Lenke

Sommarintervju

Sommarintervju

Ta deg tid til å lytte til dette sommarlette intervjuet.

Kommersialisering eller trygg velferd

Eldreomsorg_smallNyleg fekk vi skremmande opplysningar frå det høgrestyret Sverige. Det private utdanningskonsernet John Bauer var konkurs og 7.000 elevar gjekk ei usikker framtid i møte. Litt seinare fekk vi vite at den kommersielle selskapet Sensia la ned seks helsestasjonar og 32.000 pasientar miste tilbodet sitt. I følgje Aftenposten er 40.000 personar ramma av konkurs og avvikling av skolar og velferdstenester som er satt ut til kommersielle konsern. Den konservative leiinga i Stockholm har tatt sjølvkritikk og er i ferd med å legge om sin politikk.

Dette er noko av bakgrunnen for at SV vil vidareutvikle gode offentlege tenestetilbod framfor å satse på kommersielle aktørar. Kommersialisering vil føre til at kommunen må bygge opp eit omfattande byråkrati for kontroll, men erfaringane frå Sverige viser at det like vel kan gå galt.  Det siste Høgre gjorde før dei miste regjeringsmakt var å godkjenne fleire John Bauer-skolar blant anna i Vest-Agder. Dersom godkjenninga hadde blitt ståande, så hadde vi sitte med skjegget i postkassa i dag.

SV er også opptatt av å legge til rette for at ideelle organisasjonar kan bli ein viktig del av tenestetilbodet. Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet som er leia av ein SV-statsråd har innført fleire tiltak som styrker dei ideelle aktørane sin posisjon. Den kommersialiseringa som Høgre legg opp til, vil derimot skvise ut ideelle aktørar.

Førstekandidat for Høgre, Ingunn Foss, går i eit innlegg i Farsund avis til angrep på SV sitt engasjement for ein sterk offentleg sektor. Ho er som sine partifellar i Sverige opptatt av å sleppe kommersielle aktørar til. SV trur ikkje dette er vegen å gå. Vi vil satse på å styrke det offentlege velferdstilbodet og samarbeide med ideelle aktørar for aktuelle omsorgsoppgåver. Ingun Foss hevdar at reglar for utbytte i skole og omsorg er overstyring av det kommunale sjølvstyret. Men Høgre har sagt at dei vil gå inn for utbytteavgrensing i skolesektoren, så her er argumentasjonen lite prinsipiell.

SV er opptatt av at dei skattepengane som vi brukar til omsorg og skole, skal gå til å utvikle trygge og gode tenester og ikkje til kontrollbyråkrati og skatteparadis. Vi vil sikre handlingsfridomen til kommunane og hindre at store kommersielle aktørar får ein marknadsposisjon som set kommunane i ein tvangssituasjon.

Alf

Uverdig kollektiv avsporing

BildeSkal Noreg få ned klimagassutsleppa, er det heilt nødvendig å redusere utsleppa frå transportsektoren. Derfor kjempa SV for og fekk gjennomslag for ei kraftig satsing på kollektivtransport i Nasjonal transportplan. Eg har også utfordra Kristiansand og Vest-Agder til å lage ein offensiv plan for å få sin del av dei nasjonale midlane som skal gå til dette formålet.

Sist veke blei det kjent at Kristiansandsregionen får 285 millionar kroner til kollektivtransport. Då skulle vi kanskje tru at det var eit godt utgangspunkt for ein debatt om kollektivtransport og klimapolitikk. Men så vel var det ikkje. Enkelte politikarar som tydeleg vis ikkje er så opptatt av kollektivtransport, såg seg best tent med å skape ein debatt om korleis pengane var tildelt.

Klimaet og kollektivtransporten fortener betre. SV vil kjempe for å få debatten tilbake på sporet og skape eit sterkare engasjement kring kollektivtransport og klimapolitikk:
Vi oppfordrar fylleskommunen og dei aktuelle kommunane til å arrangere eit opent møte med informasjon om planar for kollektivtransporten i Kristiansandsregionen, samt korleis utviklinga er når det gjeld trafikkvekst og klimautslepp i regionen
Vi oppfordrar dei same aktørane til å starte arbeidet med ein langsiktig kollektivplan for heile transportplanperioden på 8 år.

