Oppgjer med manglande likestilling

All ære til fylkesmann Ann-Karin Olsen som tar eit oppgjer med manglande likestilling på Agder. Framleis er det få kvinner i toppstillingar på Sørlandet. Fylkesmannen har kanskje rett i at det ikkje er nok med politiske tiltak. Men vi må i alle fall unngå å reversere dei tiltaka vi har fått på plass. Som Fædrelandsvennen skriv på leiarplass er forslaget om å fjerne farskvoten i foreldrepermisjonen eit slikt tilbakeskritt. Kampen for barnehagar og for gode SFO-ordningar er også viktige basistiltak for å fremme likestilling. Men fylkesmannen har heilt rett når ho seier at det også er eit spørsmål om haldningar hos dei som tilset leiarar. Her må både næringslivet og offentleg sektor i regionen gå i seg sjølv. Det skal bli spennande å følgje denne debatten vidare.

Alf

Næringspolitikarar til Agder

Regjeringspartia i Næringskomiteen vitjar Agder 27. – 28. januar

Regjeringspartia (AP, SV og SP) i næringskomiteen saman med sine rådgivarar planlegg å besøke Agder for å lære om industrien i regionen. Bakgrunnen er blant anna eit ønske om å få innsikt i og drøfte framtidsutsiktene for innovativ industri, blant anna satsing på miljøteknologi. Leiaren for komiteen Terje Aasland (AP) vil leie delegasjonen. Underteikna har hovudansvar for programmet saman med rådgivar Elin Kobro frå AP. Heile delegasjonen er på ca 8 personar.

Tidsplan

Onsdag 27. januar  
0830 – 1000 Elkem Solar, Fiskaa
1015 – 1240 Agder Energi, Tangen (inkl. lunsj)

Også korte innlegg av:

  • UiA/TEKNOVA
  • Metallkraft
  • Kristiansand kommune/Agderforsking om miljøteknologi på Sørlandet
1300 – 1500
  • National Oilwell Varco, Korsvikfjorden
    Innlegg frå fleire bedrifter i NODE
1530 – 1700 Møte med tillitsvalde i partia og fagrørsla

Arbeiderforeningen

2000 Middag Rosfjord Strandhotell, Lyngdal
   
Torsdag 28. januar  
0930 – 1100 Alcoa Aluminium Lista

  • Også ein presentasjon av Eyde-nettverket
1200 – Internt møte i delegasjonen
   

Alf Holmelid
næringspolitisk talsmann for SV

Farleg luftforureining i Kristiansand

Lufta i Kristiansand er farleg for utsette grupper. Kanskje på tide å få fart på kollektivsatsinga som kommunen har fått statlege midlar til. Luftforureininga er ei påminning om at det er mange gode grunnar til å satse på kollektivtransport, og ein del bra tiltak er alt sett i verk. Men det er langt att før kommunen og fylkeskommunen har nådd sine eigne målsettingar som er lagt inn i kontrakten med regjeringa. Effektive tiltak for å styrke kollektivtransporten er også viktig for å skape eit levande bysentrum slik at det ikkje blir kvalt i trafikk eller tapar i konkurransen med andre kjøpesentra.

Alf

Miljøteknologi Kristiansand-Kina

I morgon skal næringsministeren besøke Metallkraft sitt fabrikkanlegg i Kina. For nokre veker sidan var eg saman med Kristiansandsbedrifta Metallkraft i næringsdepartementet og diskuterte den satsinga som bedrifta no gjer blant anna i Kina. Ein av konklusjonane på dette møtet var at næringsministeren skal besøke anlegget i Kina for å bidra til å auke interessa for denne satsinga blant kinesiske styresmakter og finansieringsinstitusjonar. Dette er eit av mange eksempel på at Sørlandet no har blitt ein region for miljøteknologi, og at nasjonale styresmakter er i ferd med å fatte interesse for denne utviklinga. Satsinga til metallkraft er også eit eksempel på at miljøteknologi er ei eksportnæring.

