Kamp mot forskjellar

Mange er opptatt av forskjellane i samfunnet. Men det er ofte vanskeleg å få aksept og støtte til auka skattar for dei rike slik at vi får meir midlar å bruke på dei som treng det mest. Det er også ei utfordring å få aksept for at arbeidslinja ikkje må trekkast så langt at det går ut over dei som ikkje kan arbeide eller får arbeid.

Undersøkingar viser at samfunn med små forskjellar er betre for alle. Folkehelsa er betre, konfliktnivået lågare og tilliten mellom folk og tilliten til styresmaktene er større. Samfunn med små forskjellar klarer seg også godt i den økonomiske konkurransen. Det er derfor lett å tilbakevise høgresida sin retorikk om at kampen mot større forskjellar er eit utslag av misunning.

SV har fått gjennomslag for viktige tiltak for å redusere forskjellane og fattigdomen. Vi har auka minstepensjonen og minsteytinga i folketrygda til 2G (grunnbeløp i folketrygda), vi har utvida bustøtteordninga, og vi har fått på plass introduksjonsprogrammet og ny giv-programmet som hjelper innvandrar ut i arbeidslivet. På den andre sida har vi auka skattane for dei rikaste.

Framleis er det for mange barn som bor i fattige familiar. Derfor vil SV halde fram arbeidet for å redusere forskjellane og bekjempe fattigdomen. Vi vil blant ha nasjonal minstenorm for sosialhjelp, og vi vil ikkje ta barnetrygda frå sosialhjelpsmottakarane. Gode barnetillegg i trygdeordningane, gratis kjernetid i barnehagane, styrka barnevern, fleire helsesøstrer og ein ny sosial boligpolitikk er av dei tiltaka vi vil jobbe for i tida framover.

Ikkje minst i USA, men også i aukande grad i Europa ser vi at forskjellane i samfunnet aukar og at fleire blir fattige. Noreg har klart seg betre, men vi kan ikkje vere nøgde. Økonomiske og sosiale forskjellar kan målast på ulike måtar. Brukar vi den såkalla GINI-koeffisienten som Statistisk sentralbyrå reknar ut, så har forskjellane gått litt ned under denne regjeringa. Andre måtar å vurdere klasseskilnader og sosiale og økonomiske forskjellar på gir andre resultat.

Men uavhengig av slike målingar må vi forsterke kampen mot fattigdom og for mindre forskjellar. Skal vi klare det, er det viktig å skape brei oppslutning om ein aktiv  fordelingspolitikk med omfordeling over skattesetelen og ein trygde- og sosialpolitikk som stimulerar til arbeid, men som også tar vare på dei som ikkje kan vere i arbeid.

Alf

Å dele for å skape

Denne kronikken står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Vi høyrer ofte at vi må skape for å dele, og det er vel å bra. Men vi må også dele for å skape. Vi må ha ein fordelingspolitikk og eit skattesystem som kan oppretthalde og vidareutvikle velferdssamfunnet vårt. Eit moderne næringsliv er heilt avhengig eit velfungerande velferdssamfunn. Men vi kan ikkje ta dagens velferdssystem for gitt. Fordelingspolitikken og velferdssamfunnet er under press og vil framleis krevje politisk kamp.

Velkvalifiserte medarbeidarar på alle nivå i organisasjonen er eit av dei viktigaste konkurransefortrinna i norsk næringsliv. Sjølvstendige og kompetente fagfolk er viktigare for norsk næringsliv og norsk økonomi enn oljerikdommen vår.  Og det er vår skattefinansierte velferdsstat med ein god offentleg skole som utdannar denne arbeidskrafta. Vi spleisar på ein velferdsstat som utviklar og formidlar den kunnskapen vi skal leve av i framtida.

Når eg er ute og snakkar med leiarar i næringslivet, er tilgang på kvalifisert arbeidskraft noko av det første dei tar opp. Meir systematiske undersøkingar blant bedriftsleiarar og tillitsvalde viser det same. Når dei får spørsmål om kva som er dei viktigaste suksessfaktorane for den langsiktige utvikling av selskapet, så kjem tilgang på kvalifisert arbeidskraft høgt opp på lista.

