Category Archives: Næring og miljø

Høgre mot innovasjon?

http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/post251358.zrm

Mindre oljeinvesteringar – meir innovsjon

Like før ferien gjekk SV ut med krav om at vi må diskutere investeringstakten i oljesektoren for å unngå at presset i norsk økonomi går ut over landbasert næringsliv. No reiser fleire sentrale økonomar den same problemstillinga.

I den oljerusen som pregar norske media, er det lett å gløyme at norske økonomi og norsk næringsliv står overfor store utfordringar. Investeringane på norsk sokkel blir vurdert til å bli over 170 milliardar i år. Det er 20 milliardar meir enn i fjor. Det akselererande investeringsnivået skaper press i økonomien, og landbasert industri slit med å klare seg i konkurransen om kapital og kvalifisert arbeidskraft. Dette skjer samtidig som marknaden i Europa sviktar og konkurransen frå Kina hardnar til.

Vi står i fare for å få eit einsidig oljerelatert næringsliv som er sårbart for konjunkturendringar, og som har lite perspektiv utover oljealderen. Denne utfordringa må møtast langs to aksar. Vi må føre ein oljepolitikk som dempar investeringspresset i oljesektoren. Men samtidig må vi satse langt sterkare på innovasjon, og vi må tenkje nytt om kva som kan stimulere innovasjon.

For å utvikle eit mangfaldig og robust næringsliv må staten satse sterkare på risikokapital for nyskaping. Regjeringa er i gang med å etablere nye såkornfond. Men det er også viktig å satse på kapital i ein tidlegare fase, og det må koplast opp mot kompetent rådgiving. Det er langt større sjanse for at nyetablerte bedrifter overlever dersom dei er del av eit fellesskap i ein såkalla inkubator.

Det er også behov for meir innovasjons i etablert industri dersom den skal overleve i den stadig tøffare konkurransen. Vi treng framleis produksjonsbedrifter om vi skal oppretthalde vårt høge teknologiske nivå. Spesielt i pilotfasen må staten sterkare på bana. Mange gode innovasjonsprosjekt stoppar opp når dei skal testast ut i full skala, for då ryk kostnadene i veret. Vi må utvikle gode ordningar der staten kan bidra til pilotanlegg og testanlegg i kombinasjon med privat kapital.

Suksessen i norsk offshoreindustri skuldast blant anna ein bevisst innkjøpspolitikk frå Statoil si side då oljeeventyret starta. Det er ei erfaring vi bør lære av. Offentleg sektor kjøper årleg varer og tenester for 380 milliardar kroner. Men det er utvikla ein innkjøpspraksis som prioriterer dei store selskapa med trauste velprøvde løysingar. Vi har mange eksempel på at nye måtar å tenkje innkjøp på, kan skape produkt for ein internasjonal marknad.

I innovasjonspolitikken blir det ofte etterlyst meir næringsretta forsking. Det er viktig. Men det må ikkje fortrenge grunnforskinga. Det er den frie forskinga som over tid er det viktigaste grunnlaget for innovasjon, og derfor må den styrkast. Innovasjon kan ikkje alltid bestillast, men det gløymer vi ofte i den næringspolitiske debatten.

Når oljeøkonomien har fått så stor plass her i landet, har staten eit ekstra ansvar for å stimulere til innovasjon og nyskaping. Det er heilt nødvendig for å sikre eit mangfaldig og konkurransedyktig næringsliv på lengre sikt. Sviktar vi her, så drar vi opp stigen etter oss.

Alf

Høgre satsar på dobbeltkommunikasjon

For ei veke sidan gjekk Gitmark (H) og Harberg (H) ut i Fædrelandsvennen og kravde eit såkornfond til Sørlandet. Eg blei mildt sagt litt overraska. Dette var heilt nytt for meg som har jobba med denne saka i lang tid. Eg tenkte først at dei ville henge seg på ei god sak i tolvte time, men eg kan ikkje sjå at det heller er tilfelle. Like før helga behandla Stortinget to saker om såkornfond. Eg har gått i gjennom forslaga frå Høgre og kan ikkje finne at partiet har fremma noko forslag om lokalisering av såkornfond til Sørlandet.