Alf

SV har levert for Agder

BildeHer er nokre eksempel på kva vi med engasjement frå underteikna og med SV i regjering har fått til for Agder i denne stortingsperioden:

Kunnskapsministeren frå SV la nyleg fram ei stortingsmelding der det blir varsla full gjennomgang av finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Dermed kan vi få retta opp underfinansieringa av UiA

Etter godt arbeid av SV i transportkomiteen er det no bestemt å starte planlegginga av samankoplinga av Sørlandsbana og Vestfoldbana slik at vi kan redusere reisetida til Oslo med minst ein time. Etter tilsvarande aktiv innsats i finanskomiteen er det lagt til rette for at vi kan få totimarsavgangar på Sørlandsbana utan å legge ned nattoget.

I Nasjonal transportplan er det lagt opp til ei storstilt satsing på kollektivtransport, noko blant andre Kristiansandsregionen kan få glede av om det lokale høgrestyret lagar ein god og klimavennleg plan. Nasjonal transportplan inneheld også ei kraftig satsing på sykkel som vil komme regionen til gode.

SV og miljøorganisasjonane på Agder har kjempa mot oljeboring i Skagerrak, og regjeringa har no lagt fram ein forvaltningsplan for Skagerrak der det ikkje blir opna for oljeboring.

I valkampen lova eg å kjempe for å styrke industrien gjennom satsing på miljøteknologi. Vi fekk auka rammene for støtte til miljøteknologi, og bedrifter på Agder har dei siste tre åra fått over 200 millionar kroner frå miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg. I tillegg kjem støtte til energitiltak gjennom ENOVA.

Då den maritime næringa og offshorenæringa fekk problem etter finanskrisa i 2009, var regjeringa raskt ute med tiltak. Det viktigaste var kanskje auka rammer for GIEK, Garantiinstituttet for eksportkreditt. Utan desse garantiane, hadde mange bedrifter på Sørlandet fått store økononiske problem.

For å redusere klimagassutsleppa er det lagt avgifter på kraftverk som brukar fossilt brensel. Dette fører til at også norsk prosessindustri får auka kraftkostnader sjølv om dei brukar rein vasskraft. Det kan føre til at miljøvennleg metallproduksjon flyttar til land med meir forureinande kraft. For å unngå dette har regjeringa innført ei ordning med såkalla CO2-kompensasjon for å unngå at prosessindustrien som det er mykje av på Sørlandet, flytter ut.

SV samarbeida med fagrørsla då det viste seg at NAV for ei tid sidan hadde innført ei strengare tolking av reglane for tildeling av dagpengar i samband med permittering. Dette blei retta opp.

I denne regjeringsperioden har Kilden og aktivitetane i Kilden fått omfattande støtte.

Regjeringa sette ned Sørlandsutvalet som skal legge fram si innstilling under Arendalsveka.

Lokale institusjonar som Stiftelsen arkivet har fått ekstraordinære tilskot.

I tillegg har vi fått på plass ei rekke nasjonale løft som også er viktig for Agder. Du finn nokre av dei her: http://sv.no/content/download/59343/734544/file/SV%20har%20levert.pdf

Alf

Mat, makt og verdiar

BildeSist laurdag skreiv Nationen på leiarplass om dei radikale i byane og deira forhold til distrikt og matproduksjon. Bakgrunnen er at Berit Hundåla meldte seg ut av SV på grunn av usemje om rovdyrpolitikken. At det er usemje om rovdyrpolitikken og det rovdyrforliket som alle på Stortinget er med på, må vi nok leve med. Men leiarskribenten går vidare og snakkar generelt om urban arroganse blant radikale i byane med adresse til SV.

Eg er oppvaksen på ein liten gar på Vestlandet der ljå var den viktigaste reiskapen, og der fiske heldt liv i barneflokken. Eg kjenner meg derfor lite råka av karakteristikken urban arroganse. Det er vel denne bakgrunnen som gjorde det naturleg for meg å kjempe ein seig kamp for dei små bruka og for reell sjølvberging i arbeidet med landbruksmeldinga.

