Category Archives: Uncategorized

Strandsonekaos og forskjellsbehandling med FrP

Strandsona er ein svært viktig ressurs for Sørlandet. Den gir livskvalitet og skaper basis for eit blomstrande reiseliv. Derfor er det viktig å utvikle denne ressursen på ein god måte for regionen, noko som ikkje alltid er tilfelle i dag. Hyttebygging skjer stort sett på dispensasjon, ikkje etter ein heilskapleg plan. Dette gir lite optimal bruk av areala, og det går unødig hardt ut over friareal og urørt natur. Dei som vil bruke kysten, men som ikkje har skaffa seg hytte, blir taparane. Bygging på dispensasjon fører også lett til forskjellsbehandling og mistanke om at det er gode forbindelsar som tel.

Dette vil regjeringa rydda opp i for å skape likebehandling og sikre stranda for alle. Bygging i strandsona skal i mykje større grad avklarast gjennom kommuneplanar og reguleringsplanar, ikkje gjennom dispensasjonar. Det er ikkje snakk om å ta makta frå kommunane, men om å skape ein planprosess som sikrar likebehandling og god ressursutnytting. Men det vil FrP med dei andre borgarlege partia på slept ha seg fråbedt. Dette er i og for seg ikkje så uventa. Det er ikkje første gangen FrP kjempar for ein politikk som opnar for dei med pengar og forbindelsar på bekostning av fellesskapet og ressursgrunnlaget.

Kamp for forskjellar

FrP og Høgre likar ikkje snakk om at dei tar frå dei fattige og gir til dei rike. Dei prøver å tåkelegge si støtte til rikingane og finanseliten med sine maktposisjonar. Derfor prøver dei å mane fram ein kulturkamp som visstnok går ut på å ta den påståtte makta frå kunstnarar og andre som tillet seg å ha velfunderte meiningar dei ikkje likar. Dette er ein taktikk som republikanarane i USA har brukt med hell for å få støtte frå underprivilegerte grupper på tross av mange gode eksempel på at god kunst har medverka til å fjerne urett og undertrykking. Men Obama har klart å overvinne den nyliberalistiske retorikken til republikanarane. Han har vist at det er den økonomiske eliten som har skapt finanskrisa og øydelagt livet for mange millionar vanlege folk.

Det blir spennande å sjå korleis den proklamerte kulturkampen vil te seg dersom vi får ei borgarleg regjering med FrP. Vil FrP få dei andre borgarlege partia med på ein retorikk som skaper konflikt mellom grupper i tillegg til økonomiske forskjellar? Og vil FrP få dei andre partia med på å redusere løyvingane til kunst og kultur og utdefinere kunstnarar? Eller vil kulturkampen splitte regjeringa?

Men ein ting veit vi at Høgre og FrP er samde om. Dei vil begge ha skattelette i milliardklassen til milliardærane i Noreg, anten dei har kunstsamling eller ikkje.

Les også min kronikk i Fædrelandsvennen

Råd frå svigerfar

Svigerfar som snart er nitti år, blei interessert då han høyrde at eg toppa stortingslista. Du Alf, sa han. Det er ein ting du må gjere dersom du kjem på Stortinget. Du må arbeide for at det blir fleire plasser for oss som ikkje lenger kan bu heime, men som ikkje treng sjukeheim. Vi treng butilbod og institusjonar som gir tryggleik og sosial kontakt utan at vi må legge oss inn på sjukeheim.

Det slo meg at dette er noko samhandlingsreforma kan bidra med: Rett behandling – på rett stad – til rett tid. Kommunale tilbod som kan bidra til mindre press på sjukeheimar og sjukehus, er ikkje berre god ressursdisponering. Det er også livskvalitet for brukaren.

Etter ferien har eg avtalt å arbeide ein dag ved ein sjukeheim i Kristiansand for å få eit lite glimt av kvardagslivet i omsorgssektoren. Eg har variert yrkeserfaring, men ikkje frå denne sektoren. Derfor kan det vere nyttig å høyre litt om korleis omsorgsarbeidarane ser på utfordringane i sektoren og på den jobben vi politikarar gjer. Kjem eg på Stortinget, har eg lova at eg skal bruke tid på å besøkje arbeidsplassar og organisasjonar som ønskjer det.