Alf

Norsk industri må satse på havvindmøller

Det er nesten så ein kan bli religiøs. For nokre dagar sidan blogga eg om at verftsindustrien og resten av leverandørindustrien bør begynne å orientere seg i retning av miljøteknologi og miljøvennleg energi og ta ei leiande rolle internasjonalt på dette området. Tar vi ikkje utfordringa no, er det andre som gjerne tar denne posisjonen. Og i dag kom stadfestinga av at dette er langt meir enn lause tankar . Den storslåtte satsinga på botnfaste vindmøller i England har  fått toppoppslag i alle media.

Norsk leverandørindustri er heilt dominerande i den internasjonale marknaden når et gjeld ein del spissteknologi innan offhore olje- og gassaktivitet. Eg er overtydd om at norsk leverandørindustri er den best kvalifiserte til å takle utfordringane i det nye havvindprosjektet. Dessutan er det viktig at norsk næringsliv er med på utvikling av botnfaste vindbøller på store djup. Utan denne erfaringa blir det vanskeleg for norsk leverandørindustri å utvikle og kommersialisere flytande havvindmøller som passar for norskekysten.

No er det på tide OLF sluttar å bremse og i staden støttar aktivt opp om ei gradvis utvikling av olje- og gassnæringa til å bli ei høgkompetent energinæring som kan overleve i meir enn tjue år.

Alf

Klagesongreprise

Julaftan kunne vi i Fædrelandsvennen lese intervju med Åse Michalsen som representerer Vest-Agder og FrP på stortinget. Intervjuet var fritt for refleksjonar om eigen politikk og viktige politiske spørsmål for land og region. Derimot fekk vi ein repetisjon på den no velkjente klagesongen over kva ho meiner andre ikkje får gjennomslag for. Dette er ein lite fruktbar innfallsvinkel, men sidan den ser ut til å bli ein populær reprise, fortener den kanskje ein liten kommentar.

I vallovnaden min på Sørlandssendinga lova eg å arbeide for tre ting: miljøteknologi, fleire lærarar i skolen og betre ordningar for bustadlause.  Gjennomslag for desse sakene kan alt avlesast av innhaldet i regjeringserklæringa.

Sidan eg kom i næringskomiteen har eg arbeidd spesielt med miljøteknologi. Dei som har følgt med i den offentlege debatten, vil ha merka seg at den nye næringsministeren har eit tydeleg fokus på miljøteknologi.

I slutten av januar vil regjeringspartia i næringskomiteen besøkje industrien i Vest-Agder. Det vil setje fokus på den sterke men lite kjente industrikompetansen i vår region. Det vil blant anna bli fokusert på miljøteknologi.

Eit anna eksempel er miljøteknologibedrifta Metallkraft som er i ferd med å bygge to nye fabrikkar i utlandet. Etter initiativ frå underteikna vil næringsministeren besøkje fabrikken i Kina i januar.

Elles er det ikkje berre eit spørsmål om gjennomslag, men om kva ein får gjennomslag for. Mange på Agder kan vere glade for at Michalsen og FrP ikkje fekk gjennomslag for dei dramatiske kutta i trygdeordningane som låg inne i deira alternative budsjett.

Alf

Råkøyr for LOVE truar olje- og gassnæringa og klimaet

Norsk olje- og gassnæring med Statoil i spisen har valt ein kortsiktig strategi kombinert med eit einspora mediekøyr. Dette er ei næring som har betydd og vil bety mykje for Noreg. Norsk olje- og gassnæring er basert på avansert teknologi og eit høgt kompetansenivå. Fossil energi truar klimaet, men verda vil enno ei tid trenge olje og gass, og det er viktig at det stadig blir utvikla betre teknologi for å redusere miljøulempene.

