Cultiva, seg sjølv nok?

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.
I eit innlegg i Fædrelandsvennen 16.
september legg Cultiva for dagen ei uvanleg sjølvgod haldning. Vi har ingen
planar om å forandre vår strategi. Den er forankra der den skal, i eit
handlekraftig styre, heiter det. Og prosessen fram til styrevedtak bør ingen
tillate seg å ha meiningar om får vi beskjed om.

Det er nettopp slike haldningar som har
ført Cultiva ut i dei konfliktane vi har sett den siste tida. Ein institusjon
som tar mål av seg til å vere ein spydspiss innafor kulturlivet, må våge å ha
ein open dialog med kulturliv og samfunnsliv før vedtak blir fatta. Den må også
føre ein open politikk som skaper tillit til at kvalitet er eit viktig element
i vurdering av kva som skal finansierast.

Innlegget frå Cultiva legg vekt på at stiftelsen ikkje har brote nokre spelereglar. Å halde seg innafor regelverket er mildt sagt ei lite ambisiøs målsetting for ein organisasjon som har innovasjon, nytenking og kreativitet nedfelt i sine vedtekter. Til overmål blir det lagt vekt på at Cultiva er ein sjølvstendig stiftelse som ikkje treng bry seg om pressgrupper som i dette tilfelle er engasjerte personar og grupper med interesse for kultur og samfunnsutvikling. Så lettvint avvising av andre syn, og så sjølvgod haldning til alternative tankar passar dårleg til ein organisasjon som Cultiva.

Cultiva blei skapt av midlar som elles ville ha gått til kommunekassa i Kristiansand, og som dermed blei tatt ut av normal folkevald kontroll. Denne prosessen blei i ei evaluering karakterisert som lite demokratisk. Dei som kjempa fram ei slik løysing, var tydeleg vis opptatt av å skape ein organisasjon som hadde ein annan funksjon enn dei kommunale organa. No er vi i ferd med å få ein organisasjon som overlappar ein offentleg etat, men utan å vere underlagt dei same demokratiske prinsippa som kommunale organ. Det er underleg at Cultiva ikkje er villig til å erkjenne denne viktige prinsipielle problemstillinga.

No har vi fått signal om at Cultiva ikkje har midlar å dele ut med det første. Kanskje styret då kunne ta ein liten tenkjepause framfor å sende ut meldingar om at vi bør la vere å bry oss dersom vi ikkje legg oss flate for det handlekraftige styret.

Alf

Skarpare i kantane

I stortingsvalet for to år sidan opplevde vi at mange var samde med SV i viktige saker, men at dei like vel gav si stemme til andre. Derfor blei det etter valet lagt vekt på å breie ut partiet slik at vi skulle bli eit truverdig alternativ på fleire område.

I denne valkampen har media skapt eit inntrykk av manglande gjennomslag på kjerneområda våre, miljø, fordeling og antiimperialisme. Paradokset er at ein del av dei som ternkjer slik, går til det partiet som vi må kjempe mot for å få gjennomslag på desse områda. Dette er ein situasjon som vi må møte med tydlegare tale slik Karen Andersen har gjort i Aftenposten. Vi er mange som kunne komme med liknande forteljingar.

Å utvikle ei breiare politisk plattform kan vere positivt for å skape truverde. Men å vere god på alt, er vel ein profil som passar best for dei store partia nærare sentrum. For SV i motgang er det viktig å vere tydeleg på kva vi vil kjempe for og kva vi vil be veljarane om støtte til. SV må skape engasjement i tillegg til truverde om vi skal vinne tilbake veljarane.

Det er ikkje minst viktig å vise folk kva vi står for på våre kjerneområde. Vi har flytta regjeringa til venstre på mange område. Det er nok å minne om kva Stoltenberg si første regjering stod for. Vi kan vere stolte av dei kompromissa vi har oppnådd, men det er vanskeleg å vise kva som hadde skjedd utan oss. Det er også eit stort problemet er at folk etter kvart ikkje kjenner våre prinsipale standpunkt, og at vi har skapt for lite rom for å utvikle ny offensiv politikk i dialog med veljarane.