SV har kjempa for at vi skal ha eit landbruk som brukar nasjonale ressursar så langt som mogeleg. Vi er opptatt av reell sjølvberging der ein korrigerer matproduksjonen for import av for. Det har vi berre delvis fått gjennomslag for i regjeringa. Men landbruksmeldinga har trass alt fokus på nasjonale ressursar som grovfor og beite, og på landbruk i heile landet.

Vi har også vore opptatt av at vi må ta vare på dei små og mellomstore bruka. Dersom vi meiner alvor med å auke matproduksjonen, kan vi ikkje la god matjord gå ut av produksjon. Med den topografien vi har her i landet, er det ikkje alle stader det er mogeleg å skape store einingar utan atdet blir lange avstandar og stort energiforbruk. Derfor må vi også ta vare på dei bøndene som treng ein deltidsjobb ved sidan av bruket. Utan dei kan bygder bli avfolka.

Leiarskribenten insinuerer at SV-folk av gammal vane ironiserer over landbruket. Det har eg med mi lange fartstid i partiet til gode å oppleve. Derimot er vi opptatt av maktanalyse. Vi er derfor det partiet som klarast har gått ut i mot matkjedemakta og deira freistnad på å øydelegge landbrukssamvirke gjennom integrasjon bakover i matkjeda.SV har også tatt til orde mot privat omsetning av mjølkekvotar utan å få landbruksministeren med på det.

Eg trur Nationen skal leite lenge for å finne eit anna parti som står hardare på for dei verdiane som blir etterlyst i denneleiarartikkelen. Og faktisk så er det dei unge radikale, gjerne frå urbane strøk, som gir sin klaraste støtte til desse verdiane. Eg er redd at dei fordommane som blir lagt for dagen i denne leiarartikkelen, kan vere til skade for den breie alliansen som norsk landbruk er heilt avhengig av.

Dette innlegget står på trykk i Nationen i dag

Alf

Partiet for miljø og solidaritet

Buss_c3Dette innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Denne veka har SV fått fleire bevis på at vi er partiet for miljø og for kollektivtransport. Torsdag presenterte Klimaval 2013 ei evaluering av klimapolitikken til partia som stiller til val. SV fekk karakteren 6- hårfint etter Miljøpartiet dei grøne som fekk 6. Omlag samtidig la Kollektivkampanjen fram ei evaluering av kollektivsatsinga til partia. Der kom SV klart på topp framfor alle dei andre.

Dei siste dagane har vi også fått eksempel på at SV skaper konkrete miljøresultat for Sørlandet. Vi har fått gjennomslag for planlegging av samankopling mellom Sørlandsbana og Vestfoldbana som kan redusere reisetida til Oslo med ein time. Samtidig går det mot å få både nattog og totimarsfrekvens. Ei fin gåve til 75 års-jubileet til Sørlandsbana. Tidlegare har vi fått på plass ei storstilt satsing på kollektivtrafikk som Kristiansandsregionen kan dra nytte av. Vi kan også nemne at bedrifter på Sørlandet har fått 200 millionar frå miljøteknologiordninga som SV har engasjert seg for.

Det andre satsingsområdet til SV er solidaritet. Vi vil kjempe mot høgresida sin blinde privatiseringsiver som kan rasere det velferdssamfunnet vi har brukt generasjonar påå bygge opp. SV har også stått i front for i kampen mot sosial dumping som kan skape ein klassedelt arbeidsmarknad her i landet. Vi vil skattlegge ein finanssektor som i dag har låg skatt, og bruke pengane på barn og eldreomsorg. SV har også endra utviklingspolitikken for å legge større vekt på tiltak som skaper betre fordeling.

Konklusjonen bør vere enkel. Er du opptatt av både miljø og solidaritet så er det berre eit alternativ ved valet i haust, SV.

