Category Archives: Uncategorized

Juletre i mai

Å drive næringspolitikk for Sørlandet er mangfaldig og byr på mange spennande møte med entusiastar innan sitt felt. Mediesaka sist veke var den store pakka til den maritime industrien på Sørlandet

Men eg har også hatt gleda å møte entusiastiske representantar for ei heilt anna næring. For nokre dagar sidan fekk eg vere med på møte og omvising med dei som driv med juletre og pyntegrønt på Agder.

 Alf

Levande bygder

 

Bygda der eg voks opp

FrP med Høgre på slep vil avvikle hovudavtalen i landbruket, fjerne reguleringar og satse på marknadsliberalisme. Her er litt av mitt innlegg i ein slik debatt: 

Landbruket er ei viktig næring, og eit sentral element i arbeidet for å sikre levande bygder. 

I ei verd der mange svelt, har vi plikt til å ta vare på vår evne til å produsere mat. Vi må ta vare på den dyrka jorda som tidlegare generasjonar har dyrka opp og halde i hevd.  Eit aktivt landbruk er også grunnsteinen i arbeidet for å skape levande bygder, og det legg grunnlaget for andre næringar i distrikta. 

Det dyrka arealet utgjer berre 3% av landet vårt. Derfor er det viktig for samfunnet at det blir halde i hevd for å sikre matvareproduksjon og bidra til verdiskaping og levande bygder. For å oppnå dette får næringa støtte over statsbudsjettet.  Denne samarbeidsmodellen er viktig for landbruket og for busettinga i distrikta. 

For ei tid sidan var eg på møte med leiaren i Bondelaget i mitt heimfylke. Ho fekk spørsmål om det ikkje var problem med reguleringane i landbruket. Svaret kan det vere grunn til å merke seg. Ho sa: ”Kvar enkelt av oss kan av og til irritere oss over enkelte reglar. Men vi som lever av landbruket, veit at vi må ha reglar for å sikre næringa – og livsgrunnlaget til kvar enkelt av oss på lang sikt.”

 Norsk landbruk vil ikkje overleve med ein marknadsliberalistisk landbrukspolitikk. Derfor er det viktig å vidareutvikle samarbeidet mellom bøndene og staten. Og eit samarbeid inneber både rettar og plikter. Det er det som skaper eit livskraftig landbruk og levande bygder.

Alf

Oljelobbyen truar berekraft i nord

Alf ombord i sjark

Ein del av stortingsgruppa til SV har hatt nokre fantastiske dagar i Lofoten og Vesterålen. Veret og naturen var fantastisk. Og det sterke engasjementet mot oljeboring var like imponerande. Vi møtte er rekke næringslivsrepresentantar, frå fiskarar og fiskemottakseigarar via ein aktiv reiselivsbransje til gryndarar innan fornybar energi. Alle hadde tru på at det er eit stort potensiale for å vidareutvikle desse berekraftige næringane og skape trygge og varige arbeidsplassar. Vi fekk presentert solid dokumentasjon på at oljeboring er ein trussel for denne berekraftige næringsutviklinga.

Arealkonflikt og forureiningsfare trur fiskeria. Reiselivsnæringa har profilert ein fantastisk urørt natur og sameksistens med fiskenæringa, noko som vil bli umogeleg med oljeaktivitet. Sist men ikkje minst rekna mange med at oljeindustrien i ein kort periode vil skaffe nokre godt betalt arbeidsplassar som ville tappe del lokalt baserte næringane for arbeidskraft.

Overalt der vi kom, var konklusjonen at oljeboring og oljeaktivitet vil true langt fleire arbeidsplassar enn den vil skape. Det luftslottet av midlertidige arbeidsplassar som oljelobbyen prøver å marknadsføre, truar ei berekraftig næringsutvikling.