Delen av den yrkesaktive befolkninga som deltar i arbeidslivet, er også viktig for den økonomiske utviklinga i eit land. Noreg har relativt høg arbeidsdeltaking samanlikna med andre land. Det kjem av at vi har satsa på full barnehagedekning og gode permisjonsordningar for foreldre. Vi har utvikla ein velferdsstat der alle kan sleppe til med sine evner og si skaparkraft. Det har kosta kamp å komme dit, men no har vi lett for å ta resultata for gitt og gløyme kva som skal til for å vedlikehalde eit velfungerande velferdssamfunn.

For ei tid sidan deltok eg i ein debatt om næringsutvikling og nyskaping. Både gründerar og politikarar var invitert til å presentere sine tankar om innovasjon og næringsutvikling. Høgrepolitikarane snakka som vanleg om skattar og avgifter. Men ein av deltakarane som hadde fått pris for nyskaping, hadde eit heilt anna fokus. Ho sa at god barnehagedekning var grunnen til at ho hadde nådd dit ho no var. Slik fekk ho oss til å tenkje på kor viktig ein moderne velferdsstat er for næringsliv og verdiskaping.

Norsk næringsliv har vist stor omstillingsevne i møte med stadig tøffare konkurranse og nye miljøkrav. Kompetent arbeidskraft er viktig også her. Men samtidig er det viktig med eit godt offentleg trygdesystem for å kunne takle større omstillingar utan for store kostnader for den enkelte og for bedriftene. Og sist men ikkje minst er den norske modellen og trepartssamarbeidet viktig. Det bidrar til å finne ein fornuftig ballanse mellom konkurranseevne og kjøpekraft som begge er viktige for næringslivet. 

Nyare forsking viser at folk har større tillit til kvarandre og til styresmaktene i land med små forskjellar. Det er eit godt grunnlag for å møte økonomiske utfordringar og gjennomføre nødvendige omstillingar. Ein velutvikla velferdsstat legg til rette for menneskeleg utvikling og skaper tryggleik og tillit. Det er viktige pilarar for omstilling og nyskaping. Krisa i Hellas viser korleis det kan gå om ein forsømer å dele gjennom eit effektivt skattesystem.

For eit par år sidan lanserte NHO omgrepet velferdsfella. Det var eit retorisk grep for å skape inntrykk av at velferdssamfunnet er ei felle og ein klamp om foten for næringslivet. Men dette er å snu saka fullstendig på hovudet. Det er nettopp velferdsstaten som har lagt grunnlaget for dagens verdiskaping, og som skal bidra til å skape det næringslivet vi skal leve av etter olja. Men språk er makt. Negative merkelappar kan ha stor effekt sjølv om dei har lite substans. Heldig vis var det mange som reagerte på NHO-utspelet, og freistnaden på å diskreditere velferdsstaten misslukkast. 

I dag er det mange som tar velferdsstaten for gitt. Vi oppdagar ikkje kor viktig den er før den er truga. Det er lett å gløyme alle kampane og alle dei tunge løfta som har brakt oss dit vi er i dag. Derfor er det lett å gå til angrep på skattar og avgifter som er vårt spleiselag for å sikre velferdsstaten. Den er ikkje berre uttrykk for solidaritet og medmenneskeleg omsorg. God fordelingspolitikk er også det beste grunnlaget for næringsutvikling og verdiskaping.  

Dei stadig aukande leiarlønningane og kravet om nye skattelette er eit signal om at fordelingspolitikken er under press også her i landet. Kampen for ein velutvikla velferdsstat som kan sikre framtidig verdiskaping, er ikkje over. Den tidlegare sentralbanksjefen i USA, Alan Greenspan, sa etter finanskrisa at han hadde overvurdert grådigheit som drivkraft for økonomien. La oss vone vi unngår å komme i same situasjon.  