Alf

 

Mindre oljeavhengig økonomi

Audun-Lybakken-Askoy-industri_c3Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Leiarskribenten her i avisa legg seg på same linje som Erna Solberg og hevdar at skatteomlegginga sist helg liknar på høgrepolitikk. Men det er god grunn til å stille spørsmål ved denne påstanden.

Eit av poenga med omlegginga er å redusere presset i oljeøkonomien og legge til rette for eit allsidig næringsliv med perspektiv utover oljealderen. Redusert press i oljesektoren er bra for landbasert næringsliv, og det kan også ha ein positiv effekt for klimaet på lengre sikt. Derfor aukar regjeringa skattane i oljesektoren og reduserer skattar og stimulerer til omstilling i landbasert næringsliv.

Dei enkelte stimuleringstiltaka har vel dei fleste partia på sine program i ulike variantar. Men det er grunnleggande forskjell på skattepolitikken til Høgre og dei raudgrøne. Når Høgre foreslår skattelette, så finansierer dei det ved kutt i statsbudsjettet, gjerne ved kutt i velferd. Regjeringa legg derimot fram eit ballansert opplegg som ikkje går ut over budsjettballanse og velferd. Dessutan har Høgre prioritert lette i formuesskatten som primært kjem dei rike til gode og har ein negativ fordelingseffekt. Regjeringa prioriterer tiltak direkte til bedriftene.

Høgre har nok enkeltforslag som isolert sett kan vere bra for næringslivet, men heilskapen i deira politikk er eit brot med den norske samfunnsmodellen bygd på solodaritet, moderate forskjellar og ein sterk offentleg sektor. Ved å svekke den norske modellen svekker dei også konkurransekrafta til næringslivet

Alf

Gjennomslag for kamp mot todelt økonomi

elektronikkSV har lenge åtvara i mot todelinga i norsk økonomi. Vi har bonanza i oljenæringa samtidig som landbasert industri slit. Dette gjer oss svært avhengig av olja, noko som er uheldig både for næringslivet og klimaet. Vi må dempe presset i oljenæringa og satse på eit mangfaldig næringsliv med perspektiv utover oljealderen. SV har i den samanheng foreslått sterkare skattlegging av oljenæringa http://www.dagsavisen.no/samfunn/vil-pumpe/

Eg har også skrive om presset i oljeøkonomien her https://alfh.wordpress.com/2012/09/27/salig-er-oljeokonomien/

Med så sterk todeling i økonomien er det behov for å stimulere landbasert industri parallelt med at vi strammar inn i oljesektoren. SV har peika på at vi i den samanheng bør satse på skattelette for forsking og for investering i nytt utstyr gjennom gunstigare avskrivingsreglar. Det stimulerer til omstilling og kompetanseutvikling slik at bedriftene kan tole kostnadsnivået og konkurransen. Den nye pakke frå regjeringa inneheld alt dette. http://sv.no/Siste-nytt/Mot-todeling-og-oljeavhengighet

Les også her:

http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/post274811.zrm

Alf

Å dele for å skape, 1. mai-tale i Mandal

imageKameratar

1. mai er dagen for å feire. Vi kan vere stolte av det som fagbevegelsen og arbeidarbevegelsen har kjempa fram.

Høgrepartia hevdar det er flaks at det går så godt i Norge, men det er tull.
Dagens Norge er resultat av langvarig kamp for solidaritet og fordeling.
Vi har skapt eit godt samfunn fordi vi har satsa på å dele for å skape.
Vi har skapt eit samfunn med små forskjellar
Vi har skapt eit samfunn der både kvinner og menn deltar både i arbeidsliv og familieliv
Derfor har vi god grunn til å feire.

—————————————————————————————
Men det er ingen grunn til å kvile på laurbæra
Høgrekreftene og marknadsfundamentalistane skapte ei finanskrise som har ramma Europa hardt.
Forskjellane aukar og velferdsstaten blir bygd ned.
Samtidig ser vi at dei faglige rettane blir svekka.
Når det oppstår konflikt så dømmer alltid EU-domstolen til fordel for kapitalkreftene og mot fagrørsla.
Når fagrørsla blir svekka, så aukar forskjellane i samfunnet.
Arbeidsløysa i EU er på 12%
Men det verste er at ungdomsarbeidsløysa er dramatisk. I Spania er den på over 50%. Ein heil generasjon ungdom får ein tøff start i livet.

