Tag Archives: arbeidsplassar

Gigantsatsing på fornybar energi og miljøteknologi

Sist fredag var ein stor merkedag for oss som har kjempa for ei offensiv satsing på miljøvennleg energi og miljøteknologi. Statkraft fekk tilført 14 milliardar kroner i ny eigenkapital. Det set statsbedrifta i  stand til å investere 82 milliardar kroner over ein femårsperiode. Samtidig har Statkraft justert sin strategi slik at alle midlane skal gå til fornybar og ny fornybar energi.

SV har lenge arbeidd for å legge til rette for eit næringsliv som kan overleve etter oljealderen. Vi har i dag ein verdsleiande offshoreindustri med leveransar til olje- og gassektoren. Den blei bygd opp under vengene av eit sterkt statleg eigarskap i oljeaktiviteten i Nordsjøen. Men dei fleste meiner at vi vil sjå toppen av oljeaktiviteten om få år. No er det på tide å legge til rette for leveransar til fornybar energi som har ein veksande marknad. Statkraft kan eit stykke på veg spele den same rolla for fornybarteknologi som Statoil spela for petroleumsteknologi då oljeeventyret starta.

Gjennom eit aktivt statleg eigarskap har vi fått ei gigantisk satsing på fornybar energi og miljøteknologi. Denne satsinga har eit omfang som det ville ha vore vanskeleg å få til på andre måtar. Vi får ei storsatsing på miljøvennleg energi og miljøteknologi, samtidig som vi legg til rette for auka inntekter til fellesskapet. Det statlege eigarskapet har på nytt vist sin styrke når vi står overfor store utfordringar.

Denne satsinga vil skape arbeidsplassar i leverandørindustrien og energisektoren. No er det på tide å få ein brei diskusjon om korleis vi skal bruke den fornybare energien. Skal vi elektrifisere sokkelen, skal vi satse offensivt på elektriske bilar, skal vi bruke den til kraftkrevjande industri, eller skal vi eksportere den. Her er det mange ulike omsyn å ta, ikkje minst klimaeffekten av dei ulike alternativa. Derfor treng vi no ein brei offentleg gjennomgang av energipolitikken her i landet.

Alf

Høgrepartia kuttar i næringsstøtte og raserer landbruket

Denne veka har Høgre og FrP lagt fram sine alternative statsbudsjett. Det er spanande lesing dersom ein tar seg tid til å sjekka kvar dei kuttar for å få råd til skattelette for rikingane. Her skal eg nøte meg med å sjå på nokre næringspolitiske konsekvensar for mitt fylke, Vest-Agder.

Men først ei liten kommentar til Skumsvoll frå Vest-Agder FrP. Han har i fleire innlegg i Fædrelandsvennen kritisert regjeringa for å satse for lite på havvindmøller. Då skulle ein tru at det kom ei storsatsing på dette området i det alternative budsjettet til FrP,  men det inneheld ikkje eitt ord om havvindmøller! Som vanleg er det langt mellom etorikk og ealiteta hos FrP.

Det som er langt verre, er at FrP vil kutte 6,4 milliardar i overføringane til den framforhandla landbruksavtalen. For Vest-Agder som har mange små og til dels brattlendte bruk, vil dette bety ei total rasering av landbruket. Det vil i sin tur føre til fattigdom og avfolking av mange bygder. Høgre nøyer seg med å kutte i underkant av to milliardar, men det vil også vere dramatisk for Vest-Agder. Eit regjeringsskifte vil ikkje bli lysteleg for bønene og bygdesamfunna i fylket vårt.

Høgre kuttar desto meir i midlar til næringsutvikling. Partiet kuttar 1,5 milliardar i løyvingane til regional utvikling. For Vest-Agder utgjer det 36,5 millionar kroner som blir brukt til å stimulere næringsutvikling og næringsnettverk i fylket.

