Frå mål til middel

Dette innlegget stod på trykk i Nationen i går.

Som venta er det ulike syn på stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken. Men nokre hovudtrekk går att i kommentarane til den nye landbruksmeldinga. Fleire kommentatorar og aktørar har uttalt at meldinga har mange gode målsettingar, men at det skortar på tiltak som kan realisere desse måla. Eg skal ikkje her drøfte konkretiseringsgraden i meldinga. Derimot vil eg peike på at det no er viktig å diskutere kva tiltak og kva verkemiddel som skal til for å nå dei måla som er presentert. Eg vil også driste meg til å komme med nokre innspel til denne debatten.

Eit av måla i meldinga er at norsk matvareproduksjon så langt som mogeleg skal baserast på norske ressursar. Noreg har avgrensa moglegheiter for kornproduksjon. Dersom vi skal nå dette målet, må vi auke bruken av grovfor og beite til erstatning for import av korn. I dag går utviklinga i motsett retning. Det er ikkje berre gris og kylling som lever av importert kraftfor. Også storfe lever i aukande grad av importert korn. Vi har ikkje tilstrekkeleg insentiv til å utnytte grovforressursane og beitelandet. Derfor må vi endre forholdet mellom kornpris og kostnadene ved å bruke grovfor.

Meldinga legg vekt på å sikre landbruk i heile landet, oppretthalde ein variert bruksstruktur og ta vare på dyrka jord. Med vår topografi inneber det at vi må ta vare på dei små og mellomstore bruka. Skal vi oppnå det, så må vi fjerne verkemiddel som verkar strukturdrivande. Eit slikt verkemiddel er privat omsettelege melkekvotar som Sponheim frå Venstre innførte for å få fart i strukturrasjonaliseringa. Denne ordninga er også med på å trekkje kapital ut av næringa.

I mitt heimfylke, Vest-Agder, er det få heiltidsbønder. Skal vi bevare den dyrka jorda i slike utsette område, må vi legge til rette for kombinasjonsbruk, slik stortingsmeldinga legg opp til. Her må vi utvikle tiltak som stimulerer til fleirsysleri. Når Dyreparken i Kristiansand satsar på lokalt utvikla og lokalt produsert mat, så er det eit eksempel på kva ein kan få til med innovasjon og godt regionalt samarbeid.

I diskusjonen om kjedemakt har eg vore opptatt av å setje fokus på kvalitet og variert tilbod framfor å overfokusere på pris.  Einsidig prisfokus vil ramme både bøndene og arbeidarane i næringsmiddelindustrien og i butikkane. Landbrukssamvirket er ein viktig berebjelke i norsk landbruks- og matpolitikk. Det har i hovudsak hatt fokus på volumproduksjon. No er kanskje tida moden for større produktvariasjon og for nisjeproduksjon. Det er viktig at landbrukssamvirket handterer desse utfordringane både for å auke verdiskapinga og for å styrke sin posisjon.

Dette innlegget er ikkje nokon freistnad på å presentere eit komplett sett av verkemiddel i landbrukspolitikken. Det er eit innspel til debatten om å utvikle verkemiddel som kan bringe oss i retning av dei måla som er presentert i landbruksmeldinga. Dermed er det ikkje sagt av vi skal slutte å diskutere måla. Men når vi diskuterer verkemiddela, så blir vi også betre i stand til å perfeksjonere måla og vise versa.

Og så ønskjer eg alle lesarane ei god jul og eit godt nytt år med friske debattar.

 

Alf

 

Look to Kristiansand

Denne kronikken står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Eg har hatt gleda av å delta i det politiske livet i Kristiansand i tre tiår. Ein del slag har vi tapt, men byen har gradvis utvikla seg i retning av ein romslegare, meir moderne og meir miljøvennleg by. I heile denne perioden har dei borgarlege hatt makt i byen. Men det borgarlege styret som vi no har fått i Kristiansand, har lagt om kursen og sett utviklinga i revers.

