Category Archives: Internasjonale spørsmål

Vikarbyrådirektivet – ein trussel mot norsk arbeidsliv

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

EU har komme med eit nytt direktiv, vikarbyrådirektivet, som trugar sentrale verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv. Vikarbyrådirektivet bryt radikalt med dette prinsippet og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale.

Direktivet har to formål. På den eine sida skal det, slik Kari Henriksen skreiv her i avisa i romjula, skape meir ryddige forhold for i vikarbransjen, og det trengst! Fagorganiserte har lenge kravd ordna forhold for vikarar, med same lønns- og arbeidsforhold som fast tilsette. Fagrørsla krev også at tillitsvalde skal ha innsynsrett, at innleigebedriftene skal stå solidarisk ansvarleg for lønna til vikarane, og at dei tillitsvalde skal få rett til å gripe inn mot ulovleg vikarbruk. Men det er absolutt ingen ting som hindrar regjering og storting i å orden opp i dette utan noko EU-direktiv.

Det andre formålet med vikarbyrådirektivet er å legge til rette for meir bruk av vikarbyrå og vikarar. Fast tilsetjing i ei bedrift skal ikkje lenger vere det normale. No skal det bli like normalt med innleigd arbeidskraft der personalansvaret kan vere plassert ein heilt annan stad. Dette er ei skremmande utvikling som vi har sett konturane av lenge. De Facto har presentert tal som viser at dei seks største bemanningsselskapa har dobbelt så mange bygningsarbeidarar i Oslo som dei seks største entreprenørselskapa.

Utstrakt bruk av innleigd arbeidskraft fører til svakare tilknyting til arbeidsplassen, færre fagorganiserte og mindre tryggleik for arbeid og inntekt. Utan fast inntekt er det vanskeleg å få lån og skaffe seg bustad. Mange fryktar også at den utstrakte vikarbruken vil gå ut over fagutdanning og rekruttering fordi vi ikkje lenger har stabile arbeidsmiljø som kan ta i mot lærlingar og vidareutvikle faget.

Det alvorlegaste med vikarbyrådirektivet er at makta over lov og avtaleverk blir flytta frå norske styresmakter til EU – til ESA og EFTA-domstolen. Det bekymrar tydeleg vis ikkje tilhengarane av direktivet. Men NHO har skjønt dette og har erklært at dei med vikarbyrådirektivet i handa vil få EFTA-domstolen til å fjerne dei formuleringane i arbeidsmiljølova som hindrar uhemma vikarbruk. Dei vil ha eit lausarbeidarsamfunn. Det er ikkje utan grunn at det er fleire og fleire fagforbund som tar klart standpunkt mot direktivet og vil markere det med politisk streik 18. januar.

Alf Egil Holmelid, stortingsrepresentant for SV

Paul Magnus Gamlemshaug, tillitsvald i Posten og medlem Fagleg utval i SV

Bruk av væpna vakter

I går la regjeringa fram reglar for bruk av private væpna vakter på skip. Som det går fram av intervjuet med næringsminister Trond Giske (Dagsavisen 29. juni) så har det vore diskusjonar i regjeringa om dette spørsmålet. SV ser det ikkje som ønskjeleg å bruke private væpna vakter ombord på norske skip. Derfor er vi glad for at vi fikk gjennomslag for at det i første omgang berre skal være ein prøveperiode på eitt år.

SV har hatt innvendingar mot bruk av private vaktselskap og er redd væpna vakter kan fungere mot sin hensikt. Den skepsisen har vi framleis. No har næringa eit stort ansvar for å bruke ordninga med  atterhald og fornuft. Våpen skal berre brukast når andre førebyggande tiltak er sett i verk utan å skape tilfredsstillande tryggleik.