Skal vi skape engasjement og gjere våre kjernevelgarar stolte av å vere med på eit viktig prosjekt, må vi bruke meir tid på å vise fram og vidareutvikle vår eigen politikk i det offentlege rom, ikkje berre skryte av regjeringa. Media
vil angripe oss for å krangle, men det må vi lære oss å leve med. Om vi ikkje får gjennomslag i denne regjeringsperioden, må vi ha tydelege krav å mobilisere på til den neste.

SV har vore dei mest lojale i forhold til det raudgrøne regjeringsprosjektet, noko ikkje minst LO burde merkje seg i større grad enn hittil. Skal vi bere det vidare, er det heilt nødvendig at vi skjerpar vår eigen profil og synleggjer våre resultat.

Alf

Rema- og Rimibønder

Denne minikronikken stod på trykk i Nationen i går.

Matkjedeutvalet blei heftig diskutert då rapporten blei lagt fram i vår. Men debatten stilna raskt, og spørsmåla blei aldri eit tema i valkampen.
Utvalet dokumenterer at vi har ein ekstrem maktkonsentrasjon hos dei fire kjedene som deler marknaden mellom seg. Det er ein maktkonsentrasjon som rammar både forbrukarane, dei tilsette og bøndene. Dersom vi lar denne utviklinga halde fram, kan vi om nokre år komme i ein situasjon der landbrukssamvirket er skvisa ut og vi snakkar om Rema- og Rimibønder.

Konkurransetilsynet hevdar at det ikkje er mangel på konkurranse fordi det er fire kjeder i marknaden. Men då let dei att auga for det største problemet som er ein stadig aukande kontroll bakover i leveransekjeda. Kjedene har kvar for seg store deler av marknaden og kan bruke denne marknadsmakta i forhandlingar med leverandørane. I tillegg har dei kontroll over distribusjonen. Dei kontrollerer distribusjonen frå leverandør til eigne grossistlager og vidare ut til butikkane. Sterk satsing på eigne merkevarer har ytterlegare styrka kjedene si makt over leverandørane og matvaremarknaden.

Kjedene har skaffa seg makt til å bestemme vilkåra og ”låse inne” leverandørane. Det blir praktisk talt umogeleg for nye butikkar og nye butikkjedar å få tak i varer. Når leverandørane er kontrollert av kjedene, hindrar det også knoppskyting og innovasjon blant leverandørane som ikkje har andre å gå til med sine idear og produkt. Kjedemakta gjer det også vanskeleg å komme inn i butikkane med lokalt produserte varer.

Landbrukssamvirket står i fare for å bli knekt av kjedemakta med aktiv velsigning frå Konkurransetilsynet. Om nokre år kan vi ha Rema- og Rimibønder. Det har alt skjedd på frukt og grønt, og er i ferd med å skje på kjøtvarer. Dermed får vi problem med prisreguleringa og mottaksplikta. Ein solidarisk institusjon som er viktig for å sikre eit overordna politisk mål om å drive landbruk i heile landet, står i fare.

Men det er ikkje berre uballanse i maktforholda mellom leverandør og matkjede. Matkjedeutvalet har også peika på at det er grunn til å sjå nærare på franchisesystemet. Her har kjedene makt og kontroll, medan butikkeigaren har alt ansvaret. Fagrørsla har lenge stilt spørsmålsteikn ved dette systemet. Dei tilsette er ikkje representert der den reelle makta ligg.

Når det blir sterk uballanse i maktforholda i samfunnet, er det politikarane sitt ansvar å vurdere kva som kan gjerast for å skape ballane mellom dei ulike aktørane. Fleirtalet i Matkjedeutvalet har peika på ein del tiltak. Det sentrale forslaget går ut på å lage spelereglar for samhandlinga mellom dei ulike aktørane. Spelereglar og openheit fører ofte til ryddigare forhold og kan vere med på å utjamne maktforholda.