Det første den nye maktalliansen gjer, er å skape tvil om framtida for kollektivtransporten i Kristiansandsregionen. SV har jobba aktivt for å få på plass stimuleringsmidlar til byar med ei offensiv kollektivsatsing. Kristiansand er ein av dei byane som har fått mest frå denne ordninga på grunn av ein god søknad til samferdselsdepartementet. Men no har dei nye makthavarane i Kristiansand rota det til slik at regionen kan miste 60 millionar kroner, og kollektivtilbodet kan bli sterkt redusert.

Det blir argumentert med at klimautsleppa frå industrien i Kristiansand har gått ned, og at det derfor ikkje er så farleg om vi aukar utsleppa frå privatbilbruken. Med slike resonnement er det ikkje rart at det er vanskeleg å redusere klimautsleppa og ta vår del av ansvaret for å møte den globale klimautfordringa. Ein skulle tru at ingen i den borgarlege koalisjonen i Kristiansand har høyrt om klimatrusselen og om det klimaforliket som alle partia unntatt Frp har forhandla fram på Stortinget.

I denne saka har tydelegvis Kristiansand handla på eiga hand og ikkje konferert med nabokommunane. Ordføraren i Kristiansand synest å vere meir opptatt av å dra til Oslo for å ha møte med andre høgreordførarar enn av å snakke med ordførarane i nabokommunane om viktige felles utfordringar. For ein del år sidan då eg jobba i nabofylket i aust, stilte eg spørsmål om Kristiansand er raus nok til å vere storebror på Agder. Den gangen var svaret tja. Men med det nye regimet i Kristiansand er eg meir i tvil. Å skape uro om avtaler som er inngått, er heller ikkje det beste utgangspunktet for framtidig samarbeid med sentrale styresmakter.

Noko av det som har utvikla seg mest positivt i Kristiansand dei siste tiåra, er kulturlivet og kulturtilbodet. Vi har etter kvart fått eit allsidig kulturliv med mange ulike fasettar. Kristiansand har gradvis blitt ein meir interessant og spennande by både for oss som bur her og for tilreisande. Mange eldsjeler har lagt engasjement og arbeid i å utvikle nye arenaer for kunst og kultur. Dette er ei utvikling som har sett Kristiansand på kartet både nasjonalt og internasjonalt, og det har hatt positive ringverknader for næringslivet.

Mange høgrefolk er opptatt av at Kristiansand må få status som storby. Eit allsidig og nyskapande kulturliv er nettopp noko av det som gjer Kristiansand til ein romsleg og stor by. Men no vil dei borgarlege budsjettkameratane reversere denne utviklinga og ta midlar frå spennande kulturaktivitetar. Vi var mange som åtvara mot denne utviklinga før valet. Då lova Høgre at dei ikkje ville la Frp få innverknad på kulturpolitikken, så vi må gå ut i frå at det som no skjer, også er Høgre sin kulturpolitikk.

Full barnehagedekning er den største reforma i norsk politikk dei siste åra. Den er viktig for barna, og den er viktig for integrering og for likestilling. Er det nokon landsdel som bør satse på tiltak for betre likestilling, så er det nettopp Agder. Det er snart på tide at Sørlandet kjem seg opp frå botnen av alle likestillingsstatistikkar. Vi har eit stykke att før vi er på eit nivå som vi kan leve med. Derfor er det ekstra uheldig at hovudstaden på Sørlandet går i motsett retning og innfører kontantstøtte for å spare pengar i barnehagesektoren. Det er eit signal vi slett ikkje treng i arbeidet med å ta fatt på dei store likestillingsutfordringane som Agder står overfor.

