Tag Archives: miljø

Nyskaping og grøn innovasjon nasjonalt og på Agder

Noreg har eit næringsliv som er svært avhengig av olje og gass, og vi veit at oljeaktiviteten vil bli redusert om nokre tiår. Vi veit også at eit einsidig næringsliv er sårbart for internasjonale konjunkturar, og at den internasjonale konkurransen hardnar til.

Derfor er det viktig å skape nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Erfaringa har vist at private investorar er lite villige til å ta den risikoen med  å bygge opp nye bedrifter frå grunnen av. Derfor må staten stille opp med risikokapital for å sikre eit berekraftig næringsliv og full sysselsetting i framtida.

Agder er ikkje noko unntak. Landsdelen har eit ein offshorebransje, ein prosessindustri og ei reiselivsnæring som alle er sterkt internasjonalt eksponert, og som derfor kan bli utsett for konjunktursvingingar. Samtidig har landsdelen eit høgteknologisk miljø der det ligg godt til rette for innovasjon og nyetableringar. Difor er det viktig å ha tilgang til risikovillig kapital for gründerar.

Då SV hadde landsmøte i vår, uttalte eg til Fædrelandsvennen at staten må stille opp med ny risikokapital, og no er det blitt offisiell politikk. I ei ny stortingsmelding om statleg eigarskap har regjeringa varsla at det vil komme statleg risikokapital i form av nye såkornfond. Det er også varsla ny venturekapital gjennom det statlege selskapet Investinor.

Då Stortinget behandla stortingsmeldinga om statleg eigarskap like før ferien, blei forslaget om risikokapital stadfesta og forsterka. Dermed er vi langt på veg i mål med min landsmøtelovnad frå i vår. Kombinert med dei ordningane vi har frå før med støtte til miljøteknologi og fornybar energi, kan dette legge grunnlaget for berekraftig grøn innovasjon både nasjonalt og på Sørlandet.

I går var eg på møte i næringsutvalet i Nordisk råd. Der var det stort engasjement for samarbeid om grøn innovasjon i Norden. Gjennom eit nordisk samarbeid kan vi skape eit større teknologisk miljø og ein større heimemarknad. Det finst ikkje noko berekraftig alternativ til satsing på grøn innovasjon. Utfordringa er å ta det inn over seg før det er for seint.

Alf

Berekraftig næringsutvikling med klimafond

Innlegget stod på trykk i DN i går.

Fremskrittspartiet har aldri anerkjent at
utslepp av klimagassar er ein alvorleg trussel mot kloden vår. Partiet har
tvert i mot gjort sitt beste for å så tvil om internasjonal forsking som dokumenterer at det hastar med å setje i verk effektive tiltak. Derfor er det heilt naturleg at Ketil Solvik-Olsen, FrP, gjer sitt beste for å torpedere klimaforliket som alle dei andre partia på Stortinget står bak  (DN 23. juni). I sin iver etter å komme klimaforliket til livs, kjem han også i skade for å fronte ein lite framtidsretta næringspolitikk.

Sovik-Olsen hevdar at eg ikkje forstår at teknologiutvikling tar tid. Eg har jobba eit heilt liv med industriell forsking og utvikling. Er det noko eg har lært, så er det at teknologiutvikling og industrialisering er tidskrevjande og ressurskrevjande. Derfor er det viktig å komme i gang før det er for seint, og norsk industri er godt i gang med å redusere sine klimautslepp og utvikle teknologi som kan møte framtidige utfordringar.

Ein del av dei teknologiske løfta som må til, kan ha dimensjonar som gjer at dei ikkje blir realisert utan å tenkje nytt. Derfor har SV og andre lansert tanken om eit klimafond slik at vi kan få eit breitt samarbeid mellom næringslivet og det offentlege om å nå våre klimamål og utvikle eit robust og framtidsretta næringsliv.  No har også Arbeidarpartiet signalisert støtte til eit slikt tiltak.

Noreg er avhengig av å vere teknologisk leiande både for å møte klimautfordringane og for å klare den skjerpa konkurransen. Det er også viktig å posisjonere seg i den veksande marknaden for miljøteknologi. Alternativet til ei slik satsing kan bli ei avindustrialisering av Noreg om nokre tiår. Vi kan ikkje satse på luftslott slik Solvik-Olsen har gjort basert på rykte om Alcoa-planar i Nord-Noreg.

Alf

Bjørneteneste for norsk industri?

Innlegget stod på trykk i Dagens Næringsliv i går.

LO-leiar Roar Flåthen har dei siste dagane gått til frontalangrep på
klimaforliket fordi han meiner det rammar norsk industri for hardt (DN 17./6.)

