Category Archives: Ideologi – idear – verdiar

Vil NHO og Civita bryte ned samfunnstilliten?

penger_jpg_imagelargeTillit er ein verdifull samfunnsressurs som vi har tatt godt vare på her i landet. Den skaper livskvalitet, og den er eit av våre viktigaste konkurransefortrinn i ein tøff internasjonal konkurranse. Derfor er det med undring vi registrerer at NHO-direktør Kristin Skogen Lund og Civita-leiar Kristin Clemet gjer sitt beste for å øydelegge denne verdien.

Større forskjellar synest å vere svaret på det meste for NHO og Civita. Skal vi få orden på skolen, må vi auke lønsforskjellen blant lærarane. Det fekk vi høyre då NHO nyleg arrangerte konferanse om læring. Vi har også fått vite at vi må svekke trygdeordningane og skape større forskjellar for å få fleire i arbeid. At større forskjellar er gift for samfunnstilliten, har dei lite forståing for.

Eg har brei kontakt med næringslivet på ulike nivå. Der finst det mange syn på kva som må til for å bygge eit robust næringsliv. Men ein ting er det brei semje om. Vi har sjølvstendige og engasjerte arbeidstakarar som tar initiativ på tvers av organisasjonsgrenser når det er nødvendig. Mange ser dette som eit av våre viktigaste fortrinn for å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv.

Det er liten tvil om at små forskjellar og stor samfunnstillit er ein viktig basis for samfunnsutviklinga så vel som for konkurransekrafta. Wilkinson og Pickett har dokumentert dette i boka Forskjellenes pris. Forskarar som professor Karl-Ove Moene har komme fram til noko av det same basert på analyse av den norske økonomien. Moene peikar på at lite spenn i lønsnivået fremmar nødvendig omstilling og innovasjon.

Med ny regjering ligg det til rette for at insentiv og større forskjellar vil erstatte tillit og ansvar på stadig fleire område. Offentleg sektor er bygd på tillit til at dei tilsette brukar kompetanse og tildelte midlar til best for brukaren og samfunnet. Insentivsystem bryt med denne grunntanken og føreset at folk må premierast eller konkurranseutsettast for å gjere ein god jobb. Eit slikt menneskesyn blir lett eit sjølvoppfyllande profeti som er vanskeleg å reversere.

Før insentivsystema blei innført, var helsevesenet bygd på tillit. Ansvaret låg i stor grad hos fagfolka som har tett kontakt med pasientane. Ein overlege måtte prioritere dei ressursane ho fekk og stå for sine val i møte med pasient og pårørande. Insentivsystema flyttar ein del av dette ansvaret til byråkratar i direktorat og departement. Systemet skal fremme effektivitet blir det sagt, underforstått at fagfolka ikkje yter optimalt utan insentiv.

På nittitalet var det opplest og vedtatt at samfunn med ein sterk offentleg sektor taper i den internasjonale konkurransen. Etter finanskrisa har denne kritikken stilna. No prøver NHO og den akademiske ideologiprodusenten Civita å innbille oss at alt som er galt i samfunnet, kan løysast med større forskjellar. Det viser at dei ikkje har forstått kva som er kjernen i den norske modellen. Det hastar med å stå opp for samfunnstilliten.

Alf

Ein litt forkorta versjon av denne kommentaren stod på trykk i Klassekampen i dag.

Ikkje avpolitiser Mandela

imageEin stor politikar og eit stort menneske har gått bort. Vi stoppar opp i kvardagsmaset i takksemd over kva han har gjort for oss alle. Han var raus, men også målretta og ubøyeleg. Mandela var ein av dei som argumenterte for at væpna kamp mot apartheidregimet var nødvendig. Men han klarte også å avvikle terrorregimet med demokratiske middel.

Dei fleste hyllar no Mandela. Men det har ikkje alltid vore slik. Mandela stod på terrorliste i USA heilt fram til 2008. Her i landet var det dei frivillige solidaritetsorganisasjonane saman med kyrkja og LO som var tidleg ute og støtta frigjeringskampen. Det er mange som har hatt sterke opplevingar med kulturgrupper som kom frå Sør-Afrika til Noreg for å bygge solidaritet på tvers av landegrense og rase.

