SV krev grønt og framtidsretta statleg eigarskap

I haust startar arbeidet med ei ny stortingsmelding om korleis staten skal forvalte eigarskapet i heil- og deleigde bedrifter. Statleg eigarskap må ha langsiktige strategiske mål. Eit av dei måla det er brei semje om her i landet, er sterkare satsing på miljøvennleg energi. Samtidig har det komme nye rapportar som viser at norsk økonomi er altfor oljeavhengig. Vi må starte omlegginga no for å unngå meir dramatiske omstillingar om noko år. Dette perspektivet må stå sentralt i den nye eigarskapsmeldinga.

Det internasjonale energibyrået, IEA,  har lagt fram oppdaterte tal for satsing på fornybar energi fram mot 2050, og byrået forventar store investeringar. Tjuefem tusen vindmøller årleg, åttifem store karbonfangstprosjekt kvart år og store investeringar i solenergi og miljøvennleg transport er berre nokre eksempel. Dette er ei nødvendig utvikling dersom vi skal ta vare på klimaet, men det skaper også nye marknader som energilandet Noreg bør ta sin del av. Dei statlege energiselskapa Statkraft og Statoil må ta eit særleg ansvar her.

Marknaden for leveransar til offshore vindmøller er i sterk vekst. Den omfattar offshore utstyr og tenester som norsk leverandør- og verftsindustri har spisskompetanse på. I tillegg til installasjonar til havs, er det behov for spesialskip. Berre i Europa kan det i 2020 vere behov for fleire tital fartøy for montasje og vedlikehald av botnfaste havvindmøller.  Men det er mange om beinet, og det hastar med  å ta ein posisjon i den nye marknaden. Dersom vi ikkje får ei gradvis omstilling når fornybarsektoren er i vekst, vil vi bli stilt overfor lang meir krevjande omstillingar og nedbygging av industrien om ein del år.

Statoil har vore med på å utvikla dagens leverandørindustri, og selskapet har bygd seg opp på fossil energi. Med den kompetansen og dei ressursane som er bygd opp, bør selskapet ha potensial til å ta ein posisjon innan miljøvennleg energi og gå frå oljeselskap til energiselskap. Det er viktig for utviklinga av eit meir klimavennleg samfunn, og det vil bidra til å sikre høgteknologiske industriarbeidsplassar ved ei gradvis omstilling. Statoil har engasjert seg i eit prosjekt innan offshore vind. Men leiinga i selskapet har i debattar vist lita interesse for ein diskusjon om sterkare engasjement innan miljøvennleg energi. Det er derfor viktig at eigarane drar opp den langsiktige strategien for selskapet med basis i overordna mål for klima- og industripolitikk.

Statkraft har også ei viktig rolle i norsk energipolitikk. I den gjeldande eigarskapsmeldinga er det lagt vekt på at selskapet skal utvikle seg innan miljøvennleg energi og ny fornybar energi. Denne føringa blei styrka då eigarskapsmeldinga blei behandla i Stortinget. Like vel har vi sett at Statkraft satsar tungt på gasskraft i Tyskland. I det siste har vi jamvel fått melding om at selskapet vil trappe ned sitt engasjement innan ny fornybar energi og konsolidere sin posisjon i gass. I tillegg til klimaperspektivet er dette uheldig i forhold til den industrielle kompetansen innan solenergi som har vakse fram her i landet. Den nye eigarskapsmeldinga må derfor vere tydeleg på kva som ligg i forventningane om at Statkraft skal vere leiande innan miljøvennleg energi. Statnett har også ei viktig rolle i energisektoren. Eigarskapsmeldinga må legge grunnlag for ei samordning av det statlege engasjementet.

Med unntak av FrP er det brei politisk semje om å redusere klimagassutsleppa og satse på miljøvennleg energi. Samtidig er det stadig fleire som innser at det er lite berekraftig å vere så einsidig avhengig av oljeøkonomien.  Vi må derfor bruke den planlagde gjennomgangen av eigarskapsmeldinga til å styrke satsinga på fornybar energi og miljøteknologi. Det vil tene miljøet, og det vil trygge arbeidsplassane. Her som så ofte elles har miljøbevegelsen og fagbevegelsen felles interesser.

Alf Holmelid
Medlem av Næringskomiteen
Jan Olav Andersen
Faglig leiar i SV og forhandlingsleiar i El&IT Forbundet

Vil Hagen utarme norsk industri?