Mange av dei vi møtte, kunne fortelje om ein svært aktiv lobbyaktivitet frå Statoil og resten av oljelobbyen. Det blir brukt store ressursar for å kjempe fram eit ja til oljeboring, blei det hevda. Det skulle ha vore interessant å vite kor mange titals millionar oljelobbyen brukar for å kjempe fram ei bestemt politisk løysing.

Hamna i Stamsund

Hamna i Stamsund

SV hyllar Natur og Ungdom md blomster, og Natur og Ungdom takkar SV for motstanden mot oljeborin med påskeegg.

Politisk korrekt svartmaling

Dei siste åra har norske media kappast om å klage over dårleg integrering av innvandrarar. TV og aviser er fulle av eksempel på kor dårleg det har gått. Høgrepopulistisk propaganda har blitt politisk korrekt i den norske mediekvardagen. Det er ikkje måte på kor dårleg det står til og kor mykje betre situasjonen er i marknadsliberalistiske og konservative land.

Difor var det med undring og glede eg las samandraget av Norsk Monitor i Aftenposten før helga. Der får vi vite at nordmenn blir stadig meir positive til innvandrarar. Jo fleire innvandrarar det er i eit lokalmiljø, jo meir positive er nordmenn til sine nye landsmenn. Det viser at den politisk korrekte svartmalinga blir avslørt når folk har høve til å gjere seg opp sine eigne meiningar basert på eigne erfaringar.

Faktum er at integreringa går relativt bra i Noreg i forhold til andre land som det er rimeleg å samanlikne seg med. Audun Lysbakken dokumenterte dette i ein brei gjennomgang av integreringspolitikken. Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser klart at integreringa går betre jo lenger ei folkegruppe har vore i landet, sjølv om det er variasjonar.  Seinast i dag fekk vi presentert desse tala i eit program på P2 på NRK. Men det er ein heilt annan bodskap som dominerer TV-kanalane og framsidene i dei store avisene. Desto meir gledeleg er det at folk ikkje lar seg overkøyre av den politisk korrekte svartmalinga.

For å vere politisk korrekt, burde eg ha avslutta dette innlegget med ei presisering av at vi har langt att før vi kan vere nøgde med situasjonen, og at vi har mange skrekkeksempel på dårleg integrering og konsekvensane av den. Men det er det mange andre som brukar spalteplass på, så eg står over og vel å sjå det positive i denne fredelege påsketid.

Alf

Varsla Cultiva-kaos

For nokre veker sidan gjekk det ein debatt i Fædrelandsvennen om sal av Agder Energi. Enkelte prøvde å rettferdiggjere salet. Men det blei etter kvart grundig dokumentert at Kristiansand kommune og andre kommunar har tapt milliardbeløp på salet.

No ser vi konsekvensane av ei anna feilvurdering som blei gjort samtidig. Sentrale personar i den politiske og administrative leiinga i Kristiansand kommune stolte ikkje på demokratiet. Dei hadde lite tiltru til at dei folkevalde evna å ta det overordna ansvaret for slike milliardbeløp. Derfor blei Cultiva oppretta, og stiftelsen fekk overført salssummen.

Vi i SV gjekk i mot å etablere ein stiftelse for dette formålet. Å overføre midlane til ein stiftelse var det same som å sette demokratiet på sidelinja i ei av dei største sakene i Kristiansand kommune si historie. Vårt alternativ var å etablere eit fond med føringar for korleis det skulle forvaltast og korleis overskotet kunne disponerast. Vi ønska at bystyret skulle ha det overordna ansvaret, og vi ville ha valde fagpersonar til å fordele overskotet til kulturformål.

Dersom denne modellen hadde blitt vald, kunne vi unngått den situasjonen som no har oppstått med underkjenning av lånet til kulturhuset Kilden.

