Category Archives: Næring og miljø

Har teknologigigantane i USA blitt grådige og sløve?

Donald Trump lanserte nylig AI-prosjektet Statgate med ei finansiering på 500 milliardar dollar, og teknologigigantane i USA flyg høgt på børsen. AI har blitt den store globale snakkisen. Teknologien skal redde verda, eller føre til dommedag, avhengig av kven du lyttar til. Vi har også fått høyre at AI brukar enorme mengder energi og kjølevatn, og at det berre er USA som har den elektronikken som trengs for å lære opp systema.

Men så får vi brått tilgang til eit kinesisk AI-system som ser ut til å ha mange fordelar samanlikna med det vi har sett frå teknologigigantane i USA. DeepSeek som systemet heiter, brukar metodar som krev langt mindre datakapasitet. Dermed er behover for energi og avansert elektronikk redusert. Funksjonaliteten skal vere minst like bra som det dei amerikanske systema kan levere.

Eit anna særtrekk ved det kinesiske systemet er at det er basert på open kildekode. Det inneber ar andre kan bygge vidare på systemet. Samtidig blir det lettare å ettergå algoritmene og etterprøve konklusjonane i DeepSeek.

Dersom vi skal tru media, så har kinesarane utvikla dette systemet på få år og med langt mindre kapital enn det som er brukt av teknologigigantane i USA. Dette fører naturleg nok til at børsen tar til å tvile på dei teknologiselskapa som er knytt til utvikling av AI i USA.

Uansett kva ein meiner om Kina, og det er mamge grunnar til å vere skeptisk, så er reaksjonane på DeepSeek interessante. Har tekgigantane i USA blitt meir opptatt av børsverdien enn av å forske og innovere på andre måtar enn på børsen? Har AI blitt hausa opp til ei boble lik den IT-bobla vi hadde kring årtusenskiftet? Har den teknologiske boikotten av Kina pressa fram innovasjon som griske teknologigigantane ikkje har sett?

Kan det bli positivt for den vidare utviklinga av AI at det no er vist at det er fullt mogeleg å utvikle AI-system utanfor USA, og utan Trump-støtte.

Alf Holmelid

Vi treng konkurransedyktig grøn industri

Vi er inne i ein fase der mange land kjempar for å bygge opp konkurransedyktig grøn industri, og Noreg har gode føresetnader på dette området. Men det er ikkje gitt at det er god næringspolitikk for eit lite land å satse breitt på industriutvikling i alle sektorar som står sentralt i omstillinga til eit klimavenleg samfunn. Dei problema som grøn industri har møtt her i landet i det siste, bør utløyse ein debatt om kva som er god næringspolitikk for omstilling til eit miljøvennleg samfunn.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Spørsmålet er korleis vi skal posisjonere oss i ein situasjon der store tunge aktørar som USA og Kina satsar tungt for å bli dominerande i dei nye grøne marknadene. Volumproduksjon der mange tunge aktørar satsar samtidig, er ikkje alltid det beste utgangspunktet. Det gjeld å finne dei områda der vi kan bygge på vår kompetanse og våre fortrinn i tillegg til å bidra til grøn omstilling nasjonalt og internasjonalt.

Ambisjonane om å etablere store batterifabrikkar her i landet har så langt møtt ein bratt motbakke med teknologiutfordringar og hard konkurranse frå land med omfattande statleg industristøtte. Tida vil vise om det er liv laga. Men batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon av sluttprodukt. Det er også nisjeproduksjon og  leveransar til  ulike deler av verdikjeden for batteri. 

Det grøne skiftet handlar om å redusere utslepp og erstatte fossil energi med miljøvennleg energi. Samtidig handlar det, ikkje minst i Noreg, om å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv for det postfossile samfunnet. Men ikkje all produksjon som er viktig for det miljøvennlege samfunnet, ligg til rette for vellukka næringsutvikling her i landet. Dei økonomiske lovene gjeld også for næringspolitikk for det grøne skiftet. 

Produksjon, lagring og transport av utsleppsfri energi er grunnpilarar i det grøne skiftet. Men grøn industripolitikk må handle om langt meir. All industri må omstillast til nullutslepp og bidra til verdiskaping i eit utsleppsfritt samfunnet. Bransjar som prosessindustri, skipsbygging, IKT, turisme og bygg og anlegg har også sin plass i ein grøn næringspolitikk som skal sikre arbeidsplassar og verdiskaping.

