Bernander gløymer det viktigaste

Fædrelandsvennen kommenterte nyleg eit intervju med NHO-direktør Bernander. Leiarskribenten konstaterte at det mangla eit viktig element i Bernander sin analyse av kva som skal til for å få eit konkurransedyktig næringsliv.  NHO-direktøren utelet at næringslivet er avhengig av ein velfungerande offentleg sektor som kan handtere dei store velferdsutfordringane vi står overfor.

Dette er eit poeng som altfor sjeldan er ein del av den næringspolitiske debatten. På tross av den stadige svartmalinga frå opposisjonen er det vanskeleg å komme bort i frå at vi har klart oss godt økonomisk her i landet. Vi har komme oss betre gjennom finanskrisa enn noko anna land det er naturleg å samanlikne seg med, vi har den lågaste arbeidsløysa i Europa, og vi har eit offensivt næringsliv.

Denne positive utviklinga skuldast ikkje minst den norske samfunnsmodellen med ein sterk velferdsstat.  Den har lagt grunnlaget for det omstillingsvennlege og innovative næringslivet vi har her i landet. Tryggleik frigir tid og energi til å satse i næringsliv og arbeidsliv, og velferdstilbod legg grunnlaget for høg yrkesdeltaking. I sommar var eg på ein konferanse om gründerskap saman med årets kvinnelege gründer. Ho sa blant anna at barnehageplass var ein av dei viktigaste suksessfaktorane for hennar gründerskap.

Eit av dei viktigaste konkurransefortrinna i norsk næringsliv er brei kompetanse og evne til å arbeide sjølvstendig på alle nivå i organisasjonen. Derfor er kanskje kunnskapsdepartementet det viktigaste næringsdepartementet, og utdanningssystemet den viktigaste basisen for næringsutvikling. Eit anna konkurransefortrinn vi har, er at næringslivet gjennom pålegg frå samfunnet har vore tidleg ute med å innføre miljøvennleg teknologi.

Bernander er i godt selskap når han hoppar bukk over offentleg sektor og velferdssamfunnet som basis for utviklinga av næringslivet. I mi tid i næringskomiteen på Stortinget har eg enno til gode å høyre nokon frå opposisjonen omtale dette poenget. Tvert i mot yndar høgrepartia å framstille velferdssamfunnet og offentleg sektor som ein klamp om foten på næringslivet, ikkje som ein viktig føresetnad for eit moderne næringsliv. Dermed er desse partia ute av stand til å vidareutvikle  dei sterke sidene ved dagens modell, og dei ender opp med ein snever og visjonslaus næringspolitikk.

Alf

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag

Nedsnakking av Sørlandet

Sørlandet er ein spennande landsdel som er i ferd md å bygge seg ein nasjonal posisjon. Unge kunstnarar markerer seg, næringslivet viser innovasjonsevne og forskingsmiljøa er i framgang. Det er hyggeleg å kunne representere ein slik landsdel og merke den store interessa for det som skjer her. Sørlendingar er synlege og tar nasjonale posisjonar, men det er ikkje noko som kjem av seg sjølv. Det fordrar innsats, og det fordrar at vi bygger regional sjølvtillit og skaper klima for regional oppbakking.

Men i det siste har blitt ein sport å leite fram det som måtte finnast av styre og råd der Sørlandet ikkje er representert, og framstiller det som eit stort nederlag, ja nærmast ei katastrofe. Dei posisjonane Sørlandet får, høyrer vi mindre om. Visste du for eksempel at Ingunn Ettestøl frå Agder Energi sit i regjeringa sitt lågenergiutval, at Gøril Hannås ved UiA sit i styret for Posten Norge og at rektor Torunn Lauvdal  ved UiA er med i styret for store satsingar i Noregs forskingsråd.

Eg har ikkje sjekka om Sørlandet er underrepresentert i høve til folketalet. Men det skaper lite løft for landsdelen å lage krisestemning kvar gang eit utval blir etablert utan ein sørlending. Det er sjølvtillit, engasjement og skaparkraft som bringar oss framover, ikkje svartmaling.