Eg er diverre redd Flåten her kan gjere industrien ei
bjørneteneste.

Norsk klimadebatt har gått frå den eine grøfta til den andre. I
første omgang var det få eller ingen som snakka om karbonlekkasje. Men no er vi i ferd med å gå i den andre grøfta. Mange drar argumentet om karbonlekkasje så langt at industrien kan fråskrive seg alt ansvar. Dermed kan vi bli sitjande med ein industri som ikkje møter framtidas teknologiske, kostnadsmessige og
miljømessige utfordringar.

Det er ikkje tvil om at nasjonale klimamål er viktig for dei
internasjonale forhandlingane. Dersom verdas rikaste land med eit stort
klimautslepp, fråskriv seg ansvaret, er det vanskeleg å tenkje seg at andre land
vil ta ansvar. På den andre sida kan det argumenterast godt for at det ikkje
nyttar å redusere i Noreg dersom utsleppa berre blir flytta til andre
land.

Dette er svært ulike argument som kan synast å slå kvarandre i hel.
Men vi må like vel ha begge tankane i hovudet. Eg er overtydd over at vi kan få
ei offensiv industriutvikling i Noreg utan å bryte klimaforliket. Vi kan
vidareutvikle dagens metallindustri basert på vasskraft og teknologieksport. Og
vi kan utvikle ny industri for nye marknader, blant anna marknaden for
miljøteknologi.

Eg arbeidde i prosessindustrien i 70- og 80-åra då det kom stadig
nye miljøkrav. Protestane var mange, også frå deler av fagrørsla, men i dag er
dei fleste samde om at vi ikkje hadde hatt ein teknologisk leiande industri utan
ei offensiv miljøsatsing.

Alf

Luftslottet til Solvik-Olsen

I diverse innlegg i media har Ketil Solvik-Olsen og andre frå Fremskrittspartiet brukt påståtte planar om nye aluminiumsverk i Nord-Noreg som skremselspropaganda mot norsk klimapolitikk. Dei har hevda at Alcoa stod klar med pengesekken og spaden for å starte eit aluminiumsverk med gasskraft utan reinsing, og at det berre er klimapolitikken til regjeringa som hindrar snarleg industrireising.

I dag kan Dabladet avsløre at FrP har kokt suppe på ein spikar og brukt Alcoa i sitt politiske spel for å svekke tilliten til norsk klimapolitikk. I følgje dette oppslaget har Alcoa rekna på kostnadene ved aluminiumsproduksjon i ulike land, deriblant Noreg. Men det er slett ikkje sikkert at kostnadene for straum basert på gass vil gjere det aktuelt å bygge aluminiumsverk i Noreg, seier direktøren i Alcoa, Roy Hammer, til Dagbladet. Han får støtte i sine kostnadsvurderingar av energianalytikar Ole Løfsnes i Econ Pöyry.

No er det ikkje alltid ein kan stole 100% på oppslag i media. Derfor har eg i dag kontakta leiinga i Alcoa i Noreg og fått stadfesta det som Dagbladet skriv.

Noreg har ein miljøvennleg industritradisjon som vi bør bygge vidare på. Vi har ein høgteknologisk metallindustri basert på fornybar energi. Energisektoren har også lange tradisjonar i Noreg, og Statkraft satsar på å bli leiande i Europa på miljøvennleg energi. Vi har også ein maritim sektor og ein offshoresektor som gradvis satsar meir på miljøteknologi. IKT-sektoren er i sterk vekst, og Noreg som fiskematnasjon vil skape nye spennande arbeidsplassar.

Vi har utvikla ein høgteknologisk og miljøvennleg kraftforedlande industri basert på fornybar energi, vi har ein energisektor som utviklar kompetanse på miljøvennleg energi, og vi har vekst i industrisektorar med meir moderat energibehov. Dette er ein sunn miks som er relativ robust mot endra rammevilkår.

Om vi satsar riktig på kompetanse og miljøvennleg energi, så vil norsk industri kunne få ei lys framtid utan ny produksjon med forureinande kraft. Det verkar som Solvik-Olsen er meir ute etter å angripe klimapolitikken, enn av å utvikle norsk framtidsretta industri. Synd at så mange har kasta seg på denne retorikken. La oss vone at vi kan få eit meir velfundert industridebatt i tida framover.

Vi kan misse vår legitimitet som leiande industrinasjon

I dag gjekk leiaren i LO, Roar Flåthen, ut med ønske om å redusere krava til innanlandske klimautslepp i klimaforliket. Dette  er klart i strid med kongressvedtaket i LO, og blant andre Fellesforbundet har nyleg uttalt at dei står på klimaforliket og Soria Moria 2.

