Category Archives: Uncategorized

Gitmark mot Halleraker

Dei neste to åra skal det brukast 50 millionar kroner til eit prosjekt som skal utgreie høgfartsbane med sikte på bygging. Utredninga skal vere ferdig i god tid før behandling av neste Nasjonal transportplan. Høgre sin representant i samferdselskomiteen, Øyvind Halleraker, sa på nyheitene på NRK i kveld at dette er ein historisk dag for norsk samferdselspolitikk. Halleraker har samarbeida tett med Hallgeir Langeland frå SV for å få dette på plass. Det går blant anna fram av budsjettarbeidet sist haust. Der var alle parti untatt FrP samde om denne satsinga

Men i staden for å støtte opp om den nye driven i arbeidet med høgfartstog, vel Gitmark å skyte ned arbeidet som hans kollega roser opp i skyene.

 Alf

Oppdrettsnæringa må ta grep

I Nyheitene på TV2 i dag fekk vi presentert ny teknologi for fiskeoppdrett med redusert fare for forureining og lakselus. Vi fekk også høyre at oppdrettsnæringa har vist lite interesse for teknologien. Eg kjenner ikkje til dette pilotanlegget utover det som kom fram på TV2. Det kan godt vere at det ikkje er ein teknologien som vil vinne fram.

Men innslaget på TV2 stadfester inntrykket av ei næring som har ei altfor passiv haldning til dei store miljøutfordringane den skaper. Lakselus og rømt oppdrettslaks truar villaksen, og avfall slepp ut i naturen. Samtidig er vi inne i ein periode med god marknad for oppdrettslaks og gode inntekter for dei som driv i bransjen.

Det er  overraskande at ikkje næringa brukar dei gode  tidene til å utvikle ny teknologi og nye driftsmetodar som kan skape ei miljømessig berekraftig næring. Når vi for eksempel høyrer at villaks rømmer på grunn av brot på ankerkjettingar, er det grunn til å spørje om eigarane tar miljøutfordringane på alvor. Vi lever tross alt i eit land som forankrar flytane borreplattformer utan store problem.

Skal denne nærings som er viktig for mange lokalsamfunn, overleve, må den umiddelbart setje inn langt større ressursar for å løyse dei store miljøproblema den skaper.

Alf

Knebling av kritikk

Lakseoppdrett er ei viktig næring i Noreg. Den har stor eksportverdi, og den skaper arbeidsplassar i distrikta. Men næringa slit med store utfordringar. I det siste har vi høyrt mykje om lakselus som skadar oppdrettslaksen og truar villaksen. Men dette er ikkje det einaste problemet. Store mengder laks rømmer frå oppdrettsanlegga og blandar eg med villaks. Talet på oppdrettslaks blant villaksen i elvane våre ligg langt over grensa for kva som er skadeleg for villaksstammane våre. Rømming skjer av så banale årsaker som svikt i ankerkjettingar. Dette burde ikkje vere nødvendig i eit land som kan forankre flytande oljeinstallasjonar i Nordsjøen.

Men i staden for å gå laus på desse utfordringane, prøver store deler av næringa og det politiske miljøet å bortforklare problema. Det siste eksempelet såg vi i Stortinget i dag. FrP og Høgre gjekk så langt at dei utfordra regjeringsmedlemmar til å prøve å stoppe kritikken frå miljøvernorganisasjonar ved hjelp av økonomiske verkemiddel. Dette er mildt sagt ein underleg utspel frå parti som likar å framstille seg som forkjemparar for eit liberalt samfunn med vide grenser for ytringsfridomen.

Alf

Langs Akerselva

Hadde ein fin tur langs Akerselva i dag. Flott tursti langs store deler av elva. Men det var lite att av industrimiljøet i Nydalen.

Telenor neglisjerer føringar frå eigarane

Nyleg fekk om lag seksti forskarar og sivilingeniørar i Telenor melding om at dei er overtallige. Dette er eit nytt eksempel på at Telenor nedprioriterer forsking og utvikling stikk i strid med føringane i stortingsmeldinga om statleg eigarskap. 

