Miljøteknologisatsing som peikar framover

I trontalen i går prøvde opposisjonen å skape eit inntrykk av at regjeringa satsar for lite på verdiskaping og næringsutvikling. Realiteten er det stikk motsette. Det er opposisjonen som har gått seg fast i ein retorikk der dei set likskapsteikn mellom skattelette og næringspolitikk. Denne banaliseringa av næringsdebatten er ein trussel mot næringsutvikling og verdiskaping. Det vi treng er ein aktiv og framtidsretta næringspolitikk, og det finn vi i statsbudsjettet. 

Det mest gledelege tiltaket er ei kraftig satsing på miljøteknologi med til saman 267 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til dei midlane som alt blir brukt på dette området i Innovasjon Noreg, ENOVA og TRANSNOVA. I valkampen gjekk SV ut og lova mange nye arbeidsplassar innan fornybar energi og miljøteknologi, og denne ”bransjen” er alt eit viktig element i norsk verdiskaping. Nyleg fekk vi ein rapport som viser at den i dag omfattar 40.000 arbeidsplassar. Med satsinga i statsbudsjettet for 2011 får vi eit nytt løft. Men det viktigaste er kanskje at vi no skal få ein samla strategi for miljøteknologi.

Budsjettet har også ei målretta satsing på næringsretta forsking og innovasjon utover det som gjeld miljøteknologi. Og det vidarefører den industripakka som blei lansert i vår for å motverke den kraftige konjunkturnedgangen.

 Regjeringa fører ein målretta politikk for å skape ein framtidsretta næringsliv. Skal vi overleve etter olja, treng vi ein aktiv og framtidsretta næringspolitikk, ikkje eit rutineprega mas om skattelette.

 Alf

Spennande debatt om miljøteknologi

For ei tid sidan uttalte eg til Teknisk Ukeblad, TU, at det er behov for betre koordinering av den offentlege støtta til utvikling av miljøteknologi. Du finn utspelet her.

No har dette trekt i gang ein debatt som blir følgt opp av direktøren i Teknologiådet.

Spørsmålet blir også diskutert i papirutgåva av Fædrelandsvennen i dag. Sentrale personar frå næringslivet ser fram til etableringa av det nye miljøteknologifondet og ønskjer debatten om den nye støtteordninga velkommen.

Debatten om bussmetro

For nokre dagar sidan tok eg i Fædrelandsvennen til orde for ein brei politisk dugnad for å støtte opp om planane om bussmetro i Kristiansand. Mange støtta utspelet, men Gitmark (H) valde i staden å gå til angrep på SV og regjeringa.

Gitmark uttalte til avisa at regjeringa har kutta i belønningsmidlane til kollektivtransporten. Det stemmer ikkje. Tvert i mot har regjeringa på landsbasis dobla midlane til 333 millionar kroner som er nivået i 2010. I tillegg til dette har SV fått gjennomslag i Soria Moria II for ei ny dobling av tilskota til kollektivtrafikken innan 2013.

Kristiansand er så langt ein av vinnarane når det gjeld belønningsmidlar, og det er inngått avtale med regjeringa om støtte på 285 millionar kroner over fire år. Samferdselsdepartementet stadfester at den følgjer planen med 80 millionar i 2010. Grunnen til at Kristiansand kom så godt ut i belønningsordninga, er eit breitt politisk fleirtal bak kollektivsatsinga i Kristiansand og i Vest-Agder. Også høgreordføraren i Kristiansand har gått aktivt inn for denne satsinga. Derfor er det underleg at Gitmark er meir opptatt av å angripe SV og regjeringa på sviktande grunnlag, enn av å støtte opp om denne viktige satsinga.

Bakgrunnen for min kommentar til Fædrelansvennen er at vi må begynne å tenkje på kav som skal skje når avtalen mellom regjeringa og Kristiansand og Vest-Agder går ut i 2012. Sjølv om regjeringa aukar løyvingane nasjonalt, kan konkurransen om midlane bli hard. Skal vi nå fram, må regionen vise resultat av dagens satsing og stå samla bak ei ny prioritering. Dette trudde eg faktisk det var brei semje om, også i Gitmark sitt parti.

Det er ikkje første gangen Gitmark angrip utan å sjekke fakta. Du finn eit anna eksempel her.