Det er no på tide at olje- og gassnæringa utvidar perspektivet og døyper seg om til energinæringa. Den kompetansen og dei økonomiske musklane som er utvikla gjennom den CO2-genererande olje- og gassaktiviteten, må no også rettast inn mot ny miljøvennleg energi og energieffektivisering. Leverandørindustrien hadde gode tider før finanskrisa slo inn. Dersom ein skal klare å vidareutvikle denne kompetansen og trygge arbeidsplassar og verdiskaping i eit langsiktig perspektiv, må det satsast tungt på å utvikle alternative forretningsområde  alt no.

Men i staden for å ta denne utforringa og dette samfunnsansvaret, så driv olje- og gassnæringa med Statoil i spissen eit rått propagandakøyr for å opne Lofoten og Vesterålen for oljeboring. Ein prøver å framstille det som om framtida for bransjen og landet avheng av oljeverksemda i dette området.  Eg har utfordra Statoil til å presentere for det norske folk kva strategi konsernet har for det tilfellet at det ikkje blir oljeboring i LOVE, men det vil dei ikkje ut med. Dersom dei ikkje har ein slik strategi, så er det lite heldig for selskapet si framtid. Dersom dei ikkje vil ut med den, er det lite heldig for den offentlege debatten.

Med si historie har norsk olje- og gassnæring tillit blant store deler av det norske folk. Men dersom den no satsar alt på eit råkøyr for å få opna Lofoten og Vesterålen i staden for å utvide perspektivet til fornybar energi og miljøteknologi, så spelar den hasard med den folkelege tilliten og med ei berekraftig utvikling for bransjen.

Alf

Høgrefolk vil flytte frå arbeidarklassen

«Det er ikkje innvandrarane Høgre- og vestkantfolk fryktar, det er arbeidarklassen.» Denne hypotesen frå samfunnsgeograf Karl Fredrik Tangen ved Oslo marknadshøgskole fekk meg til å sperre opp augo. Bakgrunnen er ei undersøking der ein spør folk i Oslo om dei vil flytte frå eit område dersom det får ein stor del minoritetsbefolkning. Ikkje uventa er det høgrefolk og vestkantfolk som har minst til overs for å bu i slike strøk. Men det overraskande er kor sterkt desse kategoriane skil seg ut frå andre. Og analysen til Tangen er interessant. Er det dei tradisjonelle klassemotsetningane som kjem til uttrykk i det vi ofte definerer som skepsis til framandkulturelle?

Alf

Tilbake til fellesskapet

Denne kronikken stod på trykk i Fædrrelandsvennen i dag.

Det er spennande nytenking på gang i økonomifaget. Ein del nye stemmer utfordrar  grunnlaget for dei økonomiske modellane som vi styrer etter i dag. Anerkjente fagfolk set spørsmålsteikn ved tesen om at vi alle er rasjonelle individ som maksimerer eigennytte, eller er reine egoistar for å bruke eit meir folkeleg uttrykk. Denne tesen som var  eit hensiktsmessig utgangspunkt for å lage matematiske modellar, har etter kvart blitt ideologi og har spreidd seg til dei fleste samfunnsområde. Den har langt på veg blitt eit menneskesyn som ikkje berre styrer økonomisk politikk, men som baner seg veg inn på dei fleste område frå sosialpolitikk til organisering av offentleg sektor.

Elinor Ostrom som fekk Nobels minnepris i økonomi i år, og Paul Krugman som fekk den same prisen i fjor, er blant dei som utfordrar det rådande synet blant økonomar. Dei set spørsmålsteikn ved fundamentet for den marknadsliberalistiske økonomien som var heilt dominerande før finanskrisa opna vegen for alternative tankar. Ostrom har spesielt utfordra tesen om at vi alle opptrer som individualistar og egoistar. Dei tradisjonelle økonomiske teoriane har ikkje rom for at  fellesskapet kan disponere verdiar og forvalte ressursar. Fellesskap og kollektive ordningar hemmar det frie val, det private initiativ og den egoistiske drivkrafta som skaper utvikling, blir det hevda.