SV er opptatt av at vi skal vidareutvikle den moderne og miljøvennlege industrien vi har her i landet. Det gjeld blant anna metall og prosessindustri som er basert på vasskraft eller anna fornybar energi. Personleg har eg engasjert meg i diskusjonar om korleis vi skal klare å få til konkurransedyktige vilkår for metallindustrien.

Samtidig er vi opptatt av at det finst støtteordningar og insentiv som fører til at vi held fram med å satse på teknologiutvikling for å styrke denne industrien. Det vil samtidig sikre etablerte og skape nye arbeidsplassar innanfor miljøteknologi og teknologieksport.

Vi har ein avansert industri i dag fordi næringslivet tok miljøutfordringane på 70-talet og 80-talet på ein offensiv måte. Utan denne offensive satsinga på miljøtiltak hadde vi knapt hatt ein moderne prosessindustri i Noreg i dag.

Det er rom for spennande industriutvikling innanfor dagens klimaforlik. Men dersom vi kastar det på båten, kan vi misse vår legitimitet som ein leiande industrinasjon. Det vil bli til uboteleg skade for norsk industri og true arbeidsplassane i industrisektoren.

Alf

Frekt dobbeltspel av Høgre i klimapolitikken

Under forhandlingane om klimaforliket mellom partia på Stortinget ønska Høgre at vi skulle kutte innanlandske klimautslepp meir enn det avtalen ende opp med. Dette har dei ofte skrytt av seinare, og dei er stadig ute med kritiske kommentarar når dei meiner å sjå teikn på at andre ikkje følgjer opp klimaforliket.

Men når realitetane og konsekvensane kjem på bordet, får pipa ein annan lyd. Vi ser stadig oftare at sentrale høgrefolk går ut med forslag om å gå bort i frå klimaforliket for å få plass til sine hjartesaker. Sist ut var Frank Bakke-Jensen som er representerer Høgre i Næringskomiteen (Dagens Næringsliv 6. juni). Han vil gå bort i frå klimaforliket for å få plass til gasskraftverk utan CO2-rensing.

Dette er ein freidig dobbeltkommunikasjon for å få både i pose og sekk. På den eine sida slår en seg på brystet for innhaldet i klimaavtalen. På den andre sida sender partiet ut tydelege signal om at dei kan gå bort i frå avtalen når det passar sektorpolitikarane.

Dette er ein form for dobbeltkommunikasjon som mildt sagt vil gjere det vanskeleg å diskutere seriøst korleis vi skal nå våre felles klimamål. Derfor må Erna Solberg på bana og avklare kvar partiet står slik at dei ulike sektorpolitikarane må halde seg til dei same rammevilkåra som partileiinga og oss andre.

Alf

Eit grønare og meir rettferdig Agder

Agder er ein av dei blåaste regionane i Noreg. Samtidig er regionen den minst likestilte, og den har store sosiale problem.  Er dette ein tilfeldig samanheng? Uansett kva ein meiner om det, så er det eit påtrengande  behov for eit grønare og meir rettferdig Agder, og det er berre eit sterkt SV som kan sikre ei slik kursendring.

Useriøs borgarleg skolepolitikk
Når vi har store sosiale problem, så er løysinga til Høgre og dei andre borgarlege å rangere folk heilt frå dei går i barneskolen. SV si løysing er å bygge ein skole som skaper trivsel og gir tilbakemeldingar som gir retning for god læring. Dei borgarlege partia i Kristiansand vedtok etter eit benkeforslag å innføre talkarakterar i 7. klasse i strid med norsk lov og utan eit einaste sakspapir. Overraskande nok var det representantar frå KrF og Venstre som skapte fleirtal for vedtaket. Dette viser at dei borgarlege partia ikkje tar skolen på alvor, men brukar den som arena for ideologisk markering. Erna Solberg har bedt alle sine ordførarkandidatar om å prøve seg på liknande stunt, så dette er ikkje eit eingangstilfelle. Vi kan vende fleire slike dersom vi ikkje har eit sterkt SV som kan reise motstanden.