Men et mest påfallande er at Høgre vil kutte i den budsjettposten som støttar Norwegian Centre of Expertice, NCE, og ARENA-prosjekt. I Agder betyr det kutt i løyvingane til NODE-nettverket og Eyde-nettverket. Dette er to bedriftsnettverk som er kopla til UiA, og som har hatt stor suksess.

Høgre foreslår ein del skattelette og andre tiltak for næringslivet, men dei kuttar i dei budsjettpostane som skal vere med å utvikle regionale nettverk og satsingar.

Men det er ikkje grenser for kva som kan kuttast for å skaffe skattelette til rikingane.

Les meir på Bloggen til Pål Julius.

Alf

Spennande debatt om miljøteknologi

For ei tid sidan uttalte eg til Teknisk Ukeblad, TU, at det er behov for betre koordinering av den offentlege støtta til utvikling av miljøteknologi. Du finn utspelet her.

No har dette trekt i gang ein debatt som blir følgt opp av direktøren i Teknologiådet.

Spørsmålet blir også diskutert i papirutgåva av Fædrelandsvennen i dag. Sentrale personar frå næringslivet ser fram til etableringa av det nye miljøteknologifondet og ønskjer debatten om den nye støtteordninga velkommen.

Professoral trussel mot villaks og oppdrett

Professor Rögnvaldur Hannesson har gått til angrep på villaksen i eit misslukka forsøk på å slå eit slag for lakseoppdrett (DN og KK). Oppdrettsnæringa er så viktig at vi kan ofre villaksen, hevdar han.

 Norge har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på atlantiske laksestammar. Oppdrettsnæringa får svare for seg sjølv. Men eg tvilar på at den deler Hannesson sin totale mangel på respekt for artsmangfald, internasjonale konvensjonar og næringar som er avhengige av villaksen. Eg er overraska over at ein professor med fiskeri som arbeidsfelt, kan presentere slike synspunkt.

 Det er nettopp slike haldningar som er den største trusselen mot oppdrettsnæringa i ein kritisk utviklingsfase. Synspunkta til Hannesson skaper ikkje berre eit konfliktnivå som skadar bransjen. Dei kan på sikt undergrave ressursgrunnlaget og forseinke den teknologiske utviklinga som næringa er heilt avhengig av.

 Situasjonen i oppdrettsnæringa liknar på den vi hadde i norsk prosessindustri i åttiåra. Det var ein forureinande industri, og styresmaktene innførte gradvis strengare miljøkrav. Mange protesterte og hevda at det ville ta knekken på bedriftene, men industrien tok utfordringa. I dag har vi ein teknologisk leiande prosessindustri, og dei fleste innser no at miljøkrava var med på å styrke industrien.

 Dei haldningane Hannesson gir uttrykk for, er det oppdrettsnæringa treng minst dersom den skal bli berekraftig og utvikle seg i harmoni med miljøet og andre næringar. 

Bloggposten har stått på trykk i Klassekampen og Fiskarbladet

 Alf

Industrien må forske meir

Norske bedrifter satsar for lite på forsking, og statsbedriftene er ikkje noko unntak. Det er urovekkjande når vi veit at norsk næringsliv står overfor store omstillingar. Vi treng å utvikle relevant kunnskap for å møte desse utforringane. Når regjeringa no skal leggje fram ei ny stortingsmelding om statleg eigarskap, bør forsking og utvikling få ein naturleg plass i ein langsiktig eigarstrategi.

Erfaring tyder på at det er behov for klare føringar for at statsbedriftene skal følgje opp. Stortinget har slått fast ”betydningen av at industri- og teknologibedriftene som staten er en stor eier i, framover legger til grunn en strategi for økt forskning og utvikling.” Sitatet er frå førre gang Stortinget behandla staten sin eigarskapspolitikk. Alle partia med unntak av  H og FrP støtta dette. Men det ser ikkje ut til at statsbedriftene følgjer opp denne føringa frå Stortinget.

