Category Archives: Demokrati og folkestyre

Skyt ikkje på pianisten

God fagleg informasjon er viktig for den offentlege debatten og for demokratiet. Men det blåblå styret i Vest-Agder og Kristiansand vil tydeleg vis halde tilbake fakta som ikkje passar dei. I dag kan vi lese i Fædrelandsvennen at ein tilsett blei skjelt ut av fylkesordføraren fordi han nøkternt og sakleg har uttalt seg om innhaldet i ein fagleg rapport. Sentrale høgrepolitikarar i Kristiansand kasta seg også på denne urimelege kritikken. Dette er fullstendig uakseptabelt.

Skal demokratiet fungere, må folk flest ha relevant fagleg informasjon. Det er ikkje akseptabelt at den politiske leiinga vil sile faktainformasjon som er sentral for den offentlege debatten i konfliktfylte saker. Derfor er det viktig at vi har fagfolk med integritet og som ikkje lar seg presse til å justere fakta til det den til ei kvar tid sitjande makta likar.

Når ein leiar går laus på ein tilsett i offentlegheit for å redde sitt eige skinn, så er det svært dårleg leiarskap. Kommunar og fylkeskommunar kan ikkje vente å få gode fagfolk om dei behandlar dei på denne måten. Det skaper heller ikkje respekt for politikarane og det politiske systemet. Her bør det nye og etter kvart svært så sjølvgode maktapparatet på Sørlandet gå i seg sjølv.

Alf

Statleg eigarskap er ikkje b-eigarskap

”Forhåpentligvis har han (Giske) lært at han hverken er en Kjell Inge Røkke, en Stein Erik Hagen eller en John Fredriksen. Selv om Giske er sjef for den største eierandelen i norsk næringsliv, er han kun en forvalter på vegne av oss andre. Han eier ikke mer enn folk flest.” Dette skreiv Dagens næringsliv på leiarplass sist torsdag. Eg er sjølvsagt samd i at regjeringa skal forvalte sitt eigarskap på vegne av folket. Men i motsetning til det som Dagens næringsliv impliserer, så har regjeringa rett og plikt til å utøve eit like aktivt og direkte eigarskap som ein privat eigar.

I saka om Aker og Aker Solutions understreka kontrollkomiteen i Stortinget verdien av at ”staten som eier, på linje med andre industrielle eiere, deltar aktivt og tydelig med klare, velbegrunnede og selvstendige standpunkter knyttet til større strategiske industrielle disposisjoner i selskapet.” Det er sjølvsagt ingen grunn til at staten som representerer folket, skal vere mindre aktiv enn ein privat eigar, sjølv om mange ambisiøse styreleiarar og administrerande direktørar gjerne skulle like å få knesett eit slikt prinsipp.

Støyen kring Telenok kan også sjåast som ein kamp for å passivisere det statlege eigarskapet.

Ein kortare versjon av dette innlegget stor på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Alf

Bernander på ideologisk sidespor

Vårt eksportretta næringsliv står overfor krevjande utfordringar. I denne situasjonen er det underleg at Bernander vel å fokusere på privatisering av offentleg sektor. Det verkar som om han er meir opptatt av høgreideologi  enn av næringsutvikling.

Les meir her http://www.nyemeninger.no/alle_meninger/post230008.zrm

Vikarbyrådirektivet – ein trussel mot norsk arbeidsliv

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

EU har komme med eit nytt direktiv, vikarbyrådirektivet, som trugar sentrale verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv. Vikarbyrådirektivet bryt radikalt med dette prinsippet og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale.

Direktivet har to formål. På den eine sida skal det, slik Kari Henriksen skreiv her i avisa i romjula, skape meir ryddige forhold for i vikarbransjen, og det trengst! Fagorganiserte har lenge kravd ordna forhold for vikarar, med same lønns- og arbeidsforhold som fast tilsette. Fagrørsla krev også at tillitsvalde skal ha innsynsrett, at innleigebedriftene skal stå solidarisk ansvarleg for lønna til vikarane, og at dei tillitsvalde skal få rett til å gripe inn mot ulovleg vikarbruk. Men det er absolutt ingen ting som hindrar regjering og storting i å orden opp i dette utan noko EU-direktiv.

