Erfaringane frå Skotland må få konsekvensar

I eit par tiår har det vore ”politisk korrekt” å meine at vi må ta i bruk marknadsprinsipp for å effektivisere offentleg sektor. Enkelte av oss har argumentert mot den overdrivne trua på at konkurranse og marknadstenking løyser alle problem. Det er tross alt forskjell på å produsere aluminium og å tilby tryggleik og gode helsetenester til innbyggarane. Vi har peika på at marknadsprinsipp i offentleg sektor lett fører til omfattande kontrollregime og byråkratisering.

No kan vi lese i Aftenposten at Skotland går bort i frå marknadsstyring av helsevesenet. Alt på 1980-talet innførte Margaret Thatcher marknadsstyring i helsevesenet, men resultata svarte ikkje til lovnadene. Skottland har no fjerna stykkprisfinansieringa av sjukehusa og gått over til årlige rammeløyvingar. Bestillar/betalar-modellen blei fjerna i 2000, og føretaksmodellen avvikla i 2004. I tillegg skal helsevesenet demokratiserast, blant anna gjennom direkte val til de regionale helsestyra. Politikken blir støtta av alle politiske parti i parlamentet, unntatt dei konservative.

Dette er berre eit av mange eksempel på at den overdrivne trua på marknadsprinsipp i offentleg sektor har slått feil. Til og med Fædrelandsvennen tar på leiarplass til orde for å lære av det som har skjedd i Skottland. Men i det politiske miljøet har det vore fullstendig taust, kanskje fordi SV har vore nokså einsame på barrikadane mot marknadstenkinga i offentleg sektor.

Men FrP med Høgre på slep vil ikkje lære av erfaringane frå andre land når dei ikkje stemmer med deira eigne teoriar. Dei vil akselerere den utviklinga som har skapt konstant krise i norsk helsevesen. Kanskje på tide at folk får opp augo for kva det fører til før FrP og Høgre får gjort alle dei feila som andre land no etter kvart oppdagar.

Stopp prisgaloppen på utleigebustader

leiligheter_1_21475f
Ein akseptabel bustad er ein grunnleggande føresetnad for å klare seg i samfunnet. Det siste tiåret har bukostnadene auka langt raskare enn lønningane. Vi har fått ein situasjon der bustader har blitt eit ynda spekulasjonsobjekt. Ungdom som skal inn på bustadmarknaden og folk med låg betalingsevne må betale prisen. Bukostnadene kan ofte vere det som kastar folk ut i fattigdom. Men media er meir opptatt av fortenestepotensialet for utbyggarar og spekulantar enn for situasjonen til dei som skal ha ein stad å bu. Det høge prisnivået på bustader og den stramme lånemarknaden har ført til at mange må ut i leigemarknaden. Konsekvensen er ein dramatisk auke i leigeprisane, og dei med svak betalingsevne blir hardast ramma.

Ein meir aktiv bustadpolitikk er derfor ein viktig del av kampen mot fattigdom. Det er på tide at kommunane begynner å føre ein meir aktiv politikk for å unngå at grunneigarar og utbyggarar kan presse opp prisane. Men det er ikkje nok. Slik situasjonen no har blitt på leigemarknaden, må vi snarast setje i gang å bygge ikkjekommersielle utleigebustader. Om nokre veker skal studentar og elevar finne seg ein stad å bu, og prisspiralen på utleigebustader vil få ei ny omdreiing.

I Kristiansand er det behov for ein kraftig auke både i studentbustader og andre utleigebustader. Studentsamskipnaden fekk i vinter støtte til å bygge 100 nye studentbustader. Men det er berre starten. SV vil arbeide for å få fullfinansiert prosjektet på 240 bustader. Fleire studentbustader er ikkje nok. Det er også mange andre grupper som treng utleigebustader. Behovet aukar fordi det er fleire som ønskjer eller må satse på denne buforma. SV utfordrar Kristiansand kommune til å legge opp til bygging av fleire utleigebustader. Det bør også byggast fleire ikkjekommersielle utleigebustader, og her må Husbanken spele ei aktiv rolle. Husbanken må gjenreisast som ein sentral aktør i bustadpolitikken.