I løpet av dei ti siste åra har FoU-innsatsen i Telenor blitt redusert frå 1,6% av omsetninga til 0,6% av omsetninga. Dette er å gå baklengs inn i ei framtid der kravet til kompetanse og innovasjonsevne stadig aukar. 

Norsk næringsliv brukar mindre på forsking enn gjennomsnittet i OECD. Dette er svært uheldig i ein situasjon der vi står overfor store omstillingsbehov og samfunnsutfordringar som krev kompetanse. Meldinga om statleg eigarskap peika derfor på at verksemder der staten er eigar eller medeigar skal satse offensivt på forsking og utvikling. Den nedtrappinga vi har sett i Telenor, kan vanskeleg kallast ei offensiv satsing.

Alf

KrF og FrP stoppar integreringstiltak

I dag kunne vi lese i Fædrelandsvennen at KrF har alliert seg med FrP for å stoppe etableringa av eit internasjonalt senter i Kristiansand. Desse partia etterlyser stadig ei sterkare satsing på integrering. Men når det kjem eit konkret forslag som fremmar integrering, så legg dei seg i selen for å få stoppa det.

Kristiansand har etter kvart fått eit allsidig kulturtilbod og eit variert organisasjonsliv. I dette mangfaldet bør eit internasjonalt senter ha sin naturlege plass. Det kan bli eit spennande tilskot til kulturlivet i regionen, og det kan gjere det lettare for folk med ulik bakgrunn å bygge nettverk og få fotfeste i lokalsamfunnet.  Kulturaktivitet skaper  identitet og bygger bru, og legg grunnlag for fellesskap på tvers av ulik bakgrunn.

Det er underleg at parti som stadig etterlyser integrering, legg så sterkt engasjement i å stoppe eit godt integreringstiltak. Etter mange års planlegging var det endeleg eit knapt fleirtal i kommunalutvalet for å etablere eit internasjonalt senter i Kristiansand. Men KrF allierte seg i følgje Fædrelandsvennen med FrP for å få anka saka til bystyret. Og der snudde fleirtalet. Dermed  blei eit spennande integreringstiltak lagt dødt. Det overraskar ikkje at FrP frontar ein slik politikk. Men det er med undring vi registrerer at eit fleirtal i bystyret legg seg på ei slik bakstreversk linje.

Alf

Moralpoliti mot likestilling?

Det er interessant å følgje den likestillingsdebatten som Fædrelandsvennen med god hjelp av fylkesmann Ann-Kristin Olsen har klart å blåse liv i. Nettdebatten er dominert av menn som vil ha seg fråbedt at landsdelen blir kritisert for dårleg likestilling. Dei er opptatt av kvinnene sin rett til å vere heime for å ta seg av barn sine. Det verkar nesten som om vi er i ferd med å få eit moralpoliti mot likestilling på Sørlandet.

No er det på tide at det kjem fleire stemmer med i denne debatten. Kvar er dei røystene som vil kjempe for eit samfunn der  kvinner og menn får like muligheiter i arbeidsliv og samfunnsliv, og deler på ansvaret for barn og heim. Det er på tide at vi som ønskjer eit moderne likestilt samfunn, tar til motmæle.

Kampen for likestilling er ikkje i mål, korkje på Sørlandet eller i resten av landet. Den store lønnsforskjellen mellom kvinner og menn er eit godt bevis på det. Og no tar det til å dukke opp forslag som vil reversere det vi har oppnådd. Forslaget frå Høgre om å fjerne pappakvoten i foreldrepermisjonen er eit godt eksempel på eit tiltak som vil reversere likestillinga.

Enkelte avviser den likestillingsdebatten som no har blusa opp på Sørlandet, fordi den fokuserer mest på kvinnelege leiarar. Skal likestillingskampen få den breie oppslutninga som den fortener, må vi legge hovudvekta på ande ting som låg løn og mykje ufrivillig deltid i typiske kvinneyrke. Men fokuset på leiarproblematikken er ikkje noko orsaking for å vere passiv i debatten om likestilling på Sørlandet.