Det offentlege Noreg var i beste fall passivt då det galdt som mest. Den norske reiarstanden tente store pengar på å frakte olje til Sør-Afrika under FN-boikotten mot apartheidregimet. Høgrenestor Kåre Willoch forsvarar framleis at den norske reiarnæringa skodde seg på å svekke det internasjonale presset mot eit etter kvart vaklande terrorregime. Her kan det også nemnast at reiarnæringa seinare blei fødselshjelp for den konservative tenketanken Civita.

Mange gav aktiv støtt til apartheidregimet. Premissane kunne nok variere, men rasismen kom klart til overflata hos enkelte. Anders Lange som seinare grunnla Framstegspartiet, hevda at støtte til Mandela og hans kamp mot apartheidregimet var eit svik mot den kvite rase.

Då Mandela slapp ut av fengselet, sa han at vi ikkje måtte sjå på han som helten. Heltane var alle dei som hadde kjempa og lidd. Heltane var dei som hadde ofra alt, mange også livet, for eit meir rettferdig samfunn utan rasisme. Vi sviktar Mandela om vi avpolitiserer hans minne og gløymer alle dei kampane han stod i og alle dei som stod på hans side då det kosta noko å støtte den saka han brann for.

alf

Likestillingskampen er ikkje over

19062011276Dette innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

I år er det 100 år sidan kvinner fekk stemmerett og demokratiet ble innført i Noreg. «Vi hadde aldri tvilt på at vi skulle sigre» uttalte stemmerettsforkjempar Gina Krog då kampen for stemmerett for kvinner hadde lukkast. Og sigrane i likestillingskampen har blitt mange: lik rett til arbeid og utdanning, rett til sjølvbestemt abort, full barnehagedekning, krisesentertilbod over hele landet, eitt års foreldrepermisjon, forbod mot seksuell trakassering, felles ekteskapslov, kvinnekonvensjonen er ein del av norsk lov, og vi har fått likestillings- og diskrimineringsombod. Lista er lang.

På den internasjonale kvinnedagen skal vi vere stolte av formødrene våre og av kampane og sigrane deira. Men sigrane er ikkje vunne for alltid. Dei må forsvarast og vidareutviklast. Den høgrepopulistiske Tea party rørsla i USA er i ferd med å få avleggarar her i landet. Eit av deira prosjekt er å reversere deler av det kvinnekampen har oppnådd. Derfor er kvinnedagen viktigare enn på lenge.

8. mars er også dagen for å understreke at vi framleis står overfor store utfordringar før vi kan seie at begge kjønn har den same grad av fridom, enten det handlar om fridom til å jobbe full stilling, fridom til å velje å være saman med eigne barn, eller fridom frå seksuell trakassering, vold og voldtekt. Likestillingsutfordringane er grundig dokumentert i Likestillingsutvalet sine rapportar frå 2011 og 2012. Ikkje minst viser rapportane at likestillingsutfordringane i arbeidslivet står i kø.

Arbeidslivet er omtrent like kjønnsdelt som for 20 år siden. Kvinner tener 85 kroner for kvar 100-lapp menn tener. Mange kvinner vil ha full stilling, men får det ikkje. Tre av fire toppleiarar er menn. Gravide kvinner blir diskriminert på arbeidsmarknaden. Det er nødvendig med ei brei og langvarig satsing på likestilling i arbeidslivet. SV går derfor inn for en trepartsavtale for likestilling i arbeidslivet. LO, YS, Utdanningsforbundet, Unio og Akademikarane har gitt støtte til forslaget. Vi vil utfordre AP og NHO til å bli med. SV vil kjempe for at det ikkje skal gå 100 nye år før vi kan slå fast at kvinner og menn har den same grad av fridom!

Høgre vil ha makt, men til kva?

leiarskapHøgre har no makta i begge Agder-fylka og i dei største kommunane i regionen. Samtidig viser ein forskingsrapport at vi manglar politisk leiarskap. Fædrelandsvennen spør i ein kommentar kva Høgre vil med denne makta, og det er det god grunn til.

 Tenk deg godt om. Klarer du å framkalle eit bilete av kva Høgre vil med den makta dei har fått på Agder. Dei vil ha firefelts veg til Stavanger, det har vi fått med oss. Men utover det? Det er mildt sagt vanskeleg å få auge på nokon visjon utover meir asfalt.  

Det burde vere nok å ta fatt i. Landsdelen ligg på jumboplass når det gjeld likestilling. Men i staden for å ta fatt i denne utfordringa satsar høgremakta på kommunal kontantstøtte som driv utviklinga i gal retning.

