Category Archives: Næring og miljø

Mat, makt og verdiar

BildeSist laurdag skreiv Nationen på leiarplass om dei radikale i byane og deira forhold til distrikt og matproduksjon. Bakgrunnen er at Berit Hundåla meldte seg ut av SV på grunn av usemje om rovdyrpolitikken. At det er usemje om rovdyrpolitikken og det rovdyrforliket som alle på Stortinget er med på, må vi nok leve med. Men leiarskribenten går vidare og snakkar generelt om urban arroganse blant radikale i byane med adresse til SV.

Eg er oppvaksen på ein liten gar på Vestlandet der ljå var den viktigaste reiskapen, og der fiske heldt liv i barneflokken. Eg kjenner meg derfor lite råka av karakteristikken urban arroganse. Det er vel denne bakgrunnen som gjorde det naturleg for meg å kjempe ein seig kamp for dei små bruka og for reell sjølvberging i arbeidet med landbruksmeldinga.

SV har kjempa for at vi skal ha eit landbruk som brukar nasjonale ressursar så langt som mogeleg. Vi er opptatt av reell sjølvberging der ein korrigerer matproduksjonen for import av for. Det har vi berre delvis fått gjennomslag for i regjeringa. Men landbruksmeldinga har trass alt fokus på nasjonale ressursar som grovfor og beite, og på landbruk i heile landet.

Vi har også vore opptatt av at vi må ta vare på dei små og mellomstore bruka. Dersom vi meiner alvor med å auke matproduksjonen, kan vi ikkje la god matjord gå ut av produksjon. Med den topografien vi har her i landet, er det ikkje alle stader det er mogeleg å skape store einingar utan atdet blir lange avstandar og stort energiforbruk. Derfor må vi også ta vare på dei bøndene som treng ein deltidsjobb ved sidan av bruket. Utan dei kan bygder bli avfolka.

Leiarskribenten insinuerer at SV-folk av gammal vane ironiserer over landbruket. Det har eg med mi lange fartstid i partiet til gode å oppleve. Derimot er vi opptatt av maktanalyse. Vi er derfor det partiet som klarast har gått ut i mot matkjedemakta og deira freistnad på å øydelegge landbrukssamvirke gjennom integrasjon bakover i matkjeda.SV har også tatt til orde mot privat omsetning av mjølkekvotar utan å få landbruksministeren med på det.

Eg trur Nationen skal leite lenge for å finne eit anna parti som står hardare på for dei verdiane som blir etterlyst i denneleiarartikkelen. Og faktisk så er det dei unge radikale, gjerne frå urbane strøk, som gir sin klaraste støtte til desse verdiane. Eg er redd at dei fordommane som blir lagt for dagen i denne leiarartikkelen, kan vere til skade for den breie alliansen som norsk landbruk er heilt avhengig av.

Dette innlegget står på trykk i Nationen i dag

Alf

Partiet for miljø og solidaritet

Buss_c3Dette innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Denne veka har SV fått fleire bevis på at vi er partiet for miljø og for kollektivtransport. Torsdag presenterte Klimaval 2013 ei evaluering av klimapolitikken til partia som stiller til val. SV fekk karakteren 6- hårfint etter Miljøpartiet dei grøne som fekk 6. Omlag samtidig la Kollektivkampanjen fram ei evaluering av kollektivsatsinga til partia. Der kom SV klart på topp framfor alle dei andre.

Dei siste dagane har vi også fått eksempel på at SV skaper konkrete miljøresultat for Sørlandet. Vi har fått gjennomslag for planlegging av samankopling mellom Sørlandsbana og Vestfoldbana som kan redusere reisetida til Oslo med ein time. Samtidig går det mot å få både nattog og totimarsfrekvens. Ei fin gåve til 75 års-jubileet til Sørlandsbana. Tidlegare har vi fått på plass ei storstilt satsing på kollektivtrafikk som Kristiansandsregionen kan dra nytte av. Vi kan også nemne at bedrifter på Sørlandet har fått 200 millionar frå miljøteknologiordninga som SV har engasjert seg for.

Det andre satsingsområdet til SV er solidaritet. Vi vil kjempe mot høgresida sin blinde privatiseringsiver som kan rasere det velferdssamfunnet vi har brukt generasjonar påå bygge opp. SV har også stått i front for i kampen mot sosial dumping som kan skape ein klassedelt arbeidsmarknad her i landet. Vi vil skattlegge ein finanssektor som i dag har låg skatt, og bruke pengane på barn og eldreomsorg. SV har også endra utviklingspolitikken for å legge større vekt på tiltak som skaper betre fordeling.