Det er ille at vi ligg på jumboplass når det gjeld likestilling. Men dei haldningane som kjem til uttrykk i debatten, ikkje minst på nettet, er kanskje meir bekymringsfulle. Ein jumboplass kan vere ei utfordring til handling og ein inspirasjon til engasjement. Men når folk tar til å leit fram argument for å ligge på jumboplassen, då er det fare på ferde.

alf

Mest bustøtte til dei rikaste?

Fædrelandsvennen hadde for nokre dagar sidan ein artikkel om buspareordning for ungdom, BSU. Denne ordninga gir i dag ungdom under 34 år høve til å spare inntil 150.000 kroner, med frådrag i skatten på 20 prosent av den sparte summen. På denne måten får ungdom eit insentiv til å spare til bustad. Men det er ikkje gitt at ei utviding av denne ordninga er den beste måten å hjelpe dei ungdommane som treng det mest. Alt i dag ser vi at ordninga blir mest brukt av dei med høgast inntekt og formue. Dersom vi fjernar maksimumsgrensa, vil det bli ei endå sterkare prioritering av dei ungdommane som tener mest. Er målet å gjere det lettare for unge å komme inn på bustadmarknaden, bør ein satse på tiltak som også hjelper dei med dårleg og middels økonomi. Det må byggast bustader og utviklast låneordningar som ungdom med moderate inntekter kan ha råd til. Her som i mange andre tilfelle, er skattelette eit tiltak som dei rikaste har størst glede av.

Alf

Oppgjer med manglande likestilling

All ære til fylkesmann Ann-Karin Olsen som tar eit oppgjer med manglande likestilling på Agder. Framleis er det få kvinner i toppstillingar på Sørlandet. Fylkesmannen har kanskje rett i at det ikkje er nok med politiske tiltak. Men vi må i alle fall unngå å reversere dei tiltaka vi har fått på plass. Som Fædrelandsvennen skriv på leiarplass er forslaget om å fjerne farskvoten i foreldrepermisjonen eit slikt tilbakeskritt. Kampen for barnehagar og for gode SFO-ordningar er også viktige basistiltak for å fremme likestilling. Men fylkesmannen har heilt rett når ho seier at det også er eit spørsmål om haldningar hos dei som tilset leiarar. Her må både næringslivet og offentleg sektor i regionen gå i seg sjølv. Det skal bli spennande å følgje denne debatten vidare.

Alf

Næringspolitikarar til Agder

Regjeringspartia i Næringskomiteen vitjar Agder 27. – 28. januar

Regjeringspartia (AP, SV og SP) i næringskomiteen saman med sine rådgivarar planlegg å besøke Agder for å lære om industrien i regionen. Bakgrunnen er blant anna eit ønske om å få innsikt i og drøfte framtidsutsiktene for innovativ industri, blant anna satsing på miljøteknologi. Leiaren for komiteen Terje Aasland (AP) vil leie delegasjonen. Underteikna har hovudansvar for programmet saman med rådgivar Elin Kobro frå AP. Heile delegasjonen er på ca 8 personar.

Tidsplan

Onsdag 27. januar  
0830 – 1000 Elkem Solar, Fiskaa
1015 – 1240 Agder Energi, Tangen (inkl. lunsj)

Også korte innlegg av:

  • UiA/TEKNOVA
  • Metallkraft
  • Kristiansand kommune/Agderforsking om miljøteknologi på Sørlandet
1300 – 1500
  • National Oilwell Varco, Korsvikfjorden
    Innlegg frå fleire bedrifter i NODE
1530 – 1700 Møte med tillitsvalde i partia og fagrørsla

Arbeiderforeningen

2000 Middag Rosfjord Strandhotell, Lyngdal
   
Torsdag 28. januar  
0930 – 1100 Alcoa Aluminium Lista

  • Også ein presentasjon av Eyde-nettverket
1200 – Internt møte i delegasjonen
   

Alf Holmelid
næringspolitisk talsmann for SV