Elkem har lange industrielle tradisjonar og har gang etter gang vist evne til innovasjon. Elkem forsking i Kristiansand har spela ei sentral rolle i denne utviklinga. Her blei Søderbergelektroden utvikla for snart hundre år sidan. Her blei filterteknologien for ferrolegeringsverk utvikla, og eit plagsamt utslepp blei til microsilica, eit høgverdig produkt som har revolusjonert betongteknologien. Og her er ein i ferd med å utvikle ein ny meir energieffektiv aluminiumsprosess.

Sidan åttiåra har Elkem i Kristiansand også forska på høgreint silisium til bruk i solseller, og i fjor var det oppstart av ein ny fabrikk basert på denne teknologien. I ein tidleg fase blei denne forskinga blant anna finansiert av oljeselskap som fekk konsesjon i Nordsjøen. Svært mange av dei som i dag har ein posisjon i norsk solselleindustri, har sin bakgrunn frå Elkem.

Elkem forsking som no er splitta opp og delvis lagt inn under Elkem Solar, er eit heilt unikt teknologisk miljø i internasjonal samanheng. Det er berre eit par andre stader i verda ein har erfaring og utstyr til å utvikle høgtemperatur prosessar for materialframstilling. I ein situasjon der norsk industri treng innovasjon, og der verda treng nye materiale tilpassa klimasamfunnet, er det svært uheldig at denne type teknologimiljø blir utarma. Men det er nettopp det som skjer.

No går Stein Erik Hagen ut og annonserer at Orkla kan tenkje seg å selje seg ut av Elkem. Det treng i og for seg ikkje vere noko katastrofe. Men Elkem sine musklar for vidare utvikling er svekka under Orkla sitt regime. Blant anna er eigardelane i aluminium som gav gode inntekter til Elkem, selt ut av konsernet. Dermed har Elkem mindre styrke til å vidareutvikle seg innan solseller og andre høgteknologiske produkt.  Utan ein langsiktig strategisk eigar vil Elkem stå overfor store utfordringar. Eit innovativt industrielt miljø med potensiale til å utvikle nye produkt og skape nye arbeidsplassar kan få ei vanskeleg framtid.

Alf

Reker, solceller og avfall

Då eg begynte på minn første jobb etter ferdig utdanning, sa sjefen min: Du må komme deg ut på labben og få litt olje på fingrane dersom du skal bli ein god ingeniør og forskar. Dette er eit godt råd også for politikarar. Derfor har eg hatt ”sommarjobb” på tre arbeidsplassar no i sommar.

Siste arbeidsdag var eg på ein liten reketrålar. Fiske er ikkje ei stor næring på Sørlandet, men den legg basis for omsetning av reker og fersk fisk som er kortreist mat. Sørlandet ville ha vore fattigare utan ferske reker. Vi hadde gode diskusjonar om dei nye forskriftene som er på trappene. Det er viktig å ta vare på fiskestammane, spesielt kysttorsken, men samtidig er det viktig at forskriftene tar omsyn til yrkesfiskarane  utan å gå på akkord med kravet om brekraft.  Vi fekk også presentert eit eksempel på byråkratisering. No er også dei minste reketrålarane slik den eg var med, klassifisert som industritrålar fordi dei kokar rekene om bord. Kan det vere praktisk å ha desse små fartøya i same klasse som store havgåande fabrikkskip?

Dei første to dagane var eg på Metallkraft, ei spennande bedrift som oppgraderer avfall frå solcelleproduksjon. Der fekk eg innsikt i dei utfordringane ein møter når ein skal utvikle heilt nye prosessar. Samtidig hadde vi gode diskusjonar om korleis vi må endre dei statlege støtteordningane for å få fart i satsinga på grøn industri. Dette er synspunkt eg vil ta med tilbake til arbeidet på Stortinget . Det var interessant å registrere at leiinga ved bedrifta langt på veg hadde samanfallande synspunkt med det eg har kjempa for.

Dei neste to dagane var eg på Returkraft. Her blir restavfall til elektrisk straum og varmt vatn til fjernvarmeanlegg. Eg har hatt store deler av mitt yrkesaktive liv i industrien, men eg blei imponert over kompleksiteten i anlegget. Her er det både forbrenning, turbin/generator og fleire reinsetrinn. Dei fleste operatørane kom frå andre prosessbedrifter i Agder. Vi har lett for å gløyme det store potensiale som ligg i det breie prosessindustrimiljøet på Agder.

Tøffare krav til oppdrettsnæringa

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at bruken av kjemikaliar i kampen mot lakselus formelig har eksplodert, frå 218 kilo i 2008 til over 5 tonn i 2009. Det aller meste er plantevernmiddel som blir blanda i fiskeforet. Dette kan ikkje halde fram. Næringa må innsjå at den må ta eit krafttak for å gjere norsk fiskeoppdrett berekraftig.  Dagens situasjon er ein trussel mot villaksen og miljøet. Dersom ikkje næringa tar eit krafttak no, vil oppdrettsnæringa få nye negative oppslag og reaksjonar i viktige marknader.