Økonomisk straff for å vere sjuk er det siste utspelet frå dei nye kostane i rådhuset i Kristiansand. Å kalle det bonus til dei friske endrar ikkje på den kalde realiteten at det skal straffe seg å vere sjuk.  Er det nokon som trur at folk blir friskare av trugsmål? Å ty til slike straffetiltak er eit nederlag for ein arbeidsgivar. Skal ein få ned sjukefråveret, må ein satse på å utvikle eit fysisk og sosialt arbeidsmiljø som gjer at folk held seg friske og kan gå på jobb.

Mange arbeidsgivarar har klart å få ned sjukefråveret ved å vise tillit til dei tilsette og ha tett kontakt om kva som skal til for å skape ein god arbeidsplass. Økonomisk premiering og straff er ikkje det beste verkemiddelet for å skape fellesskap og engasjement om å løyse dei viktige samfunnsoppgåvene som kommunen har ansvaret for. Vi må satse på tillit, fellesskap og eit godt arbeidsmiljø framfor premiering og straff dersom vi skal klare å utvikle ein berekraftig kommunesektor som kan løfte dei store velferdsoppgåvene vi står overfor.

Høgrefolk på Sørlandet klagar ofte over at landsdelen ikkje blir lagt merke til i Oslo. Men eg kan love at den  snuoperasjonen som no pregar Kristiansand, vil bli lagt merke til. I kampen for å få regjeringsmakt argumenterer dei borgarlege partia ofte med at Frp ikkje skal få innverknad på kulturpolitikken og den økonomiske politikken, men det er ikkje lenger truverdig. Kristiansand er eit godt eksempel på kva som skjer når vi får eit blåblått styre der dei borgarlege har makt i allianse med Frp.

Alf

SMB-politikk for landbruket

Dette innlegget står på trykk som gjestekommentar i Nationen i dag.

Eg vaks opp på ein liten gard på Vestlandet. Far min reiste på anleggsarbeid og sildefiske for å få endane til å møtast. I tillegg dreiv vi laksefiske og anna fjordfiske. Dette er ei form for kombinasjonsdrift som har lange tradisjonar i norsk landbruk. Skal vi nå dei måla som det synest å vere brei semje om i landbruksdebatten, så er dette ei driftsform som vi må legge til rette for også i framtida.

Landbruk over heile landet er eit sentralt mål for norsk landbrukspolitikk. Eit aktivt landbruk legg også grunnlag for andre aktivitetar og er ein viktig føresetnad for å oppretthalde levande bygder. Men dersom vi skal få dette til, må vi ta vare på dei små og mellomstore bruka. I næringspolitikken snakkar vi om at det er viktig å utvikle ein politikk for små og mellomstore bedrifter, SMB-ar. Vi treng også ein landbrukspolitikk for små og mellomstore bruk, ein SMB-politikk for landbruket.

Eg representerer Vest-Agder på Stortinget. I dette fylket har vi stor overvekt av kombinasjonsbruk der inntekta frå bruket må kombinerast med andre inntekter. Dersom vi skal oppretthalde landbruket i dette og mange andre fylke, så må vi legge til rette for kombinasjonsbruk. Vi må oppgradere statusen til det å drive ein gard i kombinasjon av anna inntektsbringande arbeid.

I det fylke der eg vaks opp, og i det fylket eg representerer på Stortinget, ligg topografien dårleg til rette for strukturrasjonalisering i landbruket. Det blir raskt mykje forbruk av dekk og diesel dersom ein skal slå saman mange bruk eller satse stort på leigejord. På eit seminar om landbruket i Vest-Agder var det ein bonde som oppsummerte situasjonen slik: Det hjelp lite om eg får leigd meir jord dersom eg blir den siste bonden i bygda. Då kan det lett bli eit tynt fagmiljø og litt trasig for oss som er att.

Landbruksorganisasjonane har lagt vekt på å auke produksjonen av mat. Skal vi klare det, må vi ta vare på den dyrka jorda. Kampen for å bevare matjorda må førast på mange frontar. Det er viktig å hindre at den blir bygd ned når byar og tettstader ekspanderer og vegprosjekt skal realiserast. Men den største avgangen av dyrka jord har vi ved at den går ut av produksjon.