Alf

Professoral trussel mot villaks og oppdrett

Professor Rögnvaldur Hannesson har gått til angrep på villaksen i eit misslukka forsøk på å slå eit slag for lakseoppdrett (DN og KK). Oppdrettsnæringa er så viktig at vi kan ofre villaksen, hevdar han.

 Norge har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på atlantiske laksestammar. Oppdrettsnæringa får svare for seg sjølv. Men eg tvilar på at den deler Hannesson sin totale mangel på respekt for artsmangfald, internasjonale konvensjonar og næringar som er avhengige av villaksen. Eg er overraska over at ein professor med fiskeri som arbeidsfelt, kan presentere slike synspunkt.

 Det er nettopp slike haldningar som er den største trusselen mot oppdrettsnæringa i ein kritisk utviklingsfase. Synspunkta til Hannesson skaper ikkje berre eit konfliktnivå som skadar bransjen. Dei kan på sikt undergrave ressursgrunnlaget og forseinke den teknologiske utviklinga som næringa er heilt avhengig av.

 Situasjonen i oppdrettsnæringa liknar på den vi hadde i norsk prosessindustri i åttiåra. Det var ein forureinande industri, og styresmaktene innførte gradvis strengare miljøkrav. Mange protesterte og hevda at det ville ta knekken på bedriftene, men industrien tok utfordringa. I dag har vi ein teknologisk leiande prosessindustri, og dei fleste innser no at miljøkrava var med på å styrke industrien.

 Dei haldningane Hannesson gir uttrykk for, er det oppdrettsnæringa treng minst dersom den skal bli berekraftig og utvikle seg i harmoni med miljøet og andre næringar. 

Bloggposten har stått på trykk i Klassekampen og Fiskarbladet

 Alf

Industrien må forske meir

Norske bedrifter satsar for lite på forsking, og statsbedriftene er ikkje noko unntak. Det er urovekkjande når vi veit at norsk næringsliv står overfor store omstillingar. Vi treng å utvikle relevant kunnskap for å møte desse utforringane. Når regjeringa no skal leggje fram ei ny stortingsmelding om statleg eigarskap, bør forsking og utvikling få ein naturleg plass i ein langsiktig eigarstrategi.

Erfaring tyder på at det er behov for klare føringar for at statsbedriftene skal følgje opp. Stortinget har slått fast ”betydningen av at industri- og teknologibedriftene som staten er en stor eier i, framover legger til grunn en strategi for økt forskning og utvikling.” Sitatet er frå førre gang Stortinget behandla staten sin eigarskapspolitikk. Alle partia med unntak av  H og FrP støtta dette. Men det ser ikkje ut til at statsbedriftene følgjer opp denne føringa frå Stortinget.

I 1999 brukte Telenor 1,6% av driftsinntektene til forsking og utvikling. I 2008 var det berre 0,6 % av driftsinntektene som blei brukt til dette formålet. I denne perioden er driftsinntektene tredobla, men investeringane i forsking og utvikling har stått stille. Rett nok har Telenor ekspandert gjennom oppkjøp, og det kan vere krevjande å auke forskingsaktiviteten i same tempo. Det kan også diskuterast om del av driftsinntektene er eit godt mål for forskingsinnsatsen. Men stagnasjonen i forsking og utvikling tyder ikkje på at selskapet har lagt til grunn ”en strategi for økt forsking og utvikling”.  

Vi har fått ein gryande debatt om norsk forsking. Men debatten dreiar seg stort sett om offentleg finansiert forsking som ligg på nivå med andre land. Merkeleg nok er det lite fokus på at næringslivet brukar mindre til forsking enn det som er vanleg i land det er naturleg å samanlikne seg med. Dette er svært uheldig i ein situasjon der næringslivet  står overfor store omstillingar for å tilpasse seg ein tøffare internasjonal konkurranse, og for gradvis å gjere seg mindre avhengig av oljeøkonomien.

Forsking og utvikling er eit viktig element i langsiktig bedriftsutvikling. Manglande forskingsinnsats er ein trussel mot konkurranseevne og sysselsetting, og til sjuande og sist mot norsk økonomi og samfunnsutvikling. Det er derfor behov for å setje fokus på auka forsking i næringslivet. Statsbedriftene bør ta denne utfordringa, ikkje berre for å vere eit førebilete, men for å sikre si eiga framtid. Stortinget har sagt i frå. Men når det ikkje gir resultat, må den nye eigarskapsmeldinga bli endå tydlegare på dette punktet.

