Tag Archives: solidaritet

LO og miljøvennleg aluminiumsindustri

Dette innlegget stor på trykk i Dagens Næringsliv i går. Det er svar på eit innlegg som stod i avisa 11. juli med utgangspunkt i eit intervju med meg 6. juli.

I eit intervju med Dagens Næringsliv (6. juli) sa eg at det er fullt mogeleg å føre ein offensiv industripolitikk utan å bryte klimaforliket.
Med utgangspunkt i dette intervjuet stiller LO-økonom Eystein Gjelsvik nokre spørsmål om prisen på elektrisk kraft til norsk aluminiumsindustri.

Bakgrunnen er europeisk klimapolitikk og norsk energipolitikk. Kraftverka
i EU må betale for klimakvotar, og det fører til auke i kraftprisen. Sidan vi
har marknadsstyrt kraftomsetning her i landet, forplantar prisauken seg til
Noreg. I EU er det diskusjonar om å kompensere for prisauken for deler av
industrien for å hindre at bedrifter flytter til land med svakare klimakrav.
Spørsmålet blir også diskutert her i landet.

Eg kommenterte ikkje kompensasjon for auka kraftpris i  Dagens Næringsliv. Men landsmøtet i SV har uttalt seg: ” Vasskrafta i Noreg er også grunnlaget
for metallurgisk industri. Dette er ein industriproduksjon som vi vil gi rammevilkår i forhold til energiforbruk slik at det er grunnlag for vidareutvikling i miljøvennleg retning.”

Vi er såleis opne for ein diskusjon om rammevilkår for norsk
vasskraftbasert prosessindustri. Men det er krevjande å finne gode kompensasjonsordningar i eit marknadsbasert system. Derfor treng vi eit godt samarbeid mellom prosessindustrien, elkraftbransjen og styresmaktene, og SV har løpande samtaler med bransjen og fagrørsla om desse utfordringane. Landsmøtet i SV sa også at vi bør vurdere om det er behov for endringar i energilova for å få betre kontroll med prisutviklinga.

Eg har ofte sagt at vi bør vidareutvikle den vasskraftbaserte
prosessindustrien i Noreg. Men vi bør ikkje trekkje karbonlekkasjeargumentet så
langt at vi seier ja til aluminiumsproduksjon basert på ureinsa gasskraft. Vi må
ha to tankar i hovudet samtidig. På den eine sida må vi ta karbonlekkasjeargumentet på alvor. På den andre sida må vi vise at vi som ein høgteknologisk og rik nasjon er i stand til å redusere nasjonale utslepp, elles er det vanskeleg å forvente at mindre resurssterke land skal klare det.

Alf

Uakseptabelt med skattefritak for folkerettsstridig engasjement

Tarjei Leer-Salvesen og Kjartan Bjelland har produsert eit meisterverk av ein dokumentarartikkel i dagens Fædrelandsvennen.
Utan bruk av store ord får vi innsikt i eit miljø der sørlendingar tolkar bibelen bokstavleg og endar opp med å støtte folkerettsstridige israelske busetnader på Vestbredda. Skattefrie gåver til Karmel-instituttet blir i følgje artikkelen brukt til å bryte folkeretten og hindre fredsarbeidet i ei av verdas vanskelegaste konfliktar.

Samtidig blir vi presentert for ein annan sørlending som set denne aktiviteten inn i sitt rette perspektiv. Ministerråd Tor Wennesland seier det som mange veit, nemleg at dei stadig aukande ulovlege busetnadene er det viktigaste hinderet for å få til ei fredsavtale mellom Israel og palestinarane.

Gjennom skattefritak for gåver til Karmel-instituttet går norske skattepengar til den folkerettsstridige busettingspolitikken som øydelegg alle freistnader på å oppnå ein rettferdig fred. Dette kan vi ikkje akseptere. Eg vil på måndag ta initiativ for å få oversikt over situsjonen og vurdere korleis vi kan stoppe dette statlege bidraget til ei krigersk utvikling i ei betent konflikt.