Men ikkje nok med det. SV har i lang tid jobba for å legge til rette for at det skal komme eit såkornfond til vår landsdel. Derfor har vi fått dei andre regjeringspartia med på at det er eit mål å etablere såkornfond i alle landsdelar. Heller ikkje det har Høgre slutta seg til i sine merknader. Utspelet i Fædrelandsvennen kjem dermed i eit underleg lys.

Eksempelet med såkornfond er berre eit av mange. I landbrukspolitikken prøver Høgre no å snakke på seg ein distriktsvenleg profil. Men i sine merknader skriv dei at dei ønskjer ei strukturrasjonalisering for å få ned prisen til bonden. Det vil ikkje bli mykje att av landbruket i Nord-Noreg, på Vestlandet og på Sørlandet med ein slik politikk. I spørsmål om arbeidsmiljølova prøver dei å vere både for og mot ei liberalisering.

Dett er eksempel på den dobbeltkommunikasjonen Høgre satsar på i sin iver etter å skape seg ein mjukare profil for å sanke nye stemmer. Dei kjem med slike utspel og satsar på at media ikkje stiller dei nødvendige kontrollspørsmåla. Når politikarar frå andre parti prøver å få fram dei faktiske forholda, tar Høgre på seg offerrolla etter mønster frå FrP. Då sutrar dei over at vi snakkar om Høgre sin politikk og ikkje vår eigen.

Alf

Klimatiltaksfondet – eit kinderegg

SV har i tre tiår argumentert for at god miljøpolitikk kan vere god næringspolitikk. Lenge var det mildt sagt lite rom for slike tankar i den næringspolitiske debatten. Men no har dette synet fått stadig større gjennomslag, og det har blitt eit viktig element i klimameldinga.

Direktørane i Innovasjon Noreg og i Klima- og forureiningsdirektoratet presenterte gode eksempel på samspelet mellom næringspolitikk og klimapolitikk i Dagens Næringsliv 11. juni. Når bedrifter må investere i reinseteknologi, så fører det ofte til ei teknologisk utvikling som bidrar til å styrke konkurranseevna. I tillegg får leverandørane utvikla ny teknologi for ein internasjonal marknad. Men dette er avhengig av at vi heile tida ligg i front når det gjeld miljøkrav og miljøstandardar.

Klimameldinga legg opp til å vidareutvikle satsinga på miljøteknologi til beste for klimaet og for norsk industri. Klimatiltaksfondet er eit kinderegg med tre viktige effektar. Fondet skal bidra til å realisere større prosjekt som reduserer CO2-utslepp, og erfaring viser at det i sin tur vil styrker konkurranseevna til bedriftene.

I tillegg vil vi få utvikla ny teknologi som kan redusere utsleppa i andre land som ikkje har dei same ressursane til å drive teknologiutvikling. Dette er også eit godt eksempel på at det ikkje er nokon motsetnad mellom utsleppskutt heime og ute slik enkelte framleis hevdar.

No er det viktig å etablere gode rammer for fondet i samarbeid med næringslivet og miljørørsla.

Alf

Kven skal eige Borregaard

Her finn du oppsummeringa av eit innlegg eg heldt på eit seminar på Stortinget om Borregaard og deira framtid i lys av at Orkla vil selje bedrifta:
http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/post247217.zrm

Alf

Positive tal frå Agderlandbruket

Sørlandssendinga har eit interessant oppslag om landbruket i Agder. Du finn det her.

Dette viser at landbrukspolitikken til den Raudgrøne regjeringa verkar. Samtidig viser det at det sterke engasjementet som lokale entusiastar har stått for, gir resultat.

Landbruksmeldinga som blei vedtatt sist torsdag, har for første gang eit spesielt fokus på landbruket i Agder og Telemark, nettopp for å vidareføre arbeidet med å oppretthalde landbruksproduksjonen og den dyrka marka i Agder og resten av landet.