Men fleirtalet i utvalet går ikkje langt nok. Utviklinga har komme så langt at det må sterkare lut til. Vi har fått rask vekst i krysseigarskap og vertikal integrasjon. Dette har skjedd utan at konkurransetilsynet har funne grunn til å gripe inn. Det viser at et er nødvendig med lovendringar på dette området. Mindretalet i Matkjedeutvalet har bedt om ei utgreiing om nye eigarskapsavgrensingar. Dersom ein ønskjer å ta vare på forbrukarane, landbruket og dei tilsette, så må politikarane følgje opp mindretalet i utvalet.

Alf

Utfordringar til Sørlandsutvalet

I går presenterte vi Sørlandsutvalet som skal komme med innspel til næringsutvikling og regional utvikling på Agder. Bakgrunnen er at Sørlandet er ein motsetningsfylt landsdel. På den eine sida har vi ein framgangsrik  industri. På den andre sida har vi mange unge på trygd, og vi ligg på botnen  når det gjeld likestilling.

Då vi presenterte utvalet, peika eg på tre utfordringar. For det første bør utvalet merke seg at dei største forskjellane ikkje går langs aust-vest-aksen. Dei går langs nord-sør-aksen, mellom kysten og innlandet. Dessutan går dei mellom dei som er i arbeidslivet og dei som har falle utanfor.

For det andre treng Agder ei langt sterkare satsing på innovasjon. Næringslivet er dominert av to bransjar, offshore leverandørindustri og prosessindustri. Begge bransjane er i stor grad dominert av utanlandske eigarar, og dei er sterkt eksponert for internasjonale konjunkturar. Derfor treng vi å satse både på bedriftsintern innovasjon gründerskap for å sikre ein robust næringsstruktur. Med basis i verdsleiande teknologiske kompetanse og lang internasjonale erfaring ha Agder gode føresetnader for å utvikle nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Men det må satsast langt meir målretta enn i dag. Lønsemda i dagens næringsliv må ikkje bli ei sovepute.

Til sist bad eg utvalet hugse på at god næringspolitikk og god miljøpolitikk er to sider av same sak. Vi har mange eksempel på dette på Sørlandet. Personleg jobba eg på Elkem då prosessindustrien fekk reinsekrav for nokre tiår sidan. Mange frykta at det ville føre til nedlegging av denne industrien. Med vi opplevde det motsette. Det blei satsa på reinseteknologi som ikkje berre fjerna utsleppa, men som også etter kvart erobra verdsmarknaden. Og avfallsprodukta blei foredla til høgverdige produkt. Utan denne miljøsatsinga hadde vi knapt hatt prosessindustri i Noreg i dag.

Alf

Politikk for eit breitt fellesskap

Denne kronikken stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Då bomba og skota smalt i Oslo og på Utøya, tenkte eg at no kan vi få eit kaldt, splitta og overvaka samfunn. Men så opplever vi ei stemningsbølgje som går i motsett retning. Verdiar som mange frykta var på vikande front, er no på alle sine lepper. Vi opplever ein varme og eit fellesskap som vi sjeldan har sett maken til. Utfordringa er å ta med seg desse verdiane inn i ein krevjande kvardag.

Det har ikkje alltid vore like lett å argumentere for fellesskap, openheit og eit fleirkulturelt samfunn. Slike haldningar har ofte blitt utdefinert som ”politisk korrekte” og snillistiske. Men no er desse verdiane løfta fram av heile folket i protest mot terroren. Det er ei god oppleving som gjer den vanskelege tida lettare å bere. Og eit slikt engasjement fortener å bli følgt opp av politisk handling.

Naboen min kom ein dag bort til meg og sa: ”Eg stolar på at du er ei vaktbikkje som passar på at ingen får rømme frå dei verdiane som no dominerer samfunnsdebatten og det folkelege engasjementet. Ta vare på dei positive utalane og bruk dei når den politiske kvardagen kjem.” Dette er ei utfordring som vi alle bør ta med oss. Vi har ein sjanse som vi ikkje bør skusle bort.