Alf

Hareide svekkjer verdikampen

Den nyvalde leiaren i KrF, Knut Arild Hareide, har vore på Sørlandet og mana til verdikamp med SV som hovudfienden. Men dei sentrale verdispørsmåla hoppa han glatt over. Skal vi tru avisreferata, snakka ikkje Hareide om sentrale verdispørsmål som solidaritet, rettferdig fordeling, miljø og klima. Hareide reduserer verdidebatten til eit spørsmål om kristendommen sin plass i politikk og samfunn. Her er det usemje mellom SV og KrF. Men Hareide øydelegg verdidebatten når han gjer den så snever. Når han vel seg alliansepartnarar ut i frå denne vinklinga, så hamnar han lett i allianse med FrP.

Personleg har eg arbeidd godt saman med KrF om spørsmål som gjeld frivillige organisasjonar, og KrF og SV har mange samanfallande synspunkt på integrering, fordelingsspørsmål og miljø- og klimasaker. Det er her dei store verdikampane vil stå i tida framover, og det er her det er viktig å bygge alliansar. Når Hareide utelet dei sentrale verdispørsmåla frå sin verdikamp, så skadar han den breie verdikampen og hamnar i fanget på FrP som veit å spele på dei kristne verdiane i sin retorikk.  Er utspelet til Hareide ein freistnad på å legitimere at KrF argumenterer for eit maktskifte som vil gi FrP meir innverknad på norsk politikk?

Vi hadde den same diskusjonen før valet i 2009. Den gangen skreiv eg eit innlegg som eg blei oppfordra til å legge inn på verdidebatt.no. Hareide kan etter sitt utspel på Sørlandet knapt seiast å ha fornya og opna opp partiet slik mange hadde vona på.

Alf

SV krev grønt og framtidsretta statleg eigarskap

I haust startar arbeidet med ei ny stortingsmelding om korleis staten skal forvalte eigarskapet i heil- og deleigde bedrifter. Statleg eigarskap må ha langsiktige strategiske mål. Eit av dei måla det er brei semje om her i landet, er sterkare satsing på miljøvennleg energi. Samtidig har det komme nye rapportar som viser at norsk økonomi er altfor oljeavhengig. Vi må starte omlegginga no for å unngå meir dramatiske omstillingar om noko år. Dette perspektivet må stå sentralt i den nye eigarskapsmeldinga.

Det internasjonale energibyrået, IEA,  har lagt fram oppdaterte tal for satsing på fornybar energi fram mot 2050, og byrået forventar store investeringar. Tjuefem tusen vindmøller årleg, åttifem store karbonfangstprosjekt kvart år og store investeringar i solenergi og miljøvennleg transport er berre nokre eksempel. Dette er ei nødvendig utvikling dersom vi skal ta vare på klimaet, men det skaper også nye marknader som energilandet Noreg bør ta sin del av. Dei statlege energiselskapa Statkraft og Statoil må ta eit særleg ansvar her.

Marknaden for leveransar til offshore vindmøller er i sterk vekst. Den omfattar offshore utstyr og tenester som norsk leverandør- og verftsindustri har spisskompetanse på. I tillegg til installasjonar til havs, er det behov for spesialskip. Berre i Europa kan det i 2020 vere behov for fleire tital fartøy for montasje og vedlikehald av botnfaste havvindmøller.  Men det er mange om beinet, og det hastar med  å ta ein posisjon i den nye marknaden. Dersom vi ikkje får ei gradvis omstilling når fornybarsektoren er i vekst, vil vi bli stilt overfor lang meir krevjande omstillingar og nedbygging av industrien om ein del år.