Alf

Gjennomslag for kampen for miljøteknologi

I dag fekk vi den gledelege nyheita om at General Electric etablerer seg i Noreg med forsking og pilotproduksjon innan havvindmøller. Dette viser at kampen for å gjere miljøteknologi til ei viktig næring, ber frukter. Eg og SV gjekk til val på å skape arbeidsplassar innan miljøteknologi. Mange stilte spørsmålsteikn ved om det var realistisk. Men no ser vi at denne industrien kan fange opp overkapasitet i andre bransjar. SV har vore pådrivar for å etablere miljøteknologi som eit viktig satsingsområde for den raudgrøne regjeringa. Det har vi blant anna gjort gjennom å etablere 8 forskingssenter for miljøvennleg energi, FME. Det er tydeleg at dette har blitt lagt merke til også internasjonalt. No er det viktig at vi følgjer opp med fleire tiltak.

Alf

Milliardtap ved sal av Agder Energi

Ein forkorta versjon av denne bloggposten stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Fædrelandsvennen har presentert utrekningar som kan gi inntrykk av at salet av Agder Energi lønte seg for Kristiansand kommune. Men ei rask overslagsberekning gir eit anna bilete. I følgje Fædrelandsvennen selde Kristiansand kommune 22,5% av aksjane i Agder Energi i 2002.  Dersom kommunen hadde halde på desse aksjane, ville dei i perioden 2003 til 2009 gitt ei avkastning på 0,94 milliardar kroner.  Cultiva og Sørlandets kompetansefond, som til saman fekk overført meir kapital enn det Kristiansand selde sine aksjar for, gav i same periode ei samla avkastning på 0,71 milliardar kroner i følgje avisa. 

Tapa blir langt større når vi ser på verdistiginga i selskapet. Samanliknar ein med andre kraftselskap som har blitt omsett, er det ikkje urimeleg å tru at verdiauken er på opp mot 10 milliardar kroner. For dei aksjane som Kristiansand kommune selde, utgjer det om lag to milliardar kroner. Fædrelandsvennen argumenterer med at dette er ei verdistigning som ikkje kan realiserast utan å miste aksjemajoriteten. Men det viser at salet skjedde på feil tidspunkt. Sal av ein del av aksjane på eit seinare tidspunkt hadde gitt langt større inntekter. Eit av argumenta mot sal var nettopp at verdien kom til å stige, noko som blei blankt avvist av dei som ville selje. Men det beste alternativet ville ha vore å sitje med aksjane og ta i mot eit godt utbytte samtidig som vi gjennom verdistigning byggjer opp ein solid reserve.

 Det kan også vere av interesse å rekapitulere litt av debatten kring salet av Agder Energi. Dersom vi ikkje hadde klart å reise ein sterk kamp mot sal, er eg redd for at kommunane på Agder hadde mista aksjemajoriteten. Det kunne ha ført til mindre fokus på å bygge kompetanse og utvikle aktiviteten i selskapet. Resultatet kunne ha blitt ei utarming av eit viktig industrielt lokomotiv på Agder. Vi står no overfor ein periode som kan bli krevjande for industrien, og då er slike industrilokomotiv ekstra viktige for regionen. Agder Energi som andre vasskraftselskap haustar av våre felles naturressursar. Det er ikkje unaturleg at slike selskap er i offentleg eige for å sikre verdiane for fellesskapet.

 Det bør også nemnast at fleire fagmiljø har karakterisert prosessane kring sal av Agder Energi som lite demokratiske. Men det er ein større diskusjon som det vil føre for langt å gå inn på her.

 Alf

Vil avvikle pelsdyrhald

I dag skal eg snakke om pelsdyrnæringa i Stortinget. SV meiner at erfaringane hittil tyder på at det er vanskelig å ha ein pelsdyrproduksjon som sikrar god dyrevelferd. 

Her er vi på linje med fråsegner frå Den Norske Veterinærforening. Alt i 2001 peika den på at pelsdyrhald byr på store utfordringar når det gjeld dyrehelse. Og i fjor haust uttalte foreninga følgjande:
”Dagens pelsdyrhald er basert på å halde aktive rovdyr i små nettingbur. Driftsforma betyr at dyra ikkje får tilfredsstilt naturlege åtferdsbehov.
Den Norske Veterinærforening har tidligare uttrykt skepsis til pelsdyrhald.  På tross av gode intensjonar i næringa, viser det seg at det framleis er store dyrevelferdsmessige problem i pelsdyrhaldet. Den Norske Veterinærforeining meiner derfor at tida no er moden for å vurdere avvikling av alt pelsdyrhald i Noreg.”