Best på miljø og arbeidsplassar

sv logoMiljøjournalen som blir gitt ut av Noregs Naturvernforbund, har gjennomgått miljøpolitikken til alle partia på Stortinget. Framstegspartiet og Høgre hamna som forventa på botnen med respektive 5,5 og 10 poeng av 25 oppnåelege. SV vart nummer 1.

I følgje Naturvernforbundet stiller Framstegspartiet seg tvilande til at vi har menneskeskapte klimaendringar, og partiet vil derfor ikkje redusere klimautsleppa. Partiprogrammet til FrP omtaler heller ikkje energiøkonomisering som er eit viktig tiltak for å sikre framtidige arbeidsplassar i tillegg til å vere det mest effektive klimatiltaket. Høgre skårar dårleg på miljøtesten i Miljøjournalen blant anna fordi partiet vil opne for oljeboring i dei sårbare og fiskerike havområda i nord.

SV kom best ut i miljøtesten med 20,5 poeng av 25 oppnåelege. Miljøjournalen legg blant anna vekt på at SV går mot oljeboring i havområda utanfor Lofoten og Vesterålen og vil ha varig verna petroleumsfrie område. SV vil satse sterkare på energiøkonomisering, passivhus og fornybar energi, og partiet vil ha ein kraftig auke i dei statlege overføringane til kollektivtransport.

Vest-Agder SV og underteikna har lenge hevda at ein god miljøpolitikk også kan vere ein framtidsretta næringspolitikk. Vi var lenge åleine om dette synspunktet. Men no er det stadig fleire i næringslivet som innser at energiøkonomisering og miljøteknologi er berebjelkar i ein framtidsretta industripolitikk. Klimasamfunnet skaper nye krevjande marknader som passar godt for eit høgkostland som Noreg, og investorar er ofte skeptiske til bedrifter som ikkje tar klima og miljø på alvor.

Stadig fleire bedrifter på Agder leverer no materiale og utstyr til produksjon av fornybar energi som vindmøller og solceller, og Elkem og Alcoa satsar på ny og mindre energikrevjande aluminiumsprosess. Også olje- og gassindustrien på Sørlandet har begynt å engasjere seg for å komme inn på marknaden for fornybar energi, og for å setje miljøstandardar for sin aktivitet.
Ein moderne industri er eit viktig element i eit samfunn som tar miljøet og klimatrusselen på alvor.

Som medlem av Teknologirådet var eg med i ei arbeidsgruppe med representantar frå næringslivet og miljørørsla, og der fekk eg gjennomslag for dette synet. I sluttrapporten frå arbeidsgruppa blir det peika på at staten må gå sterkare inn med midlar til forsking, pilotanlegg og omstilling. Det har den raudgrøne regjeringa tatt fatt i. I år er det oppretta åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi og ei rekke andre store prosjekt er sett i gang. UiA er med i eit av forskingssentra og har fått andre prosjektmidlar i tillegg.

ENOVA, som er eit statleg organ for støtte til ny teknologi, har fått ein kraftig auke i sine rammer blant anna i samband med krisepakka. Det er ein del av desse midlane som no går til pilotanlegg for ny aluminiumsprosess på Lista. Krisepakka inneheldt også andre viktige tiltak for næringslivet. Olje- og gassnæringa på Sørlandet med små og store underleverandørar unngjekk ei dramatisk krise då rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt blei auka. På grunn av at den raudgrøne regjeringa har ført ein nøktern økonomisk politikk, hadde vi økonomisk handlefridom til å setje i verk nødvendige tiltak.
Med over 30 års erfaring frå industri, forsking og miljøarbeid ser eg fram til å komme på Stortinget og arbeide vidare med ein industripolitikk for klimasamfunnet og legge grunnlaget for ein livskraftig industri på Agder.