Men Ostrom aksepterte ikkje det negative synet på fellesskapet. Ho studerte forvaltning av vassressursar, beitemarker og fiskebestandar i ulike deler av verda. Over alt viste det seg at fellesskapet  var i stand til å utnytte ressursane på ein effektiv og berekraftig måte. Den etablerte oppfatninga om at folk øydelegg for kvarandre eller lar verdiane forfalle i slike strukturar, stemmer ikkje i følgje Ostrom. Tillit og kommunikasjon mellom menneske som innser at dei er avhengige av kvarande,  er viktige drivkrefter som det blir lagt for lite vekt på i dei rådande økonomiske teoriane.

Ostrom hevdar at fellesskap og ansvar i mange tilfelle kan vere meir effektivt enn både byråkratisk regelstyring og marknadsmekanismar. Men Ostrom er ingen fanatikar. I eit intervju med Dagsavisen er ho opptatt av at vårt kompliserte samfunn treng ulike løysingar på ulike utfordringar. Marknaden kan vere effektiv når det gjeld å produsere varer, men den er lite eigna til å fremme berekraftig ressursbruk. Her er det ansvar, solidaritet og fellesskap som må til.

Den debatten som no blir meir og meir synleg i dei økonomiske miljøa, bør nå ut til fleire. Ideane frå liberalistisk økonomisk politikk har lenge dominert samfunnsdebatten på mange område. Det er nok å nemne teoriane om New Public Management som gjekk som ein farsott over norske kommunar for nokre år sidan. Marknadsløysingar og insentiv måtte til om  vi skulle får ein effektiv offentleg sektor, blei det hevda. Tradisjonelle verdiar som ansvar og fellesskap blei kasta på båten. Forsøk på å komme med innvendingar blei arrogant avvist som bakstreversk og gammaldags. Kanskje tankane til Ostrom og andre med nye innfallsvinklar, kan skape grunnlag for ein ny debatt om fellesskap og ansvar som alternativ til marknad og insentiv.

Menneske er ikkje maskiner. Når folk blir møtt med eit sett haldningar, blir deira eigne haldningar påverka etter kvart. Dersom vi bygger eit samfunn basert på tesen om at folk er egoistar, har det lett for å bli eit sjølvoppfyllande profeti. Det må gjerne ei katastrofe til for å rive folk ut av slike herskande haldningar. Og finanskrisa er kanskje ei slik katastrofe. Den avgåtte sentralbanksjefen i USA, Alan Greenspan, sa under finanskrisa at han hadde overvurdert egoisme som drivkraft i økonomien. Kanskje på tide at vi begynner å diskutere korleis vi skal bygge eit samfunn med større vekt på fellesskap, ansvar og medmenneskeleg kommunikasjon.

Menneskesyn er også eit nøkkelord i diskusjonen om sjukefråvær som har dukka opp i media dei siste vekene. Folk som føler at dei blir misstenkeleggjort, vil lett fråskrive seg ansvar for fellesskapet. Kanskje ein skulle sjå på tankane til Ostrom og vurdere korleis ein kan skape tillit, fellesskap og ansvar. Både menneskeleg og økonomisk vil det vere meir meiningsfullt enn å diskutere sanksjonar mot dei som har lært av den liberalistiske tidsånda og maksimerer eigennytten.

Kanskje har vi også noko å lære av Ostrom når det gjeld klimakrisa som rykker stadig nærare. Dei aller fleste som har sett seg inn i problematikken, er overtydd om at vi må handle raskt. Men toppmøtet i København var lite oppløftande. Leiarane klarte med eit naudskrik å unngå total fiasko. Kanskje noko av grunnen er at dei diskuterer kvotesystem og andre tiltak som det er svært vanskeleg å forstå, jamvel for spesialistar. Det er komplisert å få oversikt over korleis vi kan ta ansvar, og korleis handlingane våre påverkar fellesskapet som i klimasamanheng er heile kloden.