I 1999 brukte Telenor 1,6% av driftsinntektene til forsking og utvikling. I 2008 var det berre 0,6 % av driftsinntektene som blei brukt til dette formålet. I denne perioden er driftsinntektene tredobla, men investeringane i forsking og utvikling har stått stille. Rett nok har Telenor ekspandert gjennom oppkjøp, og det kan vere krevjande å auke forskingsaktiviteten i same tempo. Det kan også diskuterast om del av driftsinntektene er eit godt mål for forskingsinnsatsen. Men stagnasjonen i forsking og utvikling tyder ikkje på at selskapet har lagt til grunn ”en strategi for økt forsking og utvikling”.  

Vi har fått ein gryande debatt om norsk forsking. Men debatten dreiar seg stort sett om offentleg finansiert forsking som ligg på nivå med andre land. Merkeleg nok er det lite fokus på at næringslivet brukar mindre til forsking enn det som er vanleg i land det er naturleg å samanlikne seg med. Dette er svært uheldig i ein situasjon der næringslivet  står overfor store omstillingar for å tilpasse seg ein tøffare internasjonal konkurranse, og for gradvis å gjere seg mindre avhengig av oljeøkonomien.

Forsking og utvikling er eit viktig element i langsiktig bedriftsutvikling. Manglande forskingsinnsats er ein trussel mot konkurranseevne og sysselsetting, og til sjuande og sist mot norsk økonomi og samfunnsutvikling. Det er derfor behov for å setje fokus på auka forsking i næringslivet. Statsbedriftene bør ta denne utfordringa, ikkje berre for å vere eit førebilete, men for å sikre si eiga framtid. Stortinget har sagt i frå. Men når det ikkje gir resultat, må den nye eigarskapsmeldinga bli endå tydlegare på dette punktet.

Ein litt kortare variant av denne bloggposten har stått på trykt i VG.

Alf

Grøn industriutvikling med Statkraft

Dei siste dagane har Statkraft fått stor plass i media. Men debatten har for det meste handla om utbyttepolitikk. Det har vore mindre fokus på den langsikteige strategien og Statkraft si rolle i norsk industriutvikling. 

Energisektoren har alltid spela ei sentral rolle i norsk økonomi og norsk industri. Olje og gass har skaffa oss inntekter, men også lagt grunnlaget for ein høgteknologisk leverandørindustri. No innser fleire og fleire at norsk industri må bli mindre avhengig av oljesektoren. Det er på tide å diskutere om Statkraft kan bidra til å utvikle ein grøn industri på same måten som Statoil var med på å utvikle dagens leverandørindustri.

Forholda bør ligge godt til rette for ei slik utvikling. Statkraft har kompetanse og økonomiske musklar og har no engasjert seg internasjonalt. Utbygging av vindenergi på Doggerbank er ei spennande satsing. I tillegg har Noreg ein verdsleiande leverandørindustri med brei kompetanse på område som er viktige for utvikling av fornybar energi. No er det viktig at Statkraft fokuserer på grøn energi og ikkje bind opp ressursar i gasskraft.

 Det internasjonale energibyrået, IEA,  har lagt fram oppdaterte tal for satsing på fornybar energi fram mot 2050, og byrået forventar store investeringar. 25000 vindmøller årleg, 85 store karbonfangstprosjekt kvart år og store investeringar i solenergi og miljøvennleg transport er berre nokre eksempel. Men det er mange om beinet, og det hastar med  å ta ein posisjon i den nye marknaden.

 Då Noreg blei ein oljenasjon i åttiåra, blei det satsa på å utvikle norsk leverandørindustri. Resultatet har blitt ei høgteknologisk eksportnæring med ein sterk internasjonal marknadsposisjon. Noreg har over 80% av verdsmarknaden på enkelte område. Statoil sin sterke posisjon og selskapet sin vilje og si evne til å utvikle underleverandørane har utan tvil medverke til denne utviklinga.

