Skalldyrfestival og regjeringskaos

P1010199

Debattpanel på Skalldyrfestivalen i Mandal

Den politiske debatten på Skaldyrfestivalen mangla trøkk.  Men tidlegare redaktør Finn Holmar Hoven som leia debatten, fekk fram ein del interessante poeng. Då han trakk opp til debatt om strandsona, konstatere han at det vel var SV som hadde størst innverknad i regjeringa på dette området. Eg såg ingen grunn til å protestere på det, men konstaterte at det var eit av mange område der SV har flytta regjeringa sin politikk i retning meir miljø, meir fellesskap og mindre privatisering.

Holmer Hoven siterte også utsegn frå Åse Michaelsen (FrP) der ho hevda at naturen langs kysten er lite verdt når den ikkje er  nedbygd av hus, og han stilte Peter Gitmark (H) spørsmål om han var nøgd med det kaoset og den vilkårlege praksisen vi har hatt hittil.  Med unntak av  Michaelsen  og Gitmark var debattdeltakarane positive til eit strengare plankrav i strandsona, og Gitmark ville rive ulovleg oppførte hytter.

Finn Holmer Hoven stilte også ein del spørsmål om  innvandring og samferdsel utan at det kom fram noko nytt.

Men til slutt utfordra Holmer Hoven dei borgarlege partia til å avklare kva regjering vi vil få om det blir borgarleg fleirtal på Stortinget. Det var tydeleg at Venstre og KrF ikkje ville vedgå at ei stemme til desse partia kan bli ei stemme til ei regjering leia av Siv Jensen. Høgre derimot ville gjerne bli med på ei regjeringsferd med Siv ved roret.

Les Gjesteskribent om sommar for folk flest og
Strandsonekaos og forskjellsbehandling med FrP

Les også valgforskarar som uttaler seg til NRK.

Alf

Kortreist søppel og trege politikarar

P1010198

I går var SV på bedriftsbesøk til Returkraft sitt nye anlegg på Langemyr like nord for Kristiansand sentrum. Der fekk vi ein spennande presentasjon av administrerande direktør Odd Terje Døvik, prosjektleiar Knut Skjæveland og fleire andre.

Restavfall frå huslydar og industri skal forbrennast og produsere elektrisitet og varmt vatn. Forbrenning av restavfall, 120.000 tonn per år, kan produsere 90-95 GWh/år elektrisitet samtidig som det kan gi 250 GWh/år pr. år med fjernvarme til oppvarming av boligar og andre bygningar i Kristiansand.

Utan eit slikt anlegg må søppelet sendast med lastebil til Sverige, noko som vil utgjere ein stor belastning på vegnettet og auke faren for trafikkskadar. Skal vi få full nytte av anlegget, er det viktig å kunne levere varmtvatnet til boligområde og forretningsbygg i Kristiansand. Men politikarane og utbyggarane somlar med utbygging av fjernvarme, så dei første åra blir det mykje fyring for kråkene på Langemyr.

Fornybar energi skaper arbeidsplassar

Vest-Agder SV var i dag på bedriftsbesøk hos Agder Energi. Det var spennande å høyre om den friske satsinga på vindmøller i energiselskapet. Konsernsjef  Tom  Nysted var spesielt opptatt av stabile rammevilkår for produksjon av fornybar energi i form av grøne sertifikat eller såkalla feed-in-ordningar. Han var også opptatt av overføringskapasiteten til resten av Europa.

Nysted meiner Noreg har eit stort potensiale for å skape arbeidsplassar innan miljøvennleg energi. Som eksempel nemnde han at det er 28.000 arbeidsplassar i vindmølleindustrien i Danmark. Nysted peika på det som SV lenge har hevda, nemleg at det på Agder ligg spesielt godt til rette for å skape arbeidsplassar innan miljøvennleg energi.

Det nyttar å engasjere seg – vi får slepebåt

Vest-Agder SV har engasjert seg i arbeidet for å styrke beredskapen langs Sørlandskysten. Vi har fått brei støtte for dette kravet. Ei Facebook-gruppe har snart 400 medlemmar, og Fædrelandsvennen har støtta krevet på leiarplass.