Opposisjonen på Stortinget kjempa derimot for ein politikk som vil svekke landbruket og føre til at langt fleire bruk blir lagt ned, ikkje minst på Agder. Les mitt innlegg i debatten her.

Alf

Mat med norske ressursar

Dette innlegget stod på trykk i Nationen sist fredag.

Stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikk legg opp til å oppretthalde dagens sjølvforsyningsgrad for varer produsert i jordbruket. Dette er i realiteten eit produksjonsmål meir enn eit sjølvforsyningsmål. Det tar ikkje omsyn til import av for som går med til produksjonen. Korrigerer vi for importerte forråvarer, blir sjølvforsyningsgraden ein god del lågare, og denne forskjellen er aukande.

Mang vil vel umiddelbart tenkje at auka forimport skuldast auka oppdrett av svin og fjørfe. Men også i mjølkeproduksjonen og i produksjonen av raudt kjøt aukar bruken av kraftfor og importerte forråvarer. Presset på auka produktivitet har ført til at det blir brukt meir kraftfor, og det er i aukande grad baserer på import. Heile auken i forbruk av kraftfor dei ti siste åra er importert, og importen av proteinråvarer har auka mest.

I tillegg til produksjonsmålet legg landbruks- og matmeldinga vekt på at produksjonen i størst mogeleg grad skal basere seg på nasjonale ressursar. Men meldinga går ikkje inn på kva ein legg i dette. Derfor er det mange som er usikre på korleis ein vil følgje opp denne ambisjonen. Skal ein komme vidare på dette området, er det ikkje nok å sjå på sjølvforsyningsgrad. Vi må ha fokus på sjølvforsyningsgrad korrigert for import av for.

Dagens mål for sjølvforsyning fangar ikkje opp viktige utviklingstrekk i landbruket. Vi kan erstatte bruken av grovfor og norskprodusert korn med importerte forråvarer utan at det gjer utslag på brutto sjølvforsyningsgrad. Derfor må vi å fokusere på korrigert sjølvforsyningsgrad om vi skal få med sentrale utviklingstrekk i norsk landbruk. Det er først då vi fangar opp ein del av dei forholda som har skapt frisk landbruksdebatt i det siste.

Det er ei krevjande utfordring å oppretthalde den korrigerte sjølvforsyningsgraden, for her går utviklinga i gal retning. Differansen mellom sjølvforsyningsgrad med og utan korreksjon for importerte forråvarer har nesten fordobla seg dei siste ti åra. Det er fleire forhold som ligg til grunn for denne situasjonen, og det er behov for ein brei debatt dersom vi skal klare å snu utviklinga.

Skal vi oppretthalde korrigert sjølvforsyningsgrad, så må vi ta vare på den dyrka marka. Vi må få eit jordvern som gjer det vanskelegare å bygge ned den mest produktive matjorda med kjøpesenter og motorvegar. Men det viktigaste jordvernet er å unngå at produktiv mark blir lagt brakk og går ut av produksjon. Derfor må vi også ta vare på dei små og mellomstore bruka. Skal vi unngå at grovfor blir erstatta med importert for, så må vi ha ordningar som gjer det lønsamt å bruke grovfor og ha dyra på beite.

I dei siste åra har vi hatt ein nedgang i norsk kornproduksjon. Ønskjer vi å oppretthalde korrigert sjølvforsyningsgrad, så må vi snu denne utviklinga. Norsk landbruk har hatt kraftig produktivitetsvekst dei siste åra, men det gjeld ikkje i same grad kornproduksjonen. Derfor kan det vere ein del å hente på produktivitetsfremmande tiltak i kornproduksjonen.