Å bidra til det grøne skiftet er ikkje nokon garanti for kommersiell suksess.  Det er mange andre forhold som må falle på plass for å sikre langsiktig konkurransekraft og verdiskaping. No står vi i tillegg overfor store utfordringar som er skapt av ein turbulent geopolitisk situasjon med fare for handelskrig. I ein slik situasjon er det vanskeleg å komme utanom risiko for å feile.

Då norsk industri for om lag femti år sidan fekk krav om å redusere utslepp til luft og vatn, så tok bedriftene utfordringa og satsa på teknologiutvikling med statleg støtte. Her i regionen stod prosessindustrien sentralt i denne omstillinga. Resultatet blei ein konkurransedyktig industri med verdsleiande teknologi. 

No står vi overfor ei større omstilling. Vi skal bygge industri for ei framtid utan klimautslepp. Det vil kreve ein aktiv stat som kan samarbeidet med næringslivet for å bygge opp nye satsingar i ein turbulent konkurransesituasjon. Men også grøn industrien må etter kvart vere konkurransedyktig og bidra til fellesskapet.

Alf Holmelid

Dette innlegget er basert på eit tidlegare blogginnlegg og er publisert i Fædrelandsvennen i dag 17. juni.

Vi treng ein debatt om grøn industripolitikk

Grøn industripolitikk er ein viktig del av det grøne skiftet. Men det er ikkje gitt at det er god næringspolitikk å satse breitt på industriutvikling i alle sektorar som står sentralt i omstillinga til eit klimavenleg samfunn. Ikkje all grøn omstilling er eit like godt utgangspunkt for grøn næringsutvikling i ein internasjonal marknad. Dei problema som grøn industri har møtt i det siste, bør utløyse ein debatt om kva som er god næringspolitikk for omstilling til eit miljøvennleg samfunn.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Spørsmålet er korleis vi skal posisjonere oss i ein situasjon der store tunge aktørar som USA og Kina satsar tungt for å bli dominerande i dei nye grøne marknadene. Volumproduksjon av produkt som mange tunge aktørar satsar på samtidig, er ikkje alltid det beste utgangspunktet. Det gjeld å finne dei områda der vi kan bygge på vår kompetanse og våre fortrinn i tillegg til å bidra til grøn omstilling nasjonalt og internasjonalt.

Ambisjonane om å etablere store batterifabrikkar her i landet har så langt møtt ein bratt motbakke med teknologiutfordringar og hard konkurranse frå land med omfattande statleg industristøtte. Men batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon med importert teknologi. Det er også nisjeproduksjon, for eksempel Kristiansand-firmaet Pixii som leverer teknologi for overføring av straum frå nett til batteri og tilbake. 

Det grøne skiftet handlar om å erstatte fossil energi med miljøvennleg energi. Samtidig handlar det, ikkje minst i Noreg, om å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv for det postfossile samfunnet. Men ikkje all produksjon som er viktig for det miljøvennlege samfunnet, ligg til rette for vellukka næringsutvikling her i landet. Dei økonomiske lovene gjeld også for næringspolitikk for det grøne skiftet. 

Produksjon og lagring av utsleppsfri energi er grunnpilarar i det grøne skiftet. Men grøn industripolitikk må handle om meir. All industri må omstillast til nullutslepp og bidra til verdiskaping i eit utsleppsfritt samfunnet. Bransjar som prosessindustri, skipsbygging, IKT, turisme og bygg og anlegg har også sin plass i ein grøn næringspolitikk som skal sikre arbeidsplassar og verdiskaping.

Å bidra til det grøne skiftet er ikkje nokon garanti for kommersiell suksess.  Med dagens økonomiske system er det mange andre ting som må falle på plass for å sikre langsiktig konkurransekraft og verdiskaping. No står vi i tillegg overfor store utfordringar som er skapt av ein turbulent geopolitisk situasjon med fare for handelskrig.

Grøn næringsutvikling er i startfasen, og siste ord om batterisatsinga er ikkje sagt. Vi treng  ein debatt om korleis vi skal legge til rette for industri som både er grønog konkurransedyktig. Å bidra til det grøne skiftet er ein nødvendig, men ikkje ein tilstrekkeleg føresetnad for å utvikle ny levedyktig industri. Det grøne skiftet treng ein aktiv næringspolitikk med risikoavlastning i startfasen. Men også grøn industrien må etter kvart vere konkurransedyktig og bidra til fellesskapet.