 Landsdelen treng visjonar for kunnskap og for innovasjon, men det er vanskeleg å få auge på slike initiativ mellom alle møta om meir veg. Og kva med miljøutfordringane? Det er lenge sidan eg har sett Kristiansand kalle seg miljøby.

 Men på eitt område er det store ting på gang. Dei høgrestyrte kommunane satsar offensivt på privatisering av det offentlege velferdstilbodet. Å legge seg flat for NHO service og deira kamp for å få dei internasjonale konserna inn i kommunesektoren ser ut til å vere den einaste visjonen Høgre har for Agder. 

Sentralt prøver Høgre å dempe debatten om privatisering. Når du utfordrar ein politikar i Civita-klanen på dette området, får du vage svar. Dei har forstått at folk flest ikkje ropar etter privatisering av offentlege tenester. Derfor snakkar dei ikkje om privatisering, men om ein sterk offentleg sektor med litt privat garnityr. 

Dobbeltkommunikasjon har blitt ei merkevare for Høgre på fleire område. Frå veke til veke endrar dei standpunkt om formuesskatt. Kravet om kontinuerleg opptak i barnehagane forsvann då det blir snakk om budsjett, og resultatkrav til lærarane i borgarleg styrte Osl, blei omdøypt då det blei offentleg kjent. 

Den einaste visjonen Høgre synest å ha for Agder utanom meir asfalt, er å privatisere og fragmentere det offentlege velferdstilbodet. Civita-retorikk om velferd og valfridom kan ikkje skjule dette. Det ser vi skremmande eksempel på i mange kommunar på Agder.

Alf

Den norske modellen under press

Anleggsarbeid_WebDette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Den norske samfunnsmodellen med ein sterk offentleg sektor og moderate forskjellar har stått seg svært godt i møte med økonomiske utfordringar. Men modellen blir pressa frå fleire hald. I USA er forskjellane i ferd med å bli astronomiske, og i store deler av Europa ser vi ei utvikling som rammar dei med lågast inntekt. Kor lenge klarer vi her i landet å stå i mot dei kreftene som drar oss i same retning? 

I USA disponerer den rikaste prosenten av befolkninga over en tredjedel av verdiane i landet. Men ikkje nok med det. Dei siste åra har forskjellane auka sterkt. Sidan 1995 har inntektene til den prosenten som har høgast inntekt auka 24 gonger meir enn inntektene til dei tjue prosentane med lågast inntekt. Vanlege arbeidarar har dei siste åra hatt reallønsnedgang på tross av god vekst i produktiviteten.  

Den sterke konsentrasjonen av verdiar fell saman med ei kraftig svekking av fagrørsla sin posisjon i det amerikanske samfunnet. Prosentdelen fagorganiserte er halvert dei siste tretti åra. Fordeling av verdiane i eit samfunnet er eit spørsmål om makt. Når arbeidarane misser kollektiv makt, aukar forskjellane i samfunnet. Samtidig får vi ein konsentrasjon av verdiar og makt på få hender, noko som mange ser på som ei stor utfordring for demokratiet. 

Også i EU aukar forskjellane. Dei siste åra har fagrørsla tapt fleire viktige prinsippsaker i EU-domstolen. Vi har fått fleire dommar der prinsippet om fri konkurranse får prioritet framfor opparbeidde faglege rettar. I den såkalla Laval-dommen blei fagrørsla i Sverige fråkjent retten til å streike for å krevje tariffavtale. I ein annan dom blei ein delstat i Tyskland frådømd retten til å krevje at offentlege byggeoppdrag berre kan tildelast dei som betaler tariffløn. Dette er to av fleire dommar som svekkjer fagrørsla, og som legg til rette for ei skeivare fordeling av verdiane slik vi har sett det i USA.  

Det Internasjonale Pengefondet (IMF) ga i 2010 ut ein rapport der dei peikar på at auka lønsforskjellar og svekka forhandlingsstyrke hos arbeidstakarane er viktige årsaker til finanskrisa. Det beste verkemiddelet for å førebygge kriser er å redusere lønsforskjellane og styrke forhandlingsposisjonen til arbeidstakarane, seier IMF. Det er kanskje noko å tenkje på for parti som går til angrep på fagrørsla og blir kvalme av det LO står for. 