Vi har kanskje lagt for stor vekt på å utvikle dei mest kostnadseffektive kvotesystema og dei beste styringsmodellane. Kanskje skulle vi bruke meir tid på å skape tillit mellom ekspertar, leiarar og folk flest. Det må til om vi skal skape eit folkeleg engasjement som er bygd på ansvar for vår felles framtid. Utan folkeleg engasjement og tillit som er bygd nedanifrå, blir politikarane bundne på hender og føter slik vi har sett det i København.

Den høgtida som vi no går inn i, er ein god anledning til å reflektere over korleis vi kan bygge tillit og fellesskap for å løyse dei store utfordringane vi står overfor, nasjonalt og globalt.

Alf

Invitasjon til samarbeid om miljøteknologi

Utdrag av innlegg i Stortinget

Leverandørindustrien og Verftsindustrien står overfor store utfordringar. Vi slit med etterdønningane etter finanskrisa. Men vi har også eit meir langsiktig strukturproblem.  Nærings sjølv legg vekt at det ikkje finst noko enkelt grep som kan løyse problema. Vi må satse på ei rekke ulike tiltak for å møte  både dei kortsiktige om dei meir langsiktige utfordringane.

På kort sikt er kapitaltilgangen eit problem. Regjeringa har vist handlekraft og dobla rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt. No er det bankane som ikkje føljer opp. I følgje Dagens Næringsliv har leverandørindustrien på Sørlandet problem med å få bankfinansiering til gode prosjekt på tross av at både GIEK og Eksportfinans er på plass i prosjekta.

Regjeringa følgjer utviklinga nøye for å vurdere behov for nye kortsiktige tiltak. Men det er også behov for å tenkje langsiktig. Leverandørindustrien har vore inne i ein periode med ekspensjon og god ordreinngang. Dersom bransjen skal oppretthalde aktivitetsnivået og ta vare på den unike kompetanen som er bygd opp, er det nødvendig å få fleire bein å stå på og bli mindre avhengig av oljesektoren åleine.

Det internasjonale energibyrået, IEA, har lagt fram rapporten World Energy Outlook 2009. Der blir det dokumentert at vi dei neste åra vil få enorme investeringar i miljøvennleg energi og energiøkonomisering. Mange bedrifter satsar alt på denne spennande marknaden. Leverandørindustrien på Sørlandet har starta prosjektet ”miljøfotavtrykk” for å levre verdens mest energieffektive og miljøvennlege utstyr. Og fleire av leverandørbedriftene i landsdelen deltar i utvikling av havvindmøller. På Vestlandet er det  utvikla spesialskip for montasje og service av botnfaste havvindmøller.

Regjeringa satsar store summar for å legge til rette for ei gradvis omstilling til den nye spannande marknaden for miljøteknologi. Det er etablert åtte Forskingssenter for miljøvennleg energi som får 165 millionar i 2010. Leverandørindustrien og verftsindustrien deltar aktivt i desse sentra. Men den største utfordringa når det gjeld å omstille til miljøteknologi, er kostnadskrevjande produktutvikling og pilotanlegg. I tillegg til det etablerte verkemidla i ENOVA  og Innovasjon Norge har derfor regjeringa etablert eit nytt fond for miljøteknologi på 140 millionar. Dette kan bli starten på eit viktig samarbeid mellom næringslivet og regjeringa om utvikling av miljøteknologi.

Med dei problema næringa står overfor, er det ekstra viktig å komme inn på marknaden for miljøteknologi før det er for seint. Men dette er ein krevjande marknad, og det er behov for eit tett og godt samarbeid mellom næringslivet, regjeringa og verkemiddelapparatet dersom vi skal klare å ta vare på arbeidsplassane og kompetansen i leverandørindustrien og verftsindustrien.

Regjeringa har i Soria Moria 2 annonsert ein gjennomgang av det samla verkemiddelapparatet for norsk næringsliv for å vurdere korleis vi best kan bidra til utvikling av miljøteknologi. Her treng vi godt samarbeid med aktørane i bransjen. Eg vonar alle vil vere med på denne dugnaden for å redde og vidareutvikle viktige arbeidsplassar og kompetansemiljø.

Alf