denne veka la regjeringa fram ein industripakke for å vidareutvikle denne industrien. Og eg hadde gleda av å vere med på å få den fram.

—————————————————————————————-

Første mai er solidaritetens dag. Solidaritet md dei som fell utanfor i vårt eige land – solidaritet med dei som lever med undertrykking, fattigdom og krig  kring om på kloden – og solidaritet med framtidige generasjonar som må lide om vi ikkje løyser klimaproblema.

Ha ein fortsett god første mai.