Det andre formålet med vikarbyrådirektivet er å legge til rette for meir bruk av vikarbyrå og vikarar. Fast tilsetjing i ei bedrift skal ikkje lenger vere det normale. No skal det bli like normalt med innleigd arbeidskraft der personalansvaret kan vere plassert ein heilt annan stad. Dette er ei skremmande utvikling som vi har sett konturane av lenge. De Facto har presentert tal som viser at dei seks største bemanningsselskapa har dobbelt så mange bygningsarbeidarar i Oslo som dei seks største entreprenørselskapa.

Utstrakt bruk av innleigd arbeidskraft fører til svakare tilknyting til arbeidsplassen, færre fagorganiserte og mindre tryggleik for arbeid og inntekt. Utan fast inntekt er det vanskeleg å få lån og skaffe seg bustad. Mange fryktar også at den utstrakte vikarbruken vil gå ut over fagutdanning og rekruttering fordi vi ikkje lenger har stabile arbeidsmiljø som kan ta i mot lærlingar og vidareutvikle faget.

Det alvorlegaste med vikarbyrådirektivet er at makta over lov og avtaleverk blir flytta frå norske styresmakter til EU – til ESA og EFTA-domstolen. Det bekymrar tydeleg vis ikkje tilhengarane av direktivet. Men NHO har skjønt dette og har erklært at dei med vikarbyrådirektivet i handa vil få EFTA-domstolen til å fjerne dei formuleringane i arbeidsmiljølova som hindrar uhemma vikarbruk. Dei vil ha eit lausarbeidarsamfunn. Det er ikkje utan grunn at det er fleire og fleire fagforbund som tar klart standpunkt mot direktivet og vil markere det med politisk streik 18. januar.

Alf Egil Holmelid, stortingsrepresentant for SV

Paul Magnus Gamlemshaug, tillitsvald i Posten og medlem Fagleg utval i SV

Frå mål til middel

Dette innlegget stod på trykk i Nationen i går.

Som venta er det ulike syn på stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken. Men nokre hovudtrekk går att i kommentarane til den nye landbruksmeldinga. Fleire kommentatorar og aktørar har uttalt at meldinga har mange gode målsettingar, men at det skortar på tiltak som kan realisere desse måla. Eg skal ikkje her drøfte konkretiseringsgraden i meldinga. Derimot vil eg peike på at det no er viktig å diskutere kva tiltak og kva verkemiddel som skal til for å nå dei måla som er presentert. Eg vil også driste meg til å komme med nokre innspel til denne debatten.

Eit av måla i meldinga er at norsk matvareproduksjon så langt som mogeleg skal baserast på norske ressursar. Noreg har avgrensa moglegheiter for kornproduksjon. Dersom vi skal nå dette målet, må vi auke bruken av grovfor og beite til erstatning for import av korn. I dag går utviklinga i motsett retning. Det er ikkje berre gris og kylling som lever av importert kraftfor. Også storfe lever i aukande grad av importert korn. Vi har ikkje tilstrekkeleg insentiv til å utnytte grovforressursane og beitelandet. Derfor må vi endre forholdet mellom kornpris og kostnadene ved å bruke grovfor.

Meldinga legg vekt på å sikre landbruk i heile landet, oppretthalde ein variert bruksstruktur og ta vare på dyrka jord. Med vår topografi inneber det at vi må ta vare på dei små og mellomstore bruka. Skal vi oppnå det, så må vi fjerne verkemiddel som verkar strukturdrivande. Eit slikt verkemiddel er privat omsettelege melkekvotar som Sponheim frå Venstre innførte for å få fart i strukturrasjonaliseringa. Denne ordninga er også med på å trekkje kapital ut av næringa.

I mitt heimfylke, Vest-Agder, er det få heiltidsbønder. Skal vi bevare den dyrka jorda i slike utsette område, må vi legge til rette for kombinasjonsbruk, slik stortingsmeldinga legg opp til. Her må vi utvikle tiltak som stimulerer til fleirsysleri. Når Dyreparken i Kristiansand satsar på lokalt utvikla og lokalt produsert mat, så er det eit eksempel på kva ein kan få til med innovasjon og godt regionalt samarbeid.