Ein litt kortare variant av denne bloggposten har stått på trykt i VG.

Alf

Grøn industriutvikling med Statkraft

Dei siste dagane har Statkraft fått stor plass i media. Men debatten har for det meste handla om utbyttepolitikk. Det har vore mindre fokus på den langsikteige strategien og Statkraft si rolle i norsk industriutvikling. 

Energisektoren har alltid spela ei sentral rolle i norsk økonomi og norsk industri. Olje og gass har skaffa oss inntekter, men også lagt grunnlaget for ein høgteknologisk leverandørindustri. No innser fleire og fleire at norsk industri må bli mindre avhengig av oljesektoren. Det er på tide å diskutere om Statkraft kan bidra til å utvikle ein grøn industri på same måten som Statoil var med på å utvikle dagens leverandørindustri.

Forholda bør ligge godt til rette for ei slik utvikling. Statkraft har kompetanse og økonomiske musklar og har no engasjert seg internasjonalt. Utbygging av vindenergi på Doggerbank er ei spennande satsing. I tillegg har Noreg ein verdsleiande leverandørindustri med brei kompetanse på område som er viktige for utvikling av fornybar energi. No er det viktig at Statkraft fokuserer på grøn energi og ikkje bind opp ressursar i gasskraft.

 Det internasjonale energibyrået, IEA,  har lagt fram oppdaterte tal for satsing på fornybar energi fram mot 2050, og byrået forventar store investeringar. 25000 vindmøller årleg, 85 store karbonfangstprosjekt kvart år og store investeringar i solenergi og miljøvennleg transport er berre nokre eksempel. Men det er mange om beinet, og det hastar med  å ta ein posisjon i den nye marknaden.

 Då Noreg blei ein oljenasjon i åttiåra, blei det satsa på å utvikle norsk leverandørindustri. Resultatet har blitt ei høgteknologisk eksportnæring med ein sterk internasjonal marknadsposisjon. Noreg har over 80% av verdsmarknaden på enkelte område. Statoil sin sterke posisjon og selskapet sin vilje og si evne til å utvikle underleverandørane har utan tvil medverke til denne utviklinga.

 Vi kan ikkje utan vidare samanlikne situasjonen i olje- og gass-sektoren i åttiåra med fornybarsektoren i dagens Noreg. Ressurssituasjonen er ulik og tilgangen til marknaden er heilt forskjellig. Men det er like vel grunn til å vurdere om Statkraft kan spele ei rolle i utviklinga av ein økonomi og ein industrisektor som er mindre avhengig av olje og gass.

 Det er viktig å satse i Noreg, og heimemarknaden er alltid viktig for leverandørindustrien i ein oppbyggingsfase. Men det er ikkje nok å satse på den norske marknaden dersom vi skal utvikle ein grøn leverandørindustri i Noreg. I Kristiansand har vi for eksempel ein fabrikk som støyper deler til vindmølle. Med sine to hundre tilsette dekkjer den ein vesentleg del av verdsmarknaden.

 Ved å satse på fornybar energi også i utlandet kan Statkraft spele ei rolle i utvikling av grøn industri i Noreg. Men dette reiser ein del problemstillingar relatert til utviklinga av selskapet. Statkraft er i utgangspunktet eit grunnrenteselskap. Det inneber at selskapet disponerer evigvarande naturressursar som tilhøyrer fellesskapet. Derfor er det rimeleg at desse ressursane i stor grad blir disponert av dei folkevalde på Stortinget og ikkje av styret i selskapet.

 Men Statkraft har også næringsaktivitet som går ut over grunnrenteaktiviteten. Tydelegast ser vi det når selskapet engasjerer seg i utlandet. Avkastninga av denne aktiviteten er ikkje grunnrente, men den er langt på veg mogeleg fordi grunnrenta gir selskapet finansiell styrke. Diskusjonen om kva som er riktig utbyttepolitikk for eit slikt selskap, er derfor vanskeleg. Det er meir fruktbart å diskutere kva staten vil med selskapet, og kva rammevilkår som må til for å oppnå det.