Alf Holmelid

Aukande forskjellar er ein fare for klimaet

Skal vi klare å nå klimamåla våre, må vi skape brei støtte for nødvendige tiltak. Då treng vi eit samfunn med moderate forskjellar der byrdene blir nokolunde rettferdig fordelt. Men utviklinga går diverre i feil retning. Dei økonomiske forskjellane aukar, og klimaengasjementet blir redusert her i landet. På toppen av det heile er det slik at dei rike forureinar mest. Kampen for moderate forskjellar og rettferdig fordeling er derfor sjølve grunnlaget for ein vellukka klimapolitikk.

Nyleg la Klimautvalet 2050 fram sin rapport som viser kor store endringar som må til for at vi skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Dei fleste sektorane må få klimaavtrykket ned mot null. Det vil krevje ei brei omstilling av heile samfunnet, og det kan få konsekvensar for folks økonomi og daglegliv. Skal vi få folkeleg støtte til nødvendige tiltak, må folk kunne stole på at alle bidrar etter evne og får sin del av gode og byrder. Her ligg den største utfordringa for klimapolitikken – ei utfordring som dei fleste hoppar lett over.

Økonomisk teori seier at avgifter er eit effektivt middel for å påverke handlingane til folk, noko vi ofte gjer oss bruk av i miljøpolitikken. Økonomar er også opptatt av at vi må unngå å tukle med prismekanismane. Samla sett kan dette få store negative fordelingseffektar. Dei som har lite frå før, blir ofte hardast råka. Klimautvalet 2050 foreslår at fordelingsproblema primært må løysast med skattepolitikk. Men er det realistisk i dagens økonomiske og politiske landskap?

Er det mogeleg å få gjennomslag for eit skatteopplegg som er så omfordelande at det kompenserer for negative fordelingseffektar av klimatiltak i tillegg til dei altfor store forskjellane vi har i utgangspunktet? Alt i dag er det mange som klagar på at dei med god og svært god økonomi må betale for mykje skatt. Finanspolitikkutvalet som nyleg la fram si innstilling, er heller ikkje opptatt av å utvikle eit skattesystem med kraftigare omfordeling. Dei etterlyser tvert i mot lågare skatt.

I det siste har vi fått fleire offentlege rapportar om energi, klima og finans. Alle optimaliserer sine mål, men ingen tar ansvaret for dei samla konsekvensane for borgarane og for dei fordelingspolitiske effektane. Finanspolitikkutvalet er opptatt av at vi må ha ein effektiv klimapolitikk. Det er vel og bra. Men kva skjer om forskjellane blir så store at sentrale deler av dei «effektive» tiltaka misser legitimitet?

Dersom vi ikkje klarer å kombinere miljøpolitikken med ein offensiv fordelingspolitikk, så spelar vi korta i hendene på Klimarealistane som avviser klimaproblema og kjempar i mot klimatiltak. Då denne organisasjonen nyleg fekk ny leiar, sende dei ut ei pressemelding om at dei vil endre kommunikasjonsstrategien. Dei vil legge større vekt på økonomi og påstanden om at klimatiltaka vil føre til redusert levestandard. For å imøtegå denne argumentasjonen treng vi ein fordelingspolitikk som viser at vi vil løfte i flokk.

I media kan vi ofte få intrykk av at dei som har god økonomi, er dei flinkaste til å ta vare på klimaet. Men nyare forsking viser noko heilt anna. Dei ti prosent rikaste i europeiske land har det same klimaavtrykket som dei femti prosent med lågast inntekt. Omfordeling er ikkje berre viktig for å få støtte til klimatiltak. Det har også direkte konsekvensar for klimaavtrykket. Færre rike gir mindre klimautslepp.

Vi er inne i ei tid med aukande forskjellar. Fleire slit økonomisk, og eigarane tar ein stadig større del av verdiskapinga. Samtidig vil den grøne omstillinga krevje omfattande samfunnsendringar. I mange land i Europa er det opprør mot forskjellssamfunnet, og klimapolitikken får gjerne skulda, ofte utan grunn. Spørsmålet er om vi kan møte denne utfordringa berre med å justere litt på skattesatsane. Kanskje er det på tide å få ein meir grunnleggande diskusjon om fordelingspolitikk. Vi bør vurdere kontantoverføringar, reguleringar og inngrep i marknader i tillegg til skattepolitikk.

