Denne kronikken stod på trykk i Fædrelandsvennen i går.
Politikarane bør avgrense seg til å liste opp mål for samfunnsutviklinga. Resten kan dei overlate til oss som driv med modellutvikling og styringsteori. Dette er spissformuleringar frå ein av mine forelesarar frå studietida, professor i teknisk kybernetikk Jens Glad Balchen. Dei fleste trakk nok på skuldrane av desse luftige tankane om å setje dei folkevalde på sidelinja. Men då eg nyleg skulle halde eit foredrag om Balchen, var det naturleg å reflektere over utviklinga på dette området. Er vi i ferd med å få eit folkestyre i skvis mellom byråkrati, kapitalkrefter og betalt lobbyisme?
Då eg var medlem av formannskapet i Kristiansand for ein del år sidan, hadde vi mange diskusjonar om vegprosjekt. Eit av dei sentrale argumenta var kost-nytte-kalkylar. Eg er usikker på kor mange som hadde sett seg inn i desse kalkylane. Det blei aldri stilt spørsmål om kva samfunnskostnader som var tatt med og korleis dei var berekna. Og kva med nytteverdien? Korleis var den rekna ut? Politikarane argumenterte med kost-nytte-forholdet som om det var ei naturlov, og dei la dermed viktige vurderingar i hendene på byråkratane.
I ein debatt om val av vegtrase stilte eg spørsmål om konsekvensar for miljøet. Eg hevda at det var lagt for lite vekt på miljøomsyn. Ein av dei ansvarlege foreslo då å legge fleire miljøomsyn inn i kost-nytte-kalkylen. Men dette er feil veg å gå. Prising av miljøverdiar er ikkje eit objektivt spørsmål. Det er ikkje sikkert at Vidar Kleppe og eg vil sette same verdi på konsekvensane av å utrydde ein sjeldan art i vegtraseen. Vurdering av slike mjuke verdiar må komme klart fram i dagen. Dersom vi lar byråkratane pakke alt inn i ein kost-nytte-faktor, så avpolitiserer vi viktige verdival.
I den politiske debatten kappast partia om å vere mest i mot byråkratisering. Men det er ikkje først og fremst talet på byråkratar som bør uroe oss. Problemet er at politikarane i aukande grad skyv politiske utfordringar over på byråkratiet for å sleppe unna vanskelege prioriteringar. Siste nytt på området er planane om å etablere eit frittståande selskap for vegbygging. Der skal vi putte pengar og ambisjonar inn i den eine enden og få firefelts veg ut i den andre enden, heilt i tråd med visjonane til min ambisiøse professor i kybernetikk.
Høgresida likar å framstille marknad og byråkrati som to motpolar. Men det er ein påstand som det er all grunn til å sette spørsmålsteikn ved. Privatisering av offentlege tenester fører til eit omfattande byråkrati for kravspesifikasjon og kontroll. I tillegg får dei folkevalde mindre makt. Når private får etablere vidaregåande skolar der det er mest lønsamt, blir det vanskeleg for fylkeskommunen å oppretthalde eit variert skoletilbod i distrikta. Erfaring frå andre land viser at det offentlege lett kjem i ein skvis når velferdstenester blir overtatt av store konsern med hovudkontor i skatteparadis. I Sverige har elevar blitt kasta på gata og folk har mista helsetenestene sine over natta når slike konsern har gått konkurs. Mange kommunar vurderer no om det er mogeleg å ta tilbake den politiske styringa før det er for seint.
Kommunikasjonsbransjen er eit relativt nytt element i norsk politikk. Folk med pengar kan kjøpe seg hjelp til å påverke dei politiske prosessane. Mange går frå regjering og storting til PR-firma, og mange blir henta til politiske toppverv frå den same bransjen. Det fører til at erfaringsgrunnlaget til det politiske toppsjiktet blir sterkt innsnevra. Stadig fleire kjem frå og går tilbake til ein bransje der ein arbeider for skiftande politiske standpunkt avhengig av kven som har råd til å betale. Eg er redd dette fører til ei avpolitisering og ei avideologisering av politikken.
Lobbyisme er ikkje den einaste utfordringa med PR-bransjen. Eit mindre påakta fenomen er ubalansen i den offentlege samtalen. Vi er no inne i ein trend der talet på journalistar i media går ned, samtidig som PR-bransjen veks kraftig. Det blir færre av dei som skal vere uavhengige og få fram bakanforliggande forhold og skjulte samanhengar. Samtidig blir det stadig fleire av dei som får betalt for å påverke oss i ein bestemt retning. Informasjonsbransjen kan bruke store ressursar på å fremme sine saker gjennom media. Journalistane som skal vurdere slike planta historier som ofte inneheld svært selektiv informasjon, får stadig dårlegare tid.
Jens Glad Balchen var ein teknologioptimist som likte å utfordre kollegar på andre fagområde. Han har betydd mykje for norsk industri, ikkje minst for offshoreindustrien og prosessindustrien som drar nytte av det fagområdet han var pioner for her i landet. Hans visjonar for samfunnsutviklinga har heldig vis fått mindre respons. Men kanskje ser vi like vel ein del utviklingstrekk som bør uroe oss. Vi ser tendensar til at folkestyret kjem i skvis mellom byråkrati, marknadskrefter og forskyving av informasjonsmakta frå media til PR-bransjen. Dette er ei utvikling vi bør ta på alvor.
Alf