Næringspolitisk debatt degenererar ofte til innlært retorikk om tyngande skattar og avgifter. Du høyrer aldri ein høgrepolitikar løfte fram velferdsstaten som basis for næringsutvikling og verdiskaping. Lågare skattar kan nok vere bra for enkelte på kort sikt, men utan å dele, går det dårleg med verdiskapinga på lengre sikt.

 Alf

Finst utruleg mange som hadde fortent prisen for sin innsats

Innanrikskommissæren i EU, Cecilia Malmström, seier ho er overraska over tildelinga av fredsprisen i år. I følgje Aftenposten seier ho blant anna:
«Eg er framleis veldig overraska, det må eg vedgå. Det finst så utroleg mange modige menneske og organisasjonar rundt om i verda, som gjer fantastisk innsats, og som også hadde fortent prisen.» Det er eig heilt samd i.

Det er vanskeleg å sjå kva EU har gjort for fred det siste året slik det står i premissane for prisen. Det er i dette året dei sosiale forskjellane har eksplodert i EU og vist at det økonomiske fundamentet som er kjernen i EU, skaper enorme forskjellar og sosiale konfliktar. Konfliktane er flytta frå nasjonsgrensene til gatene i byane.

Alf

Salig er oljeøkonomien

Dette innlegget stod på trykk i Dagens Næringsliv i dag. Det er svar på eit angrep frå to professorar i (olje)økonomi. Men det kan også lesast som ein sjølvstendig artikkel.

SV har trekt i gang ein debatt om kva konsekvensar den sterke veksten i oljeinvesteringane har for norsk økonomi. Petter Osmundsen og Øystein Thørgersen (DN, 24.september) svarar med å peike på at oljeaktiviteten har vore og er viktig for norsk velferd. Det er det få som er usamde i. Men det bør ikkje vere til hinder for å diskutere korleis vi skal takle konsekvensane av oljeaktiviteten og det presset den skaper i norsk økonomi. Spørsmålet er ikkje for eller imot, men kor mykje.

Osmundsen og Thørgersen er samd i at det er ei utfordring når ein konjunkturutsett bransje blir så dominerande. Men dei konkluderer med at det er noko vi må akseptere. Dei tiltaka som er framme i diskusjonen, har lange tidshorisontar og er lite treffsikre, hevdar dei. Dei to professorane har eit poeng her, men dei svarer ikkje på dei grunnleggande problemstillingane som eg tok opp. Evna til å tåle svingingar er blant anna avhengig av kor dominerande bransjen er. Derfor reiste eg spørsmål om det finst ei grenser for kor stor del av økonomien som kan vere dominert av ein bransje før varsellampane blinkar. Og kva kan vi gjere for å unngå eit kostnadsnivå som pressar ut anna eksportretta industri?

Petroleumsnæringa skil seg frå andre næringar på fleire måtar. Den baser seg på ein tidsavgrensa ressurs, og den har ein super-profitt som lett kan leie til eit lønns- og kostnadsnivå som ikkje er berekraftig på sikt. Skatteregimet i petroleumsnæringa fører til at ein stor del av kostnaden ved å ta risiko blir velta over på staten. Det fører lett til overoptimistiske satsingar som ein ikkje kan tillate seg i andre bransjar. Denne effekten blei forsterka ved den skatteomlegginga som blei gjort for nokre år sidan. Det viser også at ein lettare grip til argumentet om stabile rammevilkår når ein snakkar om å justerer opp enn når ein juster ned skattane.

Det er heller ikkje mogeleg å diskutere oljeøkonomi utan å diskutere klimapolitikk. Vi kan ikkje bruke all tilgjengeleg kol og olje om vi skal nå målet om maksimalt to graders oppvarming av kloden vår.  Dermed vil langsiktige og økonomisk marginale investeringar i oljeutvinning vere avhengige av at vi gir opp togradersmålet. Også denne risikoen som bryt med  uttalt norsk klimapolitikk, lastar oljeselskapa over på den norske staten. Og byrdene for resten av næringslivet vil bli større jo meir oljeselskapa slepp unna.

