Oppdatert 2. mars
I går fekk vi presentert ei referansegruppe som skal dele erfaringar med næringsministeren om utviklingstrekk for norsk næringsliv og norsk næringsstruktur. Gruppa er samansett av kronprinsen og unge leiarar frå norsk næringsliv. Den har mange dyktige og suksessrike personar, men den manglar viktige dimensjonar for å drøfte norsk verdiskaping.
Eit av kjenneteikna ved norsk næringsliv, er at vi har dyktige fagfolk på alle nivå i organisasjonen, ikkje berre i det kommersielle leiarsjiktet. Det har medverka til høg produktivitet og stor fleksibilitet, noko som gjer oss konkurransedyktige på den internasjonale marknaden.
Når vi skal diskutere framtidig verdiskaping er det viktig å ta vare på dette breie kompetanse- og verdiskapingssynet, og ikkje satse einsidig på eitt sjikt i næringslivet og i samfunnet. Eg saknar til dømes yngre lovande fagfolk frå andre nivå i organisasjonen og yngre dyktige leiarar frå fagrørsla.
Noreg har også satsa sterkt på Senter for forskingsdriven innovasjon og Forskingssenter for miljøvennleg energi. Personar frå desse viktige satsingsområda kunne også fortene ein plass i ei gruppe som skal he ei sentral rolle i framtidig verdiskaping.
Ei breiare samansetjing ville ha styrka gruppa og gitt den større legitimitet, og det hadde gitt eit rettare bilete av kven som skaper verdiane i det private næringslivet i Noreg.
Tillegg 2. mars
Etter at eg skreiv bloggposten for to dagar sidan, har eg blitt kjent med at det også skal opprettast ei tilsvarande gruppe med unge fagforeningsleiarar. Det er veldig bra og rettar opp totalinntrykket. Men argumentet om å ta med fleire nivå i organisasjonen og personar frå Forskingssenter for miljøvennleg energi, FME, og Senter for forskingsdriven innovasjon, SFI, er framleis aktuelt.
Alf