Alf Holmelid
1. kandidat for Vest-Agder SV

Kamp for fellesskolen

Innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 26. juni

Fædrelandsvennen hadde ein noko spesiell analyse av fellesskolen i ein leiarartikkel sist laurdag. For det første hoppa leiarskribenten over det sentrale elementet i fellesskolen, nemleg at alle barn utan omsyn til sosial bakgrunn går i same skole. Avisa la hovudvekta på dei geografiske forskjellane i Vest-Agder og presterte å gi AP og SV skulde for desse forskjellane på tross av at fylket er sterk dominert av borgarlege kommunepolitikarar.

Fellesskolen er eit av dei grunnleggjande elementa i den norske samfunnsmodellen med relativt moderate forskjellar og eit relativt lågt konfliktnivå i samfunnet. Denne fellestanken prøvde den borgarlege regjeringa å rive ned ved å gå inn for ei storstilt privatisering som ville ha tappa den offentlege skolen for ressursar. Det første SV i regjering gjorde var å stoppe privatiseringa og hindre raseringa av den norske fellesskolen.

Men det er også grunn til å sjå på innhaldet i fellesskolen. Ein del undersøkingar kan tyde på at fellesskolen ikkje har fremma sosial utjamning i så stor grad som vi ønskjer. Dette tok kunnskapsministeren frå SV fatt i med ei stortingsmelding om tidleg innsats. Her blei det lagt opp til meir støtte til elevane tidleg i skoleløpet for legge til rette for læring for alle. No vil SV utvide skoledagen litt for å få rom til leksehjelp som også kan bidra til å utjamne sosiale forskjellar. Dessutan har kunnskapsministeren nyleg lagt fram ei stortingsmelding om styrking av praktisk retta undervisning, noko som kan bidra til at fleire får ei fullverdig utdanning og kan klare seg i samfunnet.

Når det gjeld manglande satsing på skolen i ein del kommunar, så er det også noko SV tar fatt i. Etter forslag frå Vest-Agder vedtok landsmøtet i SV å gå inn for nasjonale minstenormer i skolen. Kunnskapsministeren har sagt at han nøye vil følgje utviklinga i kommunane og vurdere om satsinga på skole blir følgt opp. Å tappe dei offentlege budsjetta og dei offentlege skolane for ressursar for å splitte elevane og støtte storkonsern som John Bauer, er ikkje ei støtte til felleskapstanken.

Alf Holmelid
1. kandidat for Vest-Agder SV

Høgfartstog til Sørlandet

lyntog
Når SV no har fått gjennomslag for høgfartstog og samankopling av Sørlandsbana og Vestfoldbana i NTP, er det viktig å legge ein robust handlingsplan for å realisere visjonen om høgfartstog til Sørlandet:

• Opprusting av Vestfoldbana og samankopling mellom Vestforldbana og Sørlandsbana er eit nødvendig og viktig første skritt i arbeidet for høgfartstog til Sørlandet.
• Når eg kjem på Stortinget vil eg arbeide for at det blir lagt inn midlar til samankopling ved neste rullering av NTP om fire år.
• For at det skal vere realistisk må det setjast av midlar til planlegging snarast mogeleg. Det må komme rmed i regjeringserklæringa for neste stortingsperiode.

Er det mogeleg å føre ein nyansert debatt?

I ein del debattar har eg prøvd å føre ein nyansert debatt der eg peikar på kva utfordringar vi står overfor i samfunnet vårt. Eg har prøvd å drøfte kva som kan forbetrast i tillegg til å vise til kva som er gjort. Men då er det straks nokon som bevisst misforstår og utlegg dette som om eg gir strykkarakter til dagens politikk.

Media likar dei banale misstydingane betre enn utfordrande resonnement. Banal retorikk basert på bevist misstyding har lettare for å feste seg i mediebiletet enn gode resonnement. Bård Vegar Solhjell blei nyleg utsett for det same då han prøvde å føre ein sakleg debatt om utfordringane i norsk skole. Dette er kanskje god underhaldning, men fører det til opplyst politisk debatt og god politikk?