Kampen for rettferdig fordeling er kanskje den viktigaste klimakampen i våre dagar. Klarer vi ikkje å stagge dei aukande forskjellane, så blir det eit problem både for folkestyret og det grøne skiftet.

Alf Holmelid

Kunnskap om prosessindustrien må inn i analysen

Kraftprodusentane i EU betalar for CO2-kvotar. Det fører til auka kraftpris som smittar til norsk vasskraft sjølv om den er utsleppsfri. For å unngå at industrien flyttar ut til land med langt større klimautslepp i produksjonen (karbonlekkasje), så får norsk prosessindustri kompensert for deler av denne prissmitten. Det er eit system som er tillatt i EU/EØS.

No har medlemmar i Finanspolitikkutvalet rykka ut med eit kraftig angrep på denne ordninga. Dei meiner den har mange uheldige verknader og må avskaffast. Argumenta deira er nok i samsvar med klassisk økonomisk teori. Men eg saknar ei drøfting som i større grad ser konkret på dagens situasjon i prosessindustrien som dette gjeld.

I det omtalte innlegget hevdar skribentane at subsidiering av kraftpris vil føre til sløsing med energi og meir klimautslepp. Det er klassisk økonomisk teori. Men vi bør også sjå på realitetane. Norsk prosessindustri ligg i tetskiktet når det gjeld å utvikle teknologi for mindre energiforbruk og klimautslepp, trass i at vi har hatt låge kraftprisar. Gjennom teknologieksport fører det også til reduserte utslepp i andre land.

Det blir hevda at subsidieringa av norsk kraft vil motverke at andre land utanfor EU innfører karbonavgifter for å få ned klimautsleppa. Det stemmer nok også med teorien. Men realitetane er at det er lite tungindustri igjen i Europa, så det er vanskeleg å sjå at europeisk industri legg premissane for internasjonal prosessindustri.

Økonomane bak innlegget er kritiske til å subsidiere kraftprisane. Vi må la marknaden verke for å skaffe balanse. Dette er nærmast grunnsteinen i økonomisk teori. Men er kraftmarknaden ein normal marknad? Det tar år, kanskje tiår, frå vi får signal i marknaden til ny kraft er på plass. Slik sett nærmar krafta seg ein infrastruktur, samtidig som dagens kraftmarknad er svært så flyktig.

Medlemmane av utvalet nemner heller ikkje at ESA påla Noreg å subsidiere også eigenprodusert kraft. For ein som ikkje er økonom, verkar det litt underleg å betale priskompensasjon for prissmitte på kraft som ikkje blir påverka av prissmitte.

Den auka prissmitten og dei høge kraftprisane fører til at ordninga blir svært kostbar. Rett nok har staten tilsvarande store inntekter på høge kraftprisar. Det er like vel forståeleg at ordninga kjem under debatt, men vi treng ein debatt som tar opp i seg kunnskap om norsk prosessindustri.

For å få ned kostnadene kan vi starte med å utfordre ESA på kravet om å subsidiere eigenprodusert kraft. Vidare burde vi i større grad stille klima- og miljøkrav som vilkår for CO2-kompensasjon.

Alf Holmelid

Grøn industri er meir enn batteri og hydrogen

Skal vi omstille oss bort i frå fossil energi slik det er slått fast i slutterklæringa frå COP28, så treng vi å kunne lagre og transportere energi. Produksjon av batteri og hydrogen er derfor viktige fundament for denne omstillinga. Men ein grøn næringspolitikk må omfatte langt meir enn energilagring. Eit lite land som Noreg må finne sin plass i dei framveksande grøne marknadene. Volumproduksjon av produkt som mange land satsar på samtidig, er ikkje alltid det optimale.

Prosessindustrien har solide tradisjonar i Noreg. Den produserer blant anna materiale som inngår i batteri, så det er ikkje unaturleg å satse på batteriproduksjon her i landet. Men batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon. Vi bør også tenkje på nisjar og produkt som inngår i produksjonen slik Elkem har gjort med spesialisert grafitt til anodar. Ein slik strategi der ein leverer til mange produsentar av batteri, gjer den nye grøne industrien mindre sårbar. 

Eit anna eksempel er Kristiansand-firmaet Pixii som leverer teknologi for overføring av straum frå nett til batteri og tilbake. I haust fekk selskapet Deloittes pris for raskast veksande teknologiselskap i Noreg. Pixii har no 100 tilsette og kontor i fleire land. Slike intelligente styringssystem vil vi trenge mange av i eit straumnettet med store mengder fornybar energi som ikkje er kan styrast.