I diskusjonen om kjedemakt har eg vore opptatt av å setje fokus på kvalitet og variert tilbod framfor å overfokusere på pris.  Einsidig prisfokus vil ramme både bøndene og arbeidarane i næringsmiddelindustrien og i butikkane. Landbrukssamvirket er ein viktig berebjelke i norsk landbruks- og matpolitikk. Det har i hovudsak hatt fokus på volumproduksjon. No er kanskje tida moden for større produktvariasjon og for nisjeproduksjon. Det er viktig at landbrukssamvirket handterer desse utfordringane både for å auke verdiskapinga og for å styrke sin posisjon.

Dette innlegget er ikkje nokon freistnad på å presentere eit komplett sett av verkemiddel i landbrukspolitikken. Det er eit innspel til debatten om å utvikle verkemiddel som kan bringe oss i retning av dei måla som er presentert i landbruksmeldinga. Dermed er det ikkje sagt av vi skal slutte å diskutere måla. Men når vi diskuterer verkemiddela, så blir vi også betre i stand til å perfeksjonere måla og vise versa.

Og så ønskjer eg alle lesarane ei god jul og eit godt nytt år med friske debattar.

 

Alf

 

Vi treng eit nytt stort fornybarselskap

Dette innlegget stod på trykk i Dagens næringsliv i dag.

Stortinget har gitt Statoil føringar om å engasjere seg i fornybar energi. Men denne satsinga ser ut til å få lite merksemd  frå leiinga i konsernet. All erfaring viser at utan sterk støtte frå toppleiinga i ei bedrift så er det vanskeleg å utvikle nye forretningsområde. Derfor er det på tide å vurdere om vi bør skilje ut aktiviteten innan fornybar energi i eit eige selskap.

Det er ei kjent sak at nye satsingar ofte har tronge kår i etablerte organisasjonar. Nye innovative satsingar vil som oftast bli oppfatta som ein trussel mot dei etablerte forretningsområda i ei bedrift. Dei nye områda vil konkurrere om ressursar og om kompetanse, og ikkje minst om merksemd frå toppleiinga i selskapet. All erfaring viser at nye satsingar som bryt radikalt med etablerte forretningsområde, må vere forankra og ha sterk støtte hos toppleiinga i selskapet dersom dei skal ha sjanse til å vekse og utvikle seg.

Eg har tidlegare argumentert for at Statoil med sine økonomiske ressursar og sin teknologiske og operative kompetanse har svært gode føresetnader for å satse på fornybar energi. Det er ei oppfatning som blir delt av næringskomiteen på Stortinget. I merknadene til stortingsmeldinga om statleg eigarskap som blei lagt fram i tidlegare i år, uttalte fleirtalet i næringskomiteen at ”– Statoil som et ledende energiselskap også kan ha virksomhet innen fornybar energi, og ser positivt på at selskapet utvikler seg videre på dette området.”  I parlamentarisk språkbruk er dette ei klar føring.

Men det er svært lite som tyder på at styret og leiinga i Statoil gir fornybar energi den ekstra merksemda som nye innovative satsingar treng, og som Stortinget har bedt om. Vi ser også at det er i ferd med å oppstå eit stadig sterkare konkurranseforhold mellom dei etablerte forretningsområda og satsinga på fornybar energi. Det såg vi tydeleg då Statoil engasjerte seg mot CO2-avgift for gasskraftverk i England, og vi må gå ut i frå at det skjedde med godkjenning av toppleiinga i selskapet. Med denne aksjonen medverka selskapet til å forseinke omstillinga til fornybar energi. Det reduserer marknaden for nye energiformer og er dermed i direkte konflikt med interessene til den delen av selskapet som satsar på fornybar energi.

For å unngå slike interessekonfliktar bør ein vurdere å skilje ut fornybarsatsinga i Statoil i eit eige selskap. Ei slik omorganisering vil også legge til rette for å få eit leiarskap som er genuint interessert i å utvikle denne verksemda, og det er ein viktig føresetnad for suksess. Ein annan viktig føresetnad for å lukkast innan fornybar energi, er å tenkje langsiktig. Derfor er det viktig at selskapet får nok eigenkapital frå starten. Det er også viktig at selskapet får både fornybarkompetanse og anna relevant industriell kompetanse frå starten av, slik at det raskt kan bli ein betydeleg aktør.

Organiseringa av eit nytt fornybarselskap kan diskuterast. Det viktige no er å få ein debatt om realismen i å satse på at Statoil kan bli ein spydspiss på dette området gitt dei erfaringane vi har så langt.