Statoil har vore med på å utvikla dagens leverandørindustri, og selskapet har bygd seg opp på fossil energi. Med den kompetansen og dei ressursane som er bygd opp, bør selskapet ha potensial til å ta ein posisjon innan miljøvennleg energi og gå frå oljeselskap til energiselskap. Det er viktig for utviklinga av eit meir klimavennleg samfunn, og det vil bidra til å sikre høgteknologiske industriarbeidsplassar ved ei gradvis omstilling. Statoil har engasjert seg i eit prosjekt innan offshore vind. Men leiinga i selskapet har i debattar vist lita interesse for ein diskusjon om sterkare engasjement innan miljøvennleg energi. Det er derfor viktig at eigarane drar opp den langsiktige strategien for selskapet med basis i overordna mål for klima- og industripolitikk.

Statkraft har også ei viktig rolle i norsk energipolitikk. I den gjeldande eigarskapsmeldinga er det lagt vekt på at selskapet skal utvikle seg innan miljøvennleg energi og ny fornybar energi. Denne føringa blei styrka då eigarskapsmeldinga blei behandla i Stortinget. Like vel har vi sett at Statkraft satsar tungt på gasskraft i Tyskland. I det siste har vi jamvel fått melding om at selskapet vil trappe ned sitt engasjement innan ny fornybar energi og konsolidere sin posisjon i gass. I tillegg til klimaperspektivet er dette uheldig i forhold til den industrielle kompetansen innan solenergi som har vakse fram her i landet. Den nye eigarskapsmeldinga må derfor vere tydeleg på kva som ligg i forventningane om at Statkraft skal vere leiande innan miljøvennleg energi. Statnett har også ei viktig rolle i energisektoren. Eigarskapsmeldinga må legge grunnlag for ei samordning av det statlege engasjementet.

Med unntak av FrP er det brei politisk semje om å redusere klimagassutsleppa og satse på miljøvennleg energi. Samtidig er det stadig fleire som innser at det er lite berekraftig å vere så einsidig avhengig av oljeøkonomien.  Vi må derfor bruke den planlagde gjennomgangen av eigarskapsmeldinga til å styrke satsinga på fornybar energi og miljøteknologi. Det vil tene miljøet, og det vil trygge arbeidsplassane. Her som så ofte elles har miljøbevegelsen og fagbevegelsen felles interesser.

Alf Holmelid
Medlem av Næringskomiteen
Jan Olav Andersen
Faglig leiar i SV og forhandlingsleiar i El&IT Forbundet

Frp vil rasere distriktslandbruket

Frp har fremma forslag til Stortinget om å seie opp hovudavtalen mellom staten og jordbruksorganisasjonane.

Dette er eit nytt eksempel på at Frp vil rasere norsk landbruk. Avtaleverket i jordbruket er eit solidarisk instrument for å oppretthalde landbruket i distrikta og ta vare på norsk matvareproduksjon i ei verd der mange svelt. Med forslaget frå Frp vil fråflyttinga akselerere og bygder vil bli lagt øyde. Det vil også svekke grunnlagt for anna næringsverksemd i distrikta.

Landbrukspolitikken til FrP er ein politikk for fråflytting og brakklegging, ikkje for levande bygder og utnytting av norske ressursar.

Denne liberalistiske landbrukspolitikken er eit av elementa i Frp sitt store samfunnsprosjekt: å rive ned dei solidariske ordningane som er bygd opp over lang tid, og som har skapt eit samfunn med moderate foskjellar.

For Agder er dette spesielt dramatisk. Agder er eit av dei områda som vil bli ramma hardt av den usolidariske frp-politikken.

Laurdag var eg med på eit spennande seminar om norsk landbruk i regi av Natur og Ungdom. Der fekk vi ein grundig gjennomgang av dei utfordringane norsk landbruk står ovrfor. Det er ikkje liberalismen til Frp landbruket treng for å komme ut av dei problema det står ovrfor.

Alf

Første mai

Min 1. mai-tale i Lyngdal

Gratulere med dagen!

I dag er det 120 år sidan den første 1. mai-feiringa i Norge. I alle desse åra har arbeidarbevegelsen brukt dagen til å kjempe for rettferd og solidaritet, både nasjonalt og internasjonalt. Denne dagen har arbeidsfolk reist krav og kjempa for saker som har revolusjonert samfunnet vårt. Vi har kjempa fram faglege rettar og eit velferdssamfunn som vi kan vere stolte av.