 Vi kan ikkje utan vidare samanlikne situasjonen i olje- og gass-sektoren i åttiåra med fornybarsektoren i dagens Noreg. Ressurssituasjonen er ulik og tilgangen til marknaden er heilt forskjellig. Men det er like vel grunn til å vurdere om Statkraft kan spele ei rolle i utviklinga av ein økonomi og ein industrisektor som er mindre avhengig av olje og gass.

 Det er viktig å satse i Noreg, og heimemarknaden er alltid viktig for leverandørindustrien i ein oppbyggingsfase. Men det er ikkje nok å satse på den norske marknaden dersom vi skal utvikle ein grøn leverandørindustri i Noreg. I Kristiansand har vi for eksempel ein fabrikk som støyper deler til vindmølle. Med sine to hundre tilsette dekkjer den ein vesentleg del av verdsmarknaden.

 Ved å satse på fornybar energi også i utlandet kan Statkraft spele ei rolle i utvikling av grøn industri i Noreg. Men dette reiser ein del problemstillingar relatert til utviklinga av selskapet. Statkraft er i utgangspunktet eit grunnrenteselskap. Det inneber at selskapet disponerer evigvarande naturressursar som tilhøyrer fellesskapet. Derfor er det rimeleg at desse ressursane i stor grad blir disponert av dei folkevalde på Stortinget og ikkje av styret i selskapet.

 Men Statkraft har også næringsaktivitet som går ut over grunnrenteaktiviteten. Tydelegast ser vi det når selskapet engasjerer seg i utlandet. Avkastninga av denne aktiviteten er ikkje grunnrente, men den er langt på veg mogeleg fordi grunnrenta gir selskapet finansiell styrke. Diskusjonen om kva som er riktig utbyttepolitikk for eit slikt selskap, er derfor vanskeleg. Det er meir fruktbart å diskutere kva staten vil med selskapet, og kva rammevilkår som må til for å oppnå det.

 Landsstyret i SV har uttalt av vi må bruke det statlege eigarskapet i arbeidet for eit meir klimavennleg samfunn og ein grønare industri. Statkraft sine satsingar også i utlandet kan bidra til å utvikle ein grøn leverandørindustri. Selskapet bør derfor ha rammevilkår som legg grunnlag for ei forretningsmessig god utvikling på dette området.

 Statkraft si satsing på gass bind kapital som kan brukast til satsing innan fornybar energi. I eit grunnrenteselskap som er bygd opp på norske fornybare ressursar er det gode grunnar til å halde fast på profilen som eit reint fornybarselskap. Då kan Statkraft spele ei viktig rolle for klimaet både i og utanfor Noreg. Og det kan bli ein viktig aktør i utviklinga av ein berekraftig fornybarindustri her i landet.

Innlegget stod på trykk i Klassekampen 23. august.

Alf 

 

Tradisjonsrikt industrimiljø i spel

Dette innlegget stod i Fædrelandsvennen laurdag 24. juli.
Ein kortare versjon stod i Klassekampen onsdag 28. juli

Orkla har selt lønsame deler av Elkem, og no ønskjer dei å tr.ekkje seg ut av selskapet. Utan ein langsiktig industriell eigar kan Elkem stå overfor store utfordringar.

Elkem har lange industrielle tradisjonar, og Elkem forsking i Kristiansand har spela ei sentral rolle i utviklinga av selskapet. I åttiåra var det mange som spådde at den kraftforedlande industrien ville forsvinne frå eit høgkostland som Noreg. Men metall- og materialindustrien har vist evne til å fornye seg og er no ein høgteknologisk bransje med fotfeste i den veksande marknaden for miljøteknologi. På tross av spennande industriell innovasjon møter no Elkem som har blitt ein del av Orkla, ei ny utfordring. Stein Erik Hagen og Orkla har annonsert at dei ønskjer seg ut av Elkem, og selskapet kan vere i spel.