Strandsonekaos og forskjellsbehandling med FrP

Strandsona er ein svært viktig ressurs for Sørlandet. Den gir livskvalitet og skaper basis for eit blomstrande reiseliv. Derfor er det viktig å utvikle denne ressursen på ein god måte for regionen, noko som ikkje alltid er tilfelle i dag. Hyttebygging skjer stort sett på dispensasjon, ikkje etter ein heilskapleg plan. Dette gir lite optimal bruk av areala, og det går unødig hardt ut over friareal og urørt natur. Dei som vil bruke kysten, men som ikkje har skaffa seg hytte, blir taparane. Bygging på dispensasjon fører også lett til forskjellsbehandling og mistanke om at det er gode forbindelsar som tel.

Dette vil regjeringa rydda opp i for å skape likebehandling og sikre stranda for alle. Bygging i strandsona skal i mykje større grad avklarast gjennom kommuneplanar og reguleringsplanar, ikkje gjennom dispensasjonar. Det er ikkje snakk om å ta makta frå kommunane, men om å skape ein planprosess som sikrar likebehandling og god ressursutnytting. Men det vil FrP med dei andre borgarlege partia på slept ha seg fråbedt. Dette er i og for seg ikkje så uventa. Det er ikkje første gangen FrP kjempar for ein politikk som opnar for dei med pengar og forbindelsar på bekostning av fellesskapet og ressursgrunnlaget.

Kamp for forskjellar

FrP og Høgre likar ikkje snakk om at dei tar frå dei fattige og gir til dei rike. Dei prøver å tåkelegge si støtte til rikingane og finanseliten med sine maktposisjonar. Derfor prøver dei å mane fram ein kulturkamp som visstnok går ut på å ta den påståtte makta frå kunstnarar og andre som tillet seg å ha velfunderte meiningar dei ikkje likar. Dette er ein taktikk som republikanarane i USA har brukt med hell for å få støtte frå underprivilegerte grupper på tross av mange gode eksempel på at god kunst har medverka til å fjerne urett og undertrykking. Men Obama har klart å overvinne den nyliberalistiske retorikken til republikanarane. Han har vist at det er den økonomiske eliten som har skapt finanskrisa og øydelagt livet for mange millionar vanlege folk.

Det blir spennande å sjå korleis den proklamerte kulturkampen vil te seg dersom vi får ei borgarleg regjering med FrP. Vil FrP få dei andre borgarlege partia med på ein retorikk som skaper konflikt mellom grupper i tillegg til økonomiske forskjellar? Og vil FrP få dei andre partia med på å redusere løyvingane til kunst og kultur og utdefinere kunstnarar? Eller vil kulturkampen splitte regjeringa?

Men ein ting veit vi at Høgre og FrP er samde om. Dei vil begge ha skattelette i milliardklassen til milliardærane i Noreg, anten dei har kunstsamling eller ikkje.

Les også min kronikk i Fædrelandsvennen

Råd frå svigerfar

Svigerfar som snart er nitti år, blei interessert då han høyrde at eg toppa stortingslista. Du Alf, sa han. Det er ein ting du må gjere dersom du kjem på Stortinget. Du må arbeide for at det blir fleire plasser for oss som ikkje lenger kan bu heime, men som ikkje treng sjukeheim. Vi treng butilbod og institusjonar som gir tryggleik og sosial kontakt utan at vi må legge oss inn på sjukeheim.

Det slo meg at dette er noko samhandlingsreforma kan bidra med: Rett behandling – på rett stad – til rett tid. Kommunale tilbod som kan bidra til mindre press på sjukeheimar og sjukehus, er ikkje berre god ressursdisponering. Det er også livskvalitet for brukaren.

Etter ferien har eg avtalt å arbeide ein dag ved ein sjukeheim i Kristiansand for å få eit lite glimt av kvardagslivet i omsorgssektoren. Eg har variert yrkeserfaring, men ikkje frå denne sektoren. Derfor kan det vere nyttig å høyre litt om korleis omsorgsarbeidarane ser på utfordringane i sektoren og på den jobben vi politikarar gjer. Kjem eg på Stortinget, har eg lova at eg skal bruke tid på å besøkje arbeidsplassar og organisasjonar som ønskjer det.

Best på miljø og arbeidsplassar

sv logoMiljøjournalen som blir gitt ut av Noregs Naturvernforbund, har gjennomgått miljøpolitikken til alle partia på Stortinget. Framstegspartiet og Høgre hamna som forventa på botnen med respektive 5,5 og 10 poeng av 25 oppnåelege. SV vart nummer 1.