Vi treng å gripe fatt i den positive utviklinga på Sørlandet, og vi treng å ta på alvor dei reelle utfordringane vi står overfor. Det er det som markerer Sørlandet positivt i nasjonale samanhengar.

alf

Offentlege skolar

Fædrelandsvennen kommenterer på leiarplass nye tal som viser at det er ein viss auke i talet på elevar ved privatskolar. Avisa meiner dette viser at regjeringa ikkje følgjer opp målsetninga om å avgrense talet på private skolar. Då kan det vere grunn til å minne om at den borgarlege regjeringa med Kristin Clemet i spissen var i gang med ei storstilt privatisering og kommersialisering av den offentlege skolen då dei miste makta.

Så snart den raudgrøne regjeringa overtok, blei det sett ein stoppar for denne privatiseringsbølgja til kraftige protestar frå Høgre og dei kommersielle interessene. Men protestane stilna. Høgre har heilt slutta å argumentere offentleg for den privatiseringa som dei la opp til då dei hadde makta. Og det er ikkje så rart. For den storstilte ideologiske privatiseringa som den borgarlege regjeringa i Sverige har stått for, kan knapt kallast nokon suksess. Spørsmålet er kva Høgre gjer om dei skulle få makt på nytt.

Leiarskribenten meiner også at det er regjeringa si skuld at enkelte kommunar legg ned skolar som så blir vidareført i privat regi. Men når regjeringa har auka overføringane til kommunane langt meir enn tidlegare regjeringar, må vel kommunane vere med på å ta litt av ansvaret for sine prioriteringar.

Alf

Når oljealdren er over

Denne veka stod innovasjon på dagsorden i stortinget. Her er mitt innlegg i debatten:

Eg synest høgrepartia her i salen har ein tendens til å svartmale situasjonen. Det finst mange ulike rangeringar som prøver å seie noko om innovasjonsevne, og dei måler litt ulike ting. Eg vil peike på ei rangering frå den anerkjente institusjonen IMD. Der kjem Noreg på 9. plass og har rykka fram tre plassar sidan i fjor. Det er berre eitt europeisk land som ligg føre Noreg på denne statistikken.
Så vil eg ta opp nokre innovasjonsfremmande forhold som opposisjonen gjerne overser.

Velferdsstaten fremmar innovasjon
Høgrepartia har ein tendens til å sjå på velferdsstaten som ein belastning på næringslivet. Men den er grunnlaget for det omstillingsvennlege og innovative næringslivet vi har her i landet. Tryggleik frigir tid og energi til å satse.
I sommar var eg på ein konferanse om gründerskap saman med årets kvinnelege gründer. Ho sa blant anna at barnehageplass var ein av dei viktigaste suksessfaktorane for hennar gründerskap og innovasjon.

Miljø
Eit anna forhold som utløyser innovasjon, er miljøansvar og miljøkrav. Dei miljøkrava industrien fekk i 80- og 90-åra utløyste ein av dei mest innovative periodane i norsk industri. Utan denne satsinga hadde industrien vore langt mindre konkurransedyktig i dag.
I dagens situasjon kan for eksempel energikrav til bygningar og miljøkrav til skip utløyse ny innovasjon i byggenæringa og i verftsindustrien og offshoreindustrien.

Aktivt statleg eigarskap
Ein av dei mest konkurransedyktige næringane vi har her i landet, er offshore leverandørindustrien. Den blei bygd opp på grunn av eit sterkt statleg eigarskap i oljesektoren i Nordsjøen. Det statlege eigarskapet  i Nordsjøen blei brukt til å skape innovasjon i norsk leverandørindustri som no er verdsleiande.