Internasjonalt er det mange som har merka seg at Noreg møtte den skræmande terroren med krav om meir demokrati, meir openheit og meir humanitet, og at dette fekk massiv og varm folkeleg støtte. Mange utanlandske kommentatorar har undra seg over at reaksjonen på terroren blei samhald og fellesskap, ikkje hat og aggresjon. Det finst knapt noko fasitsvar på kva som ligg bak denne reaksjonen. Men kanskje kan vår samfunnsmodell med små forskjellar mellom folk vere ei medverkande årsak, i tillegg til ei stødig handtering frå vår statsminister og alle involverte.

Vi har relativt små forskjellar her i landet i forhold til andre land. Avstanden mellom dei som styrer og folk flest er også mindre. Ei undersøking frå EU viser at innbyggarane i Noreg og resten av Norden har større tillit til det politiske systemet enn i resten av Europa. Den same undersøkinga viser også at nordmenn har stor tillit til offentlege tenester i forhold til folk i andre land. Kan vårt nære og relativt solidariske og egalitære samfunn vere ei av årsakene til at terroren utløyste meir fellesskap, ikkje meir aggresjon?

Det norske fellesskapet omfattar også våre nye landsmenn. Terroren ramma oss alle. Etter kvart klarte det offentlege Noreg og media å ta dette inn over seg. Folk med ulik kulturell og religiøs bakgrunn deltok i den nasjonale sorga og i mobiliseringa for eit opnare og meir demokratisk samfunn.  Det har truleg medverka til å bygge eit fellesskap der nye grupper kjenner seg velkomne i det store vi. I så fall har vi oppnådd noko verdifullt som det er viktig å ta vare på.

Mange har lagt vekt på at det er behov for å endre tonen i den offentlege debatten. Vi har til tider ein debatt som er meir prega av skjellsord enn av argumentasjon. Heile folkegrupper blir av enkelte omtalt med sterkt nedsetjande karakteristikkar . Her har vi alle eit ansvar for å skape ein debatt utan hatefull omtale av medmenneske. Usemje og konflikt er ein naturleg del av samfunnsdebatten og demokratiet, og det må vere lov å bruke følelsar i debatten. Men gruppestigmatisering, skjellsord og konspirasjonsteoriar utan substans må ikkje få vinne over saklege argument og humane verdiar.

Men det er ikkje nok å endre debattforma. Politikken må også få eit innhald i tråd med dei verdiane som folk har slutta opp om etter 22. juli. Vi må vidareutvikle den norske velferdsmodellen og kjempe for eit samfunn bygd på nærleik, gode fellesskapsløysingar og moderate forskjellar. Det skaper solidaritet, fellesskap og tryggleik, både i det daglege og i krisesituasjonar. Vi må også utvide og styrke demokratiet i møte med stadig sterkare marknadskrefter.

I mange europeiske land ser vi eit aukande konfliktnivå som er skapt av store forskjellar og av nedskjeringar som rammar dei som har minst frå før. I by etter by og land etter land går folk ut i gatene for å uttrykkje sin frustrasjon over den politikken som blir ført. Klarer vi å unngå ei slik utvikling og oppretthalde eit samfunn med moderate forskjellar, er det lettare å bygge eit breitt fellesskap.

Vi må bygge eit fellesskap som også omfattar innvandrarane. Dei kjem frå nært og fjernt. Mange har komme fordi vi treng arbeidskraft, og andre har komme for å få vern mot terror. Innvandrargruppa er mangfaldig, og det er også dei utfordringane vi står overfor i integreringsarbeidet. Men samanlikna med andre land, så går det ikkje så dårleg med integreringa som enkelte vil ha det til.

Går vi inn i statistikken, ser vi at innvandrarane er opptatt av å skaffe seg utdanning. Gjennomføringsgraden i vidaregåande skole er nesten like høg for norskfødde barn med innvandrarforeldre som for andre elevar. Statistikken viser også at norskfødde barn med innvandrarforeldre oftare tar høgare utdanning enn andre ungdommar. Dette er eit godt grunnlag for aktiv deltaking i arbeidsliv og samfunnsliv.