Motivasjon til læring
For SV er det sentrale å hjelpe elevar til å få ei fullført utdanning frå vidaregåande skole. Vi må skaffe nok lærlingplassar, og offentlege arbeidsgivarar må skjerpe seg og gå føre med eit godt eksempel. Det må også stillast krav om at bedrifter har lærlingar når kommunar set oppgåver ut på anbod. Men det er ikkje nok. Vi bør også legge opp til at elevar på yrkesfagleg studieretning kan komme i kontakt med sit framtidige yrke tidleg i studiet. Motivasjonen for arbeidslivet og for skolearbeidet kan også styrkst ved betre samarbeid mellom dei yrkesfaglege studieretningane og arbeidslivet. Ordningar der fagfolk frå bedrifter eller offentleg sektor kan brukast i undervisninga, samtidig som undervisningspersonalet også i teorifag, kan komme ut på ein arbeidsplass der elevane deira skal gå i lære.

Miljø
SV har fått på plass ei ordning med statlege belønningsmidlar til dei byane som satsar på kollektivtransport og reduksjon i privatbilbruken. Kristiansand og Vest-Agder har fått støtte frå denne ordninga. Det har ført til ein del positive tiltak, men det er behov for ei sterkare prioritering av kollektivtransporten om den skal bli eit reelt alternativ for alle som ønskjer å velje miljøvennleg.

SV vil også hjelpe folk til redusere straumrekningane sine, samtidig som dei bidrar til reduksjon i utslepp som skadar klimaet. Vi vil få på plass ei ordning med gratis rådgiving for energisparing i private bustader. Samtidig vil vi legge til rette for etterutdanning i energisparing for handtverkarar.

Ein solidarisk kommune
Kommunar og andre offentlege arbeidsgivarar bidrar i stor grad til at vi har mykje ufrivillig deltid. Mange blir tildelt små stillingar for at kommunar lett skal få ekstrahjelp utan å betale overtid. Dette er uverdig for den enkelte, det er uheldig for arbeidsmiljøet, og det kan gå ut over kvaliteten på dei kommunale tenestene.  SV har vedtatt ein arbeidsgivargaranti der vi lovar å arbeide for at alle som ønskjer det, skal få tilbod om heiltid når vi får makt i ein kommune. SV vil også kjempe for å unngå skandalar der kommunar set ut tenester til private firma som bryt lovar og reglar slik vi har sett mange eksempel på i det borgarleg styrte Oslo. SV vil gå mot privatisering av offentlege tenester. Der det er aktuelt å setje arbeid ut på anbod, må vi krevje at leverandøren brukar løns- og arbeidsvilkår på linje med tariffesta vilkår. På denne måte sikrar vi kvalitet på tenestetilbodet til innbyggarane.

Agder SV starta valkampen på miljøverndagen
Aust-Agder og Vest-Agder SV samla om lag 50 personar til valkampskolering i Kristiansand denne helga. Søndag var verdas miljøverndag. Derfor avbraut vi seminaret og marsjerte til Tresse der miljøvernorganisasjonane var samla for å markere støtte til meir offensiv satsing på elektrisk bil i offentleg sektor.

Alf

Aktivt statleg eigarskap med fokus på miljø og samfunnsansvar

Tysdag sluttførte Næringskomiteen på Stortinget arbeidet med stortingsmeldinga om statleg eigarskap. Ei offensiv melding blei eit hakk meir offensiv etter behandlinga i komiteen. Samfunnsansvar og miljø i ei globalisert verd står sentralt i innstillinga frå næringskomiteen.

Fleirtalet i næringskomiteen peika på behovet for å styrke eigarskapsforvaltninga i departementet for å sikre eit aktivt eigarskap. Komiteen legg vekt på å få på plass sterkare kompetanse innan samfunnsansvar og miljø.

Eit viktig punkt i meldinga er at bedrifter der staten er eigar skal vere leiande på lågutslepp og klimareduserande teknologi. I innstillinga frå fleirtalet i næringskomiteen er det lagt til at dette må følgjast opp med målindikatorar og rapportering. Det er også lagt opp til at målindikatorar skal utviklast i dialog med viktige interessentar. Her har miljørørsla ein fin anledning til å engasjere seg for å påverke utviklinga.

I si instilling har fleirtalet i næringskomiteen peika på at innkjøp er eit viktig element  i dei statlege selskapa sitt  miljø- og klimaansvar. Fleirtalet i næringskomiteen ser også positivt på at Statoil utviklar seg vidare innan fornybar energi.

Stortingsmeldinga har eit sterkt fokus menneskerettar, arbeidstakarrettar og anstendige arbeidsvilkår.  Land-for-land-rapportering er eit viktig tiltak for å få meir openheit om forretningsdrifta i internasjonale selskap. Det synleggjer blant anna korleis selskap opererer i utviklingsland, og det kan bidra til å redusere faren for korrupsjon.  Næringskomiteen rosar regjeringa for det arbeidet som er gjort på dette området, og den ber om at regjeringa prioriterer arbeidet med  Land-for land-rapportering i Noreg.