Samarbeid mellom store og små
Dersom vi ser på statistikkane frå Statistisk sentralbyrå så finn vi at produkt- og prosessinnovasjonen er størst i dei store bedriftene. Samtidig er vi avhengige av dei små og mellomstore bedriftene som det er flest av. Og vi treng gründerbedriftene. Derfor meiner SV at det er viktig å stimulere til samarbeid mellom små og store bedrifter og universitet eller høgskolar.
Vi har ordningar som National Centre of  Excelence og ARENA der regjeringa gir støtte til slikt samarbeid, og det har vist seg å vere svært vellukka mange stader. Eg kan nemne NODE, Norwegian Offshore and Drilling Engineering, som har vore med og skapt ny giv i offshoreindustrien på Sørlandet. Og eg kan nemne Eyde-nettverket som organiserer prosessbedriftene på Sørlandet. Det er krevjande å samarbeide og konkurrere samtidig. Derfor er det viktig å bygge ut dei programma som støttar opp om slikt samarbeid. Og derfor er det synd at Høgre foreslår å kutte i desse finansieringsordningane.
Alf

Gigantsatsing på fornybar energi og miljøteknologi

Sist fredag var ein stor merkedag for oss som har kjempa for ei offensiv satsing på miljøvennleg energi og miljøteknologi. Statkraft fekk tilført 14 milliardar kroner i ny eigenkapital. Det set statsbedrifta i  stand til å investere 82 milliardar kroner over ein femårsperiode. Samtidig har Statkraft justert sin strategi slik at alle midlane skal gå til fornybar og ny fornybar energi.

SV har lenge arbeidd for å legge til rette for eit næringsliv som kan overleve etter oljealderen. Vi har i dag ein verdsleiande offshoreindustri med leveransar til olje- og gassektoren. Den blei bygd opp under vengene av eit sterkt statleg eigarskap i oljeaktiviteten i Nordsjøen. Men dei fleste meiner at vi vil sjå toppen av oljeaktiviteten om få år. No er det på tide å legge til rette for leveransar til fornybar energi som har ein veksande marknad. Statkraft kan eit stykke på veg spele den same rolla for fornybarteknologi som Statoil spela for petroleumsteknologi då oljeeventyret starta.

Gjennom eit aktivt statleg eigarskap har vi fått ei gigantisk satsing på fornybar energi og miljøteknologi. Denne satsinga har eit omfang som det ville ha vore vanskeleg å få til på andre måtar. Vi får ei storsatsing på miljøvennleg energi og miljøteknologi, samtidig som vi legg til rette for auka inntekter til fellesskapet. Det statlege eigarskapet har på nytt vist sin styrke når vi står overfor store utfordringar.

Denne satsinga vil skape arbeidsplassar i leverandørindustrien og energisektoren. No er det på tide å få ein brei diskusjon om korleis vi skal bruke den fornybare energien. Skal vi elektrifisere sokkelen, skal vi satse offensivt på elektriske bilar, skal vi bruke den til kraftkrevjande industri, eller skal vi eksportere den. Her er det mange ulike omsyn å ta, ikkje minst klimaeffekten av dei ulike alternativa. Derfor treng vi no ein brei offentleg gjennomgang av energipolitikken her i landet.

Alf

Manglande oversikt over eigne kutt?

Høgre kuttar i budsjettposten Nasjonalt samarbeid for regional utvikling. Denne budsjettposten går blant anna til å støtte næringsnettverk i programma National Centre of Expertice, NCE, og ARENA. I mitt heimfylke omfattar det blant anna dei to suksessrike nettverka NODE (Norwegian Offshore and Drilling Engineerin) og Eyde som er eit nettverk for material- og metallbedrifter. Høgre kuttar også i midlane til regional utvikling som også blir brukt til lokal støtte til slike og andre nettverk.

Desse nettverka fremmar samarbeid mellom store og små bedrifter og universitet og høgskolar. Det er nettopp denne form for samarbeid vi treng for å utvikle eit framtidsretta og kunnskapsbasert næringsliv.

Eg har konfrontert to høgrerepresentantar med desse kutta, men dei var tydeleg vis ikkje klar over konsekvensane for næringsnettverk kring om i landet. Som eg har sagt før. Høgre forflatar næringspolitikken ved å overfokusere på skatt.

Alf

Passiv haldning til framtidsretta indistri

I over eit år har eg prøvd å trekkje i gang ein diskusjon om kva som kan skje med forskingsmiljøet i Elkem i Kristiansand. Dette er eit heilt unikt miljø som det knapt finst maken til I verda, kanskje med unntak av MINTEK i Sør-Afrika.