Alf

Marknadsbyråkrati (NPM)

Dette innlegget var gjestekommentar i Nationen i går.

Det er om lag tretti år sidan det gjekk ei farsott over norske kommunar. Dei  skulle reformerast etter mønster frå private bedrifter, og marknadstenking skulle effektivisere sektoren. Alle kommunar med respekt for seg sjølv engasjerte konsulentar med påstått brei erfaring frå organisasjonsutvikling i privat sektor. Og fasiten var den same over alt: insentivsystem, bestillar- utførarmodell og privatisering. Innbyggarane blei forvandla frå borgarar med engasjement for fellesskapet til kundar med fokus på eigne behov.

Marknadsfundamentalistane var i siget i den offentlege debatten, og den politiske og administrative leiinga i kommunane ville følgje med i tida. Marknad skulle det vere, sjølv om grunnlaget for ein fungerande marknad ikkje var til stades. Ein sentral føresetnad for at ein marknad skal fungere, er at det er mange leverandørar og mange kundar. Men i den kommunale reformiveren blei det etablert etterlikning av marknader internt i kommunane, ofte med ein ”kunde” og ein ”leverandør”. Vi fekk den såkalla bestillar- utførarmodellen. Det faglege skjønnet til fagfolk i første linje bli erstatta av økonomiske spelereglar definert av økonomar i sentraladministrasjonen.

Eit anna sentralt element i etterlikninga av privat sektor var innføringa av insentivsystem. Etaten, gruppa og den enkelte skulle ha noko att for å ver effektive. Dette er eit grunnleggande brot med tidlegare tenking i offentleg forvaltning. Offentleg sektor er basert på at fagfolk på ulike nivå i organisasjonen brukar tildelte offentlege ressursar til det beste for samfunnet basert på politiske føringar, fagleg integritet og fagkunnskap. Insentivsystema bryt med dette grunnleggande prinsippet. Det indikerer at folk ikkje yter sitt beste utan slike stimuli. Det er eit menneskesyn og ei tenking som lett kan bli eit sjølvoppfyllande profeti.

Overgang frå rammefinansiering til stykkprisfinansiering fører også til umyndiggjering av fagfolk og framandgjering av dei som har politisk ansvar. Med rammefinansiering har politikarane oversikt over kvar pengane går, og fagfolk kan gjere prioriteringar innafor tildelte rammer på basis av sitt beste faglege skjønn. Med stykkprisfinansiering og internfakturering må fagfolka tilpassa seg finansieringssystemet, sjølv om dei ikkje er samde i dei faglege vala det fører til. Dei faglege prioriteringane ligg implisitt i finansieringsmodellar som i beste fall nokre få ha oversikt over.

Denne marknadstilpassinga som går undr namnet New Public Management (NPM), fører i stor grad til  at politisk styring og fagleg skjønn blir erstatta av økonomisk og administrativ styring basert på kvantitative effektivitetsmål. Samtidig erstattar ein gjerne fagleg skjønn i første linje med omfattande rapporteringssystem. Dei erfarne fagfolka blir ofte flytta oppover i systemet for å utarbeide instruksar og etablere kontrollsystem.

Kritikken av NPM har ulma lenge, både på den politiske venstresida og i faglege kretsar. Men den har ikkje nådd fram til den politiske og administrative leiinga i kommunane. Kanskje kan det endre seg etter at 22. juli-kommisjonen sette søkjelyset på verdien av å utvikle sjølvstendige medarbeidarar i heile organisasjonen. Etter mi vurdering fører NPM det motsette av det kommisjonen etterlyser.

Alf

Fordelingspolitikk mot krise

Dette er ein justert versjon av eit debattinnlegg i Fædrelandsvennen.