Med den topografien vi har her i landet, må vi legge til rette for SMB-ane, dei små og mellomstore bruka, dersom vi skal bevare den dyrka jorda. Ein aktiv produktiv bonde som brukar halvparten av si arbeidskraft på bruket, bør få same respekt som dei som driv større. Eit deltidsbruk kan også vere eit viktig springbrett for å utvikle anna næringsverksemd i bygda.

Landbruket som andre næringar har i ein periode blitt fanga av retorikken om at større einingar fører til auka produktivitet. Det kan vere riktig i ein del tilfelle, men det er ikkje ei naturlov som gjeld generelt. Ein del av den strukturrasjonaliseringa vi har sett i landbruket, skuldast sterke samfunnstrendar. Men det har også vore ein villa politikk med verkemiddel som fremmar denne utviklinga. Sponheim si innføring av privat omsettelege melkekvotar er eit eksempel. Mange rådgivarar sitt fokus på å bygge store driftsbygningar er eit anna.

Dersom vi skal behalde matjorda og levande bygder, er det på tide å få eit bevisst forhold til kor viktig dei små og mellomstore bruka er for å nå våre landbrukspolitiske mål. Når landbruksmeldinga kjem, så vil vi finne mange målformuleringar som vi vanskeleg kan oppfylle utan SMB-ane i landbruket. Derfor er det viktig at vi også innrettar dei konkrete verkemiddela slik at vi tar vare på SMB-ane og deira plass i ein heilskapleg landbrukspolitikk

Alf

Erna Solberg – ein trussel mot industrien

Dette innlegget står på trykk i Klassekampen i dag.

Skal vi utvikle europeisk industri må vi ta større klimakutt innanlands sa klimakommisæren i EU, Connie Hedegaard, på klimakonferansen til ZERO nyleg. Dersom vi tar alle kutta i utlandet, vil den teknologiske utviklinga komme der, og europeisk industri vil miste sit teknologiske forsprang og si konkurranseevne, sa ho. Dette er ei erkjenning som gradvis er i ferd med å trenge inn også i den norske debatten.

God klima- og miljøpolitikk er god næringspolitikk. Alternativet til ein offensiv klimapolitikk kan bli eit avindustrialisert Noreg når oljealderen går mot slutten. Norsk industri er avhengig av å vere heilt i front teknologisk for å vere konkurransedyktig. Då industrien møtte strenge miljøkrav i sytti- og åttiåra, var det mange som spådde at den ville bukke under. Men bedriftene møtte ufordringane med offensiv teknologiutvikling, og resultatet blei styrka konkurransekraft i tillegg til betre miljø.  No står vi overfor eit nytt stort teknologisprang. Jo lenger vi ventar med å møte denne utfordringa, jo større er faren for at andre går forbi oss.

Det er ikkje berre klimakommisær Hedegaard som har innsett at vi må møte klimautforringane med innanlandske kutt og ei offensiv satsing på teknologiutvikling. Norsk Industri med Stein Lier-Hansen i spissen har komme med liknande synspunkt. Bransjeorganisasjonen ønskjer eit klimatiltaksfond og forpliktande samarbeid med styresmaktene for å  møte utfordringane med teknologisk innovasjon. Mange i fagrørsla er også opptatt av at vi må få på plass eit klimatiltaksfond  dersom norsk industri skal ha ei lys framtid. I tillegg til å redusere utsleppa, må vi ta posisjonar i den veksande marknaden for miljøteknologi. I EU er det i følgje klimakommisær Hedegaard skapt tre hundre tusen jobbar innan miljøvennleg energi og miljøteknologi dei fem siste åra. Vi må vere med på denne utviklinga. Det er for seint å hoppe på denne vogna når oljealderen er over.