Lyst til læring på Agder

Innlegg i Fædrelandsvennen:
I forslaget til Regionplan Agder er skole og utdanning eit av fem satsingsområde. Agder har eit lågt utdanningsnivå, og det ønskjer ein no å ta fatt i. Målet er å skape ein region prega av lyst til læring. Strategien er blant anna å ta i bruk nye læringsarenaer og bruke arbeidslivet som motiveringsfaktor i skolen. SV støttar heilhjarta opp om denne målsetninga og denne strategien som er heilt i tråd med vår utdanningspolitikk.

I den nye stortingsmeldinga, Utdanningslinja, som legg spesielt vekt på ungdomstrinnet og fag- og yrkesopplæring, foreslår regjeringa:

• eit nytt, praktisk fag i ungdomsskolen (arbeidslivsfag )
• betre tilrettelegging for bedriftsbasert fagopplæring (praksisvegen)
• yrkesfagopplæringa skal legge større vekt på å yrkesrette fellesfaga
• det skal også vurderast om læreplanane for fellesfag bør endrast for yrkesfaglige studieprogram

I ei tidlegare stortingsmelding, «Og ingen stod igjen og hang», legg regjeringa vekt på tidleg innsats i skolen. Den peikar på at det er viktig å setje inn ressursane tidleg i skoleløpet for å legge til rette for mestring og lyst til læring.

Gjennom desse to stortingsmeldingane legg SV opp til ein skole med læring for alle, og ein skole som skaper lyst til læring slik regionplan Agder så treffande formulerer det. Høgre og dei borgarlege partia sitt alternativ er derimot ein sorteringsskole der rangering og nivåinndeling blir viktigare enn å skape lyst til og føresetnad for læring for alle. Haustens skoleval står mellom desse to skolesyna.

Industrierfaring frå Agder på Stortinget

Lesarinnlegg i Farsund Avis:
Mine synspunkt på Listerkonferansen har utløyst ein interessant debatt med KrF og FrP. Den viser at desse to partia som skal samarbeide om det blir regjeringsskifte, har svært ulikt syn. Men debatten har også mange viktige industripolitiske poeng, og eg vil derfor be om spalteplass til å gå litt grundigare inn på eit par av dei.

I februar 2008 la ei nasjonal arbeidsgruppe fram eit strategidokument for energisektoren i Noreg, Energi21. Eit av dei sentrale punkta i Energi21 er at Noreg skal ”bli ein stor leverandør av miljøvennleg kraft til Europa”. Det er flott at Noreg har ambisjonar om å produsere mykje miljøvennleg energi. Men målet slik det er formulert i Energi21 er lettare å nå jo meir norsk kraftforedlande industri som blir lagt ned. Verken miljø eller sysselsetting er tent med at norsk industri blir lagt ned dersom den er leiande når det gjeld energieffektivitet og produktutvikling.

I SV sitt program fekk eg derfor endra visjonen til at Noreg skal bli eit land som kan eksportere miljøvennleg energi eller energikrevjande produkt produsert med miljøvennleg energi. Så lenge vår industri ligg i front når det gjeld energieffektivitet, er det minst like miljøvennleg å produsere med miljøvennleg energi i Noreg som å eksportere miljøvennleg energi. Forståing for dette resonnementet er ein grunnleggande føresetnad for å kunne drive energiforedlande industri på lengre sikt. Føresetnaden er at industrien klarar, slik Sørlandsindustrien har vist eksempel på, å ligge i front når det gjeld energieffektive prosessar og produktutvikling for eit klimavennleg samfunn.

Som medlem av Teknologirådet var eg med i ei arbeidsgruppe der det var representantar frå næringslivet og miljørørsla. Der blei det fokusert på at ein moderne industri er eit viktig element i eit samfunn som tar miljøet og klimatrusselen på alvor. I sluttrapporten blir det peika på at staten må gå sterkare inn med midlar til forsking, pilotanlegg og omstilling. Det har den raudgrøne regjeringa tatt fatt i. I år er det oppretta åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi og ei rekke andre store prosjekt er sett i gang. UiA er med i eit av forskingssentra og har fått andre prosjektmidlar i tillegg.