Med SV i regjering kom Noreg gjennom første del av den internasjonale finanskrisa betre enn dei fleste land. I motsetning til andre land klarte vi oss utan auka arbeidsløyse og velferdskutt. Vi satsa på auka offentleg innsats som kom folk flest til gode, framfor skattelette til dei rike slik den konservative regjeringa i Sverige gjorde. God fordelingspolitikk bar oss gjennom krisa. Krisehandteringa var i sum ein suksess, og det er det sentrale. Så kan ein i etterpåklokskapens klare lys diskutere enkelttiltaka, men eg har ikkje sett at nokon har presentert heilskaplege alternativ til det som blei gjort.

Enkelte han stiller spørsmål ved dei tiltaka som blei sett i verk for å redde bankane, utan å peike på noko alternativ. I etterkant av finanskrisa er det ein del som har tatt til orde for at ein bør la bankar gå konkurs. Det skjedde på Island med store kostnader for folk flest, og landet er no i ferd med å reise seg ved å legge om til ein aktiv nærings- og fordelingspolitikk. Men fordi vi ikkje hadde liberalisert finanssektoren, var situasjonen  ein heilt annan her i landet.

Ein av grunnane til at Noreg klarte seg så godt gjennom finanskrisa, var nettopp at finansministeren lenge før nokon tenkte på finanskrise hadde stått i mot presset for å liberalisere finansnæringa. Det blei i staden stramma inn, blant anna på kompliserte spareprodukt. I andre land var det sterk tru på at finansnæringa kunne regulere seg sjølv, og det fekk katastrofale konsekvensar.

Framveksten av spekulative finansielle instrument som hedgefond, har vore med og destabilisert økonomien . Fleire norske finansmiljø etablerte for ein del år sidan hedgefond i utlandet, og produkta blei selde i Noreg med basis i EØS-regelverket. Regjeringa opna då for registrering i Noreg for å få betre kontroll.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Vi må derfor jobbe internasjonalt på mange frontar for å avgrense oppsvulminga av finanskapitalen. Det er derfor viktig å samarbeide med venstreparti både i Europa og elles for å komme frå analyse og prinsipp til gode strategiar og konkrete tiltak. Skattlegging av finansinstitusjonar og finanstransaksjonar er eit viktig tiltak. I tillegg til å arbeide for internasjonale ordningar som Tobin-skatt, så arbeider SV med å finne fram til skattlegging som kan gjennomførast nasjonalt med god effekt.

Tidlegare styreformann for sentralbanken i USA, Alan Greenspan, skal ha sagt at han overvurderte grådigheit som drivkraft i økonomien. Men erkjenninga bør ikkje stoppe der. Vi bør innsjå at fordelingspolitikk er eit viktig bolverk mot framtidige kriser. Det er ei erkjenning som venstresida er i ferd md å få gehør for i fleire land i Europa, og SV deltar aktivt i denne prosessen.

Alf

Vis musklar, Giske!

Utviklinga i leiarlønningar i statlege bedrifter er ein trussel mot solidariteten i samfunnet og mot den norske modellen som har sikra oss velferd og konkurransekraft. Derfor fekk dette spørsmålet eit sterkt fokus i stortingsmeldinga om statleg eigarskap.

På side 65 – 66 i stortingsmeldinga står det blant anna:
” Samtidig mener regjeringen at retningslinjene ikke har hatt det gjennomslag i lønnsutviklingen for lederne i de heleide statlige selskapene som forutsatt i 2006. I de justerte retningslinjene er det derfor tatt inn at regjeringen forventer at selskaper med statlig eierandel skal bidra til moderasjon i lederlønningene. Hovedelementet i avlønningen for ledende ansatte bør være den faste grunnlønnen. Eventuelle ordninger med variabel lønn må være basert på objektive og målbare kriterier, og de må være åpne og tidsbegrenset. Videre må det være klare sammenhenger mellom de mål som ligger til grunn for den variable lønnen og virksomhetens mål. Det er viktig at variabel lønn ikke fremstår som belønning for forhold de ledende ansatte har liten eller ingen inflytelse over. Det fremgår av retningslinjene at samlet variabel lønn det enkelte år ikke bør overstige seks måneders fastlønn, med mindre særskilte hensyn tilsier det.” (Mi utheving)

Det er nokså opplagt at desse prinsippa ikkje blir følgt opp over alt. Det gjeld ikkje minst taket på variabel lønn. Av og til kan ein lure på om styremedlemmar i det heile tatt har lese stortingsmeldinga når ein høyrer dei uttale seg til media.