Elkem i Kristiansand kan skilte med ei lang rekke industrielle innovasjonar som har betydd mykje for norsk industri. For snart hundre år sidan utvikla bedrifta ein ny elektrode, søderbergelektroden, som revolusjonerte smelteverksindustrien både nasjonalt og internasjonalt. Oppfinninga la grunnlaget for at Elkem blei eit teknologiselskap med ein dominerande posisjon på verdsmarknaden.

Då metall- og materialindustrien blei møtt med miljøkrav i sytti- og åttiåra, var det mange som stritta i mot og hevda at krav om reinsing ville ta knekken på lønsemda i bransjen. Men Elkem i Kristiansand satsa offensivt på å utvikle reinseteknologi og skapte ein ny global marknad for sal av filterteknologi. Samtidig klarte dei å foredle den plagsame røyken frå fabrikkpipene til eit høgverdig produkt, microsilica, som har revolusjonert betongteknologien. Dialogen mellom bransjen og styresmaktene om reinsekrav ga bedriftene eit teknologisk forsprang som trygga mange arbeidsplassar.

Sidan åttiåra har Elkem forsking i Kristiansand utvikla teknologi for produksjon av høgreint silisium til bruk i solseller, og i fjor kunne Elkem Solar starte opp ein ny fabrikk basert på denne teknologien . I ein tidleg fase blei denne forskinga finansiert blant anna av oljeselskap som fekk konsesjon i Nordsjøen. Mange av dei som i dag har ein posisjon i den mangfaldige norske solselleindustrien, har sin bakgrunn frå Elkem.

Kompetansemiljøet ved Elkem forsking har også utvikla nye industriprosessar som kan vere med på å vidareutvikle norsk metall- og materialindustri. Dei har komme langt i utvikling av ein ny aluminiumsprosessen som kan redusere energiforbruket ved aluminiumsproduksjon. Og ein ny prosess for reinsing av avfall frå aluminiumsindustrien kan skaffe arbeidsplassar til nedleggingstrua industri i Hardanger, berre for å nemne nokre eksempel.

Elkem forsking som no delvis er integrert i Elkem Solar, er eit unikt teknologisk miljø i internasjonal samanheng. Det er berre eit par andre stader i verda der ein har erfaring og utstyr til å utvikle høgtemperatur prosessar for materialframstilling i stor skala. I ein situasjon der norsk industri treng innovasjon, og der verda treng nye materiale tilpassa klimasamfunnet, er det svært uheldig at denne type teknologimiljø blir utarma. Men det er nettopp det som kan skje.

No går Stein Erik Hagen ut og annonserer at Orkla vurderer å kvitte seg med Elkem. Det treng i og for seg ikkje vere noko katastrofe for den vidare utviklinga av selskapet. Men Elkem sine musklar for å utvikle seg vidare er svekka under Orkla sitt regime. Eigardelane i aluminium som gav gode inntekter til Elkem, er selt ut av konsernet. Dermed har Elkem mindre styrke til å vidareutvikle seg innan høgreint silisium til solseller og andre høgteknologiske produkt. Både for klimaet og for utviklinga av ein livskraftig norsk industri er det viktig å vidareutvikle denne kompetansen og satsinga på solenergi.

Orkla har selt lønsame deler av Elkem, og no ønskjer dei å trekkje seg ut av selskapet. Utan ein langsiktig industriell eigar kan Elkem stå overfor store utfordringar. Eit innovativt industrielt miljø med potensiale til å utvikle nye produkt og skape nye arbeidsplassar innan miljøvennleg energi og miljøteknologi kan få ei krevjande framtid.

Det er overraskande at industrielle disposisjonar med så store langsiktige konsekvensar skaper så lite debatt. Kompetanse og verdiar som generasjonar av tilsette har skapt, er ein viktig infrastruktur for vidare utvikling av norsk industri. Industriutvikling må ha eit langsiktig samfunnsmessig perspektiv, også om industrien er i privat eige.

Alf