Vi kan ikkje gå på akkord med krava til dyrehelse for å produsere pels til luksusforbruk. På bakgrunn av dyrehelsesituasjonen i næringa vil SV arbeide for eit forbod mot pelsdyrhald i Noreg.

Alf

Breiare verdiskapingsdebatt

Oppdatert 2. mars

I går fekk vi presentert ei referansegruppe som skal dele erfaringar med næringsministeren om utviklingstrekk for norsk næringsliv og norsk næringsstruktur. Gruppa er samansett av kronprinsen og unge leiarar frå norsk næringsliv. Den har mange dyktige og suksessrike personar, men den manglar viktige dimensjonar for å drøfte norsk verdiskaping.

Eit av kjenneteikna ved norsk næringsliv, er at vi har dyktige fagfolk på alle nivå i organisasjonen, ikkje berre i det kommersielle leiarsjiktet. Det har medverka til høg produktivitet og stor fleksibilitet, noko som gjer oss konkurransedyktige på den internasjonale marknaden.

Når vi skal diskutere framtidig verdiskaping er det viktig å ta vare på dette breie kompetanse- og verdiskapingssynet, og ikkje satse einsidig på eitt sjikt i næringslivet og i samfunnet. Eg saknar til dømes yngre lovande fagfolk frå andre nivå i organisasjonen og yngre dyktige leiarar frå fagrørsla.

Noreg har også satsa sterkt på Senter for forskingsdriven innovasjon og Forskingssenter for miljøvennleg energi. Personar frå desse viktige satsingsområda kunne også fortene ein plass i ei gruppe som skal he ei sentral rolle i framtidig verdiskaping.

Ei breiare samansetjing ville ha styrka gruppa og gitt den større legitimitet, og det hadde gitt eit rettare bilete av kven som skaper verdiane i det private næringslivet i Noreg.

Tillegg 2. mars
Etter at eg skreiv bloggposten for to dagar sidan, har eg blitt kjent med at det også skal opprettast ei tilsvarande gruppe med unge fagforeningsleiarar. Det er veldig bra og rettar opp totalinntrykket. Men argumentet om å ta med fleire nivå i organisasjonen og personar frå Forskingssenter for miljøvennleg energi, FME, og Senter for forskingsdriven innovasjon, SFI, er framleis aktuelt.

Alf

Kvite sertifikat kan kutte straumrekninga

Energiverka tener gode pengar på straummangelen. No er det på tide at dei gir litt tilbake til kundane. Det kan dei gjere ved å finansiere tiltak som kan spare energi hos forbrukarane. Slike tiltak vil gi innsparingar langt utover den akutte straumkrisa vi har i dag. 

Mange land i Europa har innført ordningar som stiller krav om at e-verk skal spare ei viss mengede energi på denne måten.  Ordninga går under namnet kvite sertifikat. I England har ordninga ein sosial profil ved at over halvparten av sparetiltaka skal gjennomførast hos låginntektsfamiliar. 

Noreg har så langt satsa altfor lite på energisparing. Det internasjonale energibyrået, IEA, peikar også på at energieffektivisering og energiøkonomisering er det mest kostnadseffektive tiltaket for å betre energisituasjonen. 

Elles er det underleg å følgje debatten om dei høge kraftprisane vi opplever no om dagen. Dei marknadsliberalistane som kjempa fram den liberale energilova, likar tydeleg vis ikkje rsultatet av sin eigen politikk. Kanskje dei snart innser at det er behov for å gjennomgå energilova på nytt for å få stabile prisar som gjer det mogeleg for næringsliv og hushaldningar å planlegge for frmtida.

Alf