Alf

Rema- og Rimibønder

Denne minikronikken stod på trykk i Nationen i går.

Matkjedeutvalet blei heftig diskutert då rapporten blei lagt fram i vår. Men debatten stilna raskt, og spørsmåla blei aldri eit tema i valkampen.
Utvalet dokumenterer at vi har ein ekstrem maktkonsentrasjon hos dei fire kjedene som deler marknaden mellom seg. Det er ein maktkonsentrasjon som rammar både forbrukarane, dei tilsette og bøndene. Dersom vi lar denne utviklinga halde fram, kan vi om nokre år komme i ein situasjon der landbrukssamvirket er skvisa ut og vi snakkar om Rema- og Rimibønder.

Konkurransetilsynet hevdar at det ikkje er mangel på konkurranse fordi det er fire kjeder i marknaden. Men då let dei att auga for det største problemet som er ein stadig aukande kontroll bakover i leveransekjeda. Kjedene har kvar for seg store deler av marknaden og kan bruke denne marknadsmakta i forhandlingar med leverandørane. I tillegg har dei kontroll over distribusjonen. Dei kontrollerer distribusjonen frå leverandør til eigne grossistlager og vidare ut til butikkane. Sterk satsing på eigne merkevarer har ytterlegare styrka kjedene si makt over leverandørane og matvaremarknaden.

Kjedene har skaffa seg makt til å bestemme vilkåra og ”låse inne” leverandørane. Det blir praktisk talt umogeleg for nye butikkar og nye butikkjedar å få tak i varer. Når leverandørane er kontrollert av kjedene, hindrar det også knoppskyting og innovasjon blant leverandørane som ikkje har andre å gå til med sine idear og produkt. Kjedemakta gjer det også vanskeleg å komme inn i butikkane med lokalt produserte varer.

Landbrukssamvirket står i fare for å bli knekt av kjedemakta med aktiv velsigning frå Konkurransetilsynet. Om nokre år kan vi ha Rema- og Rimibønder. Det har alt skjedd på frukt og grønt, og er i ferd med å skje på kjøtvarer. Dermed får vi problem med prisreguleringa og mottaksplikta. Ein solidarisk institusjon som er viktig for å sikre eit overordna politisk mål om å drive landbruk i heile landet, står i fare.

Men det er ikkje berre uballanse i maktforholda mellom leverandør og matkjede. Matkjedeutvalet har også peika på at det er grunn til å sjå nærare på franchisesystemet. Her har kjedene makt og kontroll, medan butikkeigaren har alt ansvaret. Fagrørsla har lenge stilt spørsmålsteikn ved dette systemet. Dei tilsette er ikkje representert der den reelle makta ligg.

Når det blir sterk uballanse i maktforholda i samfunnet, er det politikarane sitt ansvar å vurdere kva som kan gjerast for å skape ballane mellom dei ulike aktørane. Fleirtalet i Matkjedeutvalet har peika på ein del tiltak. Det sentrale forslaget går ut på å lage spelereglar for samhandlinga mellom dei ulike aktørane. Spelereglar og openheit fører ofte til ryddigare forhold og kan vere med på å utjamne maktforholda.

Men fleirtalet i utvalet går ikkje langt nok. Utviklinga har komme så langt at det må sterkare lut til. Vi har fått rask vekst i krysseigarskap og vertikal integrasjon. Dette har skjedd utan at konkurransetilsynet har funne grunn til å gripe inn. Det viser at et er nødvendig med lovendringar på dette området. Mindretalet i Matkjedeutvalet har bedt om ei utgreiing om nye eigarskapsavgrensingar. Dersom ein ønskjer å ta vare på forbrukarane, landbruket og dei tilsette, så må politikarane følgje opp mindretalet i utvalet.

Alf

Utfordringar til Sørlandsutvalet

I går presenterte vi Sørlandsutvalet som skal komme med innspel til næringsutvikling og regional utvikling på Agder. Bakgrunnen er at Sørlandet er ein motsetningsfylt landsdel. På den eine sida har vi ein framgangsrik  industri. På den andre sida har vi mange unge på trygd, og vi ligg på botnen  når det gjeld likestilling.

Då vi presenterte utvalet, peika eg på tre utfordringar. For det første bør utvalet merke seg at dei største forskjellane ikkje går langs aust-vest-aksen. Dei går langs nord-sør-aksen, mellom kysten og innlandet. Dessutan går dei mellom dei som er i arbeidslivet og dei som har falle utanfor.