Konklusjonen bør vere enkel. Er du opptatt av både miljø og solidaritet så er det berre eit alternativ ved valet i haust, SV.

Alf

 

Mindre oljeavhengig økonomi

Audun-Lybakken-Askoy-industri_c3Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Leiarskribenten her i avisa legg seg på same linje som Erna Solberg og hevdar at skatteomlegginga sist helg liknar på høgrepolitikk. Men det er god grunn til å stille spørsmål ved denne påstanden.

Eit av poenga med omlegginga er å redusere presset i oljeøkonomien og legge til rette for eit allsidig næringsliv med perspektiv utover oljealderen. Redusert press i oljesektoren er bra for landbasert næringsliv, og det kan også ha ein positiv effekt for klimaet på lengre sikt. Derfor aukar regjeringa skattane i oljesektoren og reduserer skattar og stimulerer til omstilling i landbasert næringsliv.

Dei enkelte stimuleringstiltaka har vel dei fleste partia på sine program i ulike variantar. Men det er grunnleggande forskjell på skattepolitikken til Høgre og dei raudgrøne. Når Høgre foreslår skattelette, så finansierer dei det ved kutt i statsbudsjettet, gjerne ved kutt i velferd. Regjeringa legg derimot fram eit ballansert opplegg som ikkje går ut over budsjettballanse og velferd. Dessutan har Høgre prioritert lette i formuesskatten som primært kjem dei rike til gode og har ein negativ fordelingseffekt. Regjeringa prioriterer tiltak direkte til bedriftene.

Høgre har nok enkeltforslag som isolert sett kan vere bra for næringslivet, men heilskapen i deira politikk er eit brot med den norske samfunnsmodellen bygd på solodaritet, moderate forskjellar og ein sterk offentleg sektor. Ved å svekke den norske modellen svekker dei også konkurransekrafta til næringslivet

Alf

Gjennomslag for kamp mot todelt økonomi

elektronikkSV har lenge åtvara i mot todelinga i norsk økonomi. Vi har bonanza i oljenæringa samtidig som landbasert industri slit. Dette gjer oss svært avhengig av olja, noko som er uheldig både for næringslivet og klimaet. Vi må dempe presset i oljenæringa og satse på eit mangfaldig næringsliv med perspektiv utover oljealderen. SV har i den samanheng foreslått sterkare skattlegging av oljenæringa http://www.dagsavisen.no/samfunn/vil-pumpe/

Eg har også skrive om presset i oljeøkonomien her https://alfh.wordpress.com/2012/09/27/salig-er-oljeokonomien/

Med så sterk todeling i økonomien er det behov for å stimulere landbasert industri parallelt med at vi strammar inn i oljesektoren. SV har peika på at vi i den samanheng bør satse på skattelette for forsking og for investering i nytt utstyr gjennom gunstigare avskrivingsreglar. Det stimulerer til omstilling og kompetanseutvikling slik at bedriftene kan tole kostnadsnivået og konkurransen. Den nye pakke frå regjeringa inneheld alt dette. http://sv.no/Siste-nytt/Mot-todeling-og-oljeavhengighet

Les også her:

http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/post274811.zrm

Alf

Utfordring til Grundetjøn og Damman

Buss_c3Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 23. mars, og vi ser spent fram til svaret.

Alle partia på Stortinget med unntak av Frp står bak klimaforliket. Der blir det understreka at trafikkveksten i dei store byregionane skal løysast med kollektivtransport og gang og sykkel.

For ei tid sidan presenterte Fædrelandsvennen ein rapport frå Urbanet Analyse. Den dokumenterte at Kristiansandsregionen har for lite ambisiøse planar til å nå dette målet. Biltrafikken i vår region vil auke med 33 prosent fram til 2030 dersom vi held fram som no.

 Då rapporten blei kjent, utfordra eg dei politikarane som sit med makta i Kristiansand og i Vest-Agder, til å ta rapporten og klimaforliket på alvor.  Eg bad dei svare på korleis dei vil innfri lovnadene som partikollegane på Stortinget har skrive under på. Men som venta prøvde dei lokale høgreordførarane å skyve i frå seg ansvaret ved å etterlyse meir midlar frå regjeringa.