Kommunar og fylkeskommunar har eit stort ansvar i arbeidet med å vidareutvikle eit breitt fellesskap som inkluderer alle. Kommunesektoren har ansvar for barnehage og skole, for kulturtilbod og for eit vidt spekter av velferdstilbod. Dette er arenaer for fellesskap der det kan byggast bru mellom folk med ulik økonomisk, sosial, kulturell og religiøs bakgrunn.  Ved å vidareutvikle offentlege fellesskapsløysingar og fellestenester med rom for mangfald bygger vi det breie fellesskapet.

Alf

Fleirkulturelt samfunn

I kveld var det minnemarkering i Kristiansand for terroroffera i Oslo og på Utøya. Fylkesmannen i Vest-Agder, Ann-Kristin Olsen, heldt ei flott tale med tankevekkjande utfordringar til oss alle. Etter min hukommelse sa ho blant anna at ”Vi har verda sine auge på oss, og vi skal vise at vi kan skape eit raust fleirkulturelt samfunn, at det er veien.”  Kan det seiast enklare og betre?

Vi har alle ein jobb å gjere for at fylkesmannen sine ord skal bli realitet. Kristin Halvorsen hadde fokus på det same då ho snakka til deltakarane på Norway Cup i går. Den stemninga som har vakse fram etter terrorangrepa i Oslo og på Utøya, har lagt grunnlaget for ei utvilkling i tråd med visjonen til fylkesmannen. No er det viktig å halde fast på dette utgangspunktet og konvertere visjon til konkret politikk.  Vi har fått ein unik anledning som vi må bruke til å skape eit varmt fleirkulturelt samfunn. Det fortener dei som blei råka av terroren.

Alf

Vi må ta vare på det breie fellesskapet

Mange tankar for gjennom hovudet etter kvart som omfanget av den fryktelege terrorhandlinga seig inn over oss sist helg. Tankane gjekk til dei som blei ramma av det vonde og utenkjelege, og til deira næraste. Og etter kvart kom spørsmåla. Kva er det som kan få nokon til å myrde forsvarslause, samfunnsengasjerte ungdomar? Kva ligg bak? Kva vil skje med det norske samfunnet?

Mange har skrive gode og viktige kommentarar og analyser, og fleire vil komme. Men det eg er mest opptatt av no, er den stemninga som er skapt etter terrorhandlinga, og korleis vi kan ta vare på den vidare. Min første tanke var at no kan vi få eit kaldt, splitta og overvaka samfunn. Men så er vi i ferd med å oppleve det motsette.

Verdiar som mange av oss har frykta var på vikande front, er no på alle sine lepper. Det har ikkje alltid vore like lett å argumentere for og kjempe for fellesskap, openheit og fleirkulturelt mangfald. Ofte har slike verdiar blitt utdefinert som ”politisk korrekte”. Men no er desse verdiane på alle sine lepper. Det er ei god oppleving som gjer den vanskelege tida lettare å bere.

Utfordringa for oss alle er å ta vare på det opne og solidariske fellesskapet inn i den nye kvardagen. Naboen min kom i dag bort til meg og sa: ”Eg stolar på at du er ei vaktbikkje som passar på at ingen får rømme frå dei verdiane som no dominerer samfunnsdebatten og det folkelege engasjementet. Ta vare på dei positive utalane og bruk dei når den politiske kvardagen kjem.” Og det er nettopp det eg tenkjer å gjere, så langt eg maktar. Dei som har blitt råka av terroren, fortener det.

Alf

Miljø og klima – vår tids næringspolitikk

Dette innlegget stod på trykk i Klassekampen i går.

FrP og NHO har gått til angrep på klimaforliket. Dei argumenterer for at ei
offensiv klimasatsing med nasjonale mål for CO2-reduksjon er ein trussel mot
industri og næringsliv. Men realitetane er det motsette. Ein offensiv klima- og
miljøpolitikk er ein føresetnad for å legge til rette for eit framtidsretta og
berekraftig næringsliv.