————————————————————————————
Norge og den raudgrøne regjeringa kom heilskinna gjennom krisa ved å satse på solidaritet
I staden for å kutte i velferd, fekk kommunane ekstra midlar til ekstraordinære tiltak.
Vi fekk demonstrert at god fordelingspolitikk er det beste tiltaket mot krise, og skaper velferd for alle
Høgrekreftene sin forskjellspolitikk er ikkje berre moralsk forkasteleg. Den er også dårleg vern mot økonomiske kriser.

—————————————————————————————
På Sørlandet har høgrekreftene tatt makta i mange kommunar og i fylket
Resultatet er ei storstilt ideologisk fundert privatisering som kan få dramatiske følgjer
Vi har ikkje lenger kontroll på at skattepengane våre går til velferd og omsorg.
Når globale storkonsern etter kvart overtar velferdstenestene, kan deler av skattepengane hamne i skatteparadis.
Men ikkje nok med det. Kommunane blir etter kvart heilt avhengige av dei store velferdskonserna som kan presse kommunen dit dei vil.
Vi flytter makta frå kommunen til konserna.

——————————————————————————-
Dersom høgrekreftene får makt også nasjonalt, er det duka for storstilt privatisering av den offentlege skolen.
Den offentlege fellesskolen er eit av dei mest grunnleggande elementa i den norske samfunnsmodellen med små forskjellar mellom folk.
Vi har i det siste hatt ein diskusjon om kva som er typisk norsk
Den offentlege fellesskolen er vel noko av det mest typisk norske.
Med høgrekreftene t regjering kan den bli sterkt svekka slik vi ser i Sverige.

———————————————————————————
Eg var inne på at fagbevegelsen tapar mot marknadskreftene i EU
Her heime har fagbevegelsen og regjeringa tatt opp kampen for dei faglege rettane
Det første vi gjorde då vi overtok makta frå høgrekreftene i Bondevik2-regjeringa var å reversere svekkinga av arbeidsmiljølova
Kampen mot sosial dumping har også fått høg prioritet..
Vi får stadig eksempel på uverdige og farlige forhold kring om på arbeidsplassane.
Dette har vi møtt med allmenngjerig av tariffavtaler, med kollektiv søksmålsrett og med styrking av arbeidstilsynet.
Men vi er ikkje i mål.
Vi må justere lova slik at det blir lettare å få allmengjort tariffavtaler
Arbeidstilsynet må styrkast og få kraftigare sanksjonsverkemiddel
1 mai er ein dag for internasjonal solidaritet

—————————————————————————————
På verdsbasis blir det lurt unna skatt for tusen milliardar dollar kvart år.
Det er ti gonger meir enn all utviklingshjelp
Det rammar spesielt fattige land med rike naturressursar
Vi ser ofte skrikande fattigdom i land der internasjonale selskap tar ut store verdiar utan at det blir betalt skatt som kan komme folk flest til gode.
Nyleg la regjeringa fram ei stortingsmelding om utviklingspolitikk, og den tar opp dette problemet.
Norge har erfaring frå Nordsjøen. Den vil vi bruke for å hjelpe utviklingsland til å bygge opp skattesystem slik at folk får sin del av rikdomane i landet
Men skattesystemet er berre ein del av fordelingspolitikken. Trygdesystemet er like viktig.
Derfor vil Noreg også hjelpe fattige land å bygge opp trygdesystem og utvikle ein effektiv fordelingspolitikk.
Vi må dele for å skape både i fattige og rike land.

————————————————————————————
Men det er vanskeleg å skape utvikling utan fred og tryggheit.
Mange land er ramma av diktatur, vanstyre og borgarkrig. Berre i Syria blei det 2,4 millionar nye interne flyktningar i fjor.
Vesten med USA i spissen har ei lang historie med støtte til diktatur i arabiske land. Derfor har vi liten moralsk autoritet i arbeidet for å skape fred.
I Palestina blir innbyggarane drivne frå gard og grunn. Den ulovlege okkupasjonen held fram, og det blir stadig fleire ulovlege busetnader.
Det er på tide å auke presset på okkupasjonsmakta for å få slutt på okkupasjonen.