 No har miljøvernministeren og regjeringa presentert ei historisk satsing på kollektivtransport. I Nasjonal transportplan vil det bli lagt inn 26 milliardar kroner til kollektivtransport.  I tillegg løyver regjeringa nær 7 milliardar til bygging av nye sykkelvegar. Storbyregionane vil bli invitert til å søkje på desse midlane ved å presentere offensive planer for miljøvennleg transport. Det vil bli lagt opp til at regjeringa kan inngå langsiktige bymiljøavtaler med ti års perspektiv. På denne måten kan kollektivsatsinga bli like langsiktig som vegsatsinga i transportplanen.

 På denne bakgrunn vil eg utfordre ordførar Arvid Grundekjøn og fylkesordførar Terje Damman til å satse på miljøvennleg transport i samsvar med det Høgre har lova i klimaforliket. SV og regjeringa har lagt forholda til rette for eit kraftig kollektivløft med eit busstilbod av høg kvalitet og med høg frekvens. No ligg ballen hos dei som har makta lokalt. Kan vi vente at høgreordførarane tar ansvaret for at det blir utvikla planer som sikrar at regionen får midlar til ei skikkeleg kollektivsatsing og klimasatsing?

Alf

Berekraftig og distriktsvennleg fiskeripolitikk

Bilde

Dette innlegget stod på trykk i FiskarbladetFiskaren 21. februar.

Formålsparagrafen i Havressurslova legg vekt på å sikre ei berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane. Berekraftig forvaltning av fiskeressursane og hav- og kystområda våre er eit ufråvikeleg grunnlag for SV sin fiskeripolitikk. Fiskeressursane tilhøyrer fellesskapet, og vi må forvalte dei til beste for fellesskapet, for framtidige generasjonar og for lokalsamfunna langs kysten. Fiskeressursane er fornybare ressursar, men berre dersom vi forvaltar dei riktig.

Kontinentalsokkelen utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja er heilt unik i følgje Havforskingsinstituttet. Den smale kontinentalsokkelen i dette området er både fødestove og matfat for torsk og andre fiskeartar. Vi kan ikkje la kortsiktige oljeinteresser spele hasard med dette sårbare området. Derfor seier SV nei til oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, og vi er glad for at vi står saman med fiskarane sine organisasjonar i dette spørsmålet.

Havressurslova legg også vekt på å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. SV følgjer opp denne distriktspolitiske målsettinga i forslaget til nytt arbeidsprogram for partiet. Vi vil forsvare råfisklova, styrke deltakarlova og sikre reell leveringsplikt. Råfisklova har vore eit viktig reiskap i norsk fiskeripolitikk, og vi må sikre at fiskesalslaga framleis får siste ordet ved fastsetjing av minstepris.

Kystflåten er viktig for å ivareta den distriktspolitiske målsettinga i havressurslova. Den minste flåten er spesielt viktig for mange kystsamfunn, og den er viktig for rekrutteringa til fiskeyrket. Den er også mindre kapitalkrevjande og dermed mindre sårbar for auka rente. Vi er derfor i mot strukturering av denne flåten.

Formålsparagrafen i havressurslova gir gode føringar for ein berekraftig og distriktsvenleg fiskeripolitikk. SV er opptatt av å følgje opp desse målsettingane i praktisk politikk.

Alf

Nest best i Europa

elektronikkDette innlegget stor på trykk i Fædrelandsvennen onsdag 6. februar.

Gründer og skipsreiar Andreas Ugland har uttrykt frustrasjon over at politikarane er lite flinke til å legge til rette for næringslivet. Valerie Kubens peikar på det same i sin laurdagskommentar. Det er mangt som kan bli betre på dette området. Og eg skal ikkje vere den første til å forsvare dei blåblå politikarane som har makta på Sørlandet. Men vi må ikkje gløyme det store biletet. Det viser at Noreg er eit godt land å drive næringsaktivitet i. 

I møte med representantar for næringslivet har eg fått mange eksempel på byråkratisk og tungrodd kommunikasjon med offentlege etatar. Ikkje minst rapporteringskrava er omfattande. Det er mykje som kan leggast betre til rette for næringslivet på dette og andre område. Men mykje er også bra dersom vi ser det i forhold til andre land. Verdsbanken har rangert Noreg som det sjette beste landet å drive næring i, og det nest beste i Europa. 

