Tag Archives: fornybar energi

Gigantsatsing på fornybar energi og miljøteknologi

Sist fredag var ein stor merkedag for oss som har kjempa for ei offensiv satsing på miljøvennleg energi og miljøteknologi. Statkraft fekk tilført 14 milliardar kroner i ny eigenkapital. Det set statsbedrifta i  stand til å investere 82 milliardar kroner over ein femårsperiode. Samtidig har Statkraft justert sin strategi slik at alle midlane skal gå til fornybar og ny fornybar energi.

SV har lenge arbeidd for å legge til rette for eit næringsliv som kan overleve etter oljealderen. Vi har i dag ein verdsleiande offshoreindustri med leveransar til olje- og gassektoren. Den blei bygd opp under vengene av eit sterkt statleg eigarskap i oljeaktiviteten i Nordsjøen. Men dei fleste meiner at vi vil sjå toppen av oljeaktiviteten om få år. No er det på tide å legge til rette for leveransar til fornybar energi som har ein veksande marknad. Statkraft kan eit stykke på veg spele den same rolla for fornybarteknologi som Statoil spela for petroleumsteknologi då oljeeventyret starta.

Gjennom eit aktivt statleg eigarskap har vi fått ei gigantisk satsing på fornybar energi og miljøteknologi. Denne satsinga har eit omfang som det ville ha vore vanskeleg å få til på andre måtar. Vi får ei storsatsing på miljøvennleg energi og miljøteknologi, samtidig som vi legg til rette for auka inntekter til fellesskapet. Det statlege eigarskapet har på nytt vist sin styrke når vi står overfor store utfordringar.

Denne satsinga vil skape arbeidsplassar i leverandørindustrien og energisektoren. No er det på tide å få ein brei diskusjon om korleis vi skal bruke den fornybare energien. Skal vi elektrifisere sokkelen, skal vi satse offensivt på elektriske bilar, skal vi bruke den til kraftkrevjande industri, eller skal vi eksportere den. Her er det mange ulike omsyn å ta, ikkje minst klimaeffekten av dei ulike alternativa. Derfor treng vi no ein brei offentleg gjennomgang av energipolitikken her i landet.

Alf