Det er også verdt å nemne at fleirtalet i næringskomiteen forventar at statlege bedrifter skal vere blant dei leiande i sin bransje på forsking og utvikling

Alf

Hareide svekkjer verdikampen

Den nyvalde leiaren i KrF, Knut Arild Hareide, har vore på Sørlandet og mana til verdikamp med SV som hovudfienden. Men dei sentrale verdispørsmåla hoppa han glatt over. Skal vi tru avisreferata, snakka ikkje Hareide om sentrale verdispørsmål som solidaritet, rettferdig fordeling, miljø og klima. Hareide reduserer verdidebatten til eit spørsmål om kristendommen sin plass i politikk og samfunn. Her er det usemje mellom SV og KrF. Men Hareide øydelegg verdidebatten når han gjer den så snever. Når han vel seg alliansepartnarar ut i frå denne vinklinga, så hamnar han lett i allianse med FrP.

Personleg har eg arbeidd godt saman med KrF om spørsmål som gjeld frivillige organisasjonar, og KrF og SV har mange samanfallande synspunkt på integrering, fordelingsspørsmål og miljø- og klimasaker. Det er her dei store verdikampane vil stå i tida framover, og det er her det er viktig å bygge alliansar. Når Hareide utelet dei sentrale verdispørsmåla frå sin verdikamp, så skadar han den breie verdikampen og hamnar i fanget på FrP som veit å spele på dei kristne verdiane i sin retorikk.  Er utspelet til Hareide ein freistnad på å legitimere at KrF argumenterer for eit maktskifte som vil gi FrP meir innverknad på norsk politikk?

Vi hadde den same diskusjonen før valet i 2009. Den gangen skreiv eg eit innlegg som eg blei oppfordra til å legge inn på verdidebatt.no. Hareide kan etter sitt utspel på Sørlandet knapt seiast å ha fornya og opna opp partiet slik mange hadde vona på.

Alf

Kompetanse like viktig som energi

Dette innlegget står på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Fornybar energi er ein viktig ressurs for Norge og for norsk prosessindustri. Men denne ressursen blir mindre verdt dersom vi ikkje klarer å oppretthalde eit leiande teknologisk nivå. Det kan vere like viktig å hindre utflagging og forvitring av kompetanse som å sikre tilgang på kraft. Utan sterke kompetansemiljø kan vi få stagnasjon i  utvikling og innovasjon slik at vi berre blir ei energiressurs for utanlandske konsern.

Utanlandsk kapital har alltid spelt ei viktig rolle i norsk prosessindustri, og utanlandske konsern har vore med på å utvikla denne næringa her i landet. Men det er bekymringsfullt dersom det meste av kompetansen i ei nøkkelnæring kjem på utanlandske hender.  Det er dette debatten om utanlandsk kontra norsk eigarskap i industrien bør handle om.

Norsk prosessindustri har gjennomgått ei rivande utvikling dei siste tiåra, og den har langt på veg overlevd på grunn av stor omstillingsevne. Elkem i Kristiansand hadde ikkje eksistert i dag utan revolusjonerande ny teknologi. Satsing på kostnadskutt i den tradisjonelle marknaden var ikkje lenger eit alternativ. Og det finst mange liknande eksempel med ulik grad av omstilling.

Elkem forsking har ikkje berre utvikla teknologien for Elkem Solar. Fagmiljøet har hatt ei dominerande rolle i høgtemperatur  prosessutvikling nasjonalt og globalt. Det blir spennande å sjå kor tungt Bluestar vil satse på teknologiutvikling her i landet. Ikkje minst blir det spanande å sjå om det blir rom for teknologiutvikling utover etablerte forretningsområde slik det har vore tradisjon for i Elkem forsking.

Og her er vi ved kjernen i problemet. I eit land med vårt kostnadsnivå vil  prosessindustri trenge banebrytande innovasjon utanfor etablerte forretningsområde også i framtida. Spørsmålet er om dei utanlandske selskapa vil legge denne delen av si forsking i Norge. Statleg deleigarskap i nøkkelbedrifter i  strategiske bransjar kan bidra til nettopp dette.

Skal vi hindre avindustrialisering av Norge, er det viktig å ta debatten om korleis vi skal sikre kompetanse og fagmiljø som kan utvikle neste generasjons industri her i landet. Her er nasjonalt eigarskap eit viktig element. I dag er debatten fokusert på energiforsyning, og det er viktig. Men strategisk kompetanse må også vere med i debatten om vi skal unngå å bli pressa over på produkt der konkurransen primært går på pris.

Alf