Rømming og lakselus truar den norske villaksen, og  fiskefôr og avføring forureinar områda kring oppdrettsanlegga. I tillegg kan behovet for fiskefor true andre fiskestammar. Oppdrettsnæringen har mye å lære av korleis landbasert industri rydda opp i miljøproblem i åttiåra – etter at det blei stilt krav frå styresmaktene. Bedriftene var i mot krav om rensing, men i dag er dei ofte miljøleiande og er glade for at det blei stilt krav. Det er tid for ei liknande miljøopprydding i oppdrettsnæringen. No er økonomien i oppdrettsnæringen god, og det er tid for å satse.

Aktuelle krav er:

  • nulltoleranse for rømming
  • sterk reduksjon av medisinbruk som kan ha skadelige konsekvenser for livet i fjordane våre
  • transport av laks til slakteri i lukka båtar
  • brakklegging av områder i periodar
  • dokumentasjon på at foret kjem frå berekraftige fiskestammar
  • sterkare satsing på utvikling av lukka anlegg

Alf

Flotte Færøyane

Næringsutvalet i Nordisk Råd hadde i år sitt sommarmøte på Færøyane. Utvalet hadde tre lærerike og opplevingsrike dagar i dette spennande øyriket.

Vi hadde blant anna eit interessant møte med næringsutvalet på Færøyane. Medlemmane i utvalet gav oss ei god innføring i forvaltning av fiskeressursane som er det viktigaste næringsgrunnlaget deira.

På Færøyane har dei også innført strenge reguleringa av oppdrettsnæringa. Medlemmane i næringsutvalet meinte at dei no har lagt bak seg dei problema som denne næringa har stridd med. Eg bad om meir informasjon om dette forvaltningsregimet, for Noreg kan ha noko å lære her.

Færøyane er eit lite samfunn med i underkant av 50 000 innbyggarar. Vi fekk gode innføringar i ei offensiv satsing for å oppretthalde folketalet og unngå at ein for stor del av ungdommen flyttar ut. Dei har satsa på kommunikasjon, men ser at det ikkje er nok. Det må også satsast på velferd, barnehagar, kultur og innovasjon.  Den mjuke infrastrukturen er like viktig som den harde.

Alf

Dobbeltspel om statleg eigarskap

Høgre og FrP er opptatt av å diskutere statleg eigarskap. Men dersom desse partia hadde hatt makta, ville vi knapt hatt eit statleg eigarskap å diskutere.

I programmet til Høgre står det at dei vil ”redusere det statlige eierskapet i norsk næringsliv betydelig.” I FrP sitt program står det at ” En målsetting i vår økonomiske politikk er derfor å bygge ned det offentlige eierskapet gjennom salg.” Her som elles i den økonomiske politikken ser vi at Høgre legg seg tett opp til FrP.

Elles kan det vere grunn til å minne om at FrP i 1975 ville selje Statfjord for småpengar. Hadde dei fått gjennomslag den gangen, ville vi ha tapt inntekter på nivå med halve oljefondet.

Det statlege eigarskapet har hatt uvurderleg verdi for utviklinga av norsk industri. Tenk berre på kva Statoil har hatt å seie for utviklinga av norsk verftsindustri og leverandørindustri.

Høgre og FrP driv også dobbeltkommunikasjon om korleis staten skal styre heil- og deleigde selskap. SV blir kritisert fordi vi vil praktisere eit aktivt eigarskap. Men i 2009 sa ein samla kontrollkomite inkludert Høgre og FrP ” Komiteen vil videre understreke nødvendigheten av at staten som eier, på linje med andre industrielle eiere, deltar aktivt og tydelig med klare, velbegrunnede og selvstendige standpunkter knyttet til større strategiske industrielle disposisjoner i selskapet.”

Når Høgre og FrP snakkar om at vi treng ein konsekvent eigarskapspolitikk, så kan dei jo starte med å rydde opp i eigen dobbeltkommunikasjon.

Frp vil rasere distriktslandbruket

Frp har fremma forslag til Stortinget om å seie opp hovudavtalen mellom staten og jordbruksorganisasjonane.

Dette er eit nytt eksempel på at Frp vil rasere norsk landbruk. Avtaleverket i jordbruket er eit solidarisk instrument for å oppretthalde landbruket i distrikta og ta vare på norsk matvareproduksjon i ei verd der mange svelt. Med forslaget frå Frp vil fråflyttinga akselerere og bygder vil bli lagt øyde. Det vil også svekke grunnlagt for anna næringsverksemd i distrikta.