For det andre treng Agder ei langt sterkare satsing på innovasjon. Næringslivet er dominert av to bransjar, offshore leverandørindustri og prosessindustri. Begge bransjane er i stor grad dominert av utanlandske eigarar, og dei er sterkt eksponert for internasjonale konjunkturar. Derfor treng vi å satse både på bedriftsintern innovasjon gründerskap for å sikre ein robust næringsstruktur. Med basis i verdsleiande teknologiske kompetanse og lang internasjonale erfaring ha Agder gode føresetnader for å utvikle nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Men det må satsast langt meir målretta enn i dag. Lønsemda i dagens næringsliv må ikkje bli ei sovepute.

Til sist bad eg utvalet hugse på at god næringspolitikk og god miljøpolitikk er to sider av same sak. Vi har mange eksempel på dette på Sørlandet. Personleg jobba eg på Elkem då prosessindustrien fekk reinsekrav for nokre tiår sidan. Mange frykta at det ville føre til nedlegging av denne industrien. Med vi opplevde det motsette. Det blei satsa på reinseteknologi som ikkje berre fjerna utsleppa, men som også etter kvart erobra verdsmarknaden. Og avfallsprodukta blei foredla til høgverdige produkt. Utan denne miljøsatsinga hadde vi knapt hatt prosessindustri i Noreg i dag.

Alf

Politikk for eit breitt fellesskap

Denne kronikken stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Då bomba og skota smalt i Oslo og på Utøya, tenkte eg at no kan vi få eit kaldt, splitta og overvaka samfunn. Men så opplever vi ei stemningsbølgje som går i motsett retning. Verdiar som mange frykta var på vikande front, er no på alle sine lepper. Vi opplever ein varme og eit fellesskap som vi sjeldan har sett maken til. Utfordringa er å ta med seg desse verdiane inn i ein krevjande kvardag.

Det har ikkje alltid vore like lett å argumentere for fellesskap, openheit og eit fleirkulturelt samfunn. Slike haldningar har ofte blitt utdefinert som ”politisk korrekte” og snillistiske. Men no er desse verdiane løfta fram av heile folket i protest mot terroren. Det er ei god oppleving som gjer den vanskelege tida lettare å bere. Og eit slikt engasjement fortener å bli følgt opp av politisk handling.

Naboen min kom ein dag bort til meg og sa: ”Eg stolar på at du er ei vaktbikkje som passar på at ingen får rømme frå dei verdiane som no dominerer samfunnsdebatten og det folkelege engasjementet. Ta vare på dei positive utalane og bruk dei når den politiske kvardagen kjem.” Dette er ei utfordring som vi alle bør ta med oss. Vi har ein sjanse som vi ikkje bør skusle bort.

Internasjonalt er det mange som har merka seg at Noreg møtte den skræmande terroren med krav om meir demokrati, meir openheit og meir humanitet, og at dette fekk massiv og varm folkeleg støtte. Mange utanlandske kommentatorar har undra seg over at reaksjonen på terroren blei samhald og fellesskap, ikkje hat og aggresjon. Det finst knapt noko fasitsvar på kva som ligg bak denne reaksjonen. Men kanskje kan vår samfunnsmodell med små forskjellar mellom folk vere ei medverkande årsak, i tillegg til ei stødig handtering frå vår statsminister og alle involverte.

Vi har relativt små forskjellar her i landet i forhold til andre land. Avstanden mellom dei som styrer og folk flest er også mindre. Ei undersøking frå EU viser at innbyggarane i Noreg og resten av Norden har større tillit til det politiske systemet enn i resten av Europa. Den same undersøkinga viser også at nordmenn har stor tillit til offentlege tenester i forhold til folk i andre land. Kan vårt nære og relativt solidariske og egalitære samfunn vere ei av årsakene til at terroren utløyste meir fellesskap, ikkje meir aggresjon?

Det norske fellesskapet omfattar også våre nye landsmenn. Terroren ramma oss alle. Etter kvart klarte det offentlege Noreg og media å ta dette inn over seg. Folk med ulik kulturell og religiøs bakgrunn deltok i den nasjonale sorga og i mobiliseringa for eit opnare og meir demokratisk samfunn.  Det har truleg medverka til å bygge eit fellesskap der nye grupper kjenner seg velkomne i det store vi. I så fall har vi oppnådd noko verdifullt som det er viktig å ta vare på.

