Den ytterleggåande høgrepopulismen har mange framtoningar. Men felles er at den spelar på rasisme, framandfrykt og forsvar av «nasjonale verdiar». Det florerer med konspirasjonsteoriar om hemmelege alliansar som har til formål å knekke oss og vår kultur med masseinnvandring. Dei største fiendane er dei naive politikarane som ikkje ser dette, og som fortener å bli stempla som landssvikarar. Du skal ikkje leite lenge før du finn slike haldningar på nettet, og synspunkta bryt seg gradvis veg inn i den offentlege samtalen.
Høgrepopulistiske parti av ulik valør har stor framgang i dei fleste demokratiske land, og mange av dei leflar med rasistiske og fascistiske synspunkt. Men det er liten grunn til å tru at alle som støttar opp om slike parti, står for desse ekstreme standpunkta. Kva er det då som får folk til å stemme på dei høgrepopulistiske partia?
Vi har over tid sett to tydelege trendar i dei vestlege landa. Folk kjenner stadig sterkare på at det blir større avstand mellom veljarane og dei som styrer. Makta og beslutningane blir flytta lenger bort, og kontakten med dei som må leve med konsekvensane, er fullstendig borte. I tillegg har det utvikla seg eit sjikt av folk med makt og innflytelse – eit sjikt som har meir til felles med likesinna i andre land, enn med folk flest i det landet dei kjem i frå.
Den andre sterke trenden er frustrasjon over at velstanden blir ujamt fordelt. Vi har hatt økonomisk vekst, og forskjellane mellom land har blitt redusert. Men forskjellane internt i landa har auka. Marknadsliberalismen har skapt ein nytt klassesamfunn med utrygge og lågt betalte jobbar. Fagrørsla som kjempar for fordeling og solidaritet, er på vikande front.
Kombinasjonen av desse to trendane skaper grobotn for høgrepopulisme. Folk som kjenner seg neglisjerte og urettvist behandla av makteliten, ropar på nye løysingar og sterke leiarar som kan rydde opp og stengje grensene mot alt som trugar.
Kva er venstresida sitt svar på denne utviklinga? Er løysinga å legge seg tettare opp til høgrepopulistane og deira syn på kva som trugar samfunnet? Eg trur ikkje det. Eller rettare sagt, eg er overtydd om at det er ein farleg veg å slå inn på. Vi må blankpusse våre eigne ideal og vår eigen samfunnskritikk. Høgrepopulistane går til angrep på det dei kallar kultureliten, men dei snakkar lite om det reelle problemet – den globale kapitalmakta.
Venstresida må skjerpe kampen mot dei internasjonale kapitalkreftene og den offensive marknadsliberalismen som har skapt det nye klassesamfunnet. Vi kan ikkje leve med eit lausarbeidarsamfunn og eit arbeidsliv der dei seriøse aktørane blir pressa ut. Vi kan heller ikkje leve med at store globale konsern kan vri seg unna å betale skatt. Når politikarane toar sine hender og klagar på at dei ikkje har verkemiddel til å stoppe denne utviklinga, er det ikkje rart at folk blir forbanna og vil prøve noko nytt.
I staden for å temme den globale kapitalismen og ta tilbake den demokratiske styringa, så går utviklinga i motsett retning. Vi diskuterer i fullt alvor å inngå avtaler der globale konsern kan saksøkte nasjonalstatar og overstyre nasjonale parlament. Ikkje rart at folk lurer på kva politikarane held på med, når dei vil la kapitalkreftene styre over demokratiet og dei folkevalde. Her har sosialdemokratiske parti ofte svikta. Det er på tide å ta eit oppgjer med denne utviklinga dersom sosialdemokratiet skal ta tilbake noko av sin posisjon og bidra til ei sterk og offensiv venstreside som kan stå i mot høgrepopulismen.
Vi må ta den ideologiske kampen mot dei forskrudde verdiane til høgrepopulistane og møte dei med våre verdiar bygd på solidaritet og menneskeverd. Men minst like viktig er det å ta kampen mot utviklinga av eit nytt klassesamfunn. Taper vi den, kan vi tape kampen mot høgrepopulismen og i ytste konekvens tape demokratiet.
Nyleg blei ei ung nordlandsjente tildelt eit par prisar frå norske aviser. Vi etterlyser ofte unge stemmer i den offentlege debatten, så ein skulle tru at dette blei tatt godt imot. Men nei. Jenta hadde feil hudfarge og feil religion, og ho var ikkje audmjuk nok. Som innvandrar og ung kvinne burde ho ikkje uttale seg utan først å takke for at ho fekk komme til vårt gjestfrie land.
Då Agder Høgre nyleg vedtok å arbeide for å innføre karensdagar,
I ein mannsalder har eg engasjert meg for industri og for miljø. På begge desse områda er nasjonal demokratisk kontroll over naturressursane heilt grunnleggande. Her har Noreg vore pionerar med etablering av heimfallsretten og konsesjonslovene i 1909. Men EØS-medlemskapet og marknadsliberalismen på slutten av førre hundreår utfordra fellesskapet sin kontroll over ressursane.

Miljøkampen har ei suksesshistorie som har gått i gløymeboka for dei fleste. På åttitalet registrerte vi at ozonlaget kring jorda blei redusert med påfølgjande auke i skadeleg stråling frå sola. Gode råd var dyre, og løysinga blei å satse på forbod. Det viste seg å vere svært vellukka, og ein kan undre seg over kvifor forbod og reguleringar ikkje blir brukt meir i miljøkampen.
I samarbeidsavtalen som ligg til grunn for den trippelblå regjeringa, står det blant anna: «Tilrettelegge bedre for kommersialisering av forskning blant studenter og forskere» Eg reknar med at dette er ein skrivefeil, og at det er forskingsresultat og ikkje forsking dei vil kommersialisere. Men ein kan komme i tvil når ein les resten av avsnittet om forsking og høgare utdanning, for det er gjennomsyra av målstyringsideologi og kommersialisme.
Det er mange positive signal for SV om dagen. Meiningsmålingane går riktig veg, og årsoppgjeret viser kraftig vekst i medlemsmassen. Ein valkamp med engasjement og spissa bodskap har gitt partiet ein ny og sterkare posisjon på venstresida i norsk politikk. Men det er eit skår i gleda. Vi klarte ikkje å kaste den blåblå regjeringa, og høgresida styrkar no sin posisjon i ly av eit Arbeiderpartiet slit med å finne seg sjølv etter valet.