Klimakommisær Connie Hedegaard var opptatt av at det er viktig å ha klare mål for å få til nødvendig omstilling og utvikling. Høgreleiar Erna Solberg, som også deltok på ZERO-konferansen, hadde det motsette utgangspunkt. Ho er i mot å setje mål for klimakutt i oljesektoren og industrisektoren. Dette er ikkje berre ein trussel mot klimaforliket. Det kan også bli ein trussel mot nødvendig omstilling og teknologiutvikling i industrien.

Norsk oljeindustri er i internasjonal verdsklasse, og den har ein dominerande plass i norsk økonomi. Det er viktig å ha ein allsidig industri som gjer oss mindre sårbare, og som kan ta i bruk kompetanse frå oljesektoren når oljealderen går mot slutten. Dersom industrien blir borte, vil mange av våre forskingsmiljø og kompetansetunge spesialbedrifter forsvinne. Vi kan også miste vår evne til å utvikle klimavennleg teknologi som kan bidra til kutt i andre land. God klimapolitikk og framtidsretta industripolitikk er to sider av same sak. Når Erna Solberg sår tvil om klimasatsinga, er det ikkje berre ein trussel mot miljøet. Det er også ein trussel mot eit framtidsretta næringsliv og arbeidsplassar.

Alf

Omdømmetyrrani

Eg har ikkje tal på dei gangane eg har blitt ringt opp av eit eller anna byrå som skal vite kva eg meiner om bedrifter og institusjonar. Synspunkt  som ikkje passar inn i malen, vil dei ha seg fråbedt. Du skal ver så god vere heilt usamd, litt usamd, verken – eller, litt samd eller heilt samd. Og du skal ver så god halde deg til skjemaet sjølv om det ikkje er i nærleiken av å reflektere det du meiner om institusjonen. Kvifor du er samd eller usamd eller midt i mellom har ikkje skjemaet plass til. Eg prøvde ein gang å peike på at spørsmåla systematisk la føringar for svara og ville vite kven som var fagleg ansvarleg for opplegget. Men det var fullstendig nyttelaust.

Når eg spør kvifor eg stadig blir ringt opp, får eg vite at dei skal ha politikarar med i utvalet. Det er jo hyggeleg å vere ettertrakta politikar. Men å rangere meir eller mindre tilfeldige påstandar frå eit byrå er kanskje ikkje den mest sentrale aktiviteten om ein ønskjer å yte ein skjerv til å vidareutvikle samfunnet . Som politikare er eg meir opptatt av i gå inn i ei problemstillinga og føre ein dialog med dei det gjeld. Då kunne kanskje begge partar lære noko. Omdømmemålingane kan kanskje måle effekten av reklamekampanjar lik den Statoil no køyrer med bars som verkemiddel. Men dei er lite eigna til å samle kunnskap som kan føre til nytenking. Og omdømemålarane har gjerne ein tendens til å komme opp med behov for omdømmebygging og reklamekampanjar, ikkje grunnleggande endringar.

Neste gang eg blir ringt opp med spørsmål om eg er samd eller usamt eller midt i mellom, vil eg vurdere å be oppdragsgivaren å delta i samfunnsdebatten og gjerne komme og snakke med meg, framfor å hyre omdømmebyrå som filter.

Alf

Støre sitt fossilforsvar

Les denne saken her http://www.nyemeninger.no/alle_meninger/cat1041/subcat1041/thread204150/

Vikardirektivet trugar den norske modellen

Innlegget står på trykk i Nationen i dag.
EU har komme med eit nytt direktiv, vikardirektivet, som trugar sentrale verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt
grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv og eit viktig element i det norske velferdssamfunnet. Vikardirektivet bryt radikalt med dette prinsippet og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale i arbeidslivet.