 Landsstyret i SV har uttalt av vi må bruke det statlege eigarskapet i arbeidet for eit meir klimavennleg samfunn og ein grønare industri. Statkraft sine satsingar også i utlandet kan bidra til å utvikle ein grøn leverandørindustri. Selskapet bør derfor ha rammevilkår som legg grunnlag for ei forretningsmessig god utvikling på dette området.

 Statkraft si satsing på gass bind kapital som kan brukast til satsing innan fornybar energi. I eit grunnrenteselskap som er bygd opp på norske fornybare ressursar er det gode grunnar til å halde fast på profilen som eit reint fornybarselskap. Då kan Statkraft spele ei viktig rolle for klimaet både i og utanfor Noreg. Og det kan bli ein viktig aktør i utviklinga av ein berekraftig fornybarindustri her i landet.

Innlegget stod på trykk i Klassekampen 23. august.

Alf 

 

Private barnerhagar får betre vilkår

Dersom ein les enkelte innlegg i avisene, skulle ein tru at regjeringa er i ferd med å rasere finansieringa av dei private barnehagane. Men i realiteten inneber forslaget frå regjeringa det stikk motsette. Det skal sikre at dei private barnehagane får same offentleg tilskot som dei kommunale.

Ansvaret for barnehagesektoren og 27 milliardar barnehagekroner skal overførast frå staten til kommunane. I den samanheng er det utarbeidd nye forskrifter som skal sikre at private barnehagar får same tilskot som dei kommunale barnehagane, noko dei ikkje har i dag. Dette har lenge vore eit sterkt krav frå dei private barnehagane, både dei som er drivne av ideelle organisasjonar og dei som har private eigarar. No har regjeringa lagt fram ein opptrappingsplan for å innfri dette kravet.

I samband med denne opptrappingsplanen er det laga reglar som skal sikre at den offentlege finansieringa kjem barna til gode, og det er derfor foreslått visse avgrensingar i utbyttet. Reglane hindrar ikkje rimeleg avkastning av investert kapital, men dei skal sikre at skattepengane våre i størst mogeleg grad kjem barna til gode og sikrar dei tilsette ordna arbeidstilhøve.

Det er uttak av urimelig høg avkastning som ein ønskjer å avgrense. Forslaget skal hindre at verdiar som det offentlige har lagt inn, skal trekkast ut av barnehagesektoren.  Det gjeld sjølvsagt ikkje midlar som eigaren har skutt inn sjølv, men verdiar som er bygd opp av offentleg tilskot og foreldrebetaling. Uttaksavgrensinga skal ikkje ha tilbakeverkande kraft og forslaget rammer ikkje verdiar som er opparbeida før forskrifta trer i kraft.

Private barnehagar driv godt med fokus på å bruke tilgjengelege midlar til å utvikle institusjonen til beste for barna. Det er derfor ikkje så mange som vil bli påverka av dei nye reglane. Kommunane har også i dag høve til å redusere støtta ved urimeleg utbytte.

Elles kan det vere grunn til å minne om at det lenge har vore totalforbod mot å ta utbytte frå privatskolar, og det hadde full støtte frå Bondevikregjeringa med Høgre i utdanningsdepartementet.

Dei nye reglane legg opp til å sikre dei private barnehagane same støtte som dei kommunale. Samtidig legg dei opp til ei ordning som skal hindre at offentlege midlar går til urimeleg avkastning på privat kapital. Eit slikt regelverk vil bidra til legitimitet for dei store overføringane til barnehagesektoren inklusive dei private barnehagane, og det vil sektoren trenge i ei tid med press på dei offentlege utgiftene.

Alf

Innlegget har stått på trykk i Fædrelandsvennen og Agdertposten.

FrP for dei rike og ressurssterke

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen laudag 31. juli.

Sist onsdag hadde Hanekamhaug frå FrP  eit lesarinnlegg i Fædrelandsvennen. Det er fullt av tradisjonell FrP-retorikk med angrep på dei raudgrøne partia, men det inneheld lite konkret. Eg skal derfor nøye meg med å kommentere to ting.

Hanekamhaug skuldar dei raudgrøne for rot når det gjeld datalagringsdirektivet. Her kunne ho kanskje kikke litt i si eiga leir. På den borgarlege sida er det ikkje berre usemje mellom partia. I Høgre er det open strid, og i det siste har det også internt i FrP dukka opp motstridande syn. Det er bra med debatt, men då burde kanskje ikkje Hanekamhaug vere så kjepphøg i si omtale av diskusjon mellom dei raudgrøne partia.