Norsk landbruk har stor legitimitet hos det norske folk, og denne legitimiteten er det viktig å ta vare på for å skape ei god utvikling for næringa. Det positive omdømmet til næringa skuldast mange ting. Landbruket produserer fellesverdiar, er ryggrada i mange lokalsamfunn og bidrar til den globale matvareproduksjonen. Å oppretthalde og vidareutvikle bruken av norske ressursar og ta landet og landskapet i bruk er ein viktig grunnpilar i det norske landbruket. Fokus på korrigert sjølvforsyning er eit viktig element i ein slik politikk.

Alf

Industrien treng klimafond

Dette innlegget har stått på trykk i VG. Saka er også presentert i eit intervju i Dagens Næringsliv.

Norsk industri er inne i ein turbulent periode. Den internasjonale økonomiske krisa skaper problem for deler av eksportindustrien, samtidig som ei oljenæring i høggir pressar opp kostnadsnivået. SV meiner at ei offensiv teknologisatsing gjennom eit klimatiltaksfond er eit viktig tiltak for å møte denne utfordringa. Eit slik fond vil bidra til utvikling av ny teknologi som vil styrke konkurransekrafta, samtidig som det bidrar til å nå våre klimamål. Vi oppfordrar derfor alle som er opptatt av å vidareutvikle ein allsidig industri her i landet, til å støtte kravet om eit klimatiltaksfond.

Norsk industri har gjennomgått store omstillingar og ligg langt framme teknologisk. For nokre tiår sidan blei industrien stilt overfor mange nye miljøkrav. Bedriftene tok utfordringa. I dialog med styresmaktene utvikla dei ny teknologi som styrka konkurranseevna i tillegg til å møte miljøkrava. Brei satsing på kompetanse på alle nivå i organisasjonen har også stått sentralt i utviklinga av ein moderne og konkurransedyktig industri. Nå er det ei ny teknologisatsing som skal ruste norske arbeidsplasser for tiåra som kjem.

Ei offensiv klimasatsing med eit klimatiltaksfond vil gi eit nytt teknologisk forsprang som styrker vår konkurransekraft i eit stadig tøffare konkurranseklima. For å lykkes med den ny industrisatsinga er SV oppteken ei ny brei satsing med tett samarbeid mellom bedriftene og styresmaktene. Det er ikkje berre her i landet vi tenkjer slike tankar. For ei tid sidan var klimakommissæren i EU, Connie Hedegaard, på besøk i Noreg. Ho fortalde at europeisk industri er opptatt av å gjennomføre klimatiltak innanlands for å vere med på det nye teknologiske paradigmeskiftet, og ikkje overlate det til alle andre. Slik bør vi også tenkje her i landet om vi ønskjer å styre norsk industri og utvikle klimateknologi som også kan komme andre land til gode. Alf

Forsterka kamp for klima

I dag blei det arrangert eit spennande debattmøte med svært godt frammøte på SV-huset i Kristiansand. Under debatten blei det servert kortreist fiskesuppe og vaflar.

Marte R. Ulltveit-Moe, som er leiar i Naturvernforbundet i Kristiansand, innleia om kva produksjon og transport av mat betyr for klima. Ho la samtidig vekt på andre verdiar som naturmangfald, matglede og matkultur. Det er viktig å vise samanhengen mellom klima og andre viktige verdiar. Ikkje minst er det viktig å vise at eit klimavennleg samfunn kan vere eit godt samfunn å leve i.

Eg følgde opp med eit innlegg om det pågåande arbeidet med stortingsmeldinga om klimatiltak. Alle prati på Stortinget med unntak av FrP har skrive under eit klimaforlik, men det er like vel behov for hard arbeid både i og utanfor regjering og storting for å få på plass nødvendige klimatiltak. Det klimaengasjementet vi hadde for nokre år sidan, har blitt bytta ut med ein oljerus som overdøyver solidaritetsargument og faktakunnskap om klima. Skal vi nå klimamåla, så må vi redusere utsleppa frå transportsektoren, elektrifisere oljeplattformene i Nordsjøen og utvikle ny teknologi i industrien. SV går blant anna inn for eit klimatiltaksfond for å legge til rette for nødvendig omstilling utan negative konsekvensar for næringsliv og sysselsetting.