Direktivet har to formål. På den eine sida skal det skape meir
ryddige forhold for dei tilsette i vikarbransjen, og det er det gode grunnar
til. Fagrørsla har lenge stilt krav om meir ordna forhold for vikarar. Den  krev  at tillitsvalde skal ha innsynsrett, at innleigebedriftene skal stå solidarisk ansvarleg for løna til vikarane, og at dei tillitsvalde skal få rett til å gripe inn mot ulovleg vikarbruk. Men det er absolutt ingen ting som hindrar oss i å skape ordna forhold for vikarane utan dette direktivet.

Det andre formålet med vikardirektivet er å normalisere vikarbyrå
som arbeidsgivar. Fast tilsetjing i ei bedrift skal ikkje lenger vere det
normale. No skal det bli like normalt med innleigd arbeidskraft der dei som har
personalansvaret sit ein heilt annan stad. Dette er ei utvikling som vi har
sett konturane av lenge. De Facto har presentert tal som viser at dei seks
største bemanningsselskapa har dobbelt så mange bygningsarbeidarar i Oslo som dei seks største entreprenørselskapa.

Utstrakt bruk av innleigd arbeidskraft fører til svakare tilknyting
til arbeidsplassen, færre fagorganiserte og mindre tryggleik for arbeid og
inntekt for den enkelte. Utan fast inntekt er det vanskeleg å få lån og skaffe
seg bustad. Mange fryktar også at den utstrakte vikarbruken vil gå ut over
fagutdanning og rekruttering til bransjen. Det finst ikkje lenger stabile
arbeidsmiljø som kan ta i mot lærlingar og vidareutvikle fagkompetansen. Over
tid kan det gå ut over kvalitet og produktivitet i bransjen.

Vikardirektivet vil også ramme distrikta. Når viktige bedrifter og
institusjonar i lokalsamfunnet blir bemanna av vikarbyrå, går det ut over
busetnaden i regionen. Det fører til at kommunen får mindre skatteinntekter, og
at inntektene til lokale næringsdrivande blir meir usikre. Kompetansen i bygda blir utarma, og det blir vanskelegare å få i gang kultur- og fritidsaktivitetar,
utvikle nytt næringsliv og skape nye arbeidsplassar. Over tid vil det føre til
fråflytting og sentralisering.

I fagrørsla er det stadig fleire som seier nei til denne utviklinga.
Sist ute var Fellesforbundet der landsmøtet mot ei stemme kravde veto mot direktivet. Eit fleirtal av medlemmane i LO er no i forbund som seier nei. Dei vil ikkje akseptere eit direktiv som snur opp ned på norsk arbeidsliv og legg vegen open for ein bemanningsbransje som er lite oversiktleg. Det er også stor fare for at arbeidsmiljølova ikkje vil overleve møte med EØS-retten om direktivet blir
implementert.

Vi treng ikkje EU-direktiv for å sikre folk skikkelege
arbeidsvilkår. Det kan og skal vi gjere med vår nasjonale lovgiving. Det vi
treng, er å reise kamp mot EU-direktiv som går laus på grunnleggande forhold i
arbeidslivet og riv grunnlaget vekk under distriktspolitikken. Vi må ikkje stelle
oss slik at NHO kan rive sund arbeidsmiljølova ved å gå til søksmål med basis i
vikardirektivet slik dei har trua med. Det vi treng er ein brei folkeleg
allianse mot direktiv som bryt fundamentalt med sentrale verdiar i den norske
samfunnsmodellen.

Alf

Kjedemakta med avleiingsmanøver

Dette innlegget stod på trykk i VG i dag.
Matkjedegigantane likte ikkje konklusjonane frå Matkjedeutvalet som
blei lagt fram i vår. Utvalet dokumenterte ein usunn maktkonsentrasjon og
foreslo tiltak for å rydde opp. No vil matkjedene vri seg unna denne kritikken ved å angripe bøndene.  Dei prøver å skape blest om ei såkalla motmelding. Men motmeldinga inneheld svært lite nytt og er ein tafatt freistnad på å flytte fokus bort frå matkjedane.