I følgje Naturvernforbundet stiller Framstegspartiet seg tvilande til at vi har menneskeskapte klimaendringar, og partiet vil derfor ikkje redusere klimautsleppa. Partiprogrammet til FrP omtaler heller ikkje energiøkonomisering som er eit viktig tiltak for å sikre framtidige arbeidsplassar i tillegg til å vere det mest effektive klimatiltaket. Høgre skårar dårleg på miljøtesten i Miljøjournalen blant anna fordi partiet vil opne for oljeboring i dei sårbare og fiskerike havområda i nord.

SV kom best ut i miljøtesten med 20,5 poeng av 25 oppnåelege. Miljøjournalen legg blant anna vekt på at SV går mot oljeboring i havområda utanfor Lofoten og Vesterålen og vil ha varig verna petroleumsfrie område. SV vil satse sterkare på energiøkonomisering, passivhus og fornybar energi, og partiet vil ha ein kraftig auke i dei statlege overføringane til kollektivtransport.

Vest-Agder SV og underteikna har lenge hevda at ein god miljøpolitikk også kan vere ein framtidsretta næringspolitikk. Vi var lenge åleine om dette synspunktet. Men no er det stadig fleire i næringslivet som innser at energiøkonomisering og miljøteknologi er berebjelkar i ein framtidsretta industripolitikk. Klimasamfunnet skaper nye krevjande marknader som passar godt for eit høgkostland som Noreg, og investorar er ofte skeptiske til bedrifter som ikkje tar klima og miljø på alvor.

Stadig fleire bedrifter på Agder leverer no materiale og utstyr til produksjon av fornybar energi som vindmøller og solceller, og Elkem og Alcoa satsar på ny og mindre energikrevjande aluminiumsprosess. Også olje- og gassindustrien på Sørlandet har begynt å engasjere seg for å komme inn på marknaden for fornybar energi, og for å setje miljøstandardar for sin aktivitet.
Ein moderne industri er eit viktig element i eit samfunn som tar miljøet og klimatrusselen på alvor.

Som medlem av Teknologirådet var eg med i ei arbeidsgruppe med representantar frå næringslivet og miljørørsla, og der fekk eg gjennomslag for dette synet. I sluttrapporten frå arbeidsgruppa blir det peika på at staten må gå sterkare inn med midlar til forsking, pilotanlegg og omstilling. Det har den raudgrøne regjeringa tatt fatt i. I år er det oppretta åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi og ei rekke andre store prosjekt er sett i gang. UiA er med i eit av forskingssentra og har fått andre prosjektmidlar i tillegg.

ENOVA, som er eit statleg organ for støtte til ny teknologi, har fått ein kraftig auke i sine rammer blant anna i samband med krisepakka. Det er ein del av desse midlane som no går til pilotanlegg for ny aluminiumsprosess på Lista. Krisepakka inneheldt også andre viktige tiltak for næringslivet. Olje- og gassnæringa på Sørlandet med små og store underleverandørar unngjekk ei dramatisk krise då rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt blei auka. På grunn av at den raudgrøne regjeringa har ført ein nøktern økonomisk politikk, hadde vi økonomisk handlefridom til å setje i verk nødvendige tiltak.
Med over 30 års erfaring frå industri, forsking og miljøarbeid ser eg fram til å komme på Stortinget og arbeide vidare med ein industripolitikk for klimasamfunnet og legge grunnlaget for ein livskraftig industri på Agder.

Alf Holmelid
1. kandidat for Vest-Agder SV

Kamp for fellesskolen

Innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 26. juni

Fædrelandsvennen hadde ein noko spesiell analyse av fellesskolen i ein leiarartikkel sist laurdag. For det første hoppa leiarskribenten over det sentrale elementet i fellesskolen, nemleg at alle barn utan omsyn til sosial bakgrunn går i same skole. Avisa la hovudvekta på dei geografiske forskjellane i Vest-Agder og presterte å gi AP og SV skulde for desse forskjellane på tross av at fylket er sterk dominert av borgarlege kommunepolitikarar.

Fellesskolen er eit av dei grunnleggjande elementa i den norske samfunnsmodellen med relativt moderate forskjellar og eit relativt lågt konfliktnivå i samfunnet. Denne fellestanken prøvde den borgarlege regjeringa å rive ned ved å gå inn for ei storstilt privatisering som ville ha tappa den offentlege skolen for ressursar. Det første SV i regjering gjorde var å stoppe privatiseringa og hindre raseringa av den norske fellesskolen.