Grønt hydrogen frå fornybar energi er viktig for det grøne skiftet. Hydrogen kan erstatte karbon ved framstilling av ein del metall, blant anna jern. Transportsektoren treng også hydrogen eller ammoniakk frå hydrogen for å nå målet om nullutslepp. Hydrogen har også den fordelen at produksjonen kan tilpassast varierande tilgang på fornybar energi. Produksjon av grøn hydrogen her i landet bør sjåast i samanheng med ein strategi for utvikling av aktuelle bruksområde. Stabilmasseproduksjon av hydrogen for eksport gir lite arbeidsplassar samanlikna med alternativ brukav den elektriske krafta.

Produksjon og lagring av utsleppsfri energi er grunnpilarar i det grøne skiftet. Men vi har lett for ågløyme at ein grøn industripolitikk må handle om langt meir. All industri må omstillast til nullutslepp. Ikkje minst prosessindustri og bygg og anlegg må utvikle teknologi for å fjerne utslepp. Det er nødvendig for å nå klimamåla våre og er langt på veg like viktig som å utvikle utsleppsfri energiproduksjon.

Når all industri skal bli utsleppsfri, må vi etter kvart komme bort i frå å snakke om grøn industri i motsetning til anna industri. Ein grøn industripolitikk kan ikkje berre handle om produksjon og lagring av fornybar energi. Den må omfatte all industri og kombinere kravet om nullutslepp med strategi for konkurransekraft og lønsemd. Dei tradisjonelle utfordringane for industrien blir ikkje borte med det grøne skiftet.

Omlegging til utsleppsfri industri er eit stort felles løft for samfunnet. Det vil krevje statleg risikoavlastning i form av lån og offentleg eigarskap. Men det må ikkje overskygge at også den utsleppsfrie industrien må bidra positivt til fellesskapet over tid. Det er den vi skal leve av i framtida. Vi må finne vår plass og våre konkurransefortrinn i dei verdikjedene som utviklar seg. Det kan vere krevjande i ein situasjon der mange land satsar samtidig, gjerne med betydeleg statleg støtte.

God tilgang på elektrisk kraft til moderate prisar har vore ein hjørnestein i norsk industripolitikk. Energipolitikken er ikkje mindre viktig når vi skal omstille bort i frå fossil energi. Det er ikkje nok å seie meir av alt. Vi treng meir fornybar kraft, men det er lite som tyder på at det åleine vil sikre stabile konkurransedyktige prisar. Skal regjeringa klare å utvikle ein truverdig industripolitikk og vinne neste val, så må den ta kontroll over kraftprisane og lage ein strategi for prioritering av dei miljøvennlege kraftressursane våre. 

Vi må satse og ta posisjonar i dei nye grøne marknadene dersom vi vil legge til rette for ein levedyktig industri i samsvar med krava frå COP28. Men vi må unngå å bygge ein einsidig og sårbar industristruktur.

Alf Holmelid

Innlegget blei publisert i Fædrelandsvennen 4. januar.

Svakt om fordeling frå Klimautvalet

Dei siste tretti åra har vi redusert utsleppet av klimagassar her i landet med om lag to millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dei neste tretti åra må vi redusere utsleppa med ytterlegare 45 millionar tonn, dersom vi skal innfri vedtekne klimamål. Vi må fjerne 90% av dagens utslepp, noko som vil krevje ein heilt annan innsats enn vi har sett hittil. Heile samfunnet må igjennom ei omfattande omstilling. Eit regjeringsoppnemnt utval, Klimautvalet, la nyleg fram ein rapport om kva som må til for å komme i mål med ei så omfattande omstilling.

Utvalet startar med målet. Dei har sett på kva utsleppskjelder det vil vere rom for i 2050 dersom det totale utsleppet av klimagassar skal ligge innafor dei vedtekne klimamåla. Vidare har dei sett på kor vanskeleg det er å redusere utsleppa i ulike sektorar. Utvalet konstaterer at det er avgrensa kor mykje ein kan redusere utsleppa frå matvareproduksjon. Det er også vanskeleg å bli kvitt alle utsleppa frå oljeutvinning. 