Det mest konkrete i Hanekamhaug sitt innlegg er påstanden om at FrP satsar på skattelette for dei med låg og middels inntekt. Men ho ”gløymer” å fortelje at det er dei rikaste som får dei store skatteletta med FrP sin politikk. Før valet blei det laga ein oversikt over kva Høgre og FrP er samde om i skattepolitikken. Denne oversikten viser at skatteletta vil bli meir enn dobbelt så stor for dei som tener over ein halv million enn for dei som tener mindre. Reknar vi med formueskatten så vil dei som tener over ein million i gjennomsnitt få meir enn ti gonger så stor skattelette som dei som tener under ein halv million. Skatteletta for dei rike vil fører til sterke kutt i dagens velferdsordningar. I det siste statsbudsjettet foreslo derfor FrP store kutt i løyvingane til uføretrygd, sjukepengar og arbeidstilsynet. På tross av all innøvd retorikk viser dette at FrP er eit parti for dei rike og ressurssterke.

Alf 

Tradisjonsrikt industrimiljø i spel

Dette innlegget stod i Fædrelandsvennen laurdag 24. juli.
Ein kortare versjon stod i Klassekampen onsdag 28. juli

Orkla har selt lønsame deler av Elkem, og no ønskjer dei å tr.ekkje seg ut av selskapet. Utan ein langsiktig industriell eigar kan Elkem stå overfor store utfordringar.

Elkem har lange industrielle tradisjonar, og Elkem forsking i Kristiansand har spela ei sentral rolle i utviklinga av selskapet. I åttiåra var det mange som spådde at den kraftforedlande industrien ville forsvinne frå eit høgkostland som Noreg. Men metall- og materialindustrien har vist evne til å fornye seg og er no ein høgteknologisk bransje med fotfeste i den veksande marknaden for miljøteknologi. På tross av spennande industriell innovasjon møter no Elkem som har blitt ein del av Orkla, ei ny utfordring. Stein Erik Hagen og Orkla har annonsert at dei ønskjer seg ut av Elkem, og selskapet kan vere i spel.

Elkem i Kristiansand kan skilte med ei lang rekke industrielle innovasjonar som har betydd mykje for norsk industri. For snart hundre år sidan utvikla bedrifta ein ny elektrode, søderbergelektroden, som revolusjonerte smelteverksindustrien både nasjonalt og internasjonalt. Oppfinninga la grunnlaget for at Elkem blei eit teknologiselskap med ein dominerande posisjon på verdsmarknaden.

Då metall- og materialindustrien blei møtt med miljøkrav i sytti- og åttiåra, var det mange som stritta i mot og hevda at krav om reinsing ville ta knekken på lønsemda i bransjen. Men Elkem i Kristiansand satsa offensivt på å utvikle reinseteknologi og skapte ein ny global marknad for sal av filterteknologi. Samtidig klarte dei å foredle den plagsame røyken frå fabrikkpipene til eit høgverdig produkt, microsilica, som har revolusjonert betongteknologien. Dialogen mellom bransjen og styresmaktene om reinsekrav ga bedriftene eit teknologisk forsprang som trygga mange arbeidsplassar.

Sidan åttiåra har Elkem forsking i Kristiansand utvikla teknologi for produksjon av høgreint silisium til bruk i solseller, og i fjor kunne Elkem Solar starte opp ein ny fabrikk basert på denne teknologien . I ein tidleg fase blei denne forskinga finansiert blant anna av oljeselskap som fekk konsesjon i Nordsjøen. Mange av dei som i dag har ein posisjon i den mangfaldige norske solselleindustrien, har sin bakgrunn frå Elkem.

Kompetansemiljøet ved Elkem forsking har også utvikla nye industriprosessar som kan vere med på å vidareutvikle norsk metall- og materialindustri. Dei har komme langt i utvikling av ein ny aluminiumsprosessen som kan redusere energiforbruket ved aluminiumsproduksjon. Og ein ny prosess for reinsing av avfall frå aluminiumsindustrien kan skaffe arbeidsplassar til nedleggingstrua industri i Hardanger, berre for å nemne nokre eksempel.