I debatten kom det fram mange interessante og viktige synspunkt:

  • No hevdar (nesten) alle parti at dei er opptatt av klima, men mange argumenterer like vel for at det ikkje hastar med å gjere noko, i alle fall ikkje her i landet. Det fører til at folk blir forvirra og gir opp eller slappar av.
  • Det er viktig å ikkje satse berre på dei store tiltaka som elektrifisering og teknologiutvikling. Vi må også satse kraftig på dei nære tinga som tøffe mål for transportsektoren og slutt på fyringsolje. Det kan skape engasjement og forståing for også dei andre tiltaka.
  • SV må ikkje bli så teknologioptimistiske at vi gløymer å argumentere for reduksjon i forbruket som er det mest effektive tiltaket (ref. nedgangen i utlepp under krisa)
  • Vi må ikkje gløyme å snakke om den overordn visjonen for eit lågenergisamfunn (arealplanlegging, endra forbruk, ny teknologi)
  • Vi må ikkje gløyme det tradisjonelle miljøarbeidet i klimasatsinga. Derfor var det mange som sette pris på at vi hadde to innleiingar som markerte dette.
  • Barn og unge er sterkt engasjert i klima og miljø når dei lærer om det i skolen. Korleis tar vi ve på dette engasjementet?

Alf

Regjeringa satsar også på næringsretta forsking

Dette er ein forkorta versjon av eit innlegg som eg heldt i Stortinget i dag.

Det viktigaste grunnlaget for den næringsretta forskinga er at vi har ein solid samla forskingsaktivitet.

Det er mange som likar å spreie feilaktige myter om norsk forsking. Derfor vil eg ta med nokre enkle fakta:

  • Den offentleg finansierte forskinga har hatt ein realvekst på 28% under den raudgrøne regjeringa
  • Vi må tilbake til den borgarlege regjeringsperioden for å finne eit år med realnedgang i den offentleg finansierte forskinga.

Men mår det gjeld privat finansiert forsking, så ligg vi klart etter våre naboland. Derfor har regjeringa satsa tungt for å rette på dette og stimulere til meir forsking finansiert av næringslivet:

  • Noreg gir meir offentleg forskingsstøtte til bedrifter enn våre naboland, sett i forhold til BNP.
  • Forskingsrådet si støtte til næringslivet er meir enn fordobla under den raudgrøne regjeringa

Skal vi styrke den næringsretta forskinga og bygge kompetanse for næringslivet, så er det viktig å bygge gode relasjonar mellom næringslivet og utdannings- og forskingsmiljø. Derfor er det viktig å utvikle ulike former for samarbeidsarenaer. Regjeringa har blant anna oppretta 11 forskingssenter for miljøvennleg energi der det er eit tett samarbeid mellom næringslivet og universiteta.

Personleg har eg god erfaring med samarbeid mellom næringsklynger og akademiske institusjonar. Dette er også blant dei tiltaka som professor Reve har omtalt positivt i oppsummeringa av det store prosjektet om framtidas næringsliv. Denne type samarbeid blir finansiert gjennom program som ARENA og Narwegian Center og Expertice. Om eg ikkje hugsar feil, så foreslo Høgre å kutte i desse ordningane i budsjettet for 2011. Dei regionale forskingsfonda som Høgre er i mot, er også viktige for utviklinga av slike regionale kluster.

Men på tross av desse satsingane, ligg den privat finansierte forskinga lågt her i landet. Det er ei utfordring som det er grunn til å ta på alvor. Vi må sjå på innretning og omfang av dei ulike ordningane. Det kan blant anna vere aktuelt å utvide støtta til større utviklingsaktivitetar slik vi har i miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg.

Men det er også grunn til å stille spørsmål om næringslivet investerer for lite av eigne midlar i utdanning og forsking. Vi er no inne i ein periode der deler av norsk næringsliv går svært godt. Det burde legge grunnlaget for større investeringar i forsking og utvikling for å sikre verdiskaping og sysselsetting for framtida.

Alf