No melder media at første krav er innfritt. Regjeringa lovar i dag slepebåtberedskap til Sørlandskysten. 

Men dette er berre første fase. Vi må også få på plass utstyr og bemanning som sikrar kort responstid når ulukka er ute. Dessutan bør vi analysere båttrafikken i Skagerak og vurdere om det bør innførast andre reglar.

Og denne ulukka bør minne oss på at oljeboring i Skagerak er fullstendig uaktuelt.

Vi spelar hasard med Sørlandskysten

Frå Udvår

Frå Udvår

Strandsona er ein fantastisk ressurs som tar vare på biologisk mangfald og rommar hekkeområde og fiskeplassar. Kysten er eit ulikt område for rekreasjon, og med fornuftig bruk gir den grunnlag for fiske, turisme og anna næringsverksemd. Det er underleg at vi ikkje investerer meir for å ta vare på denne uerstattelege ressursen. 

Grunnstøytinga med lasteskipet Full City ved Såstein i Telemark har dokumentert at oljevernberedskapen er altfor dårleg på Sørlandet. Vi har så langt klart å forhindra oljeboring utanfor Sørlandskysten,  men kyststripa har ein omfattande skipstrafikk like utanfor fjæresteinane. Behovet for rask og effektiv beredskap er derfor stort. Forliset i Telemark har vist oss at vi i dag spelar hasard med den verdifulle kysten vår.

Fagfolk har lenge peika på at Sørlandet må få på plass ein effektiv slepebåtberedskap. Mangelen på slik beredskap er ikkje berre ein trussel mot miljøet. Den kan også setje liv å helse i fare. Så seint som i mai i år uttrykte miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i Vest-Agder sterk uro over manglande slepebåtberedskap. Den må no på plass. Vi kan ikkje legge fram fleire statsbudsjett utan midlar til slepebåtberedskap på Sørlandet.

Meld deg på Facebookgruppa Betre oljeberedskap langs Sørlandskysten NÅ.

Skeive Sørlandsdagar og Alf-skjorte

IMG_0155

SU lanserer Alf-skjorta

Eg fekk diverre ikkje høve til å delta på SV-standen på Skeive Sørlandsdagar. Då var eg på ein kort ferietur til Berlin med tog. Men SU representerte partiet på ein framifrå måte har eg høyrt. Og på ein måte var eg jo til stades like vel, for SU lanserte Alf-skjorta.

Gjesteskribent om sommer for folk flest

P1010098

Kveldsstemning frå Udvår

I dag har eg invitert Marie-Thérés H. Kolnes som gjesteskribent til bloggen min.

Sitter her på berget og ser ut over havet, en sommerdag i ferien min……..
Dro utover skjærgården i Farsund med båten i går kveld og la til ved ei lita offentlig brygge. Våknet til sol, bølgeskvulp og måkeskrik i dag. Sitter nå med dagens første kaffekopp på berget ved brygga og virkelig nyter livet, ferie, sommer og familie, mens jeg nynner på Postgirobyggets evige sommerslager. Ser innover mot fastlandet og den spredte bebyggelsen og tenker:

Du så deilig skjærgården er. Så heldig jeg er som kan nyte alt dette uten å ha millioner å kjøpe hytte for. Jeg, som folk flest, har ikke råd til hytte i skjærgården, men heldigvis finnes det også plasser for meg. Heldigvis har vi et lovverk som sørger for at folk flest skal få oppleve friluftsliv også i de områdene som er mest ettertraktet, og heldigvis har vi en fylkesmann som sørger for at lokalpolitikerne forholder seg til lovverket. Peter Gitmark i Høyre ønsker å redusere fylkesmannens mulighet til å komme med innsigelse i kommunale saker. Bra for lokaldemokratiet? Muligens, men som eneste SVer i teknisk hovedutvalg, der mye blir vedtatt mot 1 SV stemme, er jeg glad fylkesmannen passer på. Nå er heldigvis bygging i 100- meters beltet innskjerpet ytterligere i ny plan- og bygningslov, men hva skjer dersom Høyre og Frp kommer til makta. Vil det fremdeles være plass til meg og snekka mi i Farsunds fantastiske skjærgård? Jeg må si jeg har mine tvil når jeg tenker på hvordan disse partiene stemmer lokalt. Filosofien: La alle få bygge der de vil bare de har råd, synes å være rådende. Høres sikkert fint ut……. for de som har råd, men hva med oss andre, vi som er folk flest og ikke har råd, hva blir igjen til oss og til kommende generasjoner? Tenker med skrekk på hvor ned bygd skjærgården rekker å bli med et mindre restriktivt lovverk i 4 år. Irreversible inngrep som fratar folk flest i dag og i kommende generasjoner den muligheten for rekreasjon og opplevelse som ligger i urørt natur.