Det er mange grunnar til dette. Noreg har eit stabilt politisk system. Vi har eit velutvikla rettsvesen og eit effektivt skattesystem. Vidare har vi eit tillitsfullt trepartssamarbeid som reduserer konfliktnivået i arbeidslivet, og vi fører ein ansvarleg økonomisk politikk som medverkar til ein stabil kronekurs. Dette er viktige kvalitetar ved det norske samfunnet, og det gir stabile rammevilkår for næringslivet. 

Norsk industri og næringsliv har utmerka seg med stor omstillingsevne. Ein av grunnane til det er at vi har eit velutvikla velferdssystem og ein sterk offentleg sektor. Her i landet tar fellesskapet og trygdesystemet ein del av dei kostnadene som bedriftene må ta ansvar for i andre land. Eit effektivt velferdssystem som kan støtte opp om arbeidslivet, er avhengig at eit effektivt og rettferdig skattesystem. 

Ei offensiv miljøsatsing har også vore med påå fremme nødvendig omstilling og teknologiutvikling. Noreg var tidleg ute med strenge miljøkrav. Dei blei kombinert med støtteordningar og eit godt samarbeid mellom bedriftene og styresmaktene. Det førte til at norske bedrifter var tidleg ute med ny miljøvennleg og energieffektiv teknologi. Kjell O. Johannessen i NODE er ein av dei som har peika på dette i eit intervju i Fædrelandsvennen. 

Sist men ikkje minst er næringslivet avhengig av kompetanse. Eit utdanningssystem som legg vekt både på kunnskap og på evna til å bruke denne kunnskapen i samarbeid med andre, er avgjerande for næringslivet. Norsk næringsliv har lagt vekt påå ha god kompetanse på alle nivå i organisasjonen. Derfor blir det no satsa offensivt påå styrke både den yrkesfaglege utdanninga og akademiske utdanningar. 

Norsk næringsliv står overfor store utfordringar. Marknader i Europa sviktar, og den internasjonale konkurransen hardnar til. Det er også eit sterkt press i norsk økonomi på grunn av den omfattande oljeaktiviteten. Vi må jobbe kontinuerleg for å styrke vår kompetanse, innovasjonsevne og konkurransekraft for å møte desse utfordringane. Skal vi klare det, må vi ta utfordringa frå Andreas Ugland på alvor. Men vi må også ta utgangspunkt i våre sterke sider og ikkje svartmale situasjonen.

 Alf

Pelsdyrsaka til Stortinget før ferien

Pelsdyr-forside_smallI dag tidleg kom det informasjon om at regjeringa har utsatt spørsmålet om avvikling av pelsdyrnæringa. Det stemmer ikkje. Det er ingen avklaring på denne saka i regjeringa.

 SV står fast på kravet om at saka må leggast fram for Stortinget før ferien. Vi forventar at Landbruks- og matdepartementet prioriterer saka og får den fram i tide.

Vi har sett mange eksempel på dårleg dyrevelferd i pelsdyrnæringa. På tross av stadig nye lovnader om at forholda skal bli betre, kjem det nye eksempel på uakseptable forhold.

Vi bør ikkje lenger halde pelsdyrnæringa på pinebenken. Den fortener å få ei avklaring før ferien.

Les meir her:
http://sv.no/content/view/full/23261

Alf

Grønvasking frå Statoil

Ein litt forkorta versjon av dette innlegget står på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Klimadirektøren i Statoil, Hege Marie Norheim, prøver (DN 26.11.) å argumentere for at oljeutvinning er ein del av løysinga på klimaproblema. Men i iveren etter å grønmale oljeaktiviteten tyr ho til selektiv bruk av informasjon om klimautfordringa og kampen mot klimakrisa.

Norheim viser til eit senario frå Det internasjonale energibyrået (IEA). Der blir det konkludert med at vi må la to tredeler av dei kjente fossile ressursane bli liggande om vi skal unngå global oppvarming utover to grader. Men det ho gløymer å seie, at dette er eit senario med berre 50% sjanse for å lukkast. Og eg tviler på at Norheim ville gå inn i eit fly om kapteinen annonserte 50% sjanse for å unngå katastrofe. I følgje The Carbon Tracker Initiativ kan vi bruke berre om lag ein femdel av dei kjente fossile ressursane om vi skal ha 80% sjanse for å nå togradersmålet.