Giske har kalla styreleiarane inn på teppet, og i følgje Klassekampen var det ein tredel som ikkje møtte opp. No er tida ute for nye åtvaringar. Vi reknar med at Giske ved neste korsveg viser handling. Dei som ikkje no har tatt signala, må sjølv ta konsekvensane.

Alf

Innovasjon og nyskaping i oljelandet

Dette innlegget stod på trykk i Nationen 7. august.

Rangering av innovasjonsevne blir stadig meir vanleg, og Noreg kjem gjerne eit stykke ned på lista. Men det gir lite meining i å diskutere slike plasseringar utan å gå bak tala for å sjå kva dei står for.  Den kjente økonomen Joseph Stiglitz har peika på at det vi måler påverkar det vi gjer. Dersom vi vel feil måleparametrar, så får vi feil politikk. Ein del av dei parametrane som inngår i slike rangeringar, er lite tilpassa norsk arbeidsliv og næringsliv. Men det er like vel gode grunnar til å satse meir på innovasjon og nyskaping her i landet.

I den oljerusen som pregar norske media, er det lett å gløyme at norsk næringsliv står overfor store utfordringar. Investeringane på norsk sokkel blir vurdert til å bli over 170 milliardar kroner i år. Det er 20 milliardar meir enn i fjor. Det akselererande investeringsnivået skaper press i økonomien, og landbasert industri slit med å klare seg i konkurransen om kapital og arbeidskraft. Dette skjer samtidig som marknadene i Europa sviktar og konkurransen frå Kina hardnar til.

Vi står i fare for å få eit einsidig oljerelatert næringsliv som er sårbart for konjunkturendringar, og som har lite perspektiv utover oljealderen. Denne situasjonen rammar ikkje minst innlandskommunane som slit med å oppretthalde eit variert næringsliv. Denne utfordringa må møtast langs to aksar. Vi må føre ein oljepolitikk som dempar presset i økonomien. Men like viktig er det å satse sterkare på innovasjon. Det må satsast både på nyetablering  og på innovasjon i etablerte bedrifter.

Norsk industri har overlevd på grunn av kompetent arbeidskraft og stor omstillingsevne, men konkurransen hardnar til og kravet til innovasjon og omstilling aukar, noko vi ser blant anna i treforedlingsindustrien. Mange gode innovasjonsprosjekt stoppar opp når dei skal testast ut i full skala, for då ryk kostnadene i veret. Vi må derfor utvikle ordningar der staten kan bidra til pilotanlegg og testanlegg. Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg er ei slik ordning. Men vi treng fleire og kraftigare tiltak, gjerne i kombinasjon med private aktørar.

Offentleg sektor kjøper årleg varer og tenester for 380 milliardar kroner. Men det er utvikla ein innkjøpspraksis som prioriterer dei store selskapa med trauste velprøvde løysingar. Nye måtar å tenkje innkjøp på kan fremme innovasjon og utvikle lokale produsentar. Dette gjeld ikkje minst i helsesektoren. Trådlaus hjarteovervaking slik at pasienten kan bevege seg fritt omkring, er eit eksempel på eit produkt som er utvikla i samarbeid mellom helseinstitusjon, forskingsmiljø og ei lokal bedrift.

Mange kommunar og fylkeskommunar legg ned eit stort arbeid for å skape næringsaktivitet og arbeidsplassar. Næringshagar og inkubatorprogram for gründerbedrifter er viktige brikker i dette arbeidet. Undersøkingar viser at sjansen for å overleve aukar når bedrifter er ein del av eit slikt miljø. Men det skortar ofte på risikovillig kapital i ein tidlig fase. Regjeringa er no i ferd med å etablere nye såkornfond, og det bør følgjast opp med meir risikokapital i ein endå tidlegare fase.