Norsk industri har eit høgt teknologisk nivå og er avhengig av høg innovasjonsgrad for å opprettehalde sin posisjon. Vi har erfaring for at nye utfordringar generelt og nye miljøkrav spesielt fører til innovasjon. Då
ferrolegeringsindustrien for nokre tiår sidan fekk nye reinsekrav, var det
mange som frykta nedlegging og utflytting. Men i staden fekk vi mange
innovasjonar. Vi fekk ny reinseteknologi for ein global marknad, avfall blei
til nye produkt, og prosessane blei meir energieffektive.

Noreg var også eit føregangsland då det blei innført CO2-avgift på norsk sokkel i
1991. Det var mange protestar, men no skryt bransjen av dei positive resultata
av dette tiltaket. I den nye stortingsmeldinga om norsk oljepolitikk står det
at avgifta har skapt innovasjon og utløyst tiltak som har redusert CO2-utsleppa
med 40 mill. tonn.

Det er all grunn til å tru at klimaforliket vil bidra til ny innovasjon som vil
trygge framtida til norsk industri. Men det vil krevje eit tett samarbeid
mellom industrien og styresmaktene. SV har lansert tanken om eit klimafond. For bedriftene vil det vere ein fordel å ta større innovative investeringar framfor
å betale for CO2-kvotar i lang tid framover. Dei nasjonale klimamåla kombinert
med eit klimafond vil legge til rette for slik innovasjon.

Oljeaktiviteten på sokkelen betyr mykje i vårt nasjonale miljørekneskap og må ta sin del av dei nasjonale klimakutta. Ei offensiv klimasatsing på sokkelen er også positivt for norsk leverandørindustri som blei utvikla med sokkelen som ein krevjande heimemarknad. Nye klimatiltak vil bli ein ny krevjande heimemarknad. Alternativet kan bli at norsk leverandørindustrien misser det teknologiske forspranget den har i dag.

I debatten om klimaforliket har vi lett for å gløyme at vi har over førti tusen
arbeidsplassar i bransjar som er avhengige av ei offensiv klima- og
miljøsatsing. Vi kan nemne område som fornybar energi, elkraft, ressurshandtering og energieffektivisering. I tillegg kjem verftsindustrien og transportsektoren. Det er viktig at dei som representerer desse bransjane, også kjem på bana i debatten om klimapolitikk og næringsutvikling.

Tanken bak klimaforliket er at Noreg som har store klimautslepp, og som er eit
høgteknologisk og rikt land, må vise at det er mogeleg å redusere dei nasjonale
klimautsleppa. I motsatt fall er det vanskeleg å forvente at land med mindre
ressursar skal stille opp. FrP har aldri akseptert klimatrusselen. Derfor er
det naturleg at partiet går til angrep på klimaforliket. At Bernander følgjer opp,
er meir overraskande. Kampen mot klimaforliket er i realiteten ein kamp mot ei
framtidsretta næringsutvikling her i landet.

Alf

LO og miljøvennleg aluminiumsindustri

Dette innlegget stor på trykk i Dagens Næringsliv i går. Det er svar på eit innlegg som stod i avisa 11. juli med utgangspunkt i eit intervju med meg 6. juli.

I eit intervju med Dagens Næringsliv (6. juli) sa eg at det er fullt mogeleg å føre ein offensiv industripolitikk utan å bryte klimaforliket.
Med utgangspunkt i dette intervjuet stiller LO-økonom Eystein Gjelsvik nokre spørsmål om prisen på elektrisk kraft til norsk aluminiumsindustri.

Bakgrunnen er europeisk klimapolitikk og norsk energipolitikk. Kraftverka
i EU må betale for klimakvotar, og det fører til auke i kraftprisen. Sidan vi
har marknadsstyrt kraftomsetning her i landet, forplantar prisauken seg til
Noreg. I EU er det diskusjonar om å kompensere for prisauken for deler av
industrien for å hindre at bedrifter flytter til land med svakare klimakrav.
Spørsmålet blir også diskutert her i landet.