Mange har lagt vekt på at det er behov for å endre tonen i den offentlege debatten. Vi har til tider ein debatt som er meir prega av skjellsord enn av argumentasjon. Heile folkegrupper blir av enkelte omtalt med sterkt nedsetjande karakteristikkar . Her har vi alle eit ansvar for å skape ein debatt utan hatefull omtale av medmenneske. Usemje og konflikt er ein naturleg del av samfunnsdebatten og demokratiet, og det må vere lov å bruke følelsar i debatten. Men gruppestigmatisering, skjellsord og konspirasjonsteoriar utan substans må ikkje få vinne over saklege argument og humane verdiar.

Men det er ikkje nok å endre debattforma. Politikken må også få eit innhald i tråd med dei verdiane som folk har slutta opp om etter 22. juli. Vi må vidareutvikle den norske velferdsmodellen og kjempe for eit samfunn bygd på nærleik, gode fellesskapsløysingar og moderate forskjellar. Det skaper solidaritet, fellesskap og tryggleik, både i det daglege og i krisesituasjonar. Vi må også utvide og styrke demokratiet i møte med stadig sterkare marknadskrefter.

I mange europeiske land ser vi eit aukande konfliktnivå som er skapt av store forskjellar og av nedskjeringar som rammar dei som har minst frå før. I by etter by og land etter land går folk ut i gatene for å uttrykkje sin frustrasjon over den politikken som blir ført. Klarer vi å unngå ei slik utvikling og oppretthalde eit samfunn med moderate forskjellar, er det lettare å bygge eit breitt fellesskap.

Vi må bygge eit fellesskap som også omfattar innvandrarane. Dei kjem frå nært og fjernt. Mange har komme fordi vi treng arbeidskraft, og andre har komme for å få vern mot terror. Innvandrargruppa er mangfaldig, og det er også dei utfordringane vi står overfor i integreringsarbeidet. Men samanlikna med andre land, så går det ikkje så dårleg med integreringa som enkelte vil ha det til.

Går vi inn i statistikken, ser vi at innvandrarane er opptatt av å skaffe seg utdanning. Gjennomføringsgraden i vidaregåande skole er nesten like høg for norskfødde barn med innvandrarforeldre som for andre elevar. Statistikken viser også at norskfødde barn med innvandrarforeldre oftare tar høgare utdanning enn andre ungdommar. Dette er eit godt grunnlag for aktiv deltaking i arbeidsliv og samfunnsliv.

Kommunar og fylkeskommunar har eit stort ansvar i arbeidet med å vidareutvikle eit breitt fellesskap som inkluderer alle. Kommunesektoren har ansvar for barnehage og skole, for kulturtilbod og for eit vidt spekter av velferdstilbod. Dette er arenaer for fellesskap der det kan byggast bru mellom folk med ulik økonomisk, sosial, kulturell og religiøs bakgrunn.  Ved å vidareutvikle offentlege fellesskapsløysingar og fellestenester med rom for mangfald bygger vi det breie fellesskapet.

Alf

Fleirkulturelt samfunn

I kveld var det minnemarkering i Kristiansand for terroroffera i Oslo og på Utøya. Fylkesmannen i Vest-Agder, Ann-Kristin Olsen, heldt ei flott tale med tankevekkjande utfordringar til oss alle. Etter min hukommelse sa ho blant anna at ”Vi har verda sine auge på oss, og vi skal vise at vi kan skape eit raust fleirkulturelt samfunn, at det er veien.”  Kan det seiast enklare og betre?

Vi har alle ein jobb å gjere for at fylkesmannen sine ord skal bli realitet. Kristin Halvorsen hadde fokus på det same då ho snakka til deltakarane på Norway Cup i går. Den stemninga som har vakse fram etter terrorangrepa i Oslo og på Utøya, har lagt grunnlaget for ei utvilkling i tråd med visjonen til fylkesmannen. No er det viktig å halde fast på dette utgangspunktet og konvertere visjon til konkret politikk.  Vi har fått ein unik anledning som vi må bruke til å skape eit varmt fleirkulturelt samfunn. Det fortener dei som blei råka av terroren.

Alf