Eg har skrive kronikkar i Færdelandsavisen og i nasjonale aviser, og eg har kjempa for å få regionale media til å ta opp saka. Det har overraska meg kor lite engasjement denne saka har skapt.  Dette kompetansemiljøet har spela ei sentral rolle i norsk industrihistorie. Seniorforskar Seniorforskar Antje Klitkou har i Dagsavisen i dag ein grundig kronikk som viser kva Elkem Solar betyr for industriutviklinga i Noreg.

Fædrelandsvennen har på leiarplass i dag ein kommentar til Elkem Solar der dei presenterer tradisjonell høgrepolitikk, og det er greitt. Men det overraskar meg kor lite engasjement dei viser for dette unike kompetansemiljøet som mange andre, også på nasjonalt plan, er uroa for.

Vidare er leiaren lettvint om norsk og sørlandsk industrihistorie. Sørlandet har i dag ein tung leverandørindustri. Denne industrien blei bygd opp på basis av statleg eigarskap i oljesektoren og med sørlandsk entreprenørskap.

Vi har mange gode eksempel på utanlandsk kapital som gir verdiskaping og sysselsetting i Noreg. Men det er viktig for landet og regionen at vi har ein del industri og industrielle kompetansesentra som er i norsk eige, og som i samarbeid med staten kan utvikle framtidas arbeidsplassar.

Alf

Høgrepartia kuttar i næringsstøtte og raserer landbruket

Denne veka har Høgre og FrP lagt fram sine alternative statsbudsjett. Det er spanande lesing dersom ein tar seg tid til å sjekka kvar dei kuttar for å få råd til skattelette for rikingane. Her skal eg nøte meg med å sjå på nokre næringspolitiske konsekvensar for mitt fylke, Vest-Agder.

Men først ei liten kommentar til Skumsvoll frå Vest-Agder FrP. Han har i fleire innlegg i Fædrelandsvennen kritisert regjeringa for å satse for lite på havvindmøller. Då skulle ein tru at det kom ei storsatsing på dette området i det alternative budsjettet til FrP,  men det inneheld ikkje eitt ord om havvindmøller! Som vanleg er det langt mellom etorikk og ealiteta hos FrP.

Det som er langt verre, er at FrP vil kutte 6,4 milliardar i overføringane til den framforhandla landbruksavtalen. For Vest-Agder som har mange små og til dels brattlendte bruk, vil dette bety ei total rasering av landbruket. Det vil i sin tur føre til fattigdom og avfolking av mange bygder. Høgre nøyer seg med å kutte i underkant av to milliardar, men det vil også vere dramatisk for Vest-Agder. Eit regjeringsskifte vil ikkje bli lysteleg for bønene og bygdesamfunna i fylket vårt.

Høgre kuttar desto meir i midlar til næringsutvikling. Partiet kuttar 1,5 milliardar i løyvingane til regional utvikling. For Vest-Agder utgjer det 36,5 millionar kroner som blir brukt til å stimulere næringsutvikling og næringsnettverk i fylket.

Men et mest påfallande er at Høgre vil kutte i den budsjettposten som støttar Norwegian Centre of Expertice, NCE, og ARENA-prosjekt. I Agder betyr det kutt i løyvingane til NODE-nettverket og Eyde-nettverket. Dette er to bedriftsnettverk som er kopla til UiA, og som har hatt stor suksess.

Høgre foreslår ein del skattelette og andre tiltak for næringslivet, men dei kuttar i dei budsjettpostane som skal vere med å utvikle regionale nettverk og satsingar.

Men det er ikkje grenser for kva som kan kuttast for å skaffe skattelette til rikingane.

Les meir på Bloggen til Pål Julius.

Alf

Brei støtte til finansskatt

Sist torsdag behandla Nordisk råd eit forslag om skatt på finansielle transaksjonar. Saka fekk brei forhandsomtale i norske media.