Statoildirektøren er opptatt av at gass kan erstatte kol. Det er riktig at gass i ein overgangsperiode kan ha positiv klimaeffekt dersom den erstattar kol. Men dette gjeld ikkje olje som er den dominerande delen av aktiviteten til Statoil. Det er påfallande at selskapet berre snakkar om gass og ikkje olje i klimasamanheng. Norheim legg også vekt på at Statoil har ein energieffektiv oljeproduksjon. Det er viktig at Statoil reduserer CO2-utsleppa frå produksjonen. Men det er ikkje eit tilstrekkeleg argument for å gå i front for å ta ut mest mogeleg fossil energi når vi veit kor mykje som må ligge att. Det naturlege er at eit rikt land som Noreg må ta sin del av ansvaret og starte med å la olja ligge i dei mest sårbare områda.

Statoil legg stor vekt på at vi må få på plass ein global avtale om høgare pris på utslepp av klimagassar. Men Statoil veit godt at det er lite realistisk å få på plass ein slik avtale i tide til å redde klimaet. Derfor er dei fleste no samde om at vi må satse på å handle lokalt og regionalt medan vi ventar på ein global avtale. Kampen for effektive globale avtalar står heilt sentralt. Men det må ikkje bli ei sovepute for å halde fram med ein politikk som ikkje er berekraftig dersom alle andre gjer det same. Det er på tide at Statoil vurderer om dei skal satse på ei politisk utvikling som kan føre til klimakrise, eller om dei skal tenkje langsiktig og gradvis bruke meir av sin kompetanse på miljøvennleg energi.  

Alf

Salig er oljeøkonomien

Dette innlegget stod på trykk i Dagens Næringsliv i dag. Det er svar på eit angrep frå to professorar i (olje)økonomi. Men det kan også lesast som ein sjølvstendig artikkel.

SV har trekt i gang ein debatt om kva konsekvensar den sterke veksten i oljeinvesteringane har for norsk økonomi. Petter Osmundsen og Øystein Thørgersen (DN, 24.september) svarar med å peike på at oljeaktiviteten har vore og er viktig for norsk velferd. Det er det få som er usamde i. Men det bør ikkje vere til hinder for å diskutere korleis vi skal takle konsekvensane av oljeaktiviteten og det presset den skaper i norsk økonomi. Spørsmålet er ikkje for eller imot, men kor mykje.

Osmundsen og Thørgersen er samd i at det er ei utfordring når ein konjunkturutsett bransje blir så dominerande. Men dei konkluderer med at det er noko vi må akseptere. Dei tiltaka som er framme i diskusjonen, har lange tidshorisontar og er lite treffsikre, hevdar dei. Dei to professorane har eit poeng her, men dei svarer ikkje på dei grunnleggande problemstillingane som eg tok opp. Evna til å tåle svingingar er blant anna avhengig av kor dominerande bransjen er. Derfor reiste eg spørsmål om det finst ei grenser for kor stor del av økonomien som kan vere dominert av ein bransje før varsellampane blinkar. Og kva kan vi gjere for å unngå eit kostnadsnivå som pressar ut anna eksportretta industri?

Petroleumsnæringa skil seg frå andre næringar på fleire måtar. Den baser seg på ein tidsavgrensa ressurs, og den har ein super-profitt som lett kan leie til eit lønns- og kostnadsnivå som ikkje er berekraftig på sikt. Skatteregimet i petroleumsnæringa fører til at ein stor del av kostnaden ved å ta risiko blir velta over på staten. Det fører lett til overoptimistiske satsingar som ein ikkje kan tillate seg i andre bransjar. Denne effekten blei forsterka ved den skatteomlegginga som blei gjort for nokre år sidan. Det viser også at ein lettare grip til argumentet om stabile rammevilkår når ein snakkar om å justerer opp enn når ein juster ned skattane.

Det er heller ikkje mogeleg å diskutere oljeøkonomi utan å diskutere klimapolitikk. Vi kan ikkje bruke all tilgjengeleg kol og olje om vi skal nå målet om maksimalt to graders oppvarming av kloden vår.  Dermed vil langsiktige og økonomisk marginale investeringar i oljeutvinning vere avhengige av at vi gir opp togradersmålet. Også denne risikoen som bryt med  uttalt norsk klimapolitikk, lastar oljeselskapa over på den norske staten. Og byrdene for resten av næringslivet vil bli større jo meir oljeselskapa slepp unna.

Alf