Dei tilsette sine organisasjonar er skeptiske. Sjømannsorganisasjonenes fellessekretariat skriv i si høyringsfråsegn: ”… er fortsatt prinsipielt i mot privat bevæpning av sivile skip. I mangel av tilstrekkelig militært nærvær har imidlertid forbundene forståelse for at mange rederier og sjøfolk betrakter væpnet vakthold som ett av flere virkemidler for å øke sikkerheten om bord

alf

Forhandlingar med Taliban

I dag har Fædrelandsvennen ein reflektert leiar om Afghanistan. Avisa ser positivt på meldingane om at USA har starta forhandlingar med Taliban. Sjølv om det er mange dilemma og mange skjæri i sjøen uttrykkjer leiarskribenten håp om at det kan føre til ei positiv utvikling for dette hardt prøvde landet.

SV sa det same for over to år sidan, og det var ikkje måte på kva vi blei skulda for i den samanheng. Partiet fekk også mykje tyn for dette standpunktet i valkampen for to år sidan. Men etter kvart våga også andre å snakke om at forhandlingar må til, og no er det aktuell politikk i NATO.

Det kan vere grunn til å ha denne utviklinga i minnet neste gang nokon
skuldar SV for uansvarleg og blåøygd utanrikspolitikk.

Alf

Fullt gjennomslag

Søndag skreiv eg ein bloggpost der eg argumenterte for at det er uakseptabelt å gi skattefritak for gåver som går til folkerettsstridige formål. Bakgrunnen var den veldokumenterte artikkelen om Karmel-instituttet som brukar skattefrie gåver til ulovlege busetnader på Vestbredda.

I dag kom informasjonen om at regjeringa no vil oppheve skattefritaket for gåver til folkerettsstridige formål. Dette er ei sak som SV og regjeringa har vore opptatt av tidlegare. No har det blitt fullt gjennomslag for dette standpunktet. Det nyttar å engasjere seg, og god journalistikk bidrar til gode resultat.

Alf

Uakseptabelt med skattefritak for folkerettsstridig engasjement

Tarjei Leer-Salvesen og Kjartan Bjelland har produsert eit meisterverk av ein dokumentarartikkel i dagens Fædrelandsvennen.
Utan bruk av store ord får vi innsikt i eit miljø der sørlendingar tolkar bibelen bokstavleg og endar opp med å støtte folkerettsstridige israelske busetnader på Vestbredda. Skattefrie gåver til Karmel-instituttet blir i følgje artikkelen brukt til å bryte folkeretten og hindre fredsarbeidet i ei av verdas vanskelegaste konfliktar.

Samtidig blir vi presentert for ein annan sørlending som set denne aktiviteten inn i sitt rette perspektiv. Ministerråd Tor Wennesland seier det som mange veit, nemleg at dei stadig aukande ulovlege busetnadene er det viktigaste hinderet for å få til ei fredsavtale mellom Israel og palestinarane.

Gjennom skattefritak for gåver til Karmel-instituttet går norske skattepengar til den folkerettsstridige busettingspolitikken som øydelegg alle freistnader på å oppnå ein rettferdig fred. Dette kan vi ikkje akseptere. Eg vil på måndag ta initiativ for å få oversikt over situsjonen og vurdere korleis vi kan stoppe dette statlege bidraget til ei krigersk utvikling i ei betent konflikt.

Alf

FrP-forakt for menneskerettane

Eg plar kose meg med Søndagsavisa i NRK P2 når høvet byr seg. Det er eit program som gir rom for refleksjon og nyansar. Men i dag hoppa eg i stolen.

Per-Willy Amundsen som er innvandringspolitisk talsmann i FrP, gjekk til frontalangrep på menneskerettane og menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Du kan høyre dei skremmande synspunkta her.

FrP-talsmannen såg ingen grunn til å ta omsyn til menneskerettane dersom dei kom i konflikt med partiet sitt ønske om å hindre asylsøkjarar og innvandrar å komme til Noreg. Han harselerte med juristar og avviste menneskerettsdomstolen som irrelevant.

FrP er det klart største partiet på Sørlandet. Er det slik vi vil at menneskerettane skal omtalast og praktiserast?

Alf