Samfunn med moderate forskjellar er meir robuste i møte med finanskriser og andre kriser. Forsking viser at dei også kjem best ut på mange andre område som god folkehelse, låg kriminalitet og tillit mellom ulike grupper. Samfunn med moderate forskjellar er positive for alle, ikkje berre dei som er nedst på rangstigen. Den kampen som fagrørsla og andre kjempar for moderate forskjellar, er ein kamp for eit meir berekraftig samfunn som alle tener på. 

I motsetning til andre land så har vi dei siste åra klart å unngå at forskjellane aukar her i landet. Men det er ikkje noko naturlov at det skal halde fram slik. Det krev politisk vilje og innsats. Presset på den norske samfunnsmodellen aukar stadig. Vi er i ferd med å få eit arbeidsliv med kompliserte og lite oversiktlege tilsetjingsforhold. Underentrepriser og innleige i fleire ledd gjer det vanskeleg å få oversikt over kven som har ansvaret når ekstreme tilfelle av sosial dumping blir avslørt.  

Vi ser stadig oftare tilfelle av grov utnytting av arbeidstakarar. I enkelte bransjar er omfanget av sosial dumping så stort at det er vanskeleg for seriøse bedrifter i klare seg. Det gjeld spesielt bransjar som i utgangspunktet har låg løn og låg organisasjonsgrad. Reinhaldsbransjen er eit slikt eksempel. For å prøve å få bukt med denne utviklinga er det innført ei godkjenningsordning for bedrifter i denne bransjen.  

Kampen mot sosial dumping og uverdige forhold i arbeidslivet må førast på mange frontar. Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å hindre ei undergraving av den norske samfunnsmodellen med moderate forskjellar. Men mange strittar i mot. Det er ikkje berre EU-domstolen som vil prioritere fri konkurranse med alle midlar framfor arbeidstakarrettar. Høgre, Venstre og Framstegspartiet skreiv i ein budsjettmerknad at «arbeidet mot sosial dumping har diverre like mykje vore eit arbeid for å forhindre konkurranse på løn». 

Offentleg sektor er ein viktig stabiliserande faktor i økonomien. Det gjeld også for løns- og arbeidsforhold. Den ideologisk baserte iveren etter å privatisere offentlege tenester vil auke presse på løns- og arbeidsvilkår på nye område. Internasjonale konsern som kjem inn i tenestesektoren, vil prøve å dra med seg lønsnivået frå lågkostland som dei opererer i, og overskotet tar dei gjerne ut i skatteparadis. Barnehagar og omsorgssektoren er eksempel på område der dette er like om hjørnet.

 Kampen for eit samfunn med moderate forskjellar er ikkje berre ein kamp for dei lågtlønte. Det er ein kamp for å ta vare på den norske samfunnsmodellen som stadig fleire omtalar positivt. Modellen er robust mot kriser, og den skaper livskvalitet. Men den har ikkje komme av seg sjølv. Den er resultat av bevisste val og politisk og fagleg kamp. Nye utfordringar og sterke motkrefter krev fornya innsats.

 Alf

Ein breiare verdidebatt

is-3Dette innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag under tittelen Det konservative Sørlandet.

I ein kronikk om det konservative Sørlandet kommenterer Paul Leer-Salvesen mine synspunkt på den sterke framgangen for høgrekreftene på Sørlandet. Den manifesterer seg ved at høgrepartia har tatt makta i mange kommunar og dei to fylkeskommunane på Agder. Samtidig er det ting som tyder på at dei konservative kristne vinn maktposisjonar på Sørlandet. Bakgrunnen for at eg kommenterte dette, var ein debatt på Twitter om ein kronikk der spaltisten Bjørn Stærk diskuterte tilbakegangen for dei konservativt kristne.

Det er ikkje alltid så lett å få fram alle nyansane i eit intervju med utgangspunkt i ein Twitter-debatt. Eg er fullstendig klar over at haldningane i kristne miljø er langt meir samansette enn det som kom til uttrykk i intervjuet, noko medlemsmassen og dei tillitsvalde i SV er eit godt uttrykk for. Men eg har eit klart inntrykk av at den breie verdidebatten har fått liten plass. Den har diverre komme i bakgrunnen til fordel for ein del enkeltsaker som har utløyst sterkt engasjement i den politiske kampen på Sørlandet.