Når oljeøkonomien har fått så stor plass her i landet, har staten eit ekstra ansvar for å stimulere til innovasjon og nyskaping også i andre sektorar. Det er heilt nødvendig for å sikre eit mangfaldig og konkurransedyktig næringsliv på lengre sikt. Sviktar vi her, så drar vi opp stigen etter oss.

Alf

Høgre mot innovasjon?

http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/post251358.zrm

Mindre oljeinvesteringar – meir innovsjon

Like før ferien gjekk SV ut med krav om at vi må diskutere investeringstakten i oljesektoren for å unngå at presset i norsk økonomi går ut over landbasert næringsliv. No reiser fleire sentrale økonomar den same problemstillinga.

I den oljerusen som pregar norske media, er det lett å gløyme at norske økonomi og norsk næringsliv står overfor store utfordringar. Investeringane på norsk sokkel blir vurdert til å bli over 170 milliardar i år. Det er 20 milliardar meir enn i fjor. Det akselererande investeringsnivået skaper press i økonomien, og landbasert industri slit med å klare seg i konkurransen om kapital og kvalifisert arbeidskraft. Dette skjer samtidig som marknaden i Europa sviktar og konkurransen frå Kina hardnar til.

Vi står i fare for å få eit einsidig oljerelatert næringsliv som er sårbart for konjunkturendringar, og som har lite perspektiv utover oljealderen. Denne utfordringa må møtast langs to aksar. Vi må føre ein oljepolitikk som dempar investeringspresset i oljesektoren. Men samtidig må vi satse langt sterkare på innovasjon, og vi må tenkje nytt om kva som kan stimulere innovasjon.

For å utvikle eit mangfaldig og robust næringsliv må staten satse sterkare på risikokapital for nyskaping. Regjeringa er i gang med å etablere nye såkornfond. Men det er også viktig å satse på kapital i ein tidlegare fase, og det må koplast opp mot kompetent rådgiving. Det er langt større sjanse for at nyetablerte bedrifter overlever dersom dei er del av eit fellesskap i ein såkalla inkubator.

Det er også behov for meir innovasjons i etablert industri dersom den skal overleve i den stadig tøffare konkurransen. Vi treng framleis produksjonsbedrifter om vi skal oppretthalde vårt høge teknologiske nivå. Spesielt i pilotfasen må staten sterkare på bana. Mange gode innovasjonsprosjekt stoppar opp når dei skal testast ut i full skala, for då ryk kostnadene i veret. Vi må utvikle gode ordningar der staten kan bidra til pilotanlegg og testanlegg i kombinasjon med privat kapital.

Suksessen i norsk offshoreindustri skuldast blant anna ein bevisst innkjøpspolitikk frå Statoil si side då oljeeventyret starta. Det er ei erfaring vi bør lære av. Offentleg sektor kjøper årleg varer og tenester for 380 milliardar kroner. Men det er utvikla ein innkjøpspraksis som prioriterer dei store selskapa med trauste velprøvde løysingar. Vi har mange eksempel på at nye måtar å tenkje innkjøp på, kan skape produkt for ein internasjonal marknad.

I innovasjonspolitikken blir det ofte etterlyst meir næringsretta forsking. Det er viktig. Men det må ikkje fortrenge grunnforskinga. Det er den frie forskinga som over tid er det viktigaste grunnlaget for innovasjon, og derfor må den styrkast. Innovasjon kan ikkje alltid bestillast, men det gløymer vi ofte i den næringspolitiske debatten.

Når oljeøkonomien har fått så stor plass her i landet, har staten eit ekstra ansvar for å stimulere til innovasjon og nyskaping. Det er heilt nødvendig for å sikre eit mangfaldig og konkurransedyktig næringsliv på lengre sikt. Sviktar vi her, så drar vi opp stigen etter oss.

Alf