Men det er også grunn til å sjå på innhaldet i fellesskolen. Ein del undersøkingar kan tyde på at fellesskolen ikkje har fremma sosial utjamning i så stor grad som vi ønskjer. Dette tok kunnskapsministeren frå SV fatt i med ei stortingsmelding om tidleg innsats. Her blei det lagt opp til meir støtte til elevane tidleg i skoleløpet for legge til rette for læring for alle. No vil SV utvide skoledagen litt for å få rom til leksehjelp som også kan bidra til å utjamne sosiale forskjellar. Dessutan har kunnskapsministeren nyleg lagt fram ei stortingsmelding om styrking av praktisk retta undervisning, noko som kan bidra til at fleire får ei fullverdig utdanning og kan klare seg i samfunnet.

Når det gjeld manglande satsing på skolen i ein del kommunar, så er det også noko SV tar fatt i. Etter forslag frå Vest-Agder vedtok landsmøtet i SV å gå inn for nasjonale minstenormer i skolen. Kunnskapsministeren har sagt at han nøye vil følgje utviklinga i kommunane og vurdere om satsinga på skole blir følgt opp. Å tappe dei offentlege budsjetta og dei offentlege skolane for ressursar for å splitte elevane og støtte storkonsern som John Bauer, er ikkje ei støtte til felleskapstanken.

Alf Holmelid
1. kandidat for Vest-Agder SV

Høgfartstog til Sørlandet

lyntog
Når SV no har fått gjennomslag for høgfartstog og samankopling av Sørlandsbana og Vestfoldbana i NTP, er det viktig å legge ein robust handlingsplan for å realisere visjonen om høgfartstog til Sørlandet:

• Opprusting av Vestfoldbana og samankopling mellom Vestforldbana og Sørlandsbana er eit nødvendig og viktig første skritt i arbeidet for høgfartstog til Sørlandet.
• Når eg kjem på Stortinget vil eg arbeide for at det blir lagt inn midlar til samankopling ved neste rullering av NTP om fire år.
• For at det skal vere realistisk må det setjast av midlar til planlegging snarast mogeleg. Det må komme rmed i regjeringserklæringa for neste stortingsperiode.

Er det mogeleg å føre ein nyansert debatt?

I ein del debattar har eg prøvd å føre ein nyansert debatt der eg peikar på kva utfordringar vi står overfor i samfunnet vårt. Eg har prøvd å drøfte kva som kan forbetrast i tillegg til å vise til kva som er gjort. Men då er det straks nokon som bevisst misforstår og utlegg dette som om eg gir strykkarakter til dagens politikk.

Media likar dei banale misstydingane betre enn utfordrande resonnement. Banal retorikk basert på bevist misstyding har lettare for å feste seg i mediebiletet enn gode resonnement. Bård Vegar Solhjell blei nyleg utsett for det same då han prøvde å føre ein sakleg debatt om utfordringane i norsk skole. Dette er kanskje god underhaldning, men fører det til opplyst politisk debatt og god politikk?

Lyst til læring på Agder

Innlegg i Fædrelandsvennen:
I forslaget til Regionplan Agder er skole og utdanning eit av fem satsingsområde. Agder har eit lågt utdanningsnivå, og det ønskjer ein no å ta fatt i. Målet er å skape ein region prega av lyst til læring. Strategien er blant anna å ta i bruk nye læringsarenaer og bruke arbeidslivet som motiveringsfaktor i skolen. SV støttar heilhjarta opp om denne målsetninga og denne strategien som er heilt i tråd med vår utdanningspolitikk.

I den nye stortingsmeldinga, Utdanningslinja, som legg spesielt vekt på ungdomstrinnet og fag- og yrkesopplæring, foreslår regjeringa:

• eit nytt, praktisk fag i ungdomsskolen (arbeidslivsfag )
• betre tilrettelegging for bedriftsbasert fagopplæring (praksisvegen)
• yrkesfagopplæringa skal legge større vekt på å yrkesrette fellesfaga
• det skal også vurderast om læreplanane for fellesfag bør endrast for yrkesfaglige studieprogram

I ei tidlegare stortingsmelding, «Og ingen stod igjen og hang», legg regjeringa vekt på tidleg innsats i skolen. Den peikar på at det er viktig å setje inn ressursane tidleg i skoleløpet for å legge til rette for mestring og lyst til læring.

Gjennom desse to stortingsmeldingane legg SV opp til ein skole med læring for alle, og ein skole som skaper lyst til læring slik regionplan Agder så treffande formulerer det. Høgre og dei borgarlege partia sitt alternativ er derimot ein sorteringsskole der rangering og nivåinndeling blir viktigare enn å skape lyst til og føresetnad for læring for alle. Haustens skoleval står mellom desse to skolesyna.