————————————————–

Første mai er ein kampdag for internasjonal solidaritet mot undertrykking, utbytting og imperialisme. Det utanrikspolitiske verdsbildet er i endring. Men dei grunnleggande forholda er uendra. Dei rike, vestlege landa har mindre enn 20% av befolkninga i verda. Men dei legg beslag på meir enn 80% av ressursforbruket, og dei står for 70% av militærutgiftene. Grov økonomisk urettferd og overlegen militærmakt er eit dårleg utgangspunkt for fredeleg sameksistens. Det einaste som kan sikre fred, er rettferdig fordeling av ressursar og makt.

Norsk folkehjelp har skapt ein fin første-mai-tradisjon. Kvart år samlar dei inn pengar til eit prosjekt for internasjonal solidaritet. I år går pengane til Ecuador, Kambodsja og Sudan. Dei skal gå til organisasjonar som arbeider for rettferdig fordeling og folkestyre.  Desse landa lid under fattigdom, undertrykking og vanstyre. Dei undertrykte i desse landa treng vår støtte, og aksjonen til Norsk Folkehjelp er ein anledning til vise vår solidaritet.

I fjor samla Norsk Folkehjelp inn midlar til å bygge opp att Gaza etter den brutale angrepet frå okkupasjonsmakta Israel. Men Israel legg store vanskar i vegen for oppbyggingsarbeidet, og lidingane held fram. Gjennom mange år har Israel okkupert land og fråtatt palestinarane retten til å leve et verdig liv. Dette må det bli ein slutt på. Palestinarane må få sitt eige land med grenser frå før krigen i 1967. Vi får ikkje fred før vi får slutt på ulovleg okkupasjon og undertrykking.

Det er også på tide å få slutt på vår deltaking i krigen i Afghanistan. Dette er ein krig der dei sivile tapa aukar frå år til år, og det vestlege militærapparatet blir stadig meir upopulært blant folk flest. Krigen har heller ikkje redusert faren for internasjonal terrorisme slik tilhengarane hevda.

Konflikten i Afghanistan har inga militær løysing. Den må løysast med politiske og humanitære tiltak. Når overmakta fører krig som rammar sivile, skaper det bitterheit – ikkje varig fred. SV har argumentert for at vi skal starte samtalar som kan skape den politiske løysinga som alle etterlyser. Då vi tok opp denne problemstillinga for eit år sidan, blei vi møtt med sterk kritikk. Men etter at Obama presenterte dei same tankane, har kritikken stilna.

———————————————————————————

Det er ikkje berre krig og konflikt som gjer framtida utrygg.

Dei rike landa driv rovdrift på det globale ressursgrunnlaget. Vi har skapt ei klimakrise som truar livsgrunnlaget for heile kloden, og som vil ramme dei fattige hardt. Eit krafttak må til for å snu denne utviklinga i tide. Jo lenger vi ventar, jo meir dramatiske tiltak må til for å redde kloden. Dei rike landa kan ikkje lenger drive rovdrift på resten av kloden. Vi må ta hovudansvaret for å snu utviklinga.  Det er usolidarisk å basere vår velstand på ein oljepolitikk som akselererar klimaproblema. Klimaet tåler ikkje at vi pumpar opp all olje som finst. Då er det heilt unødvendig og heilt uforsvarleg å starte oljeutvinning i dei sårbare områda og dei viktige fiskefelta i Lofoten og Vesterålen. Katastrofen i Mesikogulfen viser oss kva vi har i vente om vi gamblar med miljøet og dei fornybare ressursane.

———————————————————–

Enkelte hevdar at vi ikkje treng første mai lenger. Det er ikkje meir å kjempe for, blir det hevda.  Min påstand er tvert i mot at første mai er viktigare enn på lenge. Vi har kjempa fram ein velferdsstat som vi kan vere stolte av. No må vi på nytt på barrikadane for å hindre at høgrekreftene med Fremskrittspartiet i spissen riv ned det vi har bygd opp.