Elkem forsking som no delvis er integrert i Elkem Solar, er eit unikt teknologisk miljø i internasjonal samanheng. Det er berre eit par andre stader i verda der ein har erfaring og utstyr til å utvikle høgtemperatur prosessar for materialframstilling i stor skala. I ein situasjon der norsk industri treng innovasjon, og der verda treng nye materiale tilpassa klimasamfunnet, er det svært uheldig at denne type teknologimiljø blir utarma. Men det er nettopp det som kan skje.

No går Stein Erik Hagen ut og annonserer at Orkla vurderer å kvitte seg med Elkem. Det treng i og for seg ikkje vere noko katastrofe for den vidare utviklinga av selskapet. Men Elkem sine musklar for å utvikle seg vidare er svekka under Orkla sitt regime. Eigardelane i aluminium som gav gode inntekter til Elkem, er selt ut av konsernet. Dermed har Elkem mindre styrke til å vidareutvikle seg innan høgreint silisium til solseller og andre høgteknologiske produkt. Både for klimaet og for utviklinga av ein livskraftig norsk industri er det viktig å vidareutvikle denne kompetansen og satsinga på solenergi.

Orkla har selt lønsame deler av Elkem, og no ønskjer dei å trekkje seg ut av selskapet. Utan ein langsiktig industriell eigar kan Elkem stå overfor store utfordringar. Eit innovativt industrielt miljø med potensiale til å utvikle nye produkt og skape nye arbeidsplassar innan miljøvennleg energi og miljøteknologi kan få ei krevjande framtid.

Det er overraskande at industrielle disposisjonar med så store langsiktige konsekvensar skaper så lite debatt. Kompetanse og verdiar som generasjonar av tilsette har skapt, er ein viktig infrastruktur for vidare utvikling av norsk industri. Industriutvikling må ha eit langsiktig samfunnsmessig perspektiv, også om industrien er i privat eige.

Alf

Når overvakingsindustrien tar overhand

Dei siste dagane har vi fått innsikt i ein del av overvakingsindustrien i USA. Dei fleste avisene med respekt for seg sjølv har referert sentrale funn frå det utmerka gravearbeidet til Washington Post. Avisa ha brukt to år på å kartlegge kva som har skjedd med etterretningsarbeidet i USA etter 1. september. Og resultata vekkjer uro langt ut over radikale kretsar.

Ikkje nok med at overvakingsindustrien har ekspandert slik at dei politiske leiarane vedgår å ha mista kontrollen. Washington Post har også dokumentert at private aktørar har fått ei stadig større rolle i dette spelet. No er også tryggleiken på tilbod. Dei private aktørane vil ha sin del av skattepengane som går til overvaking og kamp mot terror. Dei sit laust etter 11. september.

Mange kommentatorar har fokusert på at dette er sløsing med offentlege midlar. Men kva med dei politiske konsekvensane? Kva kan dei ulike aktørane som knapt nokon har oversikt over, finne på for å behalde sugerøyret i statskassa? Kan vi stole på at den informasjonen vi får, har som formål å skape ei tryggare verd, eller kan det vere nokon i dette spelet som kan falle for freistinga til å legge vekt på kva som sikrar deira eigne finansar? Kan vi risikere at nokon bli freista til desinformasjon og til om med til provokasjon for å behalde status og rause kontraktar.

Det er naivt å tru at det ikkje finst element i dette massive apparatet som er interessert i å oppretthalde behovet for eigne tenester i staden for å gjere seg sjølv overflødig. Det skjer i svært mang  andre organisasjonar. Kvifor skulle det ikkje skje i ein organisasjon som er praktisk talt utan kontroll frå media? I dagens kommersielle medieverd er det få om nokon som kan koste på seg graving av det omfang og den kvalitet som Washington Post ha vist. 

Jo større og meir uoversiktleg  etterretningstenestene blir, og jo strammare økonomi media får, jo større er sjansen for at overvakingsindustrien kan utvikle sin eigen agenda. Vi har mange eksempel på at overvakingstenestene i USA har operert utafor politisk kontroll. På bakgrunn av det Washington Post har avslørt, kan det synast som denne bransjen i dag er større og meir ukontrollerte enn tidlegare. Korleis skal vi unngå å utvikle etterretningstenester som fører til meir etterretning og mindre tryggleik og demokrati? Klarer media å vidareføre arbeidet til Washington Post slik at vi unngår overvaking som genererer meir behov for overvaking?

Alf