Desse to utsleppskjeldene åleine kan overstige målet på 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Matproduksjon må vi ha. Derfor har utvalet foreslått ein pause i leiting etter olje og gass inntil regjeringa har laga ein langtidsplan for nedtrapping av oljeaktiviteten. Andre område enn desse to sektorane må fjerne praktisk talt alle utslepp. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved slike rekneeksempel. Men det viser kor krevjande det vil bli å nå dei vedtekne måla for 2050.

Vi har mykje av den teknologien som trengs for å komme bort i frå fossil energi. Men Klimautvalet peikar på at kompetanse, fornybar energi og areal er avgrensa ressursar. Arealdisponering har ein sentral plass i rapporten. Riktig arealdisponering reduserer klimautslepp og sikrar biologiskemangfald. Vi får stadig ny kunnskap om kor viktig ulike arealtypar både på land og under vatn er for opptak og lagring av klimagassar. Utvalet tilrår blant anna strengare nasjonale retningsliner for den kommunale arealforvaltninga. 

Tilstrekkeleg tilgang på fornybar energi er heilt avgjerande for å nå klimamåla. Vi treng fornybar energi for å erstatte fossil energi til oppvarming, transport og drift av maskiner. På tross av at vi har mykje vasskraft, så er om lag halvparten av energiforbruket her i landet framleis fossilt. I tillegg har vi ei utfordring med prosessutslepp frå prosessindustri. Norsk industri har gjennomført store utsleppsreduksjonar. Men for å redusere prosessutsleppa ytterlegare vil det bli behov for store mengder fornybar energi.

Det er mange ulike syn på kor mykje fornybar energi vi treng i 2050. Prognosane avheng blant anna av politiske val når det gjeld ny grøn industri og energisparing. Utvalet peikar på at låge prisar på fornybar energi kan føre til raskare overgang til fornybarteknologi. Men på den andre sida kan låge prisar føre til mindre energisparing og større press på naturen. Utvalet konkluderer med at låge energipriser ikkje bør vere eit hovedmål for energipolitikken. Her saknar eg ei nærare drøfting av samfunnsverdien av stabile og moderate energiprisar og fordelingseffekten av høge prisar.

Klimautvalet konkluderer med at eventuelle negative fordelingseffektar av klimapolitikken i hovudsak bør handterast gjennom skattesystemet og velferdsordningane. Her gjer utvalet det litt for lett for seg. Fordelingspolitikken er ein av dei store snublesteinane i klimapolitikken. Vi ser aukande bruk av avgifter både i klimapolitikken og på andre område. Spørsmålet er om skattesystemet i tilstrekkeleg grad kan rette opp dei negative fordelingseffektane av denne utviklinga. Alt i dag at det vanskeleg å få gjennomslag for eit skatteopplegg som kan hindre at dei økonomiske forskjellane aukar.

Utvalet etterlyser ei grundig analyse av fordelingseffekten av klimapolitikken. Det er på overtid. Vi treng både analyse og forslag til tiltak dersom klimapolitikken skal få brei støtte. Klimautvalet drøfter bruk av reguleringar, men legg hovudvekta på avgifter. Dei er også innom kontantutbetalingar som karbonavgift til fordeling (KAF), men utan å løfte det fram som eit aktuelt tiltak.

Rapporten frå Klimautvalet gir god innsikt i den store oppgåva som ligg framfor oss. Den bør lesast av alle som ønskjer å engasjere seg i klimadebatten. Men utvalet tar for lett på den største utfordringa som er tiltak for å unngå negative fordelingseffektar.

Alf Holmelid

Kronikken er publisert i Fædrelandsvennen i dag.

Kunnskap om havet er kritisk for havvind

Nyleg kunne vi lese i Fædrelandsvennen at det blir etablert eit nasjonalt kompetansesenter for havvind i Kristiansand. Sørlandet har verdsleiande kompetanse på offshore teknologi, så senteret har gode føresetnader for å spele ei viktig rolle på dette området. Men den mest kritiske  og minst utvikla kompetansen for utbygging av havvind er innsikt i miljøkonsekvensane. Eit nasjonalt senter for havvind må derfor ha gode planar for utvikling av relevant miljøkompetanse dersom det skal bidra til ei berekraftig utvikling av offshore vindenergi.