Høgresida kjem stadig med nye utfall mot velferdsstaten og dei faglege rettane.  Dei vil ha privatisering og marknadsliberalisme. Fremskrittspartiet med Høgre på slep vil gjere velferd til handelsvare og skape eit samfunn for dei med tjukke lommebøker.

Men stadig fleire innser no at privatisering og New Public Management fører til suboptimalisering og byråkrati. Privatiseringsbølgja blei snudd då den raudgrøne regjeringa kom til makta.

Det første den gjorde, var å stoppe Clemet si storstilte privatiseringa av den offentlege skolen. Fellesskolen er eit av dei stoltaste element i vår velferdsmodell, og den er verdt ein kamp.  No står kampen om å skaffe nok ressursar til å sikre kvaliteten i skolen. Vi må kjempe for ein skole der alle elevar får anledning til å lære og å utvikle seg, uavhengig av bakgrunn og interesser. Men først og fremst må vi satse på læraren og styrke bemanninga i skolen.

————————————————

Høgre og Fremskrittspartiet er ein del av ein internasjonal marknadsliberalistisk bevegelse som hadde sterk medvind for ein del år sidan. Resultatet blei finanskrisa. Marknadsliberalismen skapte rikingar og ei finanskrise som kasta tusen på tusen ut i fattigdom.  Den tidlegare sentralbanksjefen i USA, Alan Greenspan, sette bjølla på katten.  Han la skulda for finanskrisa på eit marknadsliberalistisk system som baserer seg på reinspikka egoisme.

Norge har takla krisa betre enn noko anna land. Det kan vi og den raudgrøne regjeringa vere stolte over. Vi satsa på velprøvd motkonjunkturpolitikk og har så langt klart oss med moderat arbeidsløyse. Den borgarlege regjeringa i Sverige valde å satse på tradisjonell høgrepolitikk og skattelette. Resultatet blei større arbeidsløyse, og arbeidsløysa blant ungdom i Sverige nærmar seg no 30%.

Høgresida sin ideologi skapte finanskrisa, og venstresida sin ideologi redda oss ut av den. Like vel ser det ut som om høgresida har framgang i opinionen.  Det kan vi ikkje stå roleg å sjå på. Vi må opp på barrikadane og kjempe for det vi trur på. Vår politikk er ikkje berre meir solidarisk. Den skaper også stabil vekst og grunnlag for ein trygg velferdsstat. Det har finanskrisa vist.

———————————————————————————–

På eit område har vi framleis store utfordringar, og der er likeløn. Kvinner tener berre 85% av det mennene får. I tillegg må mange kvinner nøye seg med ufrivillig deltid. Spørsmålet om likeløn er ein del av lønsoppgjeret. Men regjeringa må også ta ansvar gjennom trepartssamarbeidet og ved innføring av lover og reglar. Norge treng ein brei politikk som bidrar til eit likestilt og familievennleg arbeidsliv. Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken har alt annonsert at dette arbeidet er i gang.

Vest-Agder ligg på botnen av alle likestillingsstatistikkar. Det er ein situasjon vi ikkje kan leve med. Vi har snakka lenge nok. No er det på tide å handle. Alle ordførarar, alle politiske parti og alle fagforeiningar på Agder må no gi likestillingsarbeidet førsteprioritet.

—————————————————–

Som mange veit, så har eg bakgrunn frå industrien. Norsk industri ligg i verdstoppen når det gjeld kompetanse og teknologi. Ingen andre plasser finn vi så brei kompetanse på alle nivå i organisasjonen, frå operatør til direktør. Norsk industri blei stilt overfor strenge miljøkrav i 70- og 80-åra. Industrien tok utfordinga og utvikla ny teknologi som takla miljøkrava og som gav industrien ein internasjonalt leiande posisjon.