———————————————————————————

Klimakrisa har komme litt i skuggen av finanskrisa i media, men den har ikkje blitt mindre, snarare tvert i mot.

Klimakrisa vil ramme dei fattige landa hardast. Dei er mest utsett for tørke, auka havnivå og ekstremver.
Klimakampen er derfor ein solidarisk kamp, men det er også ein kamp for å skape eit godt samfunn lokalt.
Eit klimavennleg samfunn er eit samfunn med gode kollektivtilbod, gode bumiljø og spennande arbeidsplassar.
Det finst folk som ikkje trur på forsking og på menneskeskapte klimaendringar.
Vi skal kjempe for at dei ikkje får regjeringsmakt.

————————————————————————————
Det har blitt skapt ein myte om at det er ein motsetning mellom næringspolitikk og klima- og miljøpolitikk. Men det er med respekt å melde berre tull.
Elkem
NODE

————————————————————————————
Ein del media på Sørlandet hevdar at den raudgrøne regjeringa ikkje gjer nokk for Sørlandet. Det er det mildt sagt lite dekning for.
Eg skal ta nokre eksempel frå mitt felt, næringspolitikk
Miljøteknologiordn som alt har tilført industrien på Agder 200 mill kroner
CO2-kompensasjon
Garantiordning

——————————————————————————————-
Eg starta med å seie at vi har mykje å vere stolte av
Men vi står også overfor store utfordringar
1. mai er ein dag for å samle krefter for å møte nye utfordringar
Vi har vist at vi kan bygge eit samfunn for miljø og solidaritet
Vi skal vise at det er vi som har dei beste løysingane for folk flest også for framtida.

Utfordring til Grundetjøn og Damman

Buss_c3Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 23. mars, og vi ser spent fram til svaret.

Alle partia på Stortinget med unntak av Frp står bak klimaforliket. Der blir det understreka at trafikkveksten i dei store byregionane skal løysast med kollektivtransport og gang og sykkel.

For ei tid sidan presenterte Fædrelandsvennen ein rapport frå Urbanet Analyse. Den dokumenterte at Kristiansandsregionen har for lite ambisiøse planar til å nå dette målet. Biltrafikken i vår region vil auke med 33 prosent fram til 2030 dersom vi held fram som no.

 Då rapporten blei kjent, utfordra eg dei politikarane som sit med makta i Kristiansand og i Vest-Agder, til å ta rapporten og klimaforliket på alvor.  Eg bad dei svare på korleis dei vil innfri lovnadene som partikollegane på Stortinget har skrive under på. Men som venta prøvde dei lokale høgreordførarane å skyve i frå seg ansvaret ved å etterlyse meir midlar frå regjeringa.

 No har miljøvernministeren og regjeringa presentert ei historisk satsing på kollektivtransport. I Nasjonal transportplan vil det bli lagt inn 26 milliardar kroner til kollektivtransport.  I tillegg løyver regjeringa nær 7 milliardar til bygging av nye sykkelvegar. Storbyregionane vil bli invitert til å søkje på desse midlane ved å presentere offensive planer for miljøvennleg transport. Det vil bli lagt opp til at regjeringa kan inngå langsiktige bymiljøavtaler med ti års perspektiv. På denne måten kan kollektivsatsinga bli like langsiktig som vegsatsinga i transportplanen.

 På denne bakgrunn vil eg utfordre ordførar Arvid Grundekjøn og fylkesordførar Terje Damman til å satse på miljøvennleg transport i samsvar med det Høgre har lova i klimaforliket. SV og regjeringa har lagt forholda til rette for eit kraftig kollektivløft med eit busstilbod av høg kvalitet og med høg frekvens. No ligg ballen hos dei som har makta lokalt. Kan vi vente at høgreordførarane tar ansvaret for at det blir utvikla planer som sikrar at regionen får midlar til ei skikkeleg kollektivsatsing og klimasatsing?

Alf