Både Universitetet i Agder og næringslivet på Sørlandet har ein sterk posisjon innan offshoreteknologi. Regionen er kjend for godt samarbeid mellom akademia, næringslivet og offentleg sektor. Eit senter her har potensiale til å løfte fram ny teknologi og få ned kostnadene for produksjon av fornybar energi som er ein ettertrakta og knapp ressurs. Det kan bli eit verdifullt nav i  vidareutvikling av teknologi  og næringsliv på Sørlandet

Offshoreteknologi er ein viktig basis for offshore energiproduksjon. Men  teknologi er ikkje det mest kritiske for satsing på havvind. Den største utfordringa er å redusere dei negative konsekvensane for naturen og for andre næringar. Feilar vi her, kan det få alvorlege konsekvensar og føre til redusert legitimiteten for havvind og for det grøne skiftet meir generelt.

Vindkraft er hausting av naturen, og vi må ha god kunnskap om havet for å få eit godt resultat med så små skadeverknader som mogeleg. Vi må ha innsikt i vindforhold, fugletrekk, gyteområde, fiskeplassar og marine økosystem. Tekniske feil og manglar kan rettast opp. Men utbygging utan tilstrekkeleg kunnskap om natur og økosystem kan føre til varig skade. Det hastar med å bygge opp kunnskap som kan bidra til å minimalisere dei negative effektane av energiproduksjonen.

Kompetansen på offshoreteknologi har blitt utvikla over lang tid, først innan offshore oljeutvinning og så innan havvind. Men vi har ikkje hatt den same utviklinga for forsking på miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Havforskingsinstituttet er det tyngste fagmiljøet på dette området her i landet. Dei skriv på sine nettsider at vi har mangelfull kunnskap om konsekvensane for det marine økosystemet. Vi treng meir empirisk forsking på fleire områd. Både utbygging og drift av vindparkar har konsekvensar som må studerast nærare. 

Etter at vi fekk rapporten om mogelege område for havvind, har vi sett ein gryande debatt om denne satsinga. Mange er usikre på kva dei skal meine om offshore vindenergi. Dersom vi skal få ein god og kunnskapsbasert offentleg samtale om denne utviklinga, så treng vi allment anerkjent kunnskap om dei miljømessoge konsekvensane. Utan eit slikt faktagrunnlag kan vi få eit høgt konfliktnivå og gjere dårlege val. 

Solid kunnskap om miljøkonsekvensar er heilt grunnleggande for arbeidet med havvind. Vi har leiande teknologikompetanse på Sørlandet. Men står vi like sterkt når det gjeld kunnskap om konsekvensar for miljø og fiskeri? Eit nasjonalt kompetansesenter for havvind kan ikkje sjå bort i frå arbeidet med å utvikle relevant miljøkompetanse.

Leiinga i det nye senteret bør svare på korleis dei vil utvikle nødvendig kunnskap om miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Vil senteret bygge opp eigen kompetanse eller etablere nært samarbeid med andre fagmiljø også utanfor eigen region? Vil senteret legge press på sentrale styresmakter for å auke forskinga på dette området som er så kritisk for utvikling av havvind?

Alf Holmelid

Kvar blei det av kraftopposisjonen i AP?

Fråsegna om energipolitikk frå landsmøtet i AP blir oppsummert i fem punkt:
1. Sikre tilstrekkelige mengder med rimelig energi slik at fornybar energi fortsatt blir et konkurransefortrinn for norsk industri og næringsliv og gir trygghet for norske husholdninger.
2. Energiressursene skal eies av fellesskapet og komme hele landet til gode.
3. En storstilt satsning på energieffektivisering som sikrer en rettferdig omstilling der alle får delta. 
4. Strømnettet må forsterkes over hele landet, og utbyggingen foregå så raskt at vi sikrer nett i tide. 
5. Sameksistens mellom natur, øvrige næringer, folk og lokalsamfunn må ivaretas. 

1. Lovnaden om kraftpris er ikkje truverdig
Fråsegna lovar rimelege kraftprisar. Tiltaket er massiv utbygging av offshore vindkraft. Men dette tiltaket vil i liten grad redusere prissmitten frå Europa. I følgje NVE må vi eksportere opp mot 40 TWh elektrisk kraft for å frikople oss frå kraftprisen i dei landa som vi utvekslar kraft med. 
Det er lite realistisk å klare å auke krafteksporten så mykje når vi samtidig må skaffe meir kraft til innanlands forbruk for avkarbonisering og industriutvikling. I tillegg veit vi at kraftbransjen ønskjer hybridkablar for å få lønsemd i satsinga på havvind. Det vil styrke koplinga til prisane i andre enden av kabelen.