Eg hadde gleda av å vere saksordførar for denne saka og la på vegne av fleirtalet i næringsutvalet fram følgjande forslag: ”Nordiska rådet rekommanderarNordiska ministerrådet att de nordiska ländaerna gemensamt arbetar før att inføra en generell avgift på internasjonella finansiella transaksjoner på europeisk och globalt plan.”

Den konservative gruppa og dei høgrepopulistiske partia kjempa i mot med Per Kristian Foss i spissen, men dei nådde ikkje fram. Forslaget blei vedtatt med 43 mot 25 stemmer.

Her er mitt hovudinnlegg i debatten:
Etter finanskrisa har det blitt ny fart i diskusjonen om skattlegging av finansielle transaksjonar. Ein oppblåst finansøkonomi skapte ei dramatisk krise. Og mange slit framleis md alvorlige etterverknader av krisa. Folk ser det urimelege i at det er skattebetalarane og ikkje finanssektoren som må betale for dei problema som finanskrisa skapte.

Sentrale politikarar frå alle deler av det politiske spekteret har no engasjert seg i arbeidet for å få ei internasjonal tilnærming til avgift på finansielle transaksjonar.

FN har lenge arbeidd med dette spørsmålet. No har også EU engasjert seg sterkt på dette området. I juni i år bestemte Europarådet at EU skal arbeide med internasjonale tilnærmingar til avgifter på finanssektoren. EU-kommisjonen vil ta opp spørsmålet om global skatt på finansielle trensaksjonar på G20-møtet i Seoul i år.

Næringsutvalet ønskjer at Norden skal gjere sin stemme gjeldande i denne viktige debatten. Derfor foreslår utvalet at dei nordiske landa i fellesskap arbeider for å innføre avgift på finansielle transaksjonar på internasjonalt plan.

Forslaget er opent og spesifiserer ikkje korleis slike avgifter skal utformast. Poenget er at Norden skal ha ei stemme i den viktige diskusjonen som no skyt fart i internasjonale fora.

Forslaget frå utvalet er forskjellig i frå det opphavlege medlemsforslaget. På møte i Malmø i september kom utvalet fram til eit kompromiss som det då var konsensus om.

I behandlinga i utvalet blei det også semje om eit tillegg som oppfordrar dei nordiske regjeringane til ha ein beredskap mot nye finanskriser.

Når rådet har møte her på Island, så synest vi det passar ekstra godt å ta opp spørsmålet om tiltak som kan stabilisere finansmarknaden og gi inntekter til fellesskapet.

Når fakta prellar av

For ei tid sidan gjekk Peter Gitmark (H) ut i Fædrelandsvennen med påstanden om at Kristiansand kommune får  for lite kollektivmidlar fordi byen ikkje har storbystatus. Eg tilbakeviste påstanden i eit innlegg i avisa og dokumenterte at Kristiansandsregionen ligg på topp når det gjeld belønningsmidlar til kollektivtransport.

Sist onsdag gjekk Gitmark til mi store overrasking ut med den same påstanden på nytt. Fakta bit tydeleg vis ikkje på Høgre når dei ser ein sjanse til å skaffe seg medieoppslag ved å snakke negativt om kav regionen har fått til.

Denne gangen gjekk Gitmark i tillegg til eit breitt angrep på den manglande storbystatusen. Eg fant derfor fram referatet frå behandlinga i Stortinget. Der stemte Gitmark og Høgre for at Kristiansand ikkje skulle få storbystatus. Høgre skreiv faktisk ein merknad der dei eksplisitt støtta nettopp dette punktet. Men det ”gløymde” Gitmark å fortelje lesarane, for å gi inntrykk av at det var opposisjonen mot regjeringa i denne saka. Eg måtte på nytt setje meg til PC-en for å få fram fakta for lesarane.

På tross av denne dokumentasjonen gjekk Gitmark dagen etter på nytt ut mot manglande storbystatus utan å informere om kva Høgre stemte. Gitmark er alltid på hogget og klagar over at representantar for regjeringspartia har for lite gjennomslag. Men i denne saka burde han kanskje ta inn over seg at også han har ein jobb å gjere i eige parti før han klagar på andre.

Gitmark lever tydelegvis etter regelen om at det er lettare å angripe enn å ta ansvar.

Alf