Matkjedeutvalet dokumenterte at vi har ein ekstrem maktkonsentrasjon der ICA, NorgesGruppen, Rema 1000 og COOP deler marknaden mellom seg og tar kontroll over distribusjon og produksjon. Det er ein maktkonsentrasjon som rammar både forbrukarane, dei tilsette og bøndene. Dersom vi lar denne utviklinga halde fram, kan vi om nokre år komme i ein situasjon der landbrukssamvirket er skvisa ut og vi snakkar om Rema- og Rimi-bønder.

Konkurransetilsynet hevdar at det er tilstrekkeleg konkurranse når vi har fire kjedar. Men då ser dei bort i frå det største problemet som er ein stadig aukande kontroll bakover i leverandørkjeda. Dei store aktørane i dagligvarebransjen har tatt kontroll over varedistribusjonen, og er no i ferd med å ta kontroll over foredling og produksjon inklusive bonden. Når matvaregigantane tar kontroll bakover i leverandørkjeda, hindrar det knoppskyting og innovasjon blant leverandørane som ikkje har andre å gå til med sine idear og produkt. Kjedemakta gjer det også vanskeleg å komme inn i butikkane med lokalt produserte varer som kundane vil ha.

Men det er ikkje berre uballanse i maktforholda mellom leverandør og matkjede. Matkjedeutvalet har også peika på at det er grunn til å sjå nærare på franchisesystemet som regulerer forholdet mellom kjede og butikk. Her har
kjedene makt og kontroll, medan butikkeigaren har alt ansvaret. Fagrørsla har
lenge stilt spørsmålsteikn ved dette systemet fordi dei tilsette ikkje får
forhandle med kjedene som har den reelle makta. Det er på tide å få ei lov som
sikrar interessene til franchisetakar og dei faglege rettane til dei tilsette.

Når det blir sterk uballanse i maktforholda i samfunnet, er det politikarane sitt ansvar å vurdere kva som kan gjerast for å skape ballane mellom dei ulike aktørane. Fleirtalet i Matkjedeutvalet har peika på ein del tiltak. Det sentrale forslaget går ut på å lage spelereglar for samhandlinga mellom dei ulike aktørane. Spelereglar og openheit fører ofte til ryddigare forhold og kan vere med på å utjamne maktforholda.

Men fleirtalet i Matkjedeutvalet går ikkje langt nok. Utviklinga har komme så langt at det må sterkare lut til. Vi har fått rask vekst i krysseigarskap og vertikal integrasjon. Dette har skjedd utan at konkurransetilsynet har funne grunn til å gripe inn. Det viser at det kan vere nødvendig med lovendringar på dette området. Mindretalet i Matkjedeutvalet har bedt om ei utgreiing om nye eigarskapsavgrensingar. Dersom ein ønskjer å ta vare på forbrukarane, dei tilsette og landbruket, så må politikarane følgje opp mindretalet i Matkjedeutvelet.

Alf

Vi treng eit nytt stort fornybarselskap

Dette innlegget stod på trykk i Dagens næringsliv i dag.

Stortinget har gitt Statoil føringar om å engasjere seg i fornybar energi. Men denne satsinga ser ut til å få lite merksemd  frå leiinga i konsernet. All erfaring viser at utan sterk støtte frå toppleiinga i ei bedrift så er det vanskeleg å utvikle nye forretningsområde. Derfor er det på tide å vurdere om vi bør skilje ut aktiviteten innan fornybar energi i eit eige selskap.

Det er ei kjent sak at nye satsingar ofte har tronge kår i etablerte organisasjonar. Nye innovative satsingar vil som oftast bli oppfatta som ein trussel mot dei etablerte forretningsområda i ei bedrift. Dei nye områda vil konkurrere om ressursar og om kompetanse, og ikkje minst om merksemd frå toppleiinga i selskapet. All erfaring viser at nye satsingar som bryt radikalt med etablerte forretningsområde, må vere forankra og ha sterk støtte hos toppleiinga i selskapet dersom dei skal ha sjanse til å vekse og utvikle seg.