I sist valkamp deltok eg i fleire debattar som skulle ha fokus på verdiar. Men diskusjonen degenererte ofte til spørsmål om ekteskapslov og forholdet til Israel. Vi som støtta den nye ekteskapslova, blei av mange frådømt einkvar rett til å snakk om verdiar. Sjølv ein garva politikar er ikkje upåverka av slike aggressive angrep. Viktige verdispørsmål som fordelingspolitikk, internasjonal solidaritet, klimapolitikk og krig og fred blei det lite rom for. Vi ser at FrP har vore flinke til å posisjonere seg i forhold til den innsnevra verdidebatten, og KrF konkurrerer no med FrP om veljarane på dei same premissane.

Paul Leer-Salvsen hevdar at eg set likskapsteikn mellom høgresida i KrF og kristenfolket. Det er slett ikkje mi meining. Men det må vere lov å peike på at KrF blant anna i Kristiansand har alliert seg med eit parti som står langt i frå mange kristne sitt solidariske og rause verdisyn. Og det er denne retninga som får dominere debatten om dei kristne verdiane. Eg opplever at KrF på nasjonalt plan er meir radikale, og SV har eit godt samarbeid md KrF om sosialpolitikk og miljøspørsmål på Stortinget.

Eg er samd md Leer-Salvesen i at det er samanfall mellom kristne verdiar og SV sine verdiar på heilt sentrale område. Det gjeld spørsmål som fordeling, alkoholpolitikk, asylpolitikk, integrering, miljø, internasjonal solidaritet og krig og fred. På andre område som ekteskapslov kan det vere ulike syn, men haldningane til homofile har jo endra seg over tid i mange miljø. Når det gjeld spørsmål som abort og bioteknologi, så er det krevjande debattar i dei fleste parti.

For SV er det viktig å ta vare på den breie verdidebatten som inkluderer miljø og solidaritet. I kampen mot høgredreiing og eit kaldare samfunn er det viktig å skape alliansar der det er basis for det, sjølv om ein på enkelte område kan falle ned på ulike standpunkt . Her har Paul Leer-Salvesen eit viktig poeng som vi skal legge oss på minnet.

Alf

Skarpare i kantane

I stortingsvalet for to år sidan opplevde vi at mange var samde med SV i viktige saker, men at dei like vel gav si stemme til andre. Derfor blei det etter valet lagt vekt på å breie ut partiet slik at vi skulle bli eit truverdig alternativ på fleire område.

I denne valkampen har media skapt eit inntrykk av manglande gjennomslag på kjerneområda våre, miljø, fordeling og antiimperialisme. Paradokset er at ein del av dei som ternkjer slik, går til det partiet som vi må kjempe mot for å få gjennomslag på desse områda. Dette er ein situasjon som vi må møte med tydlegare tale slik Karen Andersen har gjort i Aftenposten. Vi er mange som kunne komme med liknande forteljingar.

Å utvikle ei breiare politisk plattform kan vere positivt for å skape truverde. Men å vere god på alt, er vel ein profil som passar best for dei store partia nærare sentrum. For SV i motgang er det viktig å vere tydeleg på kva vi vil kjempe for og kva vi vil be veljarane om støtte til. SV må skape engasjement i tillegg til truverde om vi skal vinne tilbake veljarane.

Det er ikkje minst viktig å vise folk kva vi står for på våre kjerneområde. Vi har flytta regjeringa til venstre på mange område. Det er nok å minne om kva Stoltenberg si første regjering stod for. Vi kan vere stolte av dei kompromissa vi har oppnådd, men det er vanskeleg å vise kva som hadde skjedd utan oss. Det er også eit stort problemet er at folk etter kvart ikkje kjenner våre prinsipale standpunkt, og at vi har skapt for lite rom for å utvikle ny offensiv politikk i dialog med veljarane.

Skal vi skape engasjement og gjere våre kjernevelgarar stolte av å vere med på eit viktig prosjekt, må vi bruke meir tid på å vise fram og vidareutvikle vår eigen politikk i det offentlege rom, ikkje berre skryte av regjeringa. Media
vil angripe oss for å krangle, men det må vi lære oss å leve med. Om vi ikkje får gjennomslag i denne regjeringsperioden, må vi ha tydelege krav å mobilisere på til den neste.

SV har vore dei mest lojale i forhold til det raudgrøne regjeringsprosjektet, noko ikkje minst LO burde merkje seg i større grad enn hittil. Skal vi bere det vidare, er det heilt nødvendig at vi skjerpar vår eigen profil og synleggjer våre resultat.

Alf