ENOVA som gir støtte til ny teknologi, har fått ein kraftig auke i sine rammer blant anna i samband med krisepakka. Det er ein del av desse midlane som no går til pilotanlegg for ny aluminiumsprosess. Krisepakka inneheldt også andre viktige tiltak for næringslivet. Olje- og gassnæringa på Sørlandet med små og store underleverandørar unngjekk ei dramatisk krise då rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt blei auka. På grunn av at den raudgrøne regjeringa har ført ein nøktern økonomisk politikk, hadde vi økonomisk handlefridom til å setje i verk nødvendige tiltak. Det er vel få som trur at ei borgarleg regjering på FrP sin nåde vil føre ein like ansvarleg økonomisk politikk.

Eg er ein engasjert og utålmodig person. Derfor sa eg på Listerkonferansen at eg gjerne hadde sett at det nye industrikraftregimet hadde komme på plass tidlegare. Men då skal det også seiast at sentrale personar i den førre borgarlege regjeringa hevda at det ikkje var mogeleg å få til eit brukbart industrikraftregime på grunn av EØS-reglane.

I debatten peika eg også på at forsking på miljøteknologi og miljøvennleg energi er eit viktig og heilt nødvendig første skritt, og her har den raudgrøne regjeringa med ein SV-ar i forskingsdepartementet tatt viktige grep. Men samtidig etterlyste eg betre økonomiske vilkår for investering i og produksjon av miljøvennleg energi. Her er det ulike syn på kva verkemiddel som er best, men mange meiner at grøne sertifikat er det mest effektive. Problemet er at fleire land bør vere med for å få tilstrekkeleg effekt, og forhandlingar med Sverige har vore kompliserte. Men heller ikkje her hadde den førre borgarlege regjeringa noko særleg å skryte av i sin periode.

Eg har jobba i industri og forskning på Sørlandet i over 30 år. Heilt sidan åttiåra har eg peika på at det ikkje treng vere nokon motsetnad mellom industripolitikk og miljøpolitikk. No er det etter kvart stadig fleire som seier det same. Men det er viktig å tenkje langsiktig og føre ein innsiktsfull debatt i ulike fora. Agder treng ein person med solid industrierfaring på Stortinget!

Alf Holmelid
1. kandidat for SV

Kamp for eit demokratisk Iran

Min appell for eit demokratisk Iran på Torget i Kristiansand 15. juni.

Vi er samla her i dag for å protestere mot valden i Iran.
I Iran ser vi no:
– fysisk vald mod borgarane
– vald mot ytringsfridomen
– vald mot demokratiet

Iran har ikke demokrati eller demokratiske valg. Når religiøse leiarar bestemmer kven som får stille til val, så snakkar vi om eit religiøst diktatur, ikkje om eit demokrati.

Det som har skjedd i dette såkalla valet er eit nytt skritt i gal retning.

Professor Daniel Heradstveit ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) seier dette til NTB:
”Jeg blir mer og mer overbevist om at dette ikke er noe annet enn massivt valgfusk.
Det er innenriksdepartementet og Vokterrådet som kontrollerer valget, og den sittende presidenten Ahmadinejad har sørget for å plassere sine egne folk der, slår Heradstveit fast. Den ene kandidaten er dermed også den som teller opp stemmene, sier han.

Også det at resultatet ble offentliggjort svært kort tid etter vaglet, og at kandidatene fikk relativt like mange stemmer i de ulike provinsene, tyder på valgfusk. Ahmadinejad har sørget for å plassere sine egne folk der.» Dersom Heradstveit har rett, så snakkar vi om eit regelrett statskupp i Iran

Vi som er så heldige å leve i eit demokratisk land må vise vår motstand mot det som no skjer. Vi må vise vår medkjensle med og gi vår støtte til dei som risikerer liv og helse for demokratiet.

Kamp for eit demokratisk Iran!