No står vi overfor nye utfordringa knytt til den internasjonale klimakrisa. Med den miljøstandarden og den energieffektiviteten som norsk industri har, står den godt rust til å møte dei nye utfordringane. Og klimakrisa skaper også nye muligheiter. Industrien er eit viktige element i løysinga på klimakrisa. Og klimasamfunnet skaper nye marknader.  Mange bedrifter på Sørlandet har alt posisjonert seg i denne marknaden som er i kraftig vekst. Torsdag denne veka la regjeringa fram ein industripakke for å vidareutvikle denne industrien. Og eg hadde gleda av å vere med på å få den fram.

—————————————————————————————-

Første mai er solidaritetens dag. Solidaritet md dei som fell utanfor i vårt eige land – solidaritet med dei som lever med undertrykking, fattigdom og krig  kring om på kloden – og solidaritet med framtidige generasjonar som må lide om vi ikkje løyser klimaproblema.

Ha ein fortsett god første mai.

Politisk korrekt svartmaling

Dei siste åra har norske media kappast om å klage over dårleg integrering av innvandrarar. TV og aviser er fulle av eksempel på kor dårleg det har gått. Høgrepopulistisk propaganda har blitt politisk korrekt i den norske mediekvardagen. Det er ikkje måte på kor dårleg det står til og kor mykje betre situasjonen er i marknadsliberalistiske og konservative land.

Difor var det med undring og glede eg las samandraget av Norsk Monitor i Aftenposten før helga. Der får vi vite at nordmenn blir stadig meir positive til innvandrarar. Jo fleire innvandrarar det er i eit lokalmiljø, jo meir positive er nordmenn til sine nye landsmenn. Det viser at den politisk korrekte svartmalinga blir avslørt når folk har høve til å gjere seg opp sine eigne meiningar basert på eigne erfaringar.

Faktum er at integreringa går relativt bra i Noreg i forhold til andre land som det er rimeleg å samanlikne seg med. Audun Lysbakken dokumenterte dette i ein brei gjennomgang av integreringspolitikken. Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser klart at integreringa går betre jo lenger ei folkegruppe har vore i landet, sjølv om det er variasjonar.  Seinast i dag fekk vi presentert desse tala i eit program på P2 på NRK. Men det er ein heilt annan bodskap som dominerer TV-kanalane og framsidene i dei store avisene. Desto meir gledeleg er det at folk ikkje lar seg overkøyre av den politisk korrekte svartmalinga.

For å vere politisk korrekt, burde eg ha avslutta dette innlegget med ei presisering av at vi har langt att før vi kan vere nøgde med situasjonen, og at vi har mange skrekkeksempel på dårleg integrering og konsekvensane av den. Men det er det mange andre som brukar spalteplass på, så eg står over og vel å sjå det positive i denne fredelege påsketid.

Alf

KrF og FrP stoppar integreringstiltak

I dag kunne vi lese i Fædrelandsvennen at KrF har alliert seg med FrP for å stoppe etableringa av eit internasjonalt senter i Kristiansand. Desse partia etterlyser stadig ei sterkare satsing på integrering. Men når det kjem eit konkret forslag som fremmar integrering, så legg dei seg i selen for å få stoppa det.

Kristiansand har etter kvart fått eit allsidig kulturtilbod og eit variert organisasjonsliv. I dette mangfaldet bør eit internasjonalt senter ha sin naturlege plass. Det kan bli eit spennande tilskot til kulturlivet i regionen, og det kan gjere det lettare for folk med ulik bakgrunn å bygge nettverk og få fotfeste i lokalsamfunnet.  Kulturaktivitet skaper  identitet og bygger bru, og legg grunnlag for fellesskap på tvers av ulik bakgrunn.

Det er underleg at parti som stadig etterlyser integrering, legg så sterkt engasjement i å stoppe eit godt integreringstiltak. Etter mange års planlegging var det endeleg eit knapt fleirtal i kommunalutvalet for å etablere eit internasjonalt senter i Kristiansand. Men KrF allierte seg i følgje Fædrelandsvennen med FrP for å få anka saka til bystyret. Og der snudde fleirtalet. Dermed  blei eit spennande integreringstiltak lagt dødt. Det overraskar ikkje at FrP frontar ein slik politikk. Men det er med undring vi registrerer at eit fleirtal i bystyret legg seg på ei slik bakstreversk linje.