2. Uklart kva AP meiner med punktet om eigarskap som skal komme alle til gode
Utsagnet om eigarskap ei erklæring utan reelt innhald. For det første viser dagens situasjon at det ikkje er nok å eige krafta. Vasskrafta er offentleg eigd, men når marknadskreftene får råde, kjem ikkje krafta folk og industri til gode – utover at stat og kommune får auka inntekter. For det andre seier ikkje fråsegna noko om kva AP legg i at fellesskapet skal eige energiressursane når det gjeld vindkraft. Partiet har så langt gått i mot at vi skal ha same krav til offentleg eigarskap i vindparkar som i vasskraftverk.

3. Gode intensjonar om energisparing
Her har AP fått med to sentrale punkt. Partiet vil pålegge ENOVA å gi støtte også til moden teknologi. ENOVA har så langt prioritert å gi støtte som kan  bidar til teknologiutvikling. Det er vel og bra. Men dersom vi skal få opp volumet på energisparinga og få folk flest med på sparetiltaka, så må vi også satse på kjent teknologi. 
Det andre viktige punktet i omtalen av energisparing, er sosial profil på støtta slik alle kan ha råd til å delta i denne dugnaden. Her må det leggast midlar på bordet, og ENOVA må få klar styringsimstruks. Enova har gjort ein god jobb for industrien, men satsinga på boligar har ikkje tatt opp i seg dei to poenga som AP løftar fram.

5 Har vi nok kunnskap om sameksistens med natur og andre næringar?
Dette er eit viktig punkt. Men spørsmålet er om dei ambisiøse tempoplanane for kraftutbygging kan føre til at desse omsyna må vike. Havforskingsinstituttet har peika på at vi har for lite kunnskap om dei marine økosystema. Her burde AP vore tydlege på at vi må satse på forsking og legge føre var prinsippet til grunn for havvindsatsinga.

Svakt om politisk styring
Fråsegna lovar sterkare politisk styring. Men den seier lite om kva det inneber. Det er vanskeleg å finne noko anna enn marknadsstyring. Riktig nok er der uforpliktande formuleringar om å utforske handlingsrommet i EØS-avtalen og få til ei opprydding i straumsalsbransjen. Men det kan knapt kallast noko nyorientering for sterkare politisk styring.

Det aller meste blir som før
Konklusjonen må bli at det aller meste blir som før landsmøtet, kanskje med unntak av litt meir satsing på energisparing. Det er overraskande at dei som har kravd sterkare politisk styring og konkrete tiltak for å få kontroll på kraftprisen også for industrien, let seg avfeie så lett.

Alf Holmelid

Klimatoll – kva vil det bety for norsk prosessindustri?

EU har vedtatt å gradvis innføre ein klimatoll som dei kallar klimaavgift. Klimatoll er ein god tanke. Dei som produserer varer med høgt klimautslepp, må betale toll ved import. På den måten unngår ein at varer som er produsert med høge utslepp, utkonkurrerer innanlandsk miljøvennleg produksjon.

Hittil har ein brukt gratis klimakvotar og CO2-kompensasjon for å unngå at prosessindustrien flaggar ut. Tanken er å fase ut desse verkemidla når klimatollen blir innført.

Klimatoll vil gjere det lettare for prosessindustrien å konkurrere på den innanlandske marknaden, altså innafor tollgrensene til EU. Men kva med eksport til andre land dersom det berre er EU som innfører karbontoll, og dersom dei andre verkemidla mot karbonlekkasje blir fjerna?

Det er ikkje avklart om klimatollen er EØS-relevant. Dersom den ikkje er det, så vil vi bli vurdert opp mot reglane for karbontoll. Truleg vil norske bedrifter sleppe unna sidan vi har rein produksjon. Men norsk prosessindustri eksporterer også til land utanfor EU. Spørsmålet er korleis det går med konkurransekrafta i forhold til resten av verda dersom systemet med gratis klimakvotar i det europeiske systemet (EUETS) som vi er ein del av, blir avvikla. Det er også eit spørsmål om CO2-kompensasjon må avviklast.

Dersom det viser seg at klimakvoteordninga er EØS-relevant, så kjem vi på innsida av systemet og kan eksportere til EU-land som før. Men konkurransen med andre land blir vanskeleg dersom gratiskvotar og CO2-kompensasjon blir avvikla.

Vi har høyrt lite frå bransjen om deira syn på klimatoll til erstatning for dagens tiltak mot karbonlekkasje.