La oss sørge for at det ikke skjer. La oss få Alf Holmelid som er like glad i skjærgården som jeg er inn på tinget, og la oss unngå et borgerlig flertall som bare vil ødelegge for folk flest.

I mellomtiden nyter jeg ferien og nynner videre på Postgirobygget……

Marie-Thérés H. Kolnes
Farsund SV

Kva meiner Åse Michalsen og Peter Gitmark om velferdskutt og «Ine Marie-medalje»

Unge Høgre og FPU har lansert ei liste over kva ei H/FrP-regjering bør prioritere. Den inneheld ei rekke angrep på dagens velferdsordningar. Unge Høgre og FPU vil kutte i sjukelønsordninga og arbeidsløysetrygda. Dei vil også gjere det vanskelegare å få uføretrygd. Ungdomsorganisasjonane til høgrepartia vil redusere trygdeytingane med ein tredel i løpet av stortingsperioden. Dei vil også auke eigenandelane på offentlege ytingar. Det er tydeleg at svake grupper skal betale for milliardar i skattelette til dei rikaste her i landet.

Samtidig har Ine Marie Eriksen Søreide lansert ideen om å dele ut medaljar til dei flinkaste i første klasse i grunnskolen.

Lurer på kva Åse Michalsen og Peter Gitmark som planlegg felles regjering etter valet, meiner om desse utspela. Lurer også på kva Dagrunn Eriksen og Anne Margrethe Larsen meiner. Blir det borgarleg fleirtal ved valet, er dei jo med på å legge grunnlaget for ei H/FrP-regjering.

Vi treng bøndene og meierisamvirket

Bedriftsbesøk hos TINE

Bedriftsbesøk hos TINE

For ei tid sidan var SV på bedriftsbesøk hos TINE Meiriet Sør i Kristiansand. Dei tillitsvalde og melkeleverandørane var representert i tillegg til bedriftsleiinga. For ein bondegut frå ein liten gar på Vestlandet var dette eit veldig spennande bedriftsbesøk.

Jordbruket og foredlingsbedriftene er under sterkt press frå mange hald. Det blir stadig færre bønder i Agder, og kulturlandskapet gror til med skog. Når jordbruket blir svekka, blir det vanskeleg å oppretthalde eit brukbart servicetilbod i distrikta, og vi kjem inn i ein negativ spiral. Etter kvart blir matvaretryggleiken og sjølvforsyningsgraden svekka. Derfor er det viktig å sikre bøndene eit akseptabelt inntektsnivå.

God kvalitet på vidareforedling av landbruksprodukt er viktig for å sikre bøndene inntekt og forbrukarane matvarekvalitet. Dei store butikk-kjedene er ei utfordring for samvirkebedrifta TINE. Kjedene ønskjer å utvikle sine eigne merkevarer og ha full kontroll over heile verdikjeda. Dermed kan vareutvalet til forbrukarane bli reusert, og prispresset mot leverandørane blir sterkt.

Posten skal gå med posten, ikkje med overskot

postenEUs postdirektiv er eit klassisk eksempel på angrep på gode solidariske ordningar. I dag betaler alle likt, og overføringar sikrar likt tilbod til alle. Med postdirektivet må vi eventuelt dekkje kostnadene for brukbare tilbod i distrikta over skattesetelen. Men dei partia som vil ha postdirektivet, er også for skattelette. Så det er grunn til å spørre kor lenge ei eventuell ordning betalt av skattebetalarane vil vare.

Kva tykkjer du?