Tag Archives: arbeidsplassar

Fornybar energi skaper arbeidsplassar

Vest-Agder SV var i dag på bedriftsbesøk hos Agder Energi. Det var spennande å høyre om den friske satsinga på vindmøller i energiselskapet. Konsernsjef  Tom  Nysted var spesielt opptatt av stabile rammevilkår for produksjon av fornybar energi i form av grøne sertifikat eller såkalla feed-in-ordningar. Han var også opptatt av overføringskapasiteten til resten av Europa.

Nysted meiner Noreg har eit stort potensiale for å skape arbeidsplassar innan miljøvennleg energi. Som eksempel nemnde han at det er 28.000 arbeidsplassar i vindmølleindustrien i Danmark. Nysted peika på det som SV lenge har hevda, nemleg at det på Agder ligg spesielt godt til rette for å skape arbeidsplassar innan miljøvennleg energi.

Vi treng bøndene og meierisamvirket

Bedriftsbesøk hos TINE

Bedriftsbesøk hos TINE

For ei tid sidan var SV på bedriftsbesøk hos TINE Meiriet Sør i Kristiansand. Dei tillitsvalde og melkeleverandørane var representert i tillegg til bedriftsleiinga. For ein bondegut frå ein liten gar på Vestlandet var dette eit veldig spennande bedriftsbesøk.

Jordbruket og foredlingsbedriftene er under sterkt press frå mange hald. Det blir stadig færre bønder i Agder, og kulturlandskapet gror til med skog. Når jordbruket blir svekka, blir det vanskeleg å oppretthalde eit brukbart servicetilbod i distrikta, og vi kjem inn i ein negativ spiral. Etter kvart blir matvaretryggleiken og sjølvforsyningsgraden svekka. Derfor er det viktig å sikre bøndene eit akseptabelt inntektsnivå.

God kvalitet på vidareforedling av landbruksprodukt er viktig for å sikre bøndene inntekt og forbrukarane matvarekvalitet. Dei store butikk-kjedene er ei utfordring for samvirkebedrifta TINE. Kjedene ønskjer å utvikle sine eigne merkevarer og ha full kontroll over heile verdikjeda. Dermed kan vareutvalet til forbrukarane bli reusert, og prispresset mot leverandørane blir sterkt.

Råd frå svigerfar

Svigerfar som snart er nitti år, blei interessert då han høyrde at eg toppa stortingslista. Du Alf, sa han. Det er ein ting du må gjere dersom du kjem på Stortinget. Du må arbeide for at det blir fleire plasser for oss som ikkje lenger kan bu heime, men som ikkje treng sjukeheim. Vi treng butilbod og institusjonar som gir tryggleik og sosial kontakt utan at vi må legge oss inn på sjukeheim.

Det slo meg at dette er noko samhandlingsreforma kan bidra med: Rett behandling – på rett stad – til rett tid. Kommunale tilbod som kan bidra til mindre press på sjukeheimar og sjukehus, er ikkje berre god ressursdisponering. Det er også livskvalitet for brukaren.

Etter ferien har eg avtalt å arbeide ein dag ved ein sjukeheim i Kristiansand for å få eit lite glimt av kvardagslivet i omsorgssektoren. Eg har variert yrkeserfaring, men ikkje frå denne sektoren. Derfor kan det vere nyttig å høyre litt om korleis omsorgsarbeidarane ser på utfordringane i sektoren og på den jobben vi politikarar gjer. Kjem eg på Stortinget, har eg lova at eg skal bruke tid på å besøkje arbeidsplassar og organisasjonar som ønskjer det.

Best på miljø og arbeidsplassar

sv logoMiljøjournalen som blir gitt ut av Noregs Naturvernforbund, har gjennomgått miljøpolitikken til alle partia på Stortinget. Framstegspartiet og Høgre hamna som forventa på botnen med respektive 5,5 og 10 poeng av 25 oppnåelege. SV vart nummer 1.

I følgje Naturvernforbundet stiller Framstegspartiet seg tvilande til at vi har menneskeskapte klimaendringar, og partiet vil derfor ikkje redusere klimautsleppa. Partiprogrammet til FrP omtaler heller ikkje energiøkonomisering som er eit viktig tiltak for å sikre framtidige arbeidsplassar i tillegg til å vere det mest effektive klimatiltaket. Høgre skårar dårleg på miljøtesten i Miljøjournalen blant anna fordi partiet vil opne for oljeboring i dei sårbare og fiskerike havområda i nord.

SV kom best ut i miljøtesten med 20,5 poeng av 25 oppnåelege. Miljøjournalen legg blant anna vekt på at SV går mot oljeboring i havområda utanfor Lofoten og Vesterålen og vil ha varig verna petroleumsfrie område. SV vil satse sterkare på energiøkonomisering, passivhus og fornybar energi, og partiet vil ha ein kraftig auke i dei statlege overføringane til kollektivtransport.

Vest-Agder SV og underteikna har lenge hevda at ein god miljøpolitikk også kan vere ein framtidsretta næringspolitikk. Vi var lenge åleine om dette synspunktet. Men no er det stadig fleire i næringslivet som innser at energiøkonomisering og miljøteknologi er berebjelkar i ein framtidsretta industripolitikk. Klimasamfunnet skaper nye krevjande marknader som passar godt for eit høgkostland som Noreg, og investorar er ofte skeptiske til bedrifter som ikkje tar klima og miljø på alvor.

Stadig fleire bedrifter på Agder leverer no materiale og utstyr til produksjon av fornybar energi som vindmøller og solceller, og Elkem og Alcoa satsar på ny og mindre energikrevjande aluminiumsprosess. Også olje- og gassindustrien på Sørlandet har begynt å engasjere seg for å komme inn på marknaden for fornybar energi, og for å setje miljøstandardar for sin aktivitet.
Ein moderne industri er eit viktig element i eit samfunn som tar miljøet og klimatrusselen på alvor.

Som medlem av Teknologirådet var eg med i ei arbeidsgruppe med representantar frå næringslivet og miljørørsla, og der fekk eg gjennomslag for dette synet. I sluttrapporten frå arbeidsgruppa blir det peika på at staten må gå sterkare inn med midlar til forsking, pilotanlegg og omstilling. Det har den raudgrøne regjeringa tatt fatt i. I år er det oppretta åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi og ei rekke andre store prosjekt er sett i gang. UiA er med i eit av forskingssentra og har fått andre prosjektmidlar i tillegg.

ENOVA, som er eit statleg organ for støtte til ny teknologi, har fått ein kraftig auke i sine rammer blant anna i samband med krisepakka. Det er ein del av desse midlane som no går til pilotanlegg for ny aluminiumsprosess på Lista. Krisepakka inneheldt også andre viktige tiltak for næringslivet. Olje- og gassnæringa på Sørlandet med små og store underleverandørar unngjekk ei dramatisk krise då rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt blei auka. På grunn av at den raudgrøne regjeringa har ført ein nøktern økonomisk politikk, hadde vi økonomisk handlefridom til å setje i verk nødvendige tiltak.
Med over 30 års erfaring frå industri, forsking og miljøarbeid ser eg fram til å komme på Stortinget og arbeide vidare med ein industripolitikk for klimasamfunnet og legge grunnlaget for ein livskraftig industri på Agder.

Alf Holmelid
1. kandidat for Vest-Agder SV

Gi meg beskjed

Dette er noko av det eg vil arbeide for dersom eg kjem på Stortinget

Arbeidsplassar
• God miljøpolitikk er framtidsretta næringspolitikk. Elkem Solar i Kristiansand er et godt eksempel på at miljøteknologi sikrar arbeidsplassar. Eg vil kjempe for utvikling av miljøteknologi og fornybar energi – både for miljøet og for arbeidsplassane.

Miljø
• Eg vil kjempe for samankopling av Vestfoldbana og Sørlandsbana og høgfartstog til Sørlandet.
• Busstilbodet må bli betre og billigare.
• Vi må hindre nedbygging og privatisering av strandsona og den urørte fjellheimen.

Utdanning og forsking
• Eg vil kjempe for ein god offentlig fellesskole der alle kan lære meir. Vi må styrke bemanninga i skolen og gi leksehjelp i skoletida. Meir yrkesretta undervisning kan redusere fråfallet i skolen.
• Universitet i Agder må få ei auka og meir rettferdig basisfinansiering.

Solidaritet
• Vest-Agder ligg sist på alle likestillingsstatistikkar. Vi treng ein likelønnspott som hevar lønna i kvinnedominerte yrke.
• Eg vil arbeide for å gjenreise den sosiale bustadbygginga slik at det blir overkommeleg å få seg ein stad å bu. Det må byggast fleire ikkjekommersielle utleigebustader.

Ta heile Agder i bruk
• Eg er opptatt av å skape arbeidsplassar og gode levekår i hele fylket. Vi må stimulere til næringsutvikling og plassere offentlige arbeidsplassar også utanfor dei sentrale områda langs kysten.

La Agder bli hørt!
• Mange føler at politikarane forandrar seg og misser kontakten med sin bakgrunn når dei kjem på Stortinget
• Agder er lite synleg nasjonalt og får lite av dei nasjonale ressursane på mange område

Derfor vil eg bruke tid på å sikre at folk i Vest-Agder bli høyrt når eg kjem på Stortinget. Eg vil:
• Prioritere å besøke arbeidsplassar som ønskjer det
• Prioritere å besøkje organisasjonar og grupper som ønskjer det
• Etablere ei Gi-Alf-beskjed-nettside der alle vil få svar på relevante spørsmål
• Kjempe for å få fram eit riktig bilde av Agder i nasjonale fora
• Kjempe for å realisere sentrale satsingar i den nye felles fylkesplanen for Agderfylka (miljøteknologi, utdanning, velferd og likestilling)

Du finn meir om mine hjartesaker her: http://nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/valg_2009_sorlandet/1.6678229

Eg vil gjerne ha dine kommentarar og forslag 🙂