Alf

Moralpoliti mot likestilling?

Det er interessant å følgje den likestillingsdebatten som Fædrelandsvennen med god hjelp av fylkesmann Ann-Kristin Olsen har klart å blåse liv i. Nettdebatten er dominert av menn som vil ha seg fråbedt at landsdelen blir kritisert for dårleg likestilling. Dei er opptatt av kvinnene sin rett til å vere heime for å ta seg av barn sine. Det verkar nesten som om vi er i ferd med å få eit moralpoliti mot likestilling på Sørlandet.

No er det på tide at det kjem fleire stemmer med i denne debatten. Kvar er dei røystene som vil kjempe for eit samfunn der  kvinner og menn får like muligheiter i arbeidsliv og samfunnsliv, og deler på ansvaret for barn og heim. Det er på tide at vi som ønskjer eit moderne likestilt samfunn, tar til motmæle.

Kampen for likestilling er ikkje i mål, korkje på Sørlandet eller i resten av landet. Den store lønnsforskjellen mellom kvinner og menn er eit godt bevis på det. Og no tar det til å dukke opp forslag som vil reversere det vi har oppnådd. Forslaget frå Høgre om å fjerne pappakvoten i foreldrepermisjonen er eit godt eksempel på eit tiltak som vil reversere likestillinga.

Enkelte avviser den likestillingsdebatten som no har blusa opp på Sørlandet, fordi den fokuserer mest på kvinnelege leiarar. Skal likestillingskampen få den breie oppslutninga som den fortener, må vi legge hovudvekta på ande ting som låg løn og mykje ufrivillig deltid i typiske kvinneyrke. Men fokuset på leiarproblematikken er ikkje noko orsaking for å vere passiv i debatten om likestilling på Sørlandet.

Det er ille at vi ligg på jumboplass når det gjeld likestilling. Men dei haldningane som kjem til uttrykk i debatten, ikkje minst på nettet, er kanskje meir bekymringsfulle. Ein jumboplass kan vere ei utfordring til handling og ein inspirasjon til engasjement. Men når folk tar til å leit fram argument for å ligge på jumboplassen, då er det fare på ferde.

alf

Kamp for eit demokratisk Iran

Min appell for eit demokratisk Iran på Torget i Kristiansand 15. juni.

Vi er samla her i dag for å protestere mot valden i Iran.
I Iran ser vi no:
– fysisk vald mod borgarane
– vald mot ytringsfridomen
– vald mot demokratiet

Iran har ikke demokrati eller demokratiske valg. Når religiøse leiarar bestemmer kven som får stille til val, så snakkar vi om eit religiøst diktatur, ikkje om eit demokrati.

Det som har skjedd i dette såkalla valet er eit nytt skritt i gal retning.

Professor Daniel Heradstveit ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) seier dette til NTB:
”Jeg blir mer og mer overbevist om at dette ikke er noe annet enn massivt valgfusk.
Det er innenriksdepartementet og Vokterrådet som kontrollerer valget, og den sittende presidenten Ahmadinejad har sørget for å plassere sine egne folk der, slår Heradstveit fast. Den ene kandidaten er dermed også den som teller opp stemmene, sier han.

Også det at resultatet ble offentliggjort svært kort tid etter vaglet, og at kandidatene fikk relativt like mange stemmer i de ulike provinsene, tyder på valgfusk. Ahmadinejad har sørget for å plassere sine egne folk der.» Dersom Heradstveit har rett, så snakkar vi om eit regelrett statskupp i Iran

Vi som er så heldige å leve i eit demokratisk land må vise vår motstand mot det som no skjer. Vi må vise vår medkjensle med og gi vår støtte til dei som risikerer liv og helse for demokratiet.

Kamp for eit demokratisk Iran!