Eg kommenterte ikkje kompensasjon for auka kraftpris i  Dagens Næringsliv. Men landsmøtet i SV har uttalt seg: ” Vasskrafta i Noreg er også grunnlaget
for metallurgisk industri. Dette er ein industriproduksjon som vi vil gi rammevilkår i forhold til energiforbruk slik at det er grunnlag for vidareutvikling i miljøvennleg retning.”

Vi er såleis opne for ein diskusjon om rammevilkår for norsk
vasskraftbasert prosessindustri. Men det er krevjande å finne gode kompensasjonsordningar i eit marknadsbasert system. Derfor treng vi eit godt samarbeid mellom prosessindustrien, elkraftbransjen og styresmaktene, og SV har løpande samtaler med bransjen og fagrørsla om desse utfordringane. Landsmøtet i SV sa også at vi bør vurdere om det er behov for endringar i energilova for å få betre kontroll med prisutviklinga.

Eg har ofte sagt at vi bør vidareutvikle den vasskraftbaserte
prosessindustrien i Noreg. Men vi bør ikkje trekkje karbonlekkasjeargumentet så
langt at vi seier ja til aluminiumsproduksjon basert på ureinsa gasskraft. Vi må
ha to tankar i hovudet samtidig. På den eine sida må vi ta karbonlekkasjeargumentet på alvor. På den andre sida må vi vise at vi som ein høgteknologisk og rik nasjon er i stand til å redusere nasjonale utslepp, elles er det vanskeleg å forvente at mindre resurssterke land skal klare det.

Alf

Nyskaping og grøn innovasjon nasjonalt og på Agder

Noreg har eit næringsliv som er svært avhengig av olje og gass, og vi veit at oljeaktiviteten vil bli redusert om nokre tiår. Vi veit også at eit einsidig næringsliv er sårbart for internasjonale konjunkturar, og at den internasjonale konkurransen hardnar til.

Derfor er det viktig å skape nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Erfaringa har vist at private investorar er lite villige til å ta den risikoen med  å bygge opp nye bedrifter frå grunnen av. Derfor må staten stille opp med risikokapital for å sikre eit berekraftig næringsliv og full sysselsetting i framtida.

Agder er ikkje noko unntak. Landsdelen har eit ein offshorebransje, ein prosessindustri og ei reiselivsnæring som alle er sterkt internasjonalt eksponert, og som derfor kan bli utsett for konjunktursvingingar. Samtidig har landsdelen eit høgteknologisk miljø der det ligg godt til rette for innovasjon og nyetableringar. Difor er det viktig å ha tilgang til risikovillig kapital for gründerar.

Då SV hadde landsmøte i vår, uttalte eg til Fædrelandsvennen at staten må stille opp med ny risikokapital, og no er det blitt offisiell politikk. I ei ny stortingsmelding om statleg eigarskap har regjeringa varsla at det vil komme statleg risikokapital i form av nye såkornfond. Det er også varsla ny venturekapital gjennom det statlege selskapet Investinor.

Då Stortinget behandla stortingsmeldinga om statleg eigarskap like før ferien, blei forslaget om risikokapital stadfesta og forsterka. Dermed er vi langt på veg i mål med min landsmøtelovnad frå i vår. Kombinert med dei ordningane vi har frå før med støtte til miljøteknologi og fornybar energi, kan dette legge grunnlaget for berekraftig grøn innovasjon både nasjonalt og på Sørlandet.

I går var eg på møte i næringsutvalet i Nordisk råd. Der var det stort engasjement for samarbeid om grøn innovasjon i Norden. Gjennom eit nordisk samarbeid kan vi skape eit større teknologisk miljø og ein større heimemarknad. Det finst ikkje noko berekraftig alternativ til satsing på grøn innovasjon. Utfordringa er å ta det inn over seg før det er for seint.

Alf