Eg har tidlegare argumentert for at Statoil med sine økonomiske ressursar og sin teknologiske og operative kompetanse har svært gode føresetnader for å satse på fornybar energi. Det er ei oppfatning som blir delt av næringskomiteen på Stortinget. I merknadene til stortingsmeldinga om statleg eigarskap som blei lagt fram i tidlegare i år, uttalte fleirtalet i næringskomiteen at ”– Statoil som et ledende energiselskap også kan ha virksomhet innen fornybar energi, og ser positivt på at selskapet utvikler seg videre på dette området.”  I parlamentarisk språkbruk er dette ei klar føring.

Men det er svært lite som tyder på at styret og leiinga i Statoil gir fornybar energi den ekstra merksemda som nye innovative satsingar treng, og som Stortinget har bedt om. Vi ser også at det er i ferd med å oppstå eit stadig sterkare konkurranseforhold mellom dei etablerte forretningsområda og satsinga på fornybar energi. Det såg vi tydeleg då Statoil engasjerte seg mot CO2-avgift for gasskraftverk i England, og vi må gå ut i frå at det skjedde med godkjenning av toppleiinga i selskapet. Med denne aksjonen medverka selskapet til å forseinke omstillinga til fornybar energi. Det reduserer marknaden for nye energiformer og er dermed i direkte konflikt med interessene til den delen av selskapet som satsar på fornybar energi.

For å unngå slike interessekonfliktar bør ein vurdere å skilje ut fornybarsatsinga i Statoil i eit eige selskap. Ei slik omorganisering vil også legge til rette for å få eit leiarskap som er genuint interessert i å utvikle denne verksemda, og det er ein viktig føresetnad for suksess. Ein annan viktig føresetnad for å lukkast innan fornybar energi, er å tenkje langsiktig. Derfor er det viktig at selskapet får nok eigenkapital frå starten. Det er også viktig at selskapet får både fornybarkompetanse og anna relevant industriell kompetanse frå starten av, slik at det raskt kan bli ein betydeleg aktør.

Organiseringa av eit nytt fornybarselskap kan diskuterast. Det viktige no er å få ein debatt om realismen i å satse på at Statoil kan bli ein spydspiss på dette området gitt dei erfaringane vi har så langt.

Alf

Myter og fakta

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.
Valkampen flomma over av angrep på SV dei siste vekene før valet. Etter kvart blei ein del av påstandane mytar som blei gjentatt utan argumentasjon. Ein av påstandane var at forskjellane har auka med SV i regjering.

Realiteten er at forskjellane for første gang på lenge har blitt redusert her i landet, samtidig som utviklinga går kraftig i motsett retning i andre land. Det kjem blant anna av at vi har kjempa fram eit skattesystem som gjer at dei rike i større grad en før bidrar til fellesskapet og til velferdsgoda her i landet.

Informasjon om denne positive utviklinga har vore framme i media ein del gonger det siste året basert på blant anna tal frå Statistisk sentralbyrå. Saka er også vurdert av den såkalla faktasjekken som avisa Bergens Tidene har etablert for å kontrollere påstandar frå politikarar. Der blei det konkludert med at det er dekning for påstanden om at forskjellane har blitt mindre.

Journalist Tarjei Leer-Salvsen bringa vidare påstanden om auka forskjellar i ein av sine kommentarar. Men då han blei kjent med dei faktiske forhold, rykka han i motsetning til mange andre ut med ein tydeleg korreksjon. Det tenar Leer-Salvsen til ære at han viser ei slik ryddig og raus haldning og dermed bidrar til ein god debatt i det offentlege rom.

Alf