Landbrukspolitikken til FrP er ein politikk for fråflytting og brakklegging, ikkje for levande bygder og utnytting av norske ressursar.

Denne liberalistiske landbrukspolitikken er eit av elementa i Frp sitt store samfunnsprosjekt: å rive ned dei solidariske ordningane som er bygd opp over lang tid, og som har skapt eit samfunn med moderate foskjellar.

For Agder er dette spesielt dramatisk. Agder er eit av dei områda som vil bli ramma hardt av den usolidariske frp-politikken.

Laurdag var eg med på eit spennande seminar om norsk landbruk i regi av Natur og Ungdom. Der fekk vi ein grundig gjennomgang av dei utfordringane norsk landbruk står ovrfor. Det er ikkje liberalismen til Frp landbruket treng for å komme ut av dei problema det står ovrfor.

Alf

Når stortinget tar pause

Besøk ved oppstarten av Returkraft

Besøk hos Metallkraft

Sist veke var det møtefri på Stortinget, og det ga rom for spanande politiske diskusjonar.

Eg besøkte ei rekke bedrifter og organisasjonar som bekreftar at grøn teknologi er i ferd med å få eit breitt fotfeste på Agder. Elkem Solar, Metallkraft, Agder Energi, Returkraft og Universitetet i Agder er alle sentrale i denne utviklinga. Eg fekk mange gode innspel til arbeidet med å legge til rette for slik industri.

Også bransjeorganisasjonen NODE tar no eit tydeleg skritt i retning grøn teknologi med prosjektet Miljøfotavtrykk, eit prosjekt eg hadde gleda av å ha nær kontakt med då eg var ved UiA.

Det blei jamvel tid til eit møte md NHO Agder som også har engasjert seg i energiøkonomisering i samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

På arbeidstakarsida planlegg LO eit møte der eg har lova å innleie om framtida for industrien på Sørlandet.

Den møtefrie veka blei avslutta med eit spennande besøk i Narvik. Også der er grøn industri i framgang, og vi fekk ein spennande presentasjon av solsellebedrifta Innotech solar.

I Narvik hadde eg gleda av å innleie på eit godt besøkt møte om lakseoppdrett i Ofoten. Eit fleirtal i bystyret i Narvik er i mot, men på grunn av prosedyrespørsmål kom ikkje dette til uttrykk i vedtak. Men SV og dei andre motstandarane kjempar vidare, og dei fekk inspirasjon på møtet.

SV-veteran frå Narvik, Per Henrik Mørk

Den møtefrie veka blei ein inspirasjon for vidare kamp for miljø og grøn industri.

Alf

Julekvelden Gitmark gløymde

Ei av satsingane i revidert nasjonalbudsjett er ein støttepakke til maritime næringar. Då den blei presentert for eit par dagar sidan, skreiv Fædrelandsvennen at det var jubel i sørlandsindustrien, og avisa brukte overskrifta ”Julekvelden for Sørlandet”.

Like vel går Gitmark hardt ut i Fædrelandsvennen og hevdar at Sørlandet er gløymt i revidert nasjonalbudsjett. Samtidig hevdar Michaelsen at det ikkje kjem pengar direkte til Sørlandet i industripakka. Michaelsen tar feil, for Sørlandet får midlar til ein industriinkubator. Dessutan veit dei som kjenner næringa, at det er to regionar, Møre og Romsdal og Sørlandet, som har størst glede av den maritime industripakka.

 Det ser ut til at det har blitt ein ryggmarksrefleks for enkelte å snakke ned Sørlandet og hevde at det er den gløymde regionen sjølv når det motsette er tilfelle. Er Sørlandet tent med denne svartmalinga.

 Alf

Oljefelt utan arbeidsplassar i Fjaler

Frå Gjøa-feltet ser vi kystkommunane i Sunnfjord

Eg møter stadig stor interesse når eg er kring om i landet og diskuterer miljøteknologi. I går hadde vi ein spennande diskusjon i Dale i Sunnfjord. Det var ekstra hyggeleg å treffe mange kjente frå den tida eg voks opp i Dalsfjorden. SV-laget i Fjaler har lagt ut referat og bilete frå møtet.

I dag har ordføraren i Fjaler, Arve Helle, tatt meg med rundt i kommunen. Han gav meg eit godt argument mot dei som trur at oljeboring i Lofoten og Vesterålen vil skaffe mange arbeidsplassar på land i nærområdet. Frå kysten yst mot havet i Fjaler kan dei sjå Gjøa-feltet. Dei har all risikoen knytt til oljeaktiviteten, men ikkje ein einaste arbeidsplass.

Alf