Tag Archives: industri

Vil Hagen utarme norsk industri?

Elkem har lange industrielle tradisjonar og har gang etter gang vist evne til innovasjon. Elkem forsking i Kristiansand har spela ei sentral rolle i denne utviklinga. Her blei Søderbergelektroden utvikla for snart hundre år sidan. Her blei filterteknologien for ferrolegeringsverk utvikla, og eit plagsamt utslepp blei til microsilica, eit høgverdig produkt som har revolusjonert betongteknologien. Og her er ein i ferd med å utvikle ein ny meir energieffektiv aluminiumsprosess.

Sidan åttiåra har Elkem i Kristiansand også forska på høgreint silisium til bruk i solseller, og i fjor var det oppstart av ein ny fabrikk basert på denne teknologien. I ein tidleg fase blei denne forskinga blant anna finansiert av oljeselskap som fekk konsesjon i Nordsjøen. Svært mange av dei som i dag har ein posisjon i norsk solselleindustri, har sin bakgrunn frå Elkem.

Elkem forsking som no er splitta opp og delvis lagt inn under Elkem Solar, er eit heilt unikt teknologisk miljø i internasjonal samanheng. Det er berre eit par andre stader i verda ein har erfaring og utstyr til å utvikle høgtemperatur prosessar for materialframstilling. I ein situasjon der norsk industri treng innovasjon, og der verda treng nye materiale tilpassa klimasamfunnet, er det svært uheldig at denne type teknologimiljø blir utarma. Men det er nettopp det som skjer.

No går Stein Erik Hagen ut og annonserer at Orkla kan tenkje seg å selje seg ut av Elkem. Det treng i og for seg ikkje vere noko katastrofe. Men Elkem sine musklar for vidare utvikling er svekka under Orkla sitt regime. Blant anna er eigardelane i aluminium som gav gode inntekter til Elkem, selt ut av konsernet. Dermed har Elkem mindre styrke til å vidareutvikle seg innan solseller og andre høgteknologiske produkt.  Utan ein langsiktig strategisk eigar vil Elkem stå overfor store utfordringar. Eit innovativt industrielt miljø med potensiale til å utvikle nye produkt og skape nye arbeidsplassar kan få ei vanskeleg framtid.

Alf

Reker, solceller og avfall

Då eg begynte på minn første jobb etter ferdig utdanning, sa sjefen min: Du må komme deg ut på labben og få litt olje på fingrane dersom du skal bli ein god ingeniør og forskar. Dette er eit godt råd også for politikarar. Derfor har eg hatt ”sommarjobb” på tre arbeidsplassar no i sommar.

Siste arbeidsdag var eg på ein liten reketrålar. Fiske er ikkje ei stor næring på Sørlandet, men den legg basis for omsetning av reker og fersk fisk som er kortreist mat. Sørlandet ville ha vore fattigare utan ferske reker. Vi hadde gode diskusjonar om dei nye forskriftene som er på trappene. Det er viktig å ta vare på fiskestammane, spesielt kysttorsken, men samtidig er det viktig at forskriftene tar omsyn til yrkesfiskarane  utan å gå på akkord med kravet om brekraft.  Vi fekk også presentert eit eksempel på byråkratisering. No er også dei minste reketrålarane slik den eg var med, klassifisert som industritrålar fordi dei kokar rekene om bord. Kan det vere praktisk å ha desse små fartøya i same klasse som store havgåande fabrikkskip?

Dei første to dagane var eg på Metallkraft, ei spennande bedrift som oppgraderer avfall frå solcelleproduksjon. Der fekk eg innsikt i dei utfordringane ein møter når ein skal utvikle heilt nye prosessar. Samtidig hadde vi gode diskusjonar om korleis vi må endre dei statlege støtteordningane for å få fart i satsinga på grøn industri. Dette er synspunkt eg vil ta med tilbake til arbeidet på Stortinget . Det var interessant å registrere at leiinga ved bedrifta langt på veg hadde samanfallande synspunkt med det eg har kjempa for.

Dei neste to dagane var eg på Returkraft. Her blir restavfall til elektrisk straum og varmt vatn til fjernvarmeanlegg. Eg har hatt store deler av mitt yrkesaktive liv i industrien, men eg blei imponert over kompleksiteten i anlegget. Her er det både forbrenning, turbin/generator og fleire reinsetrinn. Dei fleste operatørane kom frå andre prosessbedrifter i Agder. Vi har lett for å gløyme det store potensiale som ligg i det breie prosessindustrimiljøet på Agder.

Julekvelden Gitmark gløymde

Ei av satsingane i revidert nasjonalbudsjett er ein støttepakke til maritime næringar. Då den blei presentert for eit par dagar sidan, skreiv Fædrelandsvennen at det var jubel i sørlandsindustrien, og avisa brukte overskrifta ”Julekvelden for Sørlandet”.

Like vel går Gitmark hardt ut i Fædrelandsvennen og hevdar at Sørlandet er gløymt i revidert nasjonalbudsjett. Samtidig hevdar Michaelsen at det ikkje kjem pengar direkte til Sørlandet i industripakka. Michaelsen tar feil, for Sørlandet får midlar til ein industriinkubator. Dessutan veit dei som kjenner næringa, at det er to regionar, Møre og Romsdal og Sørlandet, som har størst glede av den maritime industripakka.

 Det ser ut til at det har blitt ein ryggmarksrefleks for enkelte å snakke ned Sørlandet og hevde at det er den gløymde regionen sjølv når det motsette er tilfelle. Er Sørlandet tent med denne svartmalinga.

 Alf

Oljefelt utan arbeidsplassar i Fjaler

Frå Gjøa-feltet ser vi kystkommunane i Sunnfjord

Eg møter stadig stor interesse når eg er kring om i landet og diskuterer miljøteknologi. I går hadde vi ein spennande diskusjon i Dale i Sunnfjord. Det var ekstra hyggeleg å treffe mange kjente frå den tida eg voks opp i Dalsfjorden. SV-laget i Fjaler har lagt ut referat og bilete frå møtet.

I dag har ordføraren i Fjaler, Arve Helle, tatt meg med rundt i kommunen. Han gav meg eit godt argument mot dei som trur at oljeboring i Lofoten og Vesterålen vil skaffe mange arbeidsplassar på land i nærområdet. Frå kysten yst mot havet i Fjaler kan dei sjå Gjøa-feltet. Dei har all risikoen knytt til oljeaktiviteten, men ikkje ein einaste arbeidsplass.

Alf

Gjennomslag for Sørlandet og for miljøteknologi

To dagar før 1. mai fekk Sørlandet ei gledeleg melding. Maritim industri som det er mykje av på Sørlandet, fekk ei skikkeleg pakke for å møte dei problema som oppstår i kjølvatnet av finanskrisa.

Det er spesielt gledeleg at Sørlandet fekk eit av fem senter for innovasjon, ein såkalla inkubator. Men også dei andre elementa i pakka vil vere til stor nytte for industrien på Sørlandet. Det gjeld blant anna auken i rammene for  Garantiinstituttet for eksportkreditt.

Skal den maritime industrien utvikle seg vidare og sikre arbeidsplassane, er det viktig at den satsar på den nye veksande marknaden for miljøteknologi. Derfor har industripakka eit sterkt fokus på forsking, innovasjon og miljøteknologi.

Eg er opptatt av å endre det offentlege verkemiddelapparatet slik at det motiverer næringslivet til å satse sterkare på miljøteknologi. Blant anna har eg gått inn for at Garantiinstituttet for eksportkreditt også skal støtte miljøteknologi. For ei tid sidan presenterte eg denne ideen i Dagens Næringsliv. Dette er eit av fleire miljøtiltak som kom på plass i samband med industripakka.

Som sørlending i næringskomiteen er det gledeleg å konstatere at det blei gjennomslag både for å satse på Sørlandet og på miljøteknologi.

Alf

Oljelobbyen truar berekraft i nord

Alf ombord i sjark

Ein del av stortingsgruppa til SV har hatt nokre fantastiske dagar i Lofoten og Vesterålen. Veret og naturen var fantastisk. Og det sterke engasjementet mot oljeboring var like imponerande. Vi møtte er rekke næringslivsrepresentantar, frå fiskarar og fiskemottakseigarar via ein aktiv reiselivsbransje til gryndarar innan fornybar energi. Alle hadde tru på at det er eit stort potensiale for å vidareutvikle desse berekraftige næringane og skape trygge og varige arbeidsplassar. Vi fekk presentert solid dokumentasjon på at oljeboring er ein trussel for denne berekraftige næringsutviklinga.

Arealkonflikt og forureiningsfare trur fiskeria. Reiselivsnæringa har profilert ein fantastisk urørt natur og sameksistens med fiskenæringa, noko som vil bli umogeleg med oljeaktivitet. Sist men ikkje minst rekna mange med at oljeindustrien i ein kort periode vil skaffe nokre godt betalt arbeidsplassar som ville tappe del lokalt baserte næringane for arbeidskraft.

Overalt der vi kom, var konklusjonen at oljeboring og oljeaktivitet vil true langt fleire arbeidsplassar enn den vil skape. Det luftslottet av midlertidige arbeidsplassar som oljelobbyen prøver å marknadsføre, truar ei berekraftig næringsutvikling.

Mange av dei vi møtte, kunne fortelje om ein svært aktiv lobbyaktivitet frå Statoil og resten av oljelobbyen. Det blir brukt store ressursar for å kjempe fram eit ja til oljeboring, blei det hevda. Det skulle ha vore interessant å vite kor mange titals millionar oljelobbyen brukar for å kjempe fram ei bestemt politisk løysing.

Hamna i Stamsund

Hamna i Stamsund

SV hyllar Natur og Ungdom md blomster, og Natur og Ungdom takkar SV for motstanden mot oljeborin med påskeegg.

Gjennomslag for kampen for miljøteknologi

I dag fekk vi den gledelege nyheita om at General Electric etablerer seg i Noreg med forsking og pilotproduksjon innan havvindmøller. Dette viser at kampen for å gjere miljøteknologi til ei viktig næring, ber frukter. Eg og SV gjekk til val på å skape arbeidsplassar innan miljøteknologi. Mange stilte spørsmålsteikn ved om det var realistisk. Men no ser vi at denne industrien kan fange opp overkapasitet i andre bransjar. SV har vore pådrivar for å etablere miljøteknologi som eit viktig satsingsområde for den raudgrøne regjeringa. Det har vi blant anna gjort gjennom å etablere 8 forskingssenter for miljøvennleg energi, FME. Det er tydeleg at dette har blitt lagt merke til også internasjonalt. No er det viktig at vi følgjer opp med fleire tiltak.

Alf

Milliardtap ved sal av Agder Energi

Ein forkorta versjon av denne bloggposten stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Fædrelandsvennen har presentert utrekningar som kan gi inntrykk av at salet av Agder Energi lønte seg for Kristiansand kommune. Men ei rask overslagsberekning gir eit anna bilete. I følgje Fædrelandsvennen selde Kristiansand kommune 22,5% av aksjane i Agder Energi i 2002.  Dersom kommunen hadde halde på desse aksjane, ville dei i perioden 2003 til 2009 gitt ei avkastning på 0,94 milliardar kroner.  Cultiva og Sørlandets kompetansefond, som til saman fekk overført meir kapital enn det Kristiansand selde sine aksjar for, gav i same periode ei samla avkastning på 0,71 milliardar kroner i følgje avisa. 

Tapa blir langt større når vi ser på verdistiginga i selskapet. Samanliknar ein med andre kraftselskap som har blitt omsett, er det ikkje urimeleg å tru at verdiauken er på opp mot 10 milliardar kroner. For dei aksjane som Kristiansand kommune selde, utgjer det om lag to milliardar kroner. Fædrelandsvennen argumenterer med at dette er ei verdistigning som ikkje kan realiserast utan å miste aksjemajoriteten. Men det viser at salet skjedde på feil tidspunkt. Sal av ein del av aksjane på eit seinare tidspunkt hadde gitt langt større inntekter. Eit av argumenta mot sal var nettopp at verdien kom til å stige, noko som blei blankt avvist av dei som ville selje. Men det beste alternativet ville ha vore å sitje med aksjane og ta i mot eit godt utbytte samtidig som vi gjennom verdistigning byggjer opp ein solid reserve.

 Det kan også vere av interesse å rekapitulere litt av debatten kring salet av Agder Energi. Dersom vi ikkje hadde klart å reise ein sterk kamp mot sal, er eg redd for at kommunane på Agder hadde mista aksjemajoriteten. Det kunne ha ført til mindre fokus på å bygge kompetanse og utvikle aktiviteten i selskapet. Resultatet kunne ha blitt ei utarming av eit viktig industrielt lokomotiv på Agder. Vi står no overfor ein periode som kan bli krevjande for industrien, og då er slike industrilokomotiv ekstra viktige for regionen. Agder Energi som andre vasskraftselskap haustar av våre felles naturressursar. Det er ikkje unaturleg at slike selskap er i offentleg eige for å sikre verdiane for fellesskapet.

 Det bør også nemnast at fleire fagmiljø har karakterisert prosessane kring sal av Agder Energi som lite demokratiske. Men det er ein større diskusjon som det vil føre for langt å gå inn på her.

 Alf

Breiare verdiskapingsdebatt

Oppdatert 2. mars

I går fekk vi presentert ei referansegruppe som skal dele erfaringar med næringsministeren om utviklingstrekk for norsk næringsliv og norsk næringsstruktur. Gruppa er samansett av kronprinsen og unge leiarar frå norsk næringsliv. Den har mange dyktige og suksessrike personar, men den manglar viktige dimensjonar for å drøfte norsk verdiskaping.

Eit av kjenneteikna ved norsk næringsliv, er at vi har dyktige fagfolk på alle nivå i organisasjonen, ikkje berre i det kommersielle leiarsjiktet. Det har medverka til høg produktivitet og stor fleksibilitet, noko som gjer oss konkurransedyktige på den internasjonale marknaden.

Når vi skal diskutere framtidig verdiskaping er det viktig å ta vare på dette breie kompetanse- og verdiskapingssynet, og ikkje satse einsidig på eitt sjikt i næringslivet og i samfunnet. Eg saknar til dømes yngre lovande fagfolk frå andre nivå i organisasjonen og yngre dyktige leiarar frå fagrørsla.

Noreg har også satsa sterkt på Senter for forskingsdriven innovasjon og Forskingssenter for miljøvennleg energi. Personar frå desse viktige satsingsområda kunne også fortene ein plass i ei gruppe som skal he ei sentral rolle i framtidig verdiskaping.

Ei breiare samansetjing ville ha styrka gruppa og gitt den større legitimitet, og det hadde gitt eit rettare bilete av kven som skaper verdiane i det private næringslivet i Noreg.

Tillegg 2. mars
Etter at eg skreiv bloggposten for to dagar sidan, har eg blitt kjent med at det også skal opprettast ei tilsvarande gruppe med unge fagforeningsleiarar. Det er veldig bra og rettar opp totalinntrykket. Men argumentet om å ta med fleire nivå i organisasjonen og personar frå Forskingssenter for miljøvennleg energi, FME, og Senter for forskingsdriven innovasjon, SFI, er framleis aktuelt.

Alf

Telenor neglisjerer føringar frå eigarane

Nyleg fekk om lag seksti forskarar og sivilingeniørar i Telenor melding om at dei er overtallige. Dette er eit nytt eksempel på at Telenor nedprioriterer forsking og utvikling stikk i strid med føringane i stortingsmeldinga om statleg eigarskap. 

I løpet av dei ti siste åra har FoU-innsatsen i Telenor blitt redusert frå 1,6% av omsetninga til 0,6% av omsetninga. Dette er å gå baklengs inn i ei framtid der kravet til kompetanse og innovasjonsevne stadig aukar. 

Norsk næringsliv brukar mindre på forsking enn gjennomsnittet i OECD. Dette er svært uheldig i ein situasjon der vi står overfor store omstillingsbehov og samfunnsutfordringar som krev kompetanse. Meldinga om statleg eigarskap peika derfor på at verksemder der staten er eigar eller medeigar skal satse offensivt på forsking og utvikling. Den nedtrappinga vi har sett i Telenor, kan